Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

I

I lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn er det foreslått følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

§ 1 Formål og verkeområde

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel som skal brukast i skolen. Departementet kan i særskilte tilfelle gi forskrift om at lova skal gjelde når selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut, skal bruke stadnamn.

Lova gjeld ikkje for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

§ 2 skal lyde:

§ 2 Definisjonar

I denne lova tyder:

a) stadnamn, namn på geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast

b) gardsnamn, namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til

c) bruksnamn, namn på eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer

d) nedervd stadnamn, stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar.

e) lokal talemålsform, den uttaleforma som er i allmenn bruk av folk som har tradisjonell tilknyting til staden, gjennom busetjing eller årviss næringsverksemd

f) rettskrivingsprinsipp, allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift

§ 3 skal lyde:

§ 3 Namnevern og namnsetjing

Eit stadnamn kan som hovudregel ikkje takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime, når det

a) er i bruk som etternamn og er verna, eller

b) på annan måte er eit særeige namn, eller

c) av andre grunnar bør vernast

Eit nedervd stadnamn kan ikkje bytast ut med eit namn utan tradisjon på staden dersom ikkje særlege grunnar talar for det.

§ 4 skal lyde:

§ 4 Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den lokale talemålsforma av namnet. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenskestadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk. Finske stadnamn på Austlandet kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane. To eller fleire skriftformer av same namn på same namneobjekt kan fastsetjast som sidestilte dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:

a) det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde

b) to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde

c) det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene

§ 5 skal lyde:

§ 5 Fastsetjing av skrivemåten

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av

a) offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 andre ledd,

b) eigar eller festar når bruksnamnet kjem inn under § 8 andre ledd,

c) lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn,

d) stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område.

Kommunengjer vedtak om skrivemåten av offisiell adresse ogav namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.

Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av andre stadnamn dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor same administrative område.

Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd.

§ 6 skal lyde:

§ 6 Nærmare om saksbehandlinga

Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg.Eigar eller festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Eigar eller festar har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Synspunkta til eigaren skal tilleggjast særskild vekt.Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv.Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til. Før vedtak om skrivemåte blir gjort, skal namnekonsulentane gi tilråding om skrivemåten.

Saker som gjeld gards- og bruksnamn, skal eigar eller festar få tilsendt direkte. Saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal dessutan sendast til lokale organisasjonar med særleg tilknyting til saka. I tillegg skal saka kunngjerast i minst to aviser som er alminneleg lesne på staden, eller gjerast kjend på annan høveleg måte. Saker som gjeld andre namn, skal kunngjerast på same måten.

Namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk.Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

§ 7 skal lyde:

§ 7 Gjenopptaking

Ei sak kan takast opp av dei som er nemnde i § 5 bokstav a til d, dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt vedtak skal gjerast etter reglane i denne lova.

§ 8 skal lyde:

§ 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk. Eigar eller festar har likevel ikkje rett til å endre eller byte ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd, dersom ikkje særlege grunnar talar for det.

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6.

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet.

For andre bruksnamn fastset eigar eller festar skrivemåten.

§ 9 skal lyde:

§ 9 Bruk av stadnamn

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd.

Samiske og kvenske stadnamn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal til vanleg brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register saman med eventuelt norsk namn.

Offentlege organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd, skal halde fram med å bruke dei skriftformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak.

§ 10 skal lyde:

§ 10 Klage

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til char rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Offentleg organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta.Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av Kongen og Stortinget kan ikkje påklagast. Feilbruk eller manglande bruk av stadnamn etter § 9 kan påklagast til overordna departement. Klage over manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.

Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Norsk språkråd, Sametinget og departementet høve til å uttale seg.

Departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i § 6 tilsvarande. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.

§ 11 skal lyde:

§ 11 Stadnamnkonsulentar

Departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenskestadnamn. Sametinget oppnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn.

Namnekonsulentane skal gi rettleiing og råd om skrivemåten av stadnamn.

§ 12 skal lyde:

§ 12 Stadnamnregister

Det skal førast eit sentralt stadnamnregister.

Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket.

Opplysningane i registeret er offentlege.

Departementet kan gi forskrift om betaling for uttak frå og for direkte tilknyting til registeret. Satsane skal fastsetjast slik at dei samla inntektene ikkje overstig kostnadene ved utlevering av informasjon og vedlikehald av eit elektronisk tilgjengeleg register.

§ 13 skal lyde:

§ 13 Forskrift og unntak

Departementetkan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av lova.

Når særlege grunner talar for det, kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i lova og forskrifta.

Noverande § 13 blir ny § 14.

II

I lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn skal § 4 nr. 8 lyde:

navn på et gårdsbruk som vedkommende eller en av dennes foreldre eier og har eid i minst 10 år, eller som vedkommende eller en av foreldrene bruker og har brukt i minst 20 år eller har brukt i minst 10 år og har en bruksrett til som er fastsatt for en av foreldrenes eller vedkommendes livstid. Dette gjelder ikke dersom navnet på gårdsbruket er valgt etter 1. januar 1947 og strider mot lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn § 3 bokstav a.

III

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Til forsida av dokumentet