Prop. 98 S (2012–2013)

Utbygging og drift av Ivar Aasen-feltet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

På vegner av rettshavarane i utvinningsløyva 001B, 242 og 028 B har operatøren Det norske oljeselskap ASA overlevert plan for utbygging og drift (PUD) av Ivar Aasen-feltet. Rettshavarane er Det norske oljeselskap ASA (35 prosent), Statoil Petroleum AS (50 prosent) og Bayerngas Norge AS (15 prosent).

Feltet har fått namn etter Ivar Aasen. Han var diktar og språkforskar, men først og fremst mannen som forma nynorsken, basert på folkeleg talemål. 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 er grunnlaget for Språkåret 2013, ei nasjonal feiring av språkleg mangfald.

Ivar Aasen-feltet omfattar utbygging av dei tre funna Ivar Aasen, West Cable og Hanz. Ivar Aasen-feltet ligg i den midtre delen av Nordsjøen i blokk 16/1 og 25/10, om lag 10 kilometer nordvest for Edvard Grieg-feltet og om lag 200 kilometer vest for Stavanger, ved Utsirahøgda. Havdjupna ved feltet er om lag 110 meter. Ivar Aasen-funnet blei påvist i 2008. Det er planlagt å byggje ut feltet med ei botnfast innretning med brønnar, anlegg for delvis prosessering og bustadkvarter. Innretninga skal plasserast over Ivar Aasen-funnet. Ivar Aasen-feltet skal koplast opp til Edvard Grieg-feltet for ferdigprosessering, og eksportløysingane er samordna med dette feltet. Gassen er planlagd eksportert via britisk sokkel. Oljen frå dei to felta skal eksporterast i ein ny røyrleidning frå Edvard Grieg-feltet til Grane oljerøyr og vidare til Stureterminalen.

Prosjektet er planlagt gjennomført i to fasar, der fase 1 omfattar utbygginga av funna Ivar Aasen og West Cable og fase 2 omfattar utbygging av Hanz i utvinningsløyve 242. Dei utvinnbare reservane for Ivar Aasen-prosjektet, som beskrive i PUD, er berekna til 18,3 millionar standard kubikkmeter (Sm3) olje og 5,3 milliardar Sm3 gass. Til saman utgjer dette 23,6 millionar Sm3 oljeekvivalentar (o.e.), tilsvarande 148 millionar fat o.e. Planlagd produksjonsstart er fjerde kvartal 2016, og venta produksjonsperiode er 15 år.

Ivar Aasen-funnet strekkjer seg inn i utvinningsløyve 457. Det blei stadfesta ved brønnane 16/1-16 og 16/1-16 A i utvinningsløyve 457, som blei avslutta 1.1.2013. Rettshavarane i utvinningsløyva 001 B og 457 har forplikta seg til eit løp fram mot ein endeleg avtale om å samordne ressursane (unitiseringsavtale), som skal vere på plass innan 30.6.2014.

Dei totale investeringane for utbygginga er av operatøren berekna til 24,7 milliardar 2012-kroner. Dei venta årlege driftskostnadene varierer, men vil i gjennomsnitt vere om lag 850 millionar 2012-kroner i driftsfasen.

Den økonomiske analysen til operatøren viser at utbygginga har ein venta noverdi før skatt på 12,6 milliardar 2012-kroner.1 Balanseprisen for prosjektet før skatt er 65,7 US-dollar per fat o.e.

Det er gjennomført konsekvensutgreiing for Ivar Aasen-prosjektet. Konsekvensutgreiinga har ikkje avdekt forhold som tilseier at prosjektet ikkje bør gjennomførast, eller at det bør gjennomførast avbøtande tiltak utover dei som ligg til grunn i utbyggingsplanane. Prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8–10 er reflekterte, mellom anna gjennom departementet si vurdering av konsekvensutgreiinga, og vil bli følgde opp i gjennomføringa av prosjektet.

Kraftbehovet blir dekt frå Edvard Grieg-innretninga. Det går for seg utgreiing om ei samordna kraftløysing frå land for felta Dagny, Ivar Aasen og Edvard Grieg og for Johan Sverdrup-funnet. Foreløpige tal frå operatøren indikerer at kraft frå land kan være lønnsamt, men ein endeleg beslutning om prosjektet vil bli tatt på eit seinare tidspunkt. Edvard Grieg-feltet skal kople seg til ei eventuell felles kraftløysing på Utsirahøgda på det tidspunktet denne er på plass, med mindre departementet av særskilde grunnar bestemmer noko anna. Edvard Grieg-innretninga vil såleis òg forsyne Ivar Aasen-feltet med kraft frå land. Den planlagde oppstarten for ei slik samordna kraft frå land-løysing er 2018.

I tillegg til skatteinntekter frå produksjonen på feltet vil utbygginga og drifta bidra til sysselsetjing nasjonalt og regionalt. Det er sannsynleg at det vil bli nytta forsyningsbase frå Stavanger-området. Helikoptertransport vil truleg skje frå Stavanger lufthamn, Sola. Driftsorganisasjon blir lagd til Trondheim. Det vil bidra til å styrkje petroleumsmiljøet i regionen.

Planane for utbygging og drift av Ivar Aasen-feltet er lagde fram for Oljedirektoratet for vurdering. Oljedirektoratet vurderer prosjektet som ressursforvaltingsmessig forsvarleg, samfunnsøkonomisk lønnsamt og robust nok økonomisk og tilrår at utbyggingsplanen blir godkjend med enkelte vilkår.

Planen er lagt fram for Arbeidsdepartementet, som igjen har lagt planen fram for Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet har enkelte merknader slik det går fram av proposisjonsteksta, men ser ikkje behov for at det stilles særskilde vilkår og anbefaler at planen godkjennast. Arbeidsdepartementet har ingen merknader utover dette.

Basert på planane til operatøren og overslag frå Oljedirektoratet verkar utbygginga av Ivar Aasen-feltet som eit samfunnsøkonomisk lønnsamt og robust nok prosjekt som kan gjennomførast samtidig som omsyn til ytre miljø og fiskeriinteresser blir tatt vare på.

Figur 1.1 Plasseringa av Ivar Aasen-feltet

Figur 1.1 Plasseringa av Ivar Aasen-feltet

Kjelde: 

Oljedirektoratet

Fotnotar

1.

Berekningane er gjorde med føresetnadene til operatøren med ein oljepris på 90 US-dollar per fat olje, ein gasspris på 1,9 kroner/Sm3 gass, ein valutakurs på 6 kroner/US-dollar og ei diskonteringsrente på 7 prosent.

Til toppen
Til forsida av dokumentet