Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

7 Saksbehandlingsreglar for fastsetjing av skrivemåte

7.1 Gjeldande reglar

Etter gjeldande reglar blir ei sak i løpet av førstegongsbehandlinga send minst fem gonger mellom dei ulike ledda:

  • namnesak blir teken opp med eller av vedtaksorganet, jf. § 6, som

  • sender saka til namnekonsulenttenesta, som

  • sender saka til vedkomande kommune og eventuelle andre vedtaksorgan med førebels tilråding

  • kommunen innhentar fråsegner frå eigar/festar/lokal organisasjon, gir sjølv fråsegn i saka og sender den tilbake til namnekonsulenttenesta som

  • sender si endelege tilråding til vedtaksorganet, som

  • fastset skriftform og sender melding om vedtaket til vedkomande kommune som skal kunngjere det, til SSR, namnekonsulenttenesta og andre relevante offentlege organ dersom namnet er brukt om fleire namneobjekt

Dersom kommunen er vedtaksorgan, blir dette noko enklare.

Dersom eit stadnamn blir brukt i fleire funksjonar, t.d. som naturnamn, bruksnamn eller soknenamn, er hovudregelen at namnet skal ha same skriftform i alle funksjonane. Det kan likevel gjerast unntak når særlege grunnar talar for det. Alle aktuelle vedtaksorgan etter § 6 tredje ledd skal delta i behandlinga av saka, noko som fører til meirarbeid og auka tidsbruk. Etter § 7 skal alle namnesaker behandlast likt.

7.2 Forslag i høyringsnotatet

I høyringsnotatet er det foreslått at reglar om fastsetjing av skrivemåten skal regulerast i § 5 og nærmare reglar om saksbehandling blir fastsette i § 6. Saksgangen vil etter forslaget ikkje innehalde vesentleg færre ledd, men sjølve saksbehandlinga vil vere forenkla:

  • Namnesak blir teken opp med vedtaksorganet, som etter forslaget i hovudsak vil vere ein kommune eller Statens kartverk. Eventuelle andre vedtaksorgan skal varslast som no.

  • Kommunen vil anten ha vedtaksrett eller uttalerett for alle namn i kommunen og skal dessutan som tidlegare syte for at alle i kommunen som har rett til å uttale seg, blir varsla og får uttale seg. Gjeld saka eit bruksnamn som fell saman med eit nedervd stadnamn, skal eigar/festar tilskrivast direkte med frist for å kome med merknader. Alle som har namnet som heile eller ein del av bruksnamnet sitt, har uttalerett.

  • Kommunen sender alle fråsegner til namnekonsulenttenesta saman med si eiga fråsegn.

  • Namnekonsulenttenesta gir tilråding om skrivemåten til vedtaksorganet, som så fastset skrivemåten. Dersom saka gjeld eit stadnamn med fleire funksjonar, skal skrivemåten i primærfunksjonen fastsetjast først.

  • Vedtaket skal sendast til SSR, vedkomande kommune/fylkeskommune og namnekonsulenttenesta. Kommunen skal sende melding direkte til eigar/festar i saker som gjeld namn på eige bruk, ev. saman med opplysningar om klagerett og klagefrist. Namnevedtak elles skal kunngjerast som kommunale vedtak.

  • Dersom ei sak blir vurdert til å vere særleg innfløkt, kan det innhentast førebels tilråding frå namnekonsulentane.

Kommunane skal fastsetje skrivemåte for namn på tettstader, grender, bydelar, gater, vegar, torg, bustadfelt mv., og namn som skal brukast som offisiell adresse etter § 4-1 i delingsloven.

Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåte for namn på fylkeskommunale anlegg. Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten for andre stadnamn dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift, og for alle namn i statleg samanheng. Talet på vedtaksorgan blir etter dette redusert til kommune, fylkeskommune, Statens kartverk og dei som etter lov eller forskrift skal fastsetje skriftformer, t.d. for namn på kommunar eller kyrkjesokn. «Kommunestyret eller den det gir fullmakt» og «Fylkestinget eller den det gir fullmakt» er foreslått endra til høvesvis «kommunen» og «fylkeskommunen».

Det kan gjerast samlevedtak for korleis eit namneledd skal skrivast innanfor eit administrativt område eller eit dialektområde, t.d. seter/sæter eller tjørn/tjern.

Forenklingar

Forskjellane og dermed innsparingane vil etter framlegget liggje i

  • at det blir færre vedtaksorgan, som også skal samordne saksbehandlinga

  • at Statens kartverk skal vere vedtaksorgan i statleg samanheng

  • at det til vanleg berre vil vere ei tilråding frå namnekonsulentane

  • at berre eigar/festar skal tilskrivast direkte

  • at samlevedtak gjer at det ikkje må reisast namnesak for alle namn

7.3 Høyringsfråsegner

Generelt er alle høyringsinstansane positive til forenklingar i saksbehandlinga. Nokre ønskjer at forenklinga skulle gå lenger, som Karmøy og Kristiansand, som meiner at kurante saker må kunne behandlast på ein enklare måte. Alle som har uttala seg, er samde i at Statens kartverk skal fastsetje skrivemåten for alle namn i statleg samanheng.

Fleire instansar, deriblant dei historisk-filosofiske fakulteta ved universiteta i Trondheim og Tromsøog Namnekonsulenttenesta for norske stadnamnmeiner det er viktig at namnekonsulenttenestene er med frå starten i namnesaker, slik at høyringsinstansane får ei førebels tilråding frå namnekonsulentane som før. Dei vil då ha noko konkret å ta stilling til i problematiske saker.

I forslaget til § 6 første ledd foreslo departementet at synspunkta til eigar eller festar skulle tilleggjast særleg vekt ved fastsetjing av skriftform for gards- og bruksnamn. Nokre høyringsinstansar er svært usamde i dette, deriblant Samarbeidsnemnda for namnegransking, Namnekonsulenttenesta for norske stadnamn, Klagenemnda for stadnamnsakerog Noregs Mållag. Norsk språkrådmeiner at forslaget må presiserast nærmare i forskrifta. Hovudinnvendinga er at dette vil svekkje kulturminnevernet. Stadnamn, også gards- og bruksnamn, er felleseige, ikkje privat eigedom, og eigarar er ofte for opptekne av skrivemåten av slektsnamnet til å ta tilstrekkeleg omsyn til kulturminnevernet, blir det hevda.

Samiske og kvenske institusjonar og organisasjonar har i sine høyringsfråsegner gjort merksam på at det for samiske og kvenske namn gjeld spesielle tilhøve: i mange tilfelle er det ukjent eller uklart om det finst samiske eller kvenske namn, og det er namnekonsulenttenesta som må undersøkje dette. Dei må også gi tilråding til høyringsinstansane fordi det ikkje er kompetanse i desse språka rundt i vedtaksorgana. Vidare ønskjer dei at også organisasjonane framleis må få tilsendt saker direkte. Kunngjering i aviser er for usikkert for desse namna.

7.4 Departementets vurdering og forslag

Det er semje om dei fleste føresegnene i forslaget til §§ 5 og 6. Usemja gjeld om synspunkta til eigar/festar skal tilleggjast særleg vekt når ønsket deira elles er innanfor rammene til regelverket. Departementet har forståing for innvendinga - det er viktig med vern av stadnamna som kulturminne - men vil likevel leggje til grunn at namn på privat eigedom ikkje berre er offentleg felleseige; dei er ofte svært viktige for eigaren og slekta hans både personleg og kulturelt. Departementet meiner vidare at når det er teke atterhald om at skrivemåten skal liggje innanfor regelverket, er kulturminneomsynet ivareteke. Namna blir heller ikkje borte om dei får ein annan skrivemåte enn den som følgjer av ein bestemt uttale. Departementet meiner likevel at det ikkje er tungtvegande grunnar som talar for at synspunkta til festaren skal tilleggjast særleg vekt, og foreslår at denne føresegna berre skal gjelde eigaren.

For samiske og kvenske stadnamn må sakene først sendast til namnekonsulentane. Då det i mange tilfelle er ukjent eller uklart om det finst samiske eller kvenske namn, og det er namnekonsulenttenesta som må undersøkje dette, og det er dei som kan gi råd til instansar som skal uttale seg, må dei kome med i saka frå starten av. Samiske og kvenske organisasjonar må også få tilsendt saker direkte slik dei har bedt om. Dette må det takast inn reglar om i forskrifta.

Til forsida