Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

14 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringane medfører ingen store økonomiske og administrative konsekvensar. Dei forslaga som fører til forenklingar i saksgang, færre klagesaker og færre vedtaksorgan, vil gjere at sakene kan gå raskare og smidigare gjennom systemet og slik spare både tid og arbeid, utan at det vil medføre omfattande økonomiske innsparingar i kommunane eller i statsorgana. Til det er sakene altfor spreidde rundt i landet. Kommunane vil etter forslaget fastsetje skriftform for om lag dei same namna som tidlegare. Statens kartverk vil få utvida ansvar for fastsetjing av skrivemåte sidan det er foreslått at dei skal vere vedtaksorgan for all statleg fastsetjing av skriftformer.

Statens kartverk opplyser at det er vanskeleg å vite noko sikkert om talet på vedtak gjorde av andre statlege organ. Ut frå vedtak melde til SSR er det tale om i underkant av 1500 vedtak for heile perioden sidan loven tok til å gjelde. Det er likevel kjent at mange vedtak blir gjorde utan at det blir meldt til SSR, slik at det er grunn til å rekne med at talet er noko høgare. I budsjettet for 2005 foreslo Kartverket ein auke på kr 300 000 til meirarbeid med saksbehandling og del av fellesutgifter i samband med auka vedtakstal, informasjon og meirarbeid med SSR. SSR inneheld no om lag 600 000 stadnamn.

Til forsida