Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

1 Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn

§ 1. Definisjonar

Stadnamn tyder i denne lova namn på geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast.

Bruksnamn tyder i denne lova namn på eigedom med gards- og bruksnummer eller gards-, bruks- og festenummer.

§ 2. Geografisk verkeområde

Så langt Kongen fastset, skal lova også gjelde for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

§ 3. Bruk av stadnamn

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal skrivemåten brukast av alle offentlege organ, selskap som det offentlege eig fullt ut, og stiftingar som er oppretta av det offentlege. Andre skal bruke skrivemåten når dei gjer enkeltvedtak eller gir forskrift. Det same gjeld for skriving av namn i godkjenningspliktige lærebøker og i læremiddel utgitt med statsstøtte.

Samiske og finske stadnamn som blir nytta blant folk på staden, skal til vanleg brukast av det offentlege på kart, skilt, i register m.m., saman med eventuell norsk namneform.

§ 4. Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For finske stadnamn i Nord-Noreg skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk.

Same namnet på ein og same staden skal som hovudregel ha berre ei skriftform i kvart språk.

Når særlege grunnar talar for det, kan skrivemåten av stadnamn avvike frå gjeldande rettskrivingsprinsipp.

§ 5. Særskilde reglar om bruksnamn

Eigar eller, dersom eigedommen er festa bort, festar fastset skrivemåten av bruksnamn.

Skrivemåten av bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglar i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal likevel fastsetjast etter reglane i § § 4 og 6.

§ 6. Fastsetjing av skrivemåten

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av:

  1. Offentlege organ og andre som er nemnde i § 3 første ledd første punktum.

  2. Eigar eller, dersom eigedommen er festa bort, festar når bruksnamnet 1 kjem inn under § 5 andre ledd.

  3. Lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn.

  4. Stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område.

Kommunestyret eller den det gir fullmakt, gjer vedtak om skrivemåten av namn på kommunale gater, vegar, parkar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkestinget eller den det gir fullmakt, gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale vegar, anlegg o.l.

Når ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift gjer vedkommande statsorgan vedtak om skrivemåten av namn på statlege administrative område, anlegg o.l. Det same gjeld stadnamn på Svalbard, Jan Mayen, den norske kontinentalsokkelen, i Noregs økonomiske sone og i dei norske bilanda.

Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av andre stadnamn.

Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet 7 til avgjerd.

Offentlege organ og andre som er nemnde i første ledd, skal halde fram med å bruke dei namneformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak etter reglane i denne lova.

§ 7. Nærmare om saksbehandlinga

Eigar eller, dersom eigedommen er festa bort, festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Kommunane har rett til å uttale seg før det blir gjort vedtak om skrivemåten av stadnamn i kommunen. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har særleg ei tilknyting til.

Dei som har rett til å uttale seg i saka, skal få varsel når saka blir teken opp. Dei skal få kopi av tilrådinga frå stadnamnkonsulentane, og dei har rett til å få sjå fråsegner frå dei andre partane. Dei skal få melding om vedtaket i saka.

Det organet som gjer vedtak etter § 6 andre til fjerde ledd, skal på førehand leggje saka fram for stadnamnkonsulentane. Når vedtaksorganet krev det, eller når stadnamnkonsulentane finn det nødvendig, skal stadnamnkonsulentane gi tilråding om skrivemåten.

Alle kan få innsyn i tilrådinga frå stadnamnkonsulentane.

Når vedtaket skal gjerast av slike organ som er nemnde i § 6 tredje og fjerde ledd, skal stadnamnkonsulentane sende saka til vedkommande kommune til fråsegn. Kommunane skal også syte for varsling om at saka er teken opp, til eigar eller festar i saker som gjeld bruksnamn, og til lokale organisasjonar i saker dei har særleg tilknyting til. Kommunen skal samordne innhenting og utsending av fråsegner og gi melding om at det er gjort vedtak.

Med mindre anna er fastsatt i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningslova kapittel IV , V og VIII ikkje for saker etter stadnamnlova .

§ 8. Klage

Vedtak om skrivemåten kan påklagast av dei som etter § 6 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Vedtak gjort av Kongen og Stortinget kan ikkje påklagast.

For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i § 7 tilsvarande.

Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Norsk språkråd, Samisk språkråd og departementet høve til å uttale seg.

Departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny til avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

Elles gjeld reglane i forvaltningslova kapittel VI.

§ 9. Stadnamnkonsulentar

Departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske, samiske og finske stadnamn.

Namnekonsulentane skal gi rettleiing og råd om skrivemåten av stadnamn.

§ 10. Stadnamnregister

Det skal opprettast eit sentralt stadnamnregister.

Alle skriftformer som er endelege fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket.

Opplysningane i registeret er offentlege.

§ 11. Unntak

Når særlege grunnar talar for det, kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i lova og forskriftene.

§ 12. Forskrifter

Kongen kan gi forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova.

§ 13. Iverksetjing

Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Frå same tid blir det gjort følgjande endring i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven ): - - -

Til forsida av dokumentet