Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

15 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 1 Formål og verkeområde

Første leddetgir intensjonane med loven. Stadnamn er immaterielle kulturminne, og som slike har dei krav på vern. Det er likevel ikkje ei bestemt skriftform som er avgjerande for verdien som kulturminne, eller at denne byggjer på ein bestemt uttale, men at det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved mange av dei, særleg dei eldre, som kastar lys over tidlegare tiders liv og virke, kjem fram. Alle stadnamn kan heller ikkje vernast ved at dei blir tekne i bruk av det offentlege og derfor får ei offisiell skriftform. Mange vil berre finnast i namnesamlingar og bygdebøker. Den skriftforma namna får, skal ikkje skyggje for meiningsinnhaldet, og i dei fleste tilfella er stadnamna samansette av vanlege ord sjølv om uttalen varierer.

Etter andre leddskal loven dokumentere, bevare og synleggjere språkleg og kulturelt mangfald slik dette manifesterer seg i samiske, kvenske og skogfinske stadnamn.

I tillegg til å vere kulturminne har stadnamna ei rekkje daglege funksjonar i privat og offentleg bruk. Den viktigaste funksjonen ved stadnamn i offentleg teneste er å identifisere eit namneobjekt, ein lokalitet, så eintydig som råd - altså ein adressefunksjon. Stadnamna har nedfelt seg i språket gjennom lang tid. Dei fleste har oppstått i talemålet og er overleverte i munnleg form frå generasjon til generasjon. Men mange namn har også ein lang skrifttradisjon. Dette gjeld i første rekkje namn på grunnleggjande økonomiske einingar i samfunnet, t.d. gardar (bruk) og administrative einingar.

Tredje leddetgir det saklege verkeområdet. Selskap omfattar både forvaltningsverksemder og statlege, fylkeskommunale og kommunale verksemder som det offentlege eig fullt ut. Departementet kan gi forskrift om at lova i særskilte tilfelle også skal gjelde for bruk av stadnamn i selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut. Dette vil vere aktuelt for selskap som nyttar stadnamn som eit ledd i ein omfattande publikumskontakt, t.d. Telenor ASA (telefonkatalogar), eller for NSB (stasjonsnamn) og Posten Noreg AS (poststadnamn) dersom desse blir privatiserte. For Stortinget gjeld loven berre for bruk.

Loven gjeld ikkje når private rettssubjekt skriv stadnamn, bortsett frå når dei fungerer som forvaltningsorgan, jf. § 1 i forvaltningsloven. Når private kartprodusentar lagar kart for det offentlege, pliktar oppdragsgivaren å syte for at kartprodusenten brukar fastsette skriftformer. Tilsvarande gjeld når andre lagar materiale som inneheld stadnamn for eit offentleg organ.

Med læremiddel er her meint trykte læremiddel som dekkjer vesentlege delar av eit fag etter læreplanen for vedkommande klassetrinn eller kurs, og som elevane regelmessig skal bruke.

Fjerde leddettilsvarar tidlegare § 2 Geografisk verkeområde, men er noko endra. Loven vart ikkje gjord gjeldande for dei områda det her er tale om, på grunn av spesielle faktorar som internasjonale avtalar og traktatar, og omsynet til andre nasjonar. Namnetilfanget i desse områda er også av ein annan og nyare karakter enn namna i Fastlands-Noreg. Dei same rammevilkåra gjeld også i dag, og ei utviding av verkeområdet er såleis ikkje aktuelt.

Til § 2 Definisjonar

I første ledd bokstav aer omgrepet «stadnamn» definert med ei vidareføring av definisjonen i den opphavlege loven. Stadnamn er ei fellesnemning for namn på geografiske lokalitetar av ulike slag (punkt, liner eller område), også kalla namneobjekt. Geografiske lokalitetar som har eller kan få namn, kan delast inn i undergrupper, t.d.

  • terrengformasjonar (fjell, dalar, vatn, fjordar, øyar osv.)

  • kulturformasjonar, dvs. menneskelaga formasjonar (gardar, bruer, tunnelar osv.)

  • administrative område (kommunar, sokn, skolekrinsar, valkrinsar osv.)

  • bygningar, institusjonar

Omgrepet skal dekkje namn på alle undergruppene dersom ikkje anna er sagt.

I bokstav ber omgrepet «gardsnamn» definert. Det vanlege er at gardsnamnet berre er knytt til eitt gardsnummer, men i nokre tilfelle finst det eksempel på same gardsnamn på fleire gardsnummer.

I bokstav cer omgrepet «bruksnamn» definert. Bruksnamn er namn på eigedommar som er utskilde frå opphavsgarden med eige bruksnummer eller festenummer. Namna på eigedommane med dei lågaste bruksnumra er ofte identiske med gardsnamnet, gjerne med ei presisering, slik som nordre, nedre, store eller liknande.

Omgrepet «nedervd stadnamn» i bokstav ddekkjer både munnleg og skriftleg overlevering. I omgrepet nedervd ligg eit krav til at namnet skal ha vore bruka i eit lengre tidsrom. Det er likevel ikkje eit krav at namnet skal vere frå ein gitt tidsepoke.

Omgrepet «den lokale talemålsforma» er definert i bokstav e, og det omfattar også den forma som blir nytta av folk som har næringsmessig tilknyting til staden. Eksempel på dette er fiskarar, sjøfolk, fangstfolk og flyttsamar, dvs. folk som har tradisjonell tilknyting til staden gjennom busetnad eller årviss næringsverksemd, og som nyttar eigne namn på stader der dei ferdast. For at ein skal kunne seiast å ha tilknyting til staden, må tilknytinga vere av ein varig, om ikkje permanent karakter.

Omgrepet «rettskrivingsprinsipp» som er definert i bokstav f,vil seie dei allmenne reglane for korleis lydar og lydkombinasjonar som gjeld til eikvar tid skal skrivast. Til dømes skal lang vokal skrivast med einvokal og einkonsonant, som i tak, mens kort vokal skal skrivast med einvokal og tokonsonantar, som i takk. Desse prinsippa blir realiserte gjennom rettskrivinga.

Til § 3 Namnevern og namnsetjing

Som del av kulturarven har mange av stadnamna krav på vern. Eit namn som høyrer med blant dei som er nemnde i første ledd, kan derfor som hovudregel ikkje takast i bruk på ein stad dersom det ikkje kan dokumenterast at namnet har gammal tilknyting til staden. At eit etternamn er verna, vil seie at det er i bruk som etternamn av færre enn 200 personar i Noreg, jf. lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn § 3 første ledd. At eit namn er særeige, vil seie at det er spesielt for den staden der det høyrer heime, t.d. Jarlsberg eller Portør. Andre grunnar til at eit stadnamn bør vernast, kan vere at namnet har ei særleg historisk eller kulturell interesse på staden, som t.d Gardermoen.

Eit nedervd stadnamn kan heller ikkje bytast ut med eit namn utan tradisjon på staden dersom ikkje særlege grunnar talar for det. Særlege grunnar til å byte ut eit tradisjonelt namn kan vere at namnet lett kan bli forveksla med eit anna namn i nærleiken, at namnet er nedsetjande og til byrde for dei som bur på staden (t.d. Pina, Sveltihel), eller når det nye namnet er tenkt gitt på grunn av behovet for identifikasjon. Vidare kan hendingar på ein stad gjere det naturleg å ta i bruk nye namn, til dømes å kalle opp ein stad etter ein person som har hatt mykje å seie for eit lokalsamfunn. Det skal ikkje stillast strenge krav til «særlege grunnar» i denne samanhengen.

Føresegna skal ikkje vere til hinder for nydanning av stadnamn. Stadnamn har alltid vore gjenstand for ei viss endring, og det er ikkje eit mål i seg sjølv å fryse utviklinga.

Når nye namneobjekt skal namnsetjast, bør namneskikken på staden følgjast når det er mogleg.

Til § 4 Reglar om skrivemåten

Første ledd fastset at utgangspunktet for fastsetjing av skrivemåten skal vere den lokale talemålsforma av namnet. Med den lokale talemålsforma av namnet er meint den uttaleforma som er i allmenn bruk av folk som er busette på staden, dvs. folk som har tradisjonell tilknyting til namnet gjennom busetjing eller årviss næringsverksemd, jf. § 2. I konkrete namnesaker må det påvisast kva som er den lokale talemålsforma, og om det finst fleire uttaleformer av same namnet, både skriftpåverka former og nyare talemålsformer. Dersom fleire uttaleformer er i bruk, skal ein som hovudregel ta utgangspunkt i den uttaleforma som har lengst tradisjon på staden. Departementet vil likevel understreke at også skriftpåverka namneformer og nyare namneformer er ein del av norsk namnetradisjon. Dersom slike namneformer er i allmenn bruk lokalt og lokalsamfunnet identifiserer seg med dei, må det leggjast vekt på dette ved fastsetjing av skrivemåten når formene ligg innanfor regelverket.

Stadnamna skal som hovudregel skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving når det er tale om ord og namneledd som er normerte i moderne norsk. Det er gitt forskrift med utfyllande reglar om skrivemåten av stadnamn, og dei to målformene er likestilte ved fastsetjing av skrivemåten. Namn med utdøydde eller uklare språkelement skal, så langt det er rimeleg, skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.

Stadnamna bør i visse tilfelle kunne avspegle regionale målmerke. Det same gjeld lokale målføreformer når særlege grunnar talar for det. Det er likevel ikkje meininga å gi att alle lokale målførevariantar. Ein bør halde seg til visse hovudtypar i lydverk og formverk og leggje større vekt på regionale enn lokale målmerke.

Kvenske stadnamn i Troms og Finnmark skal følgje rettskrivingsprinsippa i finsk. Finske stadnamn på Austlandet kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Andre leddtek for seg dei tilfella der same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden. Det same stadnamnet kan samstundes vere namn på fleire gardsbruk, ei grend, ein skole, ein poststad, ein haldeplass m.m. Når same namnet slik blir brukt om ulike einingar på same staden, skal det som hovudregel ha berre ei skriftform på kvart språk. Ofte vil einfunksjon vere primær i høve til dei andre, og i slike tilfelle skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Føresetnaden må vere at den lokale talemålsforma er den same i dei ulike funksjonane, og at det ikkje er andre grunnar som tilseier ulike skrivemåtar, t.d. skrifttradisjonen i dei ulike funksjonane, ønsket til eigaren ved bruksnamn, eller at det knyter seg sterke interesser til dei ulike formene. Når kommunen ønskjer å nytte eit stadnamn som er knytt til staden frå før i ei offisiell adresse, vil adressefunksjonen vere sekundær i forhold til det opphavlege stadnamnet. Skrivemåten til stadnamnet vil då vere retningsgivande for skrivemåten til adressa. Det er namnekonsulentane som skal samordne vedtaksprosedyren, slik at skrivemåten i primærfunksjonen blir vedteken først.

Det kan i ein del tilfelle vere vanskeleg å avgjere kva som er primærfunksjonen. Nokre haldepunkt finst: dersom eit namn blir brukt både som naturnamn og gardsnamn/bruksnamn, og hovudleddet (oftast sisteleddet) karakteriserer ein naturformasjon, t.d. Brattbakken, Storhaugen, Djupvik, vil funksjonen som naturnamn normalt vere primær. Er eit namn brukt både som gardsnamn/bruksnamn, grendenamn og poststadnamn, vil funksjonen som gardsnamn/bruksnamn normalt vere den primære, og funksjonen som grendenamn sekundær. Dersom partane i ei slik sak er usamde om kva som er primærfunksjonen, må fråsegna til namnekonsulentane tilleggjast avgjerande vekt.

Dagens skriftformer kan ha oppstått på ulike måtar, nokre meir tilfeldig, andre etter vurdering i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom den forma som er bruka i statleg samanheng, byggjer på det regelverket for skrivemåten av stadnamn som til kvar tid har vore gjeldande, bør det leggjast vekt på denne. Dersom ei anna skriftform er vel kjend og meir bruka, må det likevel vurderast om ho bør brukast.

Skrivemåten av stadnamn kan avvike frå gjeldande rettskrivingsprinsipp når skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, eller at det knyter seg særleg sterke interesser til denne skriftforma, t.d. av økonomisk karakter. Utanlandske og reint litterære namn og nyare personnamn treng ikkje følgje norske rettskrivingsprinsipp.

To eller fleire skriftformer av same namn på same namneobjekt kan fastsetjast som sidestilte dersom eitt eller fleire av vilkåra i andre ledd, bokstav a til cer oppfylte. Berre eit av dei tre vilkåra må vere oppfylte for at fastsetjing av to eller fleire alternative former skal vurderast. Dersom to eller alle alternativa er oppfylte, talar det for å godta fleire skriftformer.

Til § 5 Fastsetjing av skrivemåten

§ 5 gir reglar om kven som kan ta opp saker, kven som kan gjere vedtak, og kven som kan avgjere tvilsspørsmål. Dersom bruksnamnet er ein del av den offisielle adressa, ved at det t.d. er del av eit vegnamn, skal skrivemåten som er fastsett for bruksnamnet, nyttast.

Dei organa som kan gjere vedtak om skrivemåten etter andre og tredje ledd i denne paragrafen, kan også ta opp namnesak etter første ledd bokstav a. I tillegg kan også eigar og festar av bruk, lokal organisasjon og stadnamnkonsulentar ta opp saker når visse vilkår er oppfylte. Avgjerdsorgana pliktar å ta stilling til skrivemåten i saker som er tekne opp av dei som er nemnde i første ledd, men kan sjølve velje om dei vil behandle saker som blir tekne opp av andre.

Det er gitt eigne reglar om saksbehandlinga i forskrifta til loven.

Første leddregulerer kven som kan ta opp sak om skrivemåte av stadnamn. Bokstav a slår fast at alle organ for stat, fylkeskommune og kommune kan ta opp saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Det same kan selskap som fullt ut er eller har vore i offentleg eige. Med omgrepet «festar» i bokstav b er her tenkt på langvarig feste av grunn; leige og forpakting fell utanfor. Offentleg organ kan berre ta opp slike saker dersom det skal bruke namnet i tenesta. Med lokal organisasjon i bokstav cer meint organisasjonar og samanslutningar som t.d. burettslag, velforeiningar, språkorganisasjonar og historielag. Etter bokstav d har også stadnamnkonsulentane rett til å ta opp sak om skrivemåten av stadnamn. Dei har eit særleg ansvar for at vi i rimeleg grad får eit namneverk som er i samsvar med loven og forskrifta, og bør såleis ha rett til å ta opp namnesaker i område dei har særskilt ansvar for.

Kommunar og fylkeskommunar vil etter andre ledd i denne føresegna framleis fastsetje skriftformer for dei same stadnamna som dei til no har hatt ansvaret for. Kommunane skal dessutan ha ansvaret for vedtak om skrivemåte for alle namn som skal brukast som offisiell adresse med unntak av bruksnamn. Desse skal få si skriftform i samsvar med § 8, jf. § 4 andre ledd om primærfunksjon.

Tredje ledd gjeld det ansvaret Statens kartverk har for fastsetjing av skriftformer. Kartverket skal fastsetje skriftformer i all statleg samanheng, medrekna gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, med unntak av skriftformer som skal fastsetjast av Kongen, Stortinget eller eit departement. Kartverket skal også fastsetje kva for skriftform som skal nyttast av selskap som er eller har vore i offentleg eige. Det kan gjerast samlevedtak for korleis eit namneledd i eit naturnamn skal skrivast innanfor eit administrativt område, t.d. vann/vatn eller tjørn/tjern, slik at det ikkje skal vere nødvendig å reise namnesak i alle tilfelle der heile eller delar av namn skal skrivast på ein måte som alt er vedteken.

Dersom det er tvil om kven som skal fastsetje skrivemåten etter reglane i stadnamnlova, fastset fjerde leddat spørsmålet kan leggjast frem for departementet. I dei fleste tilfelle der ikkje anna er fastsett, vil det vere Kartverket som fastset skrivemåte. Dette vil t.d. gjelde skrivemåte av poststadnamn.

Til § 6 Nærmare om saksbehandlinga

I første leddi denne paragrafen er eigar eller festar, kommune og lokale organisasjonar gitt rett til å uttale seg i visse tilfelle. I forskrifta til loven vil det bli fastsett høvelege fristar for slike fråsegner. Kommunane må få rimeleg tid til saksbehandlinga, samtidig som dette ikkje må seinke kartproduksjon og annan bruk av fastsette skriftformer så mykje at det skaper vanskar.

Når skrivemåten av eit bruksnamn skal fastsetjast av andre enn eigar eller festar, dvs. av eit offentleg organ, har eigar eller festar rett til å uttale seg i saka før skrivemåten blir fastsett. Det skal leggjast særleg vekt på det ønsket eigaren har med omsyn til skrivemåte, når den skriftforma han ønskjer, ligg innanfor regelverket.

Eigar eller festar har også rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet (jf. merknadene til § 8 andre ledd), fordi dei i slike tilfelle vil ha ei særleg interesse i utfallet av namnesaka. Dersom bruksnamnet inneheld heile eller delar av eit gardsnamn, skal skrivemåten av gardsnamnet vere retningsgivande for korleis bruksnamnet skal skrivast.

Andre ledd fastset at når vedtaket skal gjerast av andre enn kommunen, skal vedtaksorganet sende saka til vedkomande kommune, som skal syte for at ho blir kunngjord for dei som har rett til å uttale seg. Eigar eller festar skal få tilsendt saka direkte i saker som gjeld bruksnamn, eller gardsnamn som utgjer heile eller delar av bruksnamnet, og som vil vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Andre med uttalerett i saker som gjeld bruksnamn, t.d. lokale organisasjonar med særleg tilknyting til namnet, skal varslast med kunngjering i minst to aviser som er vanleg lesne på staden, eller på anna høveleg vis, som t.d. i lokale informasjonstrykksaker. I saker som gjeld samiske eller kvenske namn, skal interesserte organisasjonar få tilsendt saka direkte. Bakgrunnen for dette er at desse organisasjonane ikkje alltid er lokaliserte slik at dei les dei lokale avisene.

Saker som gjeld andre namn enn bruksnamn, skal kunngjerast på same måten. Kunngjeringa må innehalde opplysningar om kva for namnesaker som er reiste, kvar sakspapira er utlagde, og frist for å kome med merknader. Kommunen sender dei innkomne fråsegnene saman med eiga fråsegn til namnekonsulentane, som gir tilråding om skrivemåten til vedtaksorganet.

Tredje ledd fastset at dersom ein stad har namn på fleire språk, skal det reisast sak for alle namna samtidig. Namnekonsulentane må undersøkje om det finst parallellnamn.

Til § 7 Gjenopptaking

Denne paragrafen er ny og opnar for at det skal vere mogleg å ta opp att ei sak dersom ein har nye opplysningar som vil kunne verke inn på vurderinga. For at opplysningane skal bli vurderte som nye, er det tilstrekkeleg at dei ikkje har vore med i den førre vurderinga av korleis stadnamnet skal skrivast. Nye reglar som endrar det faktiske vurderingsgrunnlaget, er også grunn til gjenopptaking. For at den som ønskjer at ei sak skal takast opp att skal kunne vurdere om opplysningane er nye, må vedtaksorgan som har gitt avslag, på spørsmål kunne opplyse om grunngivinga for det, dersom dette ikkje er gjort samtidig med avslaget.

Til § 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Første leddregulerer eigars eller festars rett til å fastsetje namn på eige bruk. Bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, er blant dei eldste stadnamna i landet og dei bør takast vare på som kulturminne. Eigar eller festar kan ikkje gi eigedommen nytt namn i staden for det tradisjonelle namnet, dersom ikkje særlege grunnar talar for det. For særlege grunnar, sjå merknadene til § 3 Namnevern og namnsetjing. Eigar eller festar kan likevel gi eigedommen eit eige bruksnamn i tillegg til det tradisjonelle namnet.

Eigar eller festar kan gi eigedom med norsk namn i samisk eller kvensk busetjingsområde samisk eller kvensk namn i tillegg til eller i staden for det norske namnet. Bruksnamna skal brukast av det offentlege i samsvar med reglane om fleirspråkleg namnebruk.

Andre ledd regulerer skrivemåten av bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, og som derfor skal fastsetjast etter reglane i denne loven. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som heile eller ein del av bruksnamnet.

Tredje leddregulerer når vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn. Heile eller delar av mange bruksnamn er identiske med namnet på opphavsgarden. Fordi det her i utgangspunktet gjeld sekundær bruk av eit namn, er det rimeleg at skrivemåten av gardsnamnet som hovudregel skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamna. Dette er også i samsvar med § 4 andre ledd om skrivemåten i primærfunksjon som retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.

Fjerde ledd fastset at skrivemåten av andre bruksnamn skal fastsetjast av eigar eller festar. Det vil normalt gjelde uavkorta for namn på nye bruk, bustadhus, hytter o.l.

Til § 9 Bruk av stadnamn

Første ledd pålegg offentleg organ mv. plikt til å bruke fastsette namneformer i tenesta når slike finst. Dette skal gjerast på eige initiativ.

Samiske og kvenske stadnamn skal etter andre ledd brukast av det offentlege på kart, skilt, i register mv., dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden eller har næringsmessig tilknyting til han. At nokon «bur fast» på staden, inneber at dei må ha regelmessig tilknyting til staden over lengre tid. Dette gjeld også «næringsmessig tilknyting» til staden, t.d. for flyttsamar og fiskarar.

Ut frå praktiske grunnar kan det vere nødvendig å velje eitt eller to av namna på kart, skilt, i register mv. I slike høve kan ein velje bort det norske namnet dersom det er ei fornorska form av det samiske eller finske namnet og skil seg lite frå det og ikkje er innarbeidd i den norske varianten, t.d. Vækker og Skaídi. Innarbeidde norske namn som Kautokeino og Karasjok kan ikkje veljast bort, heller ikkje norske omsetjingsnamn eller namn med eitt norsk og eitt samisk/kvensk ledd. Ved valet mellom samisk og kvensk namn bør ein velje eldre namn framfor yngre og til vanleg sjå bort frå omsetjingar. Avgjerande vekt bør leggjast på den lokale namnetradisjonen og på kulturminneomsynet. Regelen gjeld også tilvisingsskilt til fleirspråkleg område.

Med i bruk av det offentlege i tredje ledd i paragrafen er meint at det offentlege nyttar namnet i tenesteutøving, på kart, skilt, i register mv. Oppføring i namnesamlingar, bygdebøker o.l. er ikkje offentleg bruk.

Mange av dei skriftformene som er i bruk av det offentlege, er fastsette etter dei reglane som var gjeldande før denne loven blir sett i verk. Andre er tekne i bruk utan særskilt vedtak. Desse skriftformene treng ikkje vurderast på nytt utan at nokon av dei som er nemnde i § 5 første ledd, tek opp sak om det. Vedtak om skrivemåte som blir gjort etter at denne loven er sett i verk, skal meldast til stadnamnregisteret og takast inn der, jf. § 12 andre ledd.

Til § 10 Klage

Stadnamn er noko som opptek svært mange menneske. Stadnamna er dessutan ledd i eit nasjonalt namneverk med stor kulturhistorisk verdi. Departementet finn det derfor rimeleg at alle vedtak, med unntak av vedtak gjorde av Kongen og Stortinget, kan påklagast.

Eit offentleg organ er i første ledd i paragrafen gitt klagerett i saker som gjeld namn det skal bruke i tenesta. Det kan t.d. vere at det er fastsett ei skriftform som kan føre til uheldig og unødvendig forveksling med andre stadnamn. Eigar eller festar av bruk kan klage på vedtak om skrivemåten av bruksnamn etter § 8 andre ledd. Av omsyn til allmenta er det også rimeleg at lokale organisasjonar og samanslutningar med særleg tilknyting til stadnamnet, har klagerett.

Klage over vedtak om skrivemåte eller namnsetjing (§ 3) skal avgjerast av Klagenemnda for stadnamnsaker. Klage over manglande vedtak skal også behandlast av klagenemnda. Klage over feilbruk eller manglande bruk av eit vedteke stadnamn skal avgjerast av overordna departement. Dette vil t.d. gjelde Kommunal- og regionaldepartementet i saker der kommunar ikkje nyttar vedteken skriftform, eller Samferdselsdepartementet i tilfelle der Statens vegvesen ikkje nyttar vedtekne skriftformer.

Klage skal grunngivast. På denne måten vil klagaren vere sikra at klageorganet vurderer dei synspunkta og merknadene som han byggjer klagen sin på, jf. forvaltningsloven § 34 andre ledd andre punktum.

Det er naturleg at det overordna departementet har ansvar for å behandle klager over feilbruk eller manglande bruk. Klagenemnda bør ikkje vere klageinstans i slike klagesaker, sidan deira oppgåve er å ta stilling til kva for stadnamn som skal nyttast, og kva for skrivemåte dette namnet skal ha.

Andre leddfastset at klagesaker skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. Klagenemnda skal samansetjast slik: leiar med dommarkompetanse slik denne er definert i § 54 andre ledd i domstolsloven og ein annan fast medlem oppnemnd på fritt grunnlag. I saker som gjeld norske stadnamn, skal nemnda i tillegg ha ein medlem for kvar målform. I saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal nemnda ha ein medlem for samisk eller kvensk. Reglar om samansetjing av klagenemnda skal fastsetjast i forskrift.

Sametinget kan uttale seg i prinsipielle saker som gjeld samiske stadnamn og Norsk språkråd i prinsipielle saker som gjeld norske stadnamn.

Tredje ledd fastset at klage på vedtak gjort av eit departement ikkje skal avgjerast av klagenemnda, då ein ikkje finn det rett at eit slikt organ skal føre kontroll med verksemda i departementa. Dersom nokon klagar på slike vedtak, skal vedkomande departement innhente tilråding frå klagenemnda før det vurderer omgjering av vedtaket. Klagenemnda vil såleis ha ein dobbel funksjon: Ho er klageorgan for vedtak som etter denne loven er gjort av andre enn eit departement, og rådgivande organ i klagesaker for departementa.

Til § 11 Stadnamnkonsulentar

§ 11 første leddfastset at departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn, mens Sametinget oppnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn. Namnekonsulentane skal oppnemnast på åremål for seks år om gongen. Dei må ha embetseksamen med norsk hovudfag eller tilsvarande utdanning, og røynsle frå stadnamnarbeid, eller tilsvarande utdanning i samisk eller finsk. Til hjelp for konsulentane skal det tilsetjast sekretærar. Reglar om oppnemning av stadnamnkonsulentar skal fastsetjast i forskrift. Departementet skal gi instruks for tenesta til namnekonsulentane og sekretærane.

Departementet har høve til å engasjere konsulentar til særlege oppgåver, t.d. i samband med revisjon av kartverk. Desse korttidskonsulentane må stå i nær kontakt med dei ordinære namnekonsulentane, slik at reglane blir praktiserte mest mogleg likt.

Departementet har i brev av 22.12.1993 delegert ansvaret for å engasjere namnekonsulentar til Norsk språkråd. Denne fullmakta vil også gjelde det organet som kjem i staden for Språkrådet etter omorganiseringa.

Til § 12 Stadnamnregister

I det sentrale stadnamnregisteret skal alle landets offisielle stadnamn førast inn. Opplysningane i registret er offentlege, men det kan takast betaling for uttak av informasjon dersom det er gitt forskrift i medhald av fjerde ledd i føresegna. Betalingssatsar som eventuelt blir fastsette i forskrifta, skal spegle kostnaden ved å ta ut informasjonen. Betaling for direkte tilknyting til registret skal ikkje overstige kostnadene ved å vedlikehalde eit elektronisk register.

Til § 13 Forskrift og unntak

Stadnamn har ein svært vid definisjon. Og sjølv om loven i hovudsak berre gjeld stadnamn som er eller blir tekne i bruk av offentlege organ, får ho verknad for mange tusen namn. Det er vanskeleg å lage eit regelverk som på ein tenleg måte kan ta omsyn til alle sider av saka. Mange av dei meir detaljerte reglane vil bli fastsette i forskrift, t.d. språklege retningsliner og reglar for konsulenttenesta.

Når særlege grunnar talar for det, bør departementet ha høve til å gjere unntak frå reglane i loven og forskrifta. Føresetnaden må likevel vere at det blir lagt vekt på intensjonane i loven.

Til forsida av dokumentet