Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

12 Andre problemstillingar

12.1 Stadnamnkonsulentane

I samband med oppretting av budsjettposten «Samiske kulturformål» i 2002 vart ei rekkje oppgåver overførte til Sametinget, mellom anna namnekonsulenttenesta for samiske stadnamn. Også tilsetjing av sekretær for tenesta og oppnemning av konsulentar vart overført. For at lovteksten skal vere i samsvar med den faktiske situasjonen, er paragrafen endra.

Skogfinnane foreslår i si høyringsfråsegn at det skal vere ei konsulentteneste også for dei finske namna i Sør-Noreg. Namnekonsulentane er engasjerte på timebasis, og departementet vil vurdere nærmare om det også skal engasjerast ein namnekonsulent for desse namna.

12.2 Stadnamnregisteret (SSR)

Då loven vart sett i verk, vart det oppretta eit sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk. Alle namnevedtak skal meldast inn til registeret av det organet som gjer vedtaket. For at Kartverket skulle få dekt nokre av utgiftene til informasjon (i tydinga marknadsføring av registeret), uttak og distribusjon frå Sentralt stadnamnregister, foreslo departementet å innføre gebyr for utskrifter, kopiar eller direkte tilknyting til registeret. Kostnadene til informasjon skulle trekkjast frå i prisen når namna skulle brukast i arbeid med forvaltningsoppgåver som følgjer av stadnamnloven, eller i forsking og undervisning, slektsforsking og skriving av bygdebøker. Det ville berre bli kravt gebyr ved 50 eller fleire namn.

Fleire høyringsinstansar har reagert negativt på dette forslaget. Særleg er kommunane skeptiske; Hornindal, Kristiansand, Sarpsborg, Tromsø og dei ni kommunane i Regionrådet for Nord-Hordlandønskjer alle at opplysningar frå SSR skal vere gratis. Justisdepartementetforeslår at det bør vurderast å gjere SSR, heile eller delar av det, allment og gratis tilgjengeleg på Internett.

Miljøverndepartementetog Statens kartverkpeikar dessutan i si høyringsfråsegn på at sidan registeret er oppretta, bør det kome til uttrykk i paragrafen, og ordlyden i forslag til § 12 er endra i samsvar med dette.

Mykje har endra seg gjennom den teknologiske utviklinga sidan det først var på tale å ta inn ei føresegn om gebyr for uttak frå SSR. I mellomtida er stadig meir gjort tilgjengeleg på nettet, og meir vil innan kort tid kome til, og Internett er no tilgjengeleg for fleire.

Alle lovlege skrivemåtar av stadnamn som ligg i SSR, er i dag tilgjengelege gjennom Internett-tenesta «Norgesglasset», som finst på heimesida til Statens kartverk, (www.statkart.no) eller som lekkje under heimesida til namnekonsulentane (www.stadnamn.org). Denne tenesta omfattar skrivemåtar som er godkjende (som var i offentleg bruk før loven vart sett i verk), eller som er vedtekne etter loven. Også ein del «private» namn ligg der, dvs. namn som er fastsette av privatpersonar eller firma.

Den geografiske infrastrukturen «Norge digitalt», jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003), vil gi dei offentlege organa som blir deltakarar, full tilgang til dei data Kartverket har, inkludert SSR. Deltakarane vil også få tilbod om saksbehandlingsprogrammet SSRSak, som gir full tilgang til alle opplysningar i SSR. Kommunane vil vere viktige deltakarar i «Norge digitalt» og sentrale vedtaks- og høyringsinstansar i saker etter stadnamnloven. «Norge digitalt» er enno på planleggingsstadiet, men det er venta at det vil bli operativt i 2005. Det vil her vere aktuelt å betale ei avgift (etableringskostnad og abonnementsavgift), og for denne får ein tilgang både til SSR og til saksbehandlingsprogrammet SSRSak.

Som foreslått i St.meld. nr. 30 (2002 - 2003) «Norge digitalt», har statsaksjeselskapet Norsk Eiendomsinformasjon (NE) teke over formidlinga av Kartverkets monopolinformasjon, inklusive SSR. Det er NE som no formidlar opplysningar frå SSR. Når «Norge digitalt» er operativt, vil kundemassen vere avgrensa til dei som ikkje er deltakarar.

Då SSR er oppretta, er ordlyden i § 12 endra til at det skal førast eit sentralt stadnamnregister. I siste ledd i paragrafen er det teke inn ein heimel for at departementet i forskrift kan gi reglar om betaling for informasjon frå registeret.

12.3 Regel om unntak

Etter § 11 i gjeldande lov kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i loven og forskriftene når særlege grunnar talar for det.

I forslaget til ny § 13 var dette endra til at departementet kan gjere unntak frå loven og forskriftene når særlege grunnar talar for det. Den einaste endringa var altså at «i enkelttilfelle» var teke ut.

Eit par høyringsinstansar, Universitetet i Tromsø og Klagenemnda for stadnamnsaker, meiner denne formuleringa er for vid. Unntaksregelen må knytast til konkrete føresegner. Departementet er samd i dette, og formuleringa er no teken inn att, slik at ordlyden ikkje er foreslått endra.

Det har berre vore eit par søknader om dispensasjon etter § 11 i stadnamnloven i åra etter at loven tok til å gjelde. Det er likevel viktig at det finst ein dispensasjonsregel på dette saksfeltet som omfattar så mange ulike stadnamn over heile landet, på fleire språk, brukt om forskjellige namneobjekt, og der ein ved praktisering av regelverket ofte må bruke skjønn. Det er mogleg å setje inn ein unntaksheimel i mange paragrafar, slik at behovet vil vere dekt. Det synest likevel meir enkelt og tenleg å ha ei føresegn som kan brukast som heimel for dispensasjonssøknad dei få gongene dette er aktuelt. Departementet meiner derfor at den eksisterande formuleringa er dekkjande.

12.4 Forskriftsheimel

I stadnamnloven § 12 (ny § 13) er forskriftsheimelen lagd til Kongen. Heimelen er delegert til Kultur- og kyrkjedepartementet, og endringsforslaget er ei følgje av dette. Departementet foreslår derfor at heimelen også i loven blir lagd til departementet.

Til forsida