Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

9 Særskilde reglar om gards- og bruksnamn

9.1 Gjeldande reglar

Eigar eller festar fastset skrivemåten for bruksnamn som ikkje språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som skal brukast av det offentlege, og som derfor kjem inn under stadnamnloven.

Skrivemåten av slike namn blir fastsett etter reglane i §§ 4 og 6, og det er Statens kartverk som er vedtaksorgan. Skrivemåten for gardsnamn er ikkje nemnd.

9.2 Forslag i høyringsnotatet

Første ledd i forslaget til § 8 gjeld fastsetjing av namn, andre og tredje ledd gjeld skrivemåte. Det nye i denne paragrafen er føresegna i første ledd om at eigar eller festar ikkje kan endre eller byte ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd, dersom ikkje særlege grunnar talar for det. Bakgrunnen for dette er at desse bruksnamna er blant dei eldste i landet, og derfor treng eit særleg vern som kulturminne.

Særlege grunnar etter denne paragrafen vil vere samanfallande med særlege grunnar etter § 3 Namnevern og namnsetjing andre ledd. Andre ledd tilsvarar andre ledd i gjeldande lov.

9.3 Høyringsfråsegner

Berre Statens kartverk hadde merknader til denne paragrafen. Kartverket meiner det er uklart om føresegnene i første og andre ledd gjeld namnsetjing eller fastsetjing av skrivemåte. Dette må derfor gjerast tydelegare. Paragrafen gjeld både gards- og bruksnamn, og Kartverket foreslår derfor at andre ledd første punktum bør lyde «Skrivemåten av gards- og bruksnamn som språkleg og geografisk ...». Vidare bør overskrifta til paragrafen endrast til «Særskilde reglar om gards- og bruksnamn».

9.4 Departementets vurdering og forslag

Det er ofte gardsnamnet som har størst interesse for det offentlege fordi det i mange tilfelle er namnet i primærfunksjonen som har gitt namn til andre lokalitetar/namneobjekt, særleg bruk, men også tettstader, byggjefelt, vegar m.v., dvs. namn som skal brukast på kart og skilt, i adresser osv.

Gardsnamnet vil ofte vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamna, og departementet foreslår derfor å endre ordlyden i paragrafen tilsvarande. Første ledd gjeld namnsetjing, og andre til fjerde ledd gjeld skrivemåten.

Til forsida