Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

6 Reglar om skrivemåten

6.1 Gjeldande reglar

I § 4 er hovudprinsippa for fastsetjing av skrivemåte fastsett:

Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk, og for finsk for finske stadnamn i Nord-Noreg. Så langt det er rimeleg, gjeld dette også for namn med utdøydde eller uklare språkelement, heiter det i merknaden til paragrafen. Der står det også at ein ved fastsetjing av skrivemåten som hovudregel skal nytte den rettskrivinga som høver best med uttalen på staden.

Det skal takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Det vil seie den uttalen som er munnleg overlevert innanfor ein brukarkrins, m.a.o. den uttalen som har vore vanleg på staden, og som framleis er i bruk. I § 1-1 i forskrifta heiter det «i levande bruk». Frå dette utgangspunktet skal ein velje ei hovud- eller sideform i den målforma som høver best med uttalen. Når særlege omsyn talar for det, kan det leggjast vekt på etymologiske former (Ot.prp. nr. 66 for 1988-89 s. 10). I proposisjonen er det også lagt til grunn at den praktiske hovudfunksjonen stadnamn i offentleg bruk har, er å identifisere bestemte stader på ein eintydig og opplysande måte. Skriftpåverka namneformer er også ein del av norsk namnetradisjon.

Når særlege grunnar talar for det, kan skrivemåten avvike frå gjeldande rettskrivingsprinsipp. Det er ikkje meininga å gi att alle lokale målførevariantar, men halde seg til visse hovudtypar i lyd- og formverk, og leggje større vekt på regionale enn lokale målmerke.

I merknadene er det også uttala at finske stadnamn på Austlandet kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Forskrifta (særleg kap. II) gir detaljerte reglar for skrivemåten av norske, samiske og finske namn. Desse reglane må vurderast på nytt når lovendringane er vedtekne. Det er likevel nokre av desse særreglane som må drøftast her: primærfunksjon, og nedervd uttale eller lokal talemålsform. Desse punkta er drøfta i høyringsnotatet, og fleire høyringsinstansar har uttala seg om dei.

6.2 Forslag i høyringsnotatet

6.2.1 Lokal talemålsform

I § 4 første ledd er det foreslått at det ved fastsetjing av skrivemåten skal takast utgangspunkt i den lokale talemålsforma av namnet. Mange faktorar må vurderast når skrivemåten for eit stadnamn skal fastsetjast, fordi det er tale om ein skrivemåte som skal fungere i praksis på mange felt i eit moderne samfunn med behov for høgt presisjonsnivå og eintydig utforming. Ein skrivemåte som er fastsett etter denne loven, treng ikkje påverke vitskapleg namnearbeid, namnesamlingar, bygdebøker eller privat bruk av namnet.

Desse momenta er særleg viktige i normeringsarbeidet:

  • uttale på staden gjennom tidene der denne er kjend

  • noverande og tidlegare skriftformer i offentleg bruk

  • ei eller fleire skriftformer for same namn på same lokalitet/namneobjekt gjennom tidene

  • kva for omsyn det skal leggjast mest vekt på

Departementet foreslo i høyringsnotatet at «den nedervde lokale uttalen» skulle endrast til «den lokale talemålsforma», dvs. den uttalen som er i allmenn bruk blant folk som bur fast på staden. I konkrete namnesaker må det påvisast kva som er den lokale talemålsforma, og om det finst fleire uttaleformer. Dersom fleire uttaleformer er i allmenn bruk, skal det takast utgangspunkt i den uttalen som har lengst tradisjon på staden.

Også skriftpåverka namneformer og nyare namneformer er ein del av norsk namnetradisjon. Dersom slike former er i bruk lokalt, og lokalsamfunnet identifiserer seg med dei, må det leggjast vekt på det, heiter det i Ot.prp. nr. 66 (1988-89), og departementet meiner at dette framleis må gjelde. Det er ikkje berre munnleg overleverte namneformer som er kulturminne. I boka Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking (Oslo 1997, s. 277) skriv førsteamanuensis og medlem av klagenemnda Peter Hallaråker m.a. følgjande:

«Stadnamna har i generasjonar vore framstelte først og fremst som munnleg tradisjon. Etter mitt skjønn har dette ført til ei delvis misvisande oppfatning av stadnamna som kulturminne. Heilt frå mellomalderen har vi nemleg hatt både ein munnleg og ein skriftleg stadnamntradisjon. Det er eit historisk faktum at frå den dagen norske stadnamn, t.d. gardsnamn, vart skriftfeste, vart dei ein viktig del av vår skrifttradisjon. Denne skrifttradisjonen fekk høg sosial posisjon, ikkje berre fordi skrifttradisjonen generelt hadde høgare prestisje enn den munnlege tradisjonen, men like mykje fordi dei namna som først vart skriftfeste, var namn på grunnleggjande økonomiske og sosiale einingar i samfunnet, t.d. slektsgardane og administrative einingar.»

6.2.2 Primærfunksjon

I § 4 andre ledd er det foreslått at skrivemåten for namnet i primærfunksjonen skal vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane når namnet er brukt om fleire namneobjekt på same staden. Med primærfunksjon er meint namnet på den staden namnet opphavleg vart brukt om, t.d. eit fjell, ei elv, ein gard. Skrivemåten for dette namneobjektet må derfor fastsetjast først. Regelen må praktiserast med forstand slik at resultata ikkje blir urimelege, og det er naturleg å sjå dei ulike namneobjekta i samanheng i prosessen. Det er ein føresetnad at den lokale talemålsforma er den same i dei ulike funksjonane, og at det ikkje er andre grunnar som tilseier ulike skriftformer.

6.3 Høyringsfråsegner

Av 87 innkomne høyringsfråsegner er det 25 som ønskjer å halde fast ved formuleringa «nedervd lokal uttale». Nokre av desse er språklege instansar som Norsk språkråd, universiteta i Oslo, Trondheim og Tromsø, Namnekonsulenttenesta for norske stadnamn, Samarbeidsnemnda for namnegransking, Noregs Mållag og dessutan 16 av 37 kommunar. Språkrådet har ikkje grunngitt sitt standpunkt. Dei andre grunngir sitt syn med at det er denne formuleringa som best ivaretek kulturminneomsynet. Samarbeidsnemnda skriv t.d. at den nedervde uttalen dekkjer ein hovudintensjon med normering som har lege fast sidan 1913: at skrivemåten skal byggje på dialekten på staden, i den form denne har som ei vidareføring av uttalen i tidlegare generasjonar. Både Samarbeidsnemnda, Namnekonsulenttenesta, universiteta i Oslo og Tromsø og Noregs Mållag opnar likevel for at det kan heite «tradisjonell lokal uttale», og Klagenemnda for stadnamnsakeruttalar at dersom det er to uttaleformer på ein stad, må det takast utgangspunkt i den tradisjonelle forma.

12 av høyringsinstansane er for å endre nedervd lokal uttale til lokal talemålsform; dei fleste av desse er kommunar, dessutan Høgskolen i Stavanger, Statens kartverk, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og Bokmålsforbundet. 50 av høyringsinstansane nemner ikkje dette spørsmålet.

Ingen av høyringsinstansane har uttala seg mot forslag om at skrivemåten for namnet i primærfunksjonen skal vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.

6.4 Departementets vurdering og forslag

Departementet er ikkje utan vidare samd i at lokal talemålsform som utgangspunkt for skrivemåte for eit stadnamn i bruk av det offentlege vil svekkje namnet som kulturminne. Kulturminneaspektet ved eit stadnamn er noko anna og meir enn ein bestemt uttale; det er namnet som heilskap, i konteksten, i språkleg utvikling, med tyding og innhald og bruk. Den såkalla nedervde uttalen, i andre samanhengar kalla den genuine uttalen, er heller ikkje eit eintydig omgrep. Den uttalen som ein finn i eit lokalsamfunn i dag, er også eit resultat av ei naturleg språk- og samfunnsutvikling. Offentleg bruk av stadnamn er med på å bevare namna, dei skal ha ei form som klargjer tydinga der denne er kjend, dei skal ha ei form som eigar og festar for bruksnamn og heile lokalsamfunnet for andre namn kjenner seg att i og trivst med, og dei skal fungere best mogleg i ein praktisk samanheng i eit moderne samfunn.

Departementet held derfor fast ved å endre «den nedervde lokale uttalen» til «den lokale talemålsforma». Departementet er samd med klagenemnda, Samarbeidsnemnda og universiteta i Oslo og Tromsø i at det skal takast utgangspunkt i den uttalen som har lengst tradisjon på staden når skriftform skal fastsetjast. Dette er presisert i merknadene til § 4 i lovendringsforslaget.

Det er vidare teke omsyn til at også skriftpåverka namneformer og nyare namneformer er ein del av norsk namnetradisjon, og i merknadene til § 4 andre ledd i lovendringsforslaget heiter det at når «skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, eller at det knyter seg sterke interesser til denne skriftforma, t.d. av økonomisk karakter», kan det vere særleg grunn til å fråvike gjeldande rettskrivingsprinsipp.

Til forsida av dokumentet