Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

8 Gjenopptaking

Gjeldande regelverk har ingen føresegner om gjenopptaking av saker. Når departementet i høyringsnotatet har foreslått å ta inn ein slik regel som ny § 7, er det for å gi ein enkel tilgang til ny behandling av ei sak dersom det kjem fram nye opplysningar som vil kunne påverke vedtaket. Som eksempel på slike opplysningar kan nemnast nye moment som går på t.d. uttale, bruk, saksbehandlingsfeil, alder på namnet eller primærfunksjon. Det vil kort sagt seie moment det ved behandling av stadnamnsaker skal takast omsyn til ved vurdering av skrivemåte. Det vil særleg vere aktuelt ved regelendringar, men også i andre tilfelle. Regelen er ikkje meint som ein heimel for ny klageadgang. For at ei sak skal kunne takast opp på nytt, må det vere klart at opplysningane som dannar grunnlag for gjenopptakinga, ikkje vart vurderte førre gongen saka var oppe.

Universitetet i Tromsø ønskjer ei presisering av kva for type opplysningar som må liggje til grunn for å få saka opp til ny behandling. Dette er presisert ovanfor. Utover denne kommentaren hadde ingen av høyringsinstansane merknader til dette forslaget.

Til forsida