Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

4 Definisjonar

4.1 Gjeldande reglar

Stadnamnloven inneheld no berre definisjonar av to omgrep: stadnamn og bruksnamn.

4.2 Forslag i høyringsnotatet

Etter departementets syn er det nyttig å definere fleire av omgrepa som er nytta i sjølve lovteksten. I høyringsnotatet har departementet derfor valt å definere dei viktigaste omgrepa i loven. Nokre av definisjonane er videreføringar frå forskrifta, og nokre er nye.

4.3 Høyringsfråsegner

Få av høyringsinstansane har hatt merknader til definisjonsforslaga, men det er semje om at det er nyttig med fleire definisjonar. Nokre, som Norsk språkråd og Namnekonsulenttenesta, meiner at definisjonen av stadnamn er ein sirkeldefinisjon, og Miljøverndepartementet har foreslått ei mindre endring i definisjonen av gardsnamn. Riksmålsforbundetforeslår ei omformulering av definisjonen av rettskrivingsprinsipp.

Miljøverndepartementet gir i si fråsegn uttrykk for at tilvisinga til omgrepet «matrikkelnamn», i forslag til § 2 bokstav b, bør takast ut, fordi det er eit unødvendig ekstra omgrep som kan føre til forvirring. Dette omgrepet er no knytt opp mot «matrikkeleining», som tyder ein eigedom med eit gards- og bruksnummer. I fagterminologien innanfor moderne norsk eigedomsregistrering er det etter kvart sett likskapstekn mellom «matrikkeleining» og «bruksnummer».

4.4 Departementets vurdering og forslag

Departementet synest endringsforslaga som er komne inn, er vel funderte, og definisjonane er endra i samsvar med dette.

Til forsida