Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

11 Reglar om klage

11.1 Gjeldande reglar

Etter § 8 andre ledd i stadnamnloven skal saksbehandlinga i klagesaker vere den same som i førstegongsbehandlinga fram til behandling i klagenemnda.

Vedtak kan påklagast av dei som etter § 6 første ledd bokstav a til c har rett til å reise namnesak. Klageretten gjeld alle vedtak med unntak av vedtak gjorde av Kongen og Stortinget. Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. Oppnemninga av klagenemnda er delegert til departementet ved Regjeringas res. av 4. juli 1991.

11.2 Forslag i høyringsnotatet

Fordi saksbehandlinga er lik i førstegongsbehandlinga og i klagebehandlinga, vil forenklingane i førstegongsbehandlinga få følgjer i begge omgangane. Klager på vedtak om skrivemåte skal som tidlegare stilast til vedtaksorganet, som, dersom det ikkje gjer om vedtaket sitt, skal sende saka til klagenemnda med kopi til klagaren.

I høyringsnotatet er det foreslått fleire endringar i paragrafen, tidlegare § 8 no § 10. I første ledd er det foreslått at klager skal grunngivast. No er det i mange tilfelle uklart eller ukjent kva klaga gjeld og byggjer på. Dette kan føre til at dei synspunkta og argumenta klagaren måtte ha, ikkje blir vurderte av klageorganet. Konklusjonen blir då ofte at det ikkje har kome fram nye moment i saka. For at klagaren skal kunne grunngi klaga si, må vedtaksorganet kunne oppgi dei momenta vedtaket er bygt på.

Også klager som ikkje er grunngitte, vil måtte behandlast, men det er ein føresetnad for realitetsbehandlinga at klaga blir grunngitt på oppfordring. Dersom klaga heller ikkje då blir grunngitt, kan ho avvisast som ugrunna.

Departementet foreslo også i høyringsnotatet at lokale organisasjonar ikkje lenger skulle ha klagerett. Forslaget var eit av tiltaka som skulle få ned talet på klagesaker; ofte kan organisasjonane vere einaste klagar når alle andre er samde.

Samiske stadnamnsaker er overførte til Sametinget frå 1. januar 2003, og Sametinget er derfor gitt høve til å uttale seg i prinsipielle saker. Same retten har departementet og det organet som vil kome i staden for Norsk språkråd. Det er ikkje i dag eit tilsvarande organ for kvensk.

11.3 Høyringsfråsegner

Alle som har uttala seg om grunngiving av klager, støttar forslaget.

Fleire høyringsinstansar er mot at lokale organisasjonar ikkje lenger skal ha klagerett, t.d. Norsk språkråd, Universitetet i Tromsø og Namnekonsulenttenesta for norske stadnamn. Dei peikar på det uheldige i at det då berre vil vere eigar/festar for bruksnamn og offentlege organ som vil ha klagerett. Lokale organisasjonar vil ofte sitje inne med stor kunnskap om stadnamna i eit lokalsamfunn. Ingen av kommunane har kommentert forslaget. Statens kartverkog Klagenemnda for stadnamnsaker støttar forslaget som eit av forenklingstiltaka.

11.4 Departementets vurdering og forslag

Departementet er samd i at lokale organisasjonar med særleg tilknyting til stadnamnet også skal ha klagerett. Dette er ei naturleg følgje av retten til å ta opp namnesak. Har dei ikkje klagerett, vil det berre vere eigar/festar og det offentlege som kan klage, slik fleire høyringsinstansar har peika på. Ved at lokale organisasjonar med særleg tilknyting til stadnamnet får klagerett, får innbyggjarane større innverknad over dei lokale stadnamna. Departementet foreslår derfor ei føresegn der klageretten er noko utvida i forhold til høyringsnotatet.

Forslaget om at klager skal grunngivast, blir halde oppe. Dette vil sikre at dei synspunkta og merknadene klagaren har, blir vurderte av klageinstansen.

Departementet foreslår også ei klargjering av kven som skal behandle klager over feil bruk eller manglande bruk av vedteken skriftform, eller over at det ikkje blir gjort vedtak innan rimeleg tid etter at saka er ferdigbehandla. I det første tilfellet er det naturleg at overordna organ er klageinstans, mens det er klagenemnda for stadnamn som fagorgan som er klageinstans når det ikkje blir gjort vedtak om skrivemåte. Desse problemområda var ikkje tekne med i høyringsnotatet, men røynsler gjennom dei åra loven har verka, har vist at det er behov for ei avklaring.

Departementet finn det ikkje nødvendig at leiaren av klagenemnda må ha høgsterettsdommars kompetanse, slik ordninga har vore til no, men finn det nødvendig at leiaren har god juridisk kompetanse. Departementet foreslår derfor at leiaren må ha dommarkompetanse slik denne er definert i § 54 andre ledd i domstolsloven. Om samansetjing av klagenemnda, sjå merknaden til § 10 nedanfor.

Til forsida