Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

3 Formål og verkeområde

3.1 Den rettslege situasjonen i dag

Lovutkastet frå Stadnamnutvalet (NOU 1983: 6 Stadnamn) inneheldt ein regel der det heitte: «Denne lova gjev reglar om skrivemåten av stadnamn. Formålet med å gje reglane er at stadnamna i riket til saman skal utgjera eit einskapleg namneverk og at stadnamna skal takast vare på som kulturminne.» Dette vart omtala i merknadene til den noverande § 1 i loven, som omhandlar definisjonar, der departementet sa seg samd i formålet, men ikkje fann det nødvendig med ein eigen formålsparagraf.

Det geografiske verkeområdet er no fastsett i § 2 i loven. Loven gjeld for Fastlands-Noreg, og Kongen kan fastsetje at ho skal gjelde for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone. Denne heimelen er ikkje nytta. Årsaka til det er omsynet til forholdet til utanlandske styresmakter og internasjonale avtalar.

Kven som skal nytte fastsett skriftform, er regulert i § 3.

3.2 Forslag i høyringsnotatet

I høyringsnotatet er det foreslått ein ny § 1 som skal regulere både formålet med loven, verkeområdet og reglar for når loven gjeld. Årsaka til at departementet foreslår å ta inn ein formålsparagraf, er at loven skal brukast av alle nivå i offentleg forvaltning. Formålsparagrafen skal gi uttrykk for intensjonen og verkeområdet og vil kunne hjelpe brukarane til betre å forstå kva det skal leggjast vekt på i saksbehandlinga.

Fordi loven i tillegg til å gjelde fastsetjing av stadnamn eller skrivemåten av stadnamn også gjeld bruk av stadnamn i offentleg samanheng, foreslår departementet at ein regel om kven som har plikt til å rette seg etter loven, også blir teken inn i formålsparagrafen. Det er også naturleg at verkeområdet for loven blir teke inn i denne paragrafen.

3.3 Høyringsfråsegner

Alle dei høyringsinstansane som har uttala seg om dette, er for innføring av ein formålsparagraf. Fleire av høyringsinstansane ønskjer at loven skal gjerast gjeldande for dei områda som er nemnde i § 2 i gjeldande lov (Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone). Justisdepartementet og Miljøverndepartementetstiller spørsmål ved omgrepet «einskapleg namneverk» som er foreslått nytta i formålsparagrafen. Miljøverndepartementet spør om eit einskapleg namneverk er eit primært formål med loven, og meiner det er betre å leggje vekt på behovet for eintydige stadnamn i eit moderne samfunn. Justisdepartementet finn omgrepet for konserverande. Det medverkar til å fryse namneutviklinga, og det er vanskeleg å sjå for seg eit behov for dette. Variasjonsrikdommen er i seg sjølv positiv, og den har nettopp oppstått fordi ingen styresmakter har styrt utviklinga. Statens kartverkpeikar også på at føresegna verkar museal.

3.4 Departementets vurdering og forslag

Departementet er samd i merknadene som gjeld omgrepet «einskapleg namneverk». Dersom ein med einskapleg namneverk meiner at same namnet skal ha lik eller tilnærma lik skriftform i heile landet, er dette umogleg, og slik har det heller ikkje fungert. Det er heller ikkje noko mål. Det synest også vere vanskeleg å påvise at denne føresegna har hatt nokon verknad ved saker om fastsetjing av skrivemåte. Den einskapen ein kan oppnå, er at alle saker blir behandla etter same regelverket, t.d. ved føresegner om bruk av rettskriving og regionale former. Departementet vel derfor å foreslå at dette omgrepet ikkje blir nytta i paragrafen, og har valt å vektleggje kulturminneaspektet, det praktiske formålet og aktiv bruk av namn.

Departementet meiner at det geografiske verkeområdet for loven ikkje skal endrast. Omsynet til forholdet til utanlandske styresmakter og internasjonale avtalar inneber at loven ikkje kan gjerast gjeldande for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone. Loven, slik ho fungerer på dette punktet i dag, er tilfredsstillande, og departementet foreslår berre ei endring av formuleringa, slik at loven reflekterer den faktiske rettslege situasjonen.

Formuleringa i § 1 andre ledd om kven loven gjeld for, er noko endra frå forslaget i høyringsnotatet. For å sikre at viktige brukarar av stadnamn er omfatta av loven, er det teke inn ei føresegn om at departementet i særskilte tilfelle kan gi forskrift om at lova skal gjelde når selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut, brukar stadnamn. Dette vil først og fremt vere aktuelt i dei tilfella der eit privat selskap i stor grad brukar stadnamn i sin kontakt med publikum. Det er t.d. viktig at fastsett skrivemåte av stadnamn blir bruka i telefonkatalogar. Etter andre ledd i ny § 1 skal loven gjelde når organ for stat, fylkeskommune og kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut, skriv stadnamn i tenesta og i læremiddel som skal brukast i skolen. Dette gjeld utan omsyn til organisasjonsform.

Til forsida av dokumentet