Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapitler: 800–873, 2530 Inntektskapitler: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under Programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.

Mål

For 2017 blir desse måla prioriterte:

overskride løyvinga på mot tilsvarende meirinntekt under

1. God og effektiv forvalting

1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

Resultatrapport og strategiar

Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

Resultatrapport 2015/2016

1. april 2016 blei ansvaret for integreringssaker overført frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) til Justis- og beredskapsdepartementet (JD). Regjeringa la fram Prop. 59 S (2015–2016), jf. Innst. 194 S (2015–2016) om budsjettendringar som følgje av dette. Endringane er førte vidare i forslaget til 2017-budsjettet.

Departementet har i 2016 revidert fleire interne strategiar for vidareutvikling av departementet og dei tilsette.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BLD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå. BLD har ikkje sektoransvar for samfunnskritisk infrastruktur og heller ikkje ansvar for objekt det er samfunnskritisk å sikre. BLD har likevel sektoransvar for område der det er viktig å vere budd på uønskte hendingar. Departementet har i 2015 og 2016 arbeidd systematisk med å utvikle feltet vidare.

Strategiar og tiltak for 2017

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal også vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte.

Som tiltak for å førebu oss på kritiske hendingar i framtida vil BLD i 2017 mellom anna

  • delta på øvingar for å teste eigen beredskap og evaluere øvingane med sikte på læring og forbetring i planverket

  • samarbeide med underliggjande etatar for å få betre oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren

Alle statlege verksemder skal i 2016 ta i bruk digital post til innbyggjarane. Det gjeld utsending av post til innbyggjarar som har valt digital postkasse, og som ikkje har reservert seg. På BLDs område fører dette til at budsjettramma er redusert med 1,9 mill. kroner i 2017.

Regjeringa innfører frå 2017 ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Verksemdene er kompenserte for den anslåtte utgiftsauken i budsjettforslaget. Saka er nærmare omtalt i Gul bok 2017.

Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma held fram i 2017.

Delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

Desse verksemdene ligg under BLD per 1. oktober 2016: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet. Under presenterer departementet dei viktigaste gjennomførte utviklingsprosjekta og tiltaka i førre periode og dei viktigaste planlagde utviklingsprosjekta og tiltaka i 2017.

Resultatrapport 2015/2016

Departementet har i 2015 og 2016 arbeidd systematisk for å vidareutvikle styringa av verksemdene.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

I 2015 har Bufdir gjennomført organisatoriske endringar som vil gjere direktoratet betre rusta til å løyse oppgåvene sine og sørgje for ei tydeleg ansvarsdeling mellom rolla som etatsstyrar og rolla som fagdirektorat. Den 1. oktober 2015 blei det oppretta ein stab for etatsstyring og ei stabseining som har fått overført ansvar for strategisk personalarbeid- og informasjonsteknologi frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) senter for administrasjon (BSA). Den nye organiseringa skal styrkje rolla som etatsstyrar, den faglege styringa av regionane og den strategiske styringa av IKT og HR i direktoratet.

Som ledd i utviklingsstrategien for etaten blei det i 2015 oppretta ulike miljø for spisskompetanse for å bidra til kvalitet i tenestene på desse områda:

  • tilbod til familiar med vald (Region aust)

  • tilbod frå familievernet til barn og familiar med høgt konfliktnivå etter samlivsbrot (Region Midt-Noreg og Region nord)

  • tilbod til foreldre som er fråtekne omsorga for eigne barn (Region vest)

  • akuttarbeid i beredskapsheimar og institusjonar (Region sør)

  • grupperettleiing for fosterheimar (Region sør)

  • tryggleik for barn og tilsette på barnevernsinstitusjonar (Region aust)

Bufetat har endra organiseringa av inntaks- og fosterheimstenestene frå 1. oktober 2015. Det er no éi inntakseining og éi fosterheimseining i kvar region. Nasjonalt inntaksteam gir støtte ved plasseringar etter barnevernlova §§ 4-24 og 4-26. Eininga for inntaksstøtte gir støtte der det skal gjennomførast krevjande kjøp frå private leverandørar. Fosterheimstenesta skal i tillegg til å rekruttere og drive opplæring av fosterheimar formidle fosterheimar etter oppmoding frå kommunane.

Parallelt med etableringa av regionale einingar for inntak og fosterheimstenester er det utarbeidd rutinar for arbeidet med inntak og formidling. Arbeidsflyten i fagsystemet til Bufetat støttar opp om desse rutinane og vil gjere at arbeidet med inntak og formidling blir meir likt over heile landet.

Etaten har over mange år effektivisert drifta, noko som kjem til syne ved at aktivitetsveksten har vore større enn den reelle veksten i utgifter. Frå 2009 til 2015 auka aktiviteten, målt i tal på opphaldsdagar, med 25 prosent, medan dei reelle utgiftene auka med 6 prosent i same periode. I 2015 heldt nedgangen i utgifter per opphaldsdag fram. Ressursbruken i Bufetat og Bufdir, målt i årsverk, er redusert med i underkant av 20 prosent sidan 2010. I 2015 blei talet på årsverk redusert med 4 prosent, samtidig som bemanninga ved familievernkontora og omsorgssentera er styrkt.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

I 2015 fekk fylkesnemndene inn til saman 5 463 saker. Det var ein liten nedgang frå 2014, da dei fekk inn 5 831 saker. Lang saksbehandlingstid for saker med forhandlingsmøte har vore ei utfordring i fleire år. Resultata frå 2015 viser at den positive utviklinga med lågare saksbehandlingstid frå 2013 og 2014 held fram. Saksbehandlingstida for saker med forhandlingsmøte er redusert med gjennomsnittleg 8 dagar samanlikna med 2014, og frå 2013 til 2015 er saksbehandlingstida redusert med vel 20 dagar – frå 97 til 77 dagar. På same tid er det færre saker med forhandlingsmøte som er behandla seinare enn 16 veker etter at saka er komen til fylkesnemnda.

I tillegg til saksbehandlinga er det i 2015 arbeidd med fleire prosjekt og oppgåver som er nødvendige for kvaliteten og den vidare utviklinga av fylkesnemndene:

  • Eit nytt saksbehandlingssystem er teke i bruk, og den vidare utviklinga held fram. Det nye systemet fører til ei meir effektiv saksbehandling.

  • Oppfølginga av Riksrevisjonens forvaltingsrevisjon og regjeringa si evaluering av fylkesnemndene starta i 2015. Det blir arbeidd målretta for kortare saksbehandlingstid og meir effektive rutinar og for utjamning av forskjellar i saksbehandlingstid mellom fylkesnemndene.

  • Ei ny heimeside, www.fylkesnemndene.no, er lansert. Ho bidreg til å gi informasjon til allmenta om aktiviteten til fylkesnemndene.

  • Det er sett i gang eit forsøk med samtaleprosess i fylkesnemndene, slik barnevernlova § 7-25 opnar for. Samtaleprosess kan heilt eller delvis bidra til ei løysing av saka til beste for barnet.

Forbrukarapparatet

Ved budsjettbehandlinga hausten 2013 (Innst. 14 S (2013–2014)) blei regjeringa bedt om å gå gjennom innretninga av det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Som ein del av oppfølginga gav BLD Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag å vurdere mellom anna oppgåvene til Forbrukarrådet og forholdet mellom rådet og Forbrukarombodet.

I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 konkluderer Difi med at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett er fragmentert og lite kostnadseffektivt. I rapporten gir Difi òg uttrykk for at forvaltingsoppgåvene Forbrukarrådet har i tilknyting til klagebehandling og mekling, bør skiljast frå dei interessepolitiske.

I tillegg blei det i 2015 teke initiativ til ein gjennomgang av systemet for handheving og sanksjonar etter marknadsføringslova (sjå omtale under Programkategori 11.30, delmål 6.1).

Forbruksforsking og verksemdsområdet til SIFO

Ved budsjettbehandlinga hausten 2013 bad fleirtalet i familie- og kulturkomiteen på Stortinget (Høyre og Fremskrittspartiet) regjeringa om å vurdere verksemdsområdet til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO).

Både styret i SIFO og BLD vurderte at det ville vere krevjande å vidareføre SIFO som eit lite, sektortilknytt institutt under departementet. Det blei derfor sett i gang ein prosess mellom Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og SIFO for å slå instituttet saman med høgskolen.

Med grunnlag i kongeleg resolusjon av 25. september 2015 blei SIFO frå 1. januar 2016 ein del av HiOA.

Strategiar og tiltak for 2017

Målet er at departementet skal gi tydelege styringssignal og unngå unødig detaljstyring, og at verksemdene skal få det handlingsrommet dei treng i oppgåveløysinga. Dette vil medverke til ei meir effektiv drift av dei underliggjande verksemdene.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Omstillingsarbeidet og effektiviseringa i Bufdir vil halde fram i 2017.

Det er stor politisk einigheit om at brukaren skal stå i sentrum for tenesteutviklinga, og at det offentlege skal samarbeide godt. Dette krev digitale løysingar, høve til sikker deling av informasjon og betre involvering av brukarane. Bufdir vil i 2017 starte med å kartleggje digitale behov i samband med framtidige strukturendringar som vil påverke ansvarsdelinga i barnevernet.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene skal sikre rettstryggleiken for barn, ungdom og familiane deira, og saksbehandlinga skal vere trygg, rask og gi tillit, jf. barnevernlova § 7-3. Dette inkluderer likeverdig saksbehandling av høg kvalitet for å kome fram til rettsriktige avgjerder som er til beste for barnet.

Sentraleininga for fylkesnemndene skal framleis leggje til rette for å få ned saksbehandlingstida, jamne ut forskjellar i saksbehandlingstida og auke produktiviteten i nemndene. Ulike tiltak for betre utnytting av ressursane vil bli sette i verk, mellom anna skal ein ambulerande nemndleiar ta seg av saker der behova er størst.

I 2017 skal nemndene vidareutvikle og implementere eit sikkert elektronisk system for ekstern dokumentutveksling, sjå også Strategiar og tiltak, delmål 5.1.

Forbrukarapparatet

På grunnlag av rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 har regjeringa bestemt at dei ti regionkontora til Forbrukarrådet skal gjerast om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. Omorganiseringa skal òg medverke til eit klarare organisatorisk skilje mellom forvaltingsoppgåvene som er knytte til klagebehandling og mekling, og dei interessepolitiske oppgåvene. Medan oppgåvene som er knytte til klagebehandling og mekling, skal reindyrkast ved dei regionale einingane, skal hovudkontoret i Oslo drive heile det interessepolitiske arbeidet.

Omorganiseringa inneber at forbrukarkontora i Sarpsborg, Gjøvik, Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Bodø blir lagde ned. Stillingane ved desse kontora, om lag 40 totalt, blir flytta til dei tre attverande einingane. Dei tilsette det gjeld, vil få tilbod om arbeid ved desse kontora. Regjeringa har bestemt at det skal opprettast ei hospiteringsordning med 3–5 kontorplassar for Forbrukarrådet på Svalbard. Omorganiseringa skal vere gjennomført innan 1. mai 2017.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

800

Barne- og likestillingsdepartementet

173 800

175 348

162 237

-7,5

Sum kategori 11.00

173 800

175 348

162 237

-7,5

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

163 120

163 599

152 486

21

Spesielle driftsutgifter

10 680

11 749

9 751

Sum kap. 0800

173 800

175 348

162 237

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter i departementet og hospitering i andre institusjonar. Løyvinga er auka med 15 mill. kroner som følgje av innføring av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Posten er redusert mellom anna som følgje av at budsjettmidlar er flytta til Justis- og beredskapsdepartementet grunna at ansvaret for integreringssaker blei overført dit 1. april 2016.

Departementet føreslår ei løyving på 152,5 mill. kroner i 2017.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til støtte til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 9,8 mill. kroner i 2017. Det er ein reduksjon på om lag 2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2016. Den viktigaste årsaka til reduksjonen er at utgreiingsmidlar er flytta til Justis- og beredskapsdepartementet som følgje av at ansvaret for integreringssaker blei overført dit 1. april 2016.

Kap. 3800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Tilfeldige inntekter

33

Sum kap. 3800

33

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål å styrkje stillinga til familien i det norske samfunnet. Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap. Familien skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge.

Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod, og leggje til rette for at dei skal kunne utvikle seg, utan omsyn til kva bakgrunn og livssituasjon foreldra har, og kvar i landet dei bur.

Ein god og heilskapleg familiepolitikk legg grunnlaget for livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Familiepolitikken til regjeringa byggjer på at familiane tek dei beste vala sjølve. Familieretta ordningar skal derfor vere fleksible og gi valfridom. Trygge foreldre som meistrar eigne liv gir trygge barn. Familiepolitikken skal leggje til rette for likestilling mellom foreldra, både i heimen og i arbeidslivet. Familiar som strever skal få rett hjelp til rett tid.

Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter

Regjeringa la i april 2016 fram Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter. Regjeringa vil gjennomføre tiltak i samsvar med meldinga og Stortingets behandling.

Familieverntenesta

Familieverntenesta er hovudsatsinga til regjeringa på det familiepolitiske området.

Samfunnsoppdraget til familievernet er å medverke til gode og trygge oppvekstkår for barn og å førebyggje konfliktar og negative samspelsmønster i familiar. Gjennom lågterskeltilbodet medverkar familieverntenesta til å oppretthalde og utvikle stabile familieliv, førebyggje samlivsbrot og ta vare på foreldreskapet etter samlivsbrot til beste for barna.

Familieverntenesta har fått eit historisk økonomisk løft og er sidan regjeringsskiftet styrkt med over 90 mill. kroner frå ei totalramme på om lag 370 mill. kroner i 2013. Styrkinga av familieverntenesta har ført til oppretting av nye behandlarstillingar som vil redusere ventetida for å få time, sikre eit meir likeverdig tilbod på landsbasis, auke kapasiteten i arbeidet mot vald og høgkonflikt og styrkje det utoverretta, førebyggjande arbeidet og samarbeidet med dei kommunale familieretta tenestene. Eit godt familievern må vere tilpassa behovet til den enkelte familie. Regjeringa vil byggje politikken for familievern rundt eit prinsipp om førebyggjande arbeid og tidleg innsats for å sikre gode oppvekstvilkår. Regjeringa føreslår å styrka familieverntenesta sitt arbeid med familiar som lever med vald gjennom å auke løyvinga med 4 mill. kroner i budsjettet for 2017.

Opptrappingsplan mot vald og overgrep

Omfattande tiltak mot vald og overgrep er allereie satt i gang i denne regjeringsperioden, sjå omtale under delmål 2.3. Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn utsett for vald og overgrep. Hausten 2016 legg regjeringa derfor fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep i ein eigen proposisjon til Stortinget, jf. oppmodingsvedtak nr. 623 frå Stortinget. Regjeringa føreslår ei tverrdepartemental satsing på 176 mill. kroner i 2017 som legg til rette for styrking av skolehelsetenesta og helsestasjonane, og som styrkjer behandlingstilbodet til valdsutsette og til unge overgriparar, kompetansen i tenestene, det foreldrestøttande arbeidet i kommunane, dialoggrupper i mottak, Statens barnehus, offeromsorg og kunnskapsutvikling på feltet. Vidare vil regjeringa auke tilskotet til Stine Sofie Senteret og innsatsen mot mobbing. Regjeringa vil trappe opp innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare i planperioden.

Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017)

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor grunna dårlege levekår, svak økonomi eller begge deler. Dette rammar barna. Talet på barn som lever i relativ fattigdom har auka dei siste åra. Barnefattigdom må derfor motverkast gjennom ein brei og samordna innsats. Regjeringa la i 2015 fram ein strategi, Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017). Strategien er sentral i det vidare arbeidet for at alle barn skal få lik moglegheit til deltaking og utvikling. Strategien bygger på, og skal bidra til å vidareutvikle kunnskap og kompetanse på området. Ei direktoratsgruppe skal i løpet av 2017 evaluere om innsatsområda i strategien treffer målgruppa.

Fritidserklæringa

KS, frivillige organisasjonar og staten har gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa, for at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet. Fritidserklæringa er ei oppfølging av eit av tiltaka i regjeringa sin strategi Barn som lever i fattigdom (2015–2017).

Likestilt foreldreskap

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Det gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa ønskjer derfor å leggje til rette for at begge foreldra skal kunne vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet tek slutt, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman. Regjeringa har lagt fram ein proposisjon med forslag til endringar i barnelova for å fremme likestilt foreldreskap.

Mål

For 2017 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål Delmål

2: Trygge rammer for familiane

2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

2.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

2.3: Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

4: Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

4.1: Like moglegheiter til deltaking for alle barn og ungdom

4.2: Å redusere konsekvensar av fattigdom for barn og ungdom

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Politikken skal fremme valfridom og fleksibilitet og gjere det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei.

Under dette delmålet blir dei sentrale overføringsordningane til barnefamiliar – kontantstøtte, barnetrygd, foreldrepengar og støtte til adopsjon – omtalte. Overføringsordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (Nav). Nedanfor blir utviklinga i bruk av kontantstøtte og barnetrygd gjennomgått i korte trekk. Det blir òg gitt ein statusrapport om Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs område og gjort greie for utviklingstal for adopsjonar. For omtale av foreldrepengar og eingongsstønad ved fødsel, sjå programkategori 28.50.

Resultatrapport 2015/2016

Kontantstøtte

Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader, frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år, til og med månaden før barnet fyller to år (13 til 23 månader). Satsen for kontantstøtte er 6 000 kroner per månad. Barn som er i barnehage mindre enn 20 timar i veka, har rett til halv kontantstøtte på 3 000 kroner per månad.

Det er ikkje gjort endringar i ordninga i 2015/2016. I gjennomsnitt mottok 38,2 prosent av foreldra til eittåringane kontantstøtte i 2015. Talet er om lag uendra frå 2014 og det er 1,5 prosentpoeng færre enn i 2013, som var det første heile året med kontantstøtte etter omlegginga av ordninga frå 1. august 2012. I same tidsrom blei det årleg brukt deltidsbarnehage kombinert med halv kontantstøtte for 1–2 prosent av kontantstøttebarna. Rundt to tredjedelar av barna som får kontantstøtte er 13–18 månader.

I 2015 var 77 prosent av stønadsmottakarane kvinner, ein nedgang på til saman 17 prosentpoeng frå 2005.

Oversikta under tyder på at effekten av midlar til fleksibelt opptak i barnehagane frå 2015 så langt har vore mindre enn det som var lagt til grunn i budsjettet for 2015. Den gongen var det forventa at tiltaket ville gi 3 400 fleire barnehageplassar for eittåringane. Tala frå første halvår 2015 og 2016 viser at om lag 1/5 av dei planlagde nye plassane er bygde ut hittil. Full effekt av midlane er forventa i andre halvår 2016, sidan den lovfesta retten til barnehageplass frå august 2016 er utvida til barn som fyller eitt år innan 31. oktober.

Tabell 4.1 Barn med kontantstøtte. Månadlege gjennomsnitt

Første halvår 2014

Andre halvår 2014

Første halvår 2015

Andre halvår 2015

Første halvår

2016

Barn i kontantstøttealder (13–23 månader)

56 035

55 483

55 192

55 243

54 727

Barn med kontantstøtte

22 592

19 860

22 530

19 635

21 381

– i prosent av barn i kontantstøttealder

40,3

35,8

40,8

35,5

39,1

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Figuren under viser prosentdelen barn i kontantstøttealder (13–23 månader) som det blir utbetalt kontantstøtte for. Det er framleis ulik bruk av kontantstøtte mellom fylka, og skilnadane mellom landsdelane har stort sett halde seg stabile. Per februar 2016 var ordninga mest brukt i Vest-Agder og Rogaland (41 og 40 prosent), og minst brukt i Nord-Noreg og trøndelagsfylka.

Figur 4.1 Prosentdel barn med kontantstøtte. Fylkesvise tal.

Figur 4.1 Prosentdel barn med kontantstøtte. Fylkesvise tal.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå februar 2016.

I 2015 blei det utbetalt kontantstøtte til ein større del av barn med innvandrarbakgrunn (45 prosent) enn utan (16 prosent). Forskjellen i prosentdel mottakarar blant barn med og utan innvandrarbakgrunn har auka. Frå 2014 til 2015 har det vore ein svak auke blant dei med innvandrarbakgrunn og ein svak nedgang blant dei utan. Auken har vore størst blant dei eldste barna med innvandrarbakgrunn.

Det er meir sannsynleg at mødrer med låg utdanning, låg lønn og utan inntekt året før fødsel får kontantstøtte. Det kjem fram i temanotatet Kontantstøtten i Norden. Omfang og effekter på sysselsetting, som er utarbeidd av Institutt for samfunnsforskning i 2016.

Barnetrygd

Den ordinære barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsane i 2015 og 2016.

I 2015 var det 675 000 mottakarar av barnetrygd, og om lag kvar femte stønadsmottakar hadde utvida stønad for einslege forsørgjarar. Menn mottok utvida stønad i 20 prosent av tilfella. Ni av ti mottakarar av barnetrygd var kvinner.

I 2015 var det om lag 3 500 mottakarar av småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn under 3 år. Det har vore ein årleg nedgang i talet på personar med småbarnstillegg over lang tid. I 2011 var det ca. 2 000 fleire som mottok tillegget.

Stortinget vedtok i 2016 Prop. 63 L (2015–2016) Endringer i barnetrygdloven (barnetrygd ved opphold i utlandet). Grensa for kor mange månader barn kan opphalde seg i utlandet og framleis få barnetrygd, er redusert frå seks til tre månader. Etter lovendringa er grensa for utanlandsopphald den same som for kontantstøtte. Unntaksreglane ved utanlandsopphald er ikkje endra. Dette er eit tiltak mot uønskt fråvær i skolen og for å fremme integrering. Konsekvensane for barn som er lenge borte frå skolen, kan bli alvorlege for den enkelte, og regjeringa ser at barnetrygda kan vere eit verkemiddel for å redusere langvarig fråvær frå skolen.

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar på BLDs ansvarsområde. Det gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og regelverket for barnebidrag.

Arbeids- og velferdsetaten arbeider systematisk for å betre forvaltinga av ytingane for å auke kvaliteten i saksbehandlinga og redusere omfanget av feilutbetalingar.

Bruk av arbeidsstandardar og måling av kvalitet er viktige verktøy i Arbeids- og velferdsetaten sitt systematiske arbeid med kvalitetsforbetring.

Det viktigaste tiltaket for å få betre kvalitet er likevel den store satsinga som er i gang for å modernisere IKT-systema i etaten.

Stortinget samtykte den 26. mai 2016 i at Arbeids- og sosialdepartementet kunne starte opp Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i Arbeids- og velferdsetaten, jf. Innst. 291 S (2015–2016). Det er gjort greie for grunnlaget for vedtaket i Prop. 67 S (2015–2016).

I Prosjekt 2 er det planlagt å utvikle ei gjenbrukbar vedtaksløysing for individbaserte ytingar. Vedtaksløysinga vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar nyttast til å lage nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet er planlagt gjennomført i perioden 2016–2019.

Prosjekt 2 er ledd i ei langsiktig og omfattande modernisering av IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten. Eit hovudmål er betre tenester for brukarane og større effektivitet i saksbehandlinga. Hovudstrategien er å gi brukarane betre tilgang til og innsyn i si eiga sak, døgnopne dialogtenester over nettet og fleire sjølvbeteningsløysingar knytte til sentrale ytingar.

Som ein del av IKT-moderniseringa blir det òg gjort organisatoriske endringar. Behovet for endringar i regelverket for foreldrepengar blir vurdert i samband med utviklingsarbeidet.

Det er gjort nærmare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2016–2017) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Adopsjon

Bufetat fekk frå 1. februar 2015 ansvaret for å lage utgreiingar knytt til sosialrapportar i samband med søknader om utanlands- og innanlandsadopsjonar. Dette var tidlegare kommunane sitt ansvar. Departementet fastsatte frå 1. februar 2015 forskrift om adopsjon av barn frå utlandet.

Dei fleste adopsjonar som blir registrerte i Noreg gjeld barn som er fødde i utlandet. I 2015 blei 134 barn adopterte til Noreg. Talet på adopsjonar frå utlandet har gått ned dei seinare åra. Dette er ei internasjonal utvikling. Ei årsak til nedgangen kan vere at fleire barn no får eit omsorgstilbod i sitt eige heimland.

Analyse av fruktbarhetsnivå

Det samla fruktbarhetsnivået i Noreg er redusert år for år sidan 2009. I 2015 var det samla fruktbarhetstalet 1,73 barn per kvinne. I dag er dei førstegongsfødande gjennomsnittleg eldre enn tidligare, og færre kvinner får meir enn to barn. Departementet har gitt Statistisk sentralbyrå i oppdrag å analysere kva som påverkar overgang til foreldreskap blant kvinner i Noreg, samt kva som påverkar overgang til tredjefødslar blant kvinner i Noreg. Dette vil bidra til oppdatert kunnskap om fruktbarhetsutviklinga, jf. Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter.

Strategiar og tiltak for 2017

Gjennomgang av norske trygdeordningar – krav om butid

Den store tilstrøyminga av asylsøkjarar i 2015 har gjort det nødvendig å gå igjennom norske trygdeordningar, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 68 frå Stortinget nedanfor.

Vedtak nr. 68, 3. desember 2015

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2015–2016) vedtok Stortinget 3. desember 2015 oppmodingsvedtak nr. 68, jf. Innst. 2 S (2015–2016). BLD har ansvar for oppfølginga av punkt 16 i vedtaket:

«Stortinget ber regjeringen […] igangsette et arbeid i løpet av våren 2016 med sikte på innføring av botidskrav for mottak av kontantstøtte og ytelser som ikke støtter opp om arbeid og aktivitet.»

For innvandrarar med kort butid i Noreg kan kontantstøtta hindre integrering av vaksne og barn, til dømes ved at insentiva til å delta i arbeidslivet blir svekte, og ved at barn ikkje går i barnehage. Regjeringa varsla i Meld. St. 30 (2015–2016) at det er ønskeleg å innføre eit butidskrav på fem år for rett til kontantstøtte. Forslaget blei sendt på høyring 4. juli 2016 og er ein del av eit høyringsnotat som gjennomgår norske trygdeordningar frå Arbeids- og sosialdepartementet. Notatet har høyringsfrist 1. november 2016. I notatet føreslår regjeringa fleire endringar i folketrygdlova med tilhøyrande forskrifter, kontantstøttelova og lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

Ved fastsetjing av budsjettforslaget for 2017 er det på kap. 844, post 70 teke omsyn til innføring av butidskrav for kontantstøtte frå 1. juli 2017. Det er anslått at dette gir ei innsparing på 15 mill. kroner.

Utval om støtteordningar til barnefamiliane

Regjeringa nemnde i juni 2015 opp eit offentleg utval som skal gjere ein brei gjennomgang av det offentlege tenestetilbodet og overføringsordningane til familiar med barn under 18 år. Det er viktig med gode velferdsordningar for barnefamiliane. Utvalet skal gå igjennom barnetrygd, skattefordelar, foreldrepengar, eingongsstønad, kontantstøtte, stønad til einsleg mor eller far, bidragsforskot, barnetillegg til trygdeytingar, bustøtte frå Husbanken, barnehagesubsidiar, skolefritidsordning og utdanningsstøtte. Utvalet skal vurdere endringar, mellom anna for å redusere barnefattigdom og for at ressursane i samfunnet skal brukast på ein god måte. Utvalet skal særleg vurdere om barnetrygda bør endrast, og sjå på ulike modellar for omfordeling av barnetrygda. Utvalet skal levere innstillinga si mars 2017.

Vedtak nr. 832, 9. juni 2016

I samband med behandlinga av Dok. 8:39 S (2015–2016) vedtok Stortinget 9. juni 2016 oppmodingsvedtak nr. 832:

«Stortinget ber regjeringen iverksette en levekårskartlegging om flerlingfamilier, enslige med flere barn i småbarnsalder, familier med barn som har alvorlig sykdom eller funksjonsnedsettelser, familier som har alvorlig sykdom hos foreldrene, og andre med spesielle omsorgsbehov.»

Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Adopsjon

Departementet legg vekt på ei god og effektiv forvalting av adopsjonsfeltet. I det inngår å følgje dei internasjonale forpliktingane Noreg har på adopsjonsfeltet.

Adopsjonslovutvalet la hausten 2014 fram NOU 2014: 9 Ny adopsjonslov. Utgreiinga har vore på høyring, og departementet arbeider med å utarbeide eit forslag til ny adopsjonslov.

Delmål 2.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

Regjeringa ønskjer å styrkje stillinga til familien i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barna. For å nå målet om likestilt foreldreskap, må ein leggje til rette for at begge foreldra får ta del i omsorga for barnet, både når foreldra bur saman og etter at samlivet er oppløyst. Det er best for barn å ha god kontakt med begge foreldra.

Arbeidet i familievernet med førebygging og tilboda deira til familiar som har det vanskeleg, er viktige tiltak for å nå målet om trygge familierelasjonar.

Tilbod om mekling og samtalar om foreldresamarbeid for delte familiar er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å løyse foreldrekonfliktar på det lågast moglege nivået og sikre eit godt foreldresamarbeid til beste for barnet.

Resultatrapport 2015/2016

Familievernet

Stortinget har gitt familieverntenesta eit historisk økonomisk løft. Sidan 2013 har tenesta blitt styrkt med over 90 mill. kroner frå ei totalramme på om lag 370 mill. kroner. Ein auke i løyvinga i 2015 har gjort det mogleg å auke kapasiteten i tenesta med over 60 nye årsverk, noko som har gjort at fleire familiar har fått hjelp. Ved rekrutteringa til nye stillingar har styrking av den barnefaglege kompetansen ved kontora vore prioritert. Talet på nye kliniske saker har auka med 13,7 prosent frå 1. tertial 2015 til same periode i 2016. Det har vore ei auke i prosentdelen foreldre som får tilbod om time i dei kliniske sakene innan fire veker. For 2015 var talet på 81 prosent, og for første tertial 2016 har talet økt til 86 prosent.

Dei siste åra har fleire familievernkontor fått felles administrasjon. Større kontor gir både eit betre fagleg tilbod og meir robuste einingar, og bidreg til å styrkje det faglege tilbodet. Ved utgangen av 2015 var det 42 familievernkontor i Noreg. 27 av dei har avdelingskontor eller såkalla utekontor. Utekontor sikrar eit geografisk likeverdig tilbod. Talet på lokasjonar er tilsvarande som før. Når kontor får felles administrasjon, skal det samtidig takast utgangspunkt i dagens tospora familievern med både kyrkjelege og offentlege familievernkontor.

I 2015 blei det etablert spisskompetansemiljø på enkeltkontor på tre prioriterte område. Dei tre områda er vald i nære relasjonar, arbeid med familiar med høgt konfliktnivå, og tilbod til foreldre som har mista omsorga for barna sine etter inngrep frå barnevernet. Desse kontora skal rettleie dei andre kontora og spreie kompetanse på sine spesialområde. Spisskompetansemiljøa er i gang med å utvikle digitale rettleiingsprogram og fagutviklingsplanar innanfor sine område.

Arbeidet familievernet gjer overfor familiar som lever med vald, er nærmare omtalt under delmål 2.3.

Førebyggjande arbeid i familievernet

Stortinget har bedt regjeringa greie ut korleis familievernet i større grad kan arbeide førebyggjande i samarbeid med kommunale tenester. Regjeringa følgjer opp stortingsvedtaket ved å leggje til rette for auka og systematisk samarbeid mellom familieverntenesta og den kommunale tenestekjeda. Det er sett i gang eit arbeid med å vurdere kva rolle familievernet skal ha i det førebyggjande arbeidet, og korleis dette arbeidet best kan organiserast.

Regjeringa har styrkt samarbeidet mellom familievernkontora og helsestasjonane. Eit treårig prøveprosjekt er starta i fem kommunar: Rana, Namsos, Gloppen, Skedsmo og Skien. Dette er ei oppfølging av tiltak nr. 26 i tiltaksplanen til regjeringa, En god barndom varer livet ut. Prosjektet skal innhente erfaringar med ulike modellar for samarbeid som kan danne grunnlag for meir systematisk samhandling i framtida.

Meklingstilbod og tilbod til barnefamiliar med høgt konfliktnivå etter samlivsbrot

I 2015 var det 10 507 separasjonar i Noreg. I tillegg kjem samlivsbrot blant sambuarar. Talet på meklingssaker har gått ned med 4 prosent frå 2014 til 2015. Dei aller fleste foreldre som bad om mekling i 2015, fekk tilbod om time innan tre veker frå dei bad om meklinga. Fordelinga mellom dei ulike meklingstypane er stabil.

Talet på meklingar i såkalla foreldretvistsaker auka i perioden 2010–2014, men det var ein nedgang i 2015 samanlikna med 2014.

Barn som lever i familiar med høgt konfliktnivå mellom foreldra, kan utvikle vanskar både emosjonelt, kognitivt og sosialt. For å sikre at desse barna får så gode oppvekstkår som mogleg, tilbyr familievernet hjelp til foreldra både gjennom mekling og hjelp til å samarbeide om felles barn etter brot. Målsettinga er å førebyggje og dempe konfliktar mellom foreldra. Fleire foreldre nyttar no tilbodet frå familievernet om hjelp til samarbeid om felles barn. Bufdir vurderer at tilbodet sikrar betre relasjonar i familien og betre samarbeid om barn.

At familieverntenesta gir god hjelp til familiar i forbindelse med samlivsbrot og foreldre med høgt konfliktnivå, bidreg til at fleire foreldretvistar løysast utanfor domstolane. For å motivere til auka bruk av meklingstilbodet blir foreldra gjorde merksame på høvet til å nytte seg av det frivillige meklingstilbodet på nettsida til Bufdir, i informasjonen dei får i innkallinga til meklinga, og i den første meklingstimen. Talet på avtaleinngåelser i saker der foreldre vurderer å reise sak for retten har auka noko.

Talet på foreldretvistar til domstolane viser ein liten reduksjon frå 2014 til 2015. Bufdir har etablert eit samarbeid med Domstoladministrasjonen for å utvikle tiltak som kan føre til at fleire saker blir løyste i familievernet og ikkje førte vidare til domstolane, eventuelt at dei blir sende tilbake til familievernet frå domstolane. På lokalt nivå samarbeider fleire familieverntenester med tingrettane om å leggje til rette for at partane/foreldra får parallelle og utfyllande tilbod i familievernet medan saka er under behandling i retten, og/eller bistand etter at rettssaka er avslutta. Det vert òg lagt til rette for deling av kunnskap mellom tingrettane og familievernet.

Bufdir har i 2015 arbeidd vidare med å byggje opp eit breiare kunnskapsgrunnlag på områda høgkonflikt etter samlivsbrot, samtalar med barn og kva som kjenneteiknar god omsorg. I tillegg er meklaropplæringa styrkt for å auke den faglege og praktiske kompetansen i meklinga, både hos meklarane i familieverntenestene og hos dei eksterne meklarane. Det er etablert eit spisskompetansemiljø på området familiar med høgt konfliktnivå, som skal bidra til å sikre god praksisutvikling og fagutvikling.

Bufdir starta i 2014 eit omfattande fagleg, organisatorisk og digitalt utviklingsprosjekt for å møte kvalitetskrava som blir stilte til familieverntenesta, og for å tilpasse meklingstilbodet til behova til brukarane og leggje til rette for auka deltaking for barna. Direktoratet har mellom anna utarbeida ein digital avtalemal for foreldresamarbeid. Malen er tilgjengeleg på nett.

Samtalar med barn i mekling

Talet på barn som blir høyrde i meklingssaker er framleis lågt, men har auka frå 2014 til 2015. Utviklinga har vore positiv dei seinaste åra. Departementet ventar at prosentdelen barn som blir høyrde i meklingssaker vil auke ytterlegare i åra som kjem. I 2016 blei budsjettet til familievernet auka med 5 mill. kroner for å gi fleire barn tilbod om samtalar i samband med samlivsbrot.

Program for foreldrerettleiing (ICDP)

International Child Development Programme (ICDP) er eit gruppebasert tilbod for rettleiing til foreldre som ønskjer betre relasjonar til barna sine. Bufdir arbeidde i 2015 med å organisere, implementere, kvalitetssikre og vidareutvikle programmet. Programmet har blitt tilpassa foreldre på krisesenter og asylmottak og foreldre som er bekymra for barna sine når det gjeld radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Ei evaluering av ICDP som er prøvd ut i krisesenter i perioden 2014–2016, konkluderer med at ICDP er godt eigna for foreldre på krisesenter. Erfaringar så langt tyder òg på at ICDP er godt eigna for foreldre på asylmottak. Det vil i 2016 bli gjennomført ei evaluering av utprøvinga av ICDP i asylmottak.

I 2016 gjennomfører Bufdir pilotgrupper for foreldrerettleiing retta mot foreldre som er uroa for barna sine når det gjeld radikalisering. Fafo skal evaluere prosjektet.

Tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane

Det blei totalt sett av 18,1 mill. kroner til ordninga i 2015, og om lag 30 kommunar fekk tilskot. Formålet med tilskotsordninga er å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å gå i gang med foreldrestøttande tiltak. Dette er tiltak som skal hjelpe foreldra med å sjå emosjonelle, kognitive og fysiske behov hos barna. Foreldrestøttande tiltak blir brukte i mange samanhengar – i barnehagar, i barnevernet, ved helsestasjonane, overfor familiar med minoritetsbakgrunn og overfor flyktningfamiliar.

Fafo arbeider med ein kunnskapsstatus om tidleg innsats, med særleg vekt på foreldrestøttande tiltak. Kunnskapsstatusen skal etter planen vere ferdig hausten 2016.

Tilskotsordninga til samlivstiltak

Den overordna målsetjinga med tilskotsordninga til samlivstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Løyvinga til ordninga blei auka med 2,5 mill. kroner til 6,6 mill. kroner i 2015. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Det blei gitt støtte til i overkant av 100 samlivskurs og 24 utviklingstiltak i 2015. Programma som blir nytta, blir systematisk brukarevaluerte, og dei viser positiv måloppnåing.

Utprøving av Nurse Family Partnership

Det er sett i gang eit pilotprosjekt der foreldrerettleiingsprogrammet Nurse Family Partnership blir prøvd ut. Dette er eit program med tett oppfølging av førstegongsfamiliar som treng ekstra støtte. Familiane får oppfølging gjennom heimebesøk frå tidleg graviditet og fram til barnet er to år. Målet er å førebyggje omsorgssvikt og psykisk sjukdom og å gjere oppvekstvilkåra til barna betre med tidleg innsats. Resultat frå land som bruker programmet er gode. Dei viser mellom anna ei forbetring av helsa til både mor og barn under svangerskapet. Mødrene hadde større deltaking i arbeidslivet og færre månader på sosialstønad. Kommunane Sandnes, Stavanger og Time og bydelane Gamle Oslo og Søndre Nordstrand er valde ut til å prøve ut programmet. Programmet skal følgjeevaluerast.

Likestilt foreldreskap

Ein lovproposisjon med forslag til endringar i barnelova om likestilt foreldreskap blei lagt fram for Stortinget i september 2016. I proposisjonen føreslår regjeringa at utgangspunktet i lova skal vere felles foreldreansvar for alle, også for foreldre som ikkje bur saman når barnet blir født. Vidare blir det føreslått å endre ordlyden i barnelova slik at delt bustad kjem først i lovteksten som døme på ei av ordningane foreldra kan avtale. Det er eit mål at foreldre og barn er einige når barnet skal flytte. Regjeringa føreslår mellom anna å påleggje foreldra å møte til mekling om dei ikkje er einige om at barnet skal flytte. Varslingsfristen før flytting blir utvida frå seks veker til tre månader. Reglane om tvangsbot skal bli klarare og enklare, og innkrevjinga skal bli meir effektiv ved at ansvaret blir flytta frå namsmannen til Statens innkrevjingssentral (SI). Det blir òg føreslått nye reglar om oppnemning av meklar mv. som er tilpassa dei særlege forholda i saker om tvangsfullføring.

Fastsetjing og endring av foreldreskap

Divisjon for rettsmedisinske fag ved Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (Arbeids- og velferdsetaten og domstolane). I 2015 blei det utført 871 analysar. Det er ein nedgang på 118 analysar frå året før.

Barnebidrag

Ved utgangen av 2015 blei det utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 104 163 barn gjennom det offentlege. Barna fordeler seg ganske jamt på dei fleste aldersgruppene. Prosentdelen mannlege bidragsmottakarar har stabilisert seg på 7–8 prosent.

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på barnebidragsområdet er nærmare omtalt under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Tabell 4.2 Barn som får bidrag/forskot på bidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

13 920

1 572

Barn 6–10 år

25 594

1 741

Barn 11–14 år

26 284

1 898

Barn 15–18 år

26 104

2 227

Barn 18 år +

2 665

3 817

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå april 2016.

Regjeringa sende i april 2016 på høyring eit forslag til endringar i reglane om barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år i barnelova med forskrifter. Høyringsnotatet er ei oppfølging av punktet i regjeringsplattforma om å «[g]jennomgå bidrags- og støtteordninger knyttet til omsorg for barn for å utvikle et enklere og mer rettferdig regelverk» og Dokument 8:125 S (2010–2011), jf. Innst 357 S (2010–2011), om forholdet mellom bidragsreglane og utdanningsstøtteordningane til vidaregåande opplæring, jf. også Prop. 1 S (2013–2014). Høyringsnotatet omhandlar særleg bidrag til ungdom over 18 år. Bakgrunnen er ei vurdering av at regelverket for offentleg fastsetjing av bidrag etter fylte 18 år ikkje verkar etter intensjonen, og at ordninga kan gi urimelege utslag. Målet med forslaga er å bidra til at intensjonen med lova blir følgd opp, og at ordninga blir utforma slik at storleiken på bidraget samsvarer med det som er rimeleg å vente for barn over 18 år. Departementet arbeid med oppfølginga av høyringa.

Behandling av barnelovsaker i domstolane

Ei kartlegging av korleis domstolane behandlar foreldretvistar etter barnelova, var ferdig i 2016. Kartlegginga viser ein svak auke i talet på slike tvistar i perioden 2009–2014. I om lag sju av ti foreldretvistar etter barnelova blir det inngått forlik. Fleire kompetansetiltak er gjennomførte i domstolane. Nesten alle tingrettane som svarte på undersøkinga har utvikla rutinar for behandling av foreldretvistsaker, og 56 prosent av desse domstolane har nedfelt rutinane skriftleg. Kartlegginga viser at barn blir høyrde i foreldretvistsakene, og at dei blir orienterte om utfallet av saka. I undersøkinga rapporterte aktørane om ein variasjon i måten sakene blir behandla på, noko som blei rapportert som ei utfordring når det gjeld kva advokatane og partane kan vente seg. Behandling av saker der det er grunn til bekymring for omsorga for barnet, blei nemnd som særlig utfordrande.

Domstoladministrasjonen fekk i 2015 og 2016 tildelt midlar til kompetanseheving i behandling av foreldretvistar etter barnelova, medrekna å sikre god praksis og samhandling i sakene og styrkje kompetansen knytt til samtalar med barn. Midlane er nytta til fleire ulike kompetansetiltak retta mot dommarar, advokatar og sakkunnige når det gjeld behandlinga av foreldretvistar etter barnelova.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut om særdomstol i barne- og familiesaker og forvaltningsdomstol for utlendingssaker og vurdere ulike alternative løysingar. Utvalet skal levere utgreiinga innan 31. januar 2017.

Forvalting av ekteskapslova

Det er fylkesmennene som behandlar søknader om separasjon og skilsmisse. Hausten 2015 blei det mogleg å søkje elektronisk om separasjon hos Fylkesmannen. Tal viser at 35–40 prosent av separasjonssøknadene no kjem inn elektronisk. Erfaringane med ordninga har vore gode. Eit digitalt skjema for skilsmisse etter to års samlivsbrot, (ekteskapslova § 22) blei lansert i juni 2016. Arbeidet med å digitalisere søknadsprosessen og saksbehandlinga i separasjons- og skilsmissesaker held fram. Det digitale skjemaet for skilsmisse etter eitt års separasjonstid (ekteskapslova § 21) er venta hausten 2016.

Fylkesmannen fekk avgjerdsrett til å gi etterfølgjande godkjenning av ugyldige ekteskap både etter ekteskapslova og brudvigjingslova frå og med 1. januar 2016. Fylkesmannen i Oslo og Akershus er tildelt denne oppgåva, med Bufdir som klageinstans. Tidlegare har det vore høvevis Bufdir og BLD som har behandla desse søknadane.

Strategiar og tiltak

Familievernet

BLD skal leggje til rette for at familievernet blir utvikla slik at tenestetilbodet nasjonalt blir likeverdig med god tilgang for alle brukarar. Dagens utgangspunkt med både kyrkjelege og offentlege familievernkontor skal førast vidare. Det vil bli gjort vurderingar av driftsavtalane med dei kyrkjelege familievernkontora opp mot nytt EØS-regelverk.

Kjernetilbodet i familievernet er rådgiving, mekling og par- og familieterapi. Eigenarten ved familievernet og kjernekompetansen knytt til par-og familiebehandling skal oppretthaldast. Tenesta skal framleis vere eit lågterskeltilbod som gir rask og lett tilgjengeleg hjelp til familiar med par- og familiekonfliktar.

I 2017 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit betre tilbod til familiar der det blir utøvd vald, inkludert valdsutsette barn og valdsutøvarar. Familieverntenesta står sentralt i dette arbeidet. For nærmare omtale av familievernet sitt arbeid mot vald, sjå omtale under delmål 2.3.

Spisskompetansemiljøet i Sør-Rogaland skal utarbeide ein fagutviklingsplan for å utvikle kompetansen hos familievernet når det gjeld foreldre som har mista omsorga for barna. Det skal òg utviklast ein digital rettleiar for arbeidet med målgruppa.

Førebyggjande arbeid i familievernet

Forsking dokumenterer verdien av tidleg førebyggjande innsats retta mot familiar som treng særskild hjelp og oppfølging. Det overordna målet med det førebyggjande familiearbeidet er å hjelpe familiar til å leve betre saman, førebyggje samlivskonfliktar og familieoppløysing og bidra til godt foreldreskap også etter samlivsbrot. Det er satt i gang eit arbeid med å vurdere konsekvensar av lovfesting knytt til det førebyggjande arbeidet i familievernet.

Samarbeid med kommunale tenester

Stortinget har bedt regjeringa greie ut korleis familieverntenesta i større grad kan arbeide førebyggjande i samarbeid med kommunale tenester. Regjeringa følgjer opp ved å leggje til rette for auka og systematisk samarbeid mellom familieverntenesta og det kommunale tenesteapparatet.

Samarbeid mellom familievernet og helsestasjonane vil halde fram i 2017. Helsestasjonane møter dei aller fleste barn til kontrollar i dei første leveåra, og eit samarbeid gjer det lettare å fange opp familiar som treng hjelp på eit tidleg stadium. Det treårige prøveprosjektet i fem kommunar vil halde fram.

Det vil òg bli arbeidd vidare med å utvikle førebyggjande samlivskurs for foreldre, jf. Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter. Det skal satsast vidare på samarbeid mellom familievernet og helsestasjonane om parkurs for førstegongsforeldre.

Meklingstilbod og tilbod til barnefamiliar med høgt konfliktnivå etter samlivsbrot

Bufdir held fram arbeidet med å utvikle meklingstilbodet, mellom anna gjennom auka differensiering. Det nasjonale spisskompetansemiljøet for arbeid med foreldre som er i høgkonflikt etter samlivsbrot, bidreg i arbeidet med å utvikle rettleiingar og metodar for tilbodet frå familievernet til denne gruppa.

Bufdir vil halde fram med informasjons- og samarbeidstiltak for å auke kjennskapen til meklingstilbodet og dei andre tilboda til familievernet til foreldre og barn etter brot. Betre tilpassing og auka bruk av desse tenestene kan redusere konfliktar, betre samarbeidet mellom foreldra og gjere oppvekstvilkåra betre for barna.

Samtalar med barn

Merksemda om barn, barns rett til deltaking og behovet for å gje barn tilbod om samtaler og bistand i familieverntenesta har auka dei seinaste åra. Departementet vil forsterke arbeidet for at fleire barn får tilbod om, og møter til samtale når foreldra er i mekling ved samlivsbrot og foreldretvistar, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 218 frå Stortinget nedanfor.

Vedtak nr. 218, 10. desember 2014

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2014–2015), jf. romartalsvedtak VII i Innst. 14 S (2014–2015), vedtok Stortinget 10. desember 2014 oppmodingsvedtak nr. 218:

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag for Stortinget om at alle barn skal tilbys en egen samtaletime hos familievernet når foreldrene er inne til mekling etter samlivsbrudd.»

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet uttalte i Prop. 1 S (2015–2016), punkt 3.9 at departementet ville kome tilbake til Stortinget med dette på eigna måte.

Regjeringa omtalte oppmodingsvedtaket om barns deltaking i mekling i Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter. I meldinga står det mellom anna at regjeringa vil arbeide for å styrkje tilbodet om samtale til barn i samband med mekling, slik at talet på barn som får tilbodet aukar. Allereie i dag får barn tilbod i ei viss utstrekning, men både omfanget og metoden varierer mellom dei ulike familievernkontora. Bufdir utviklar fagleg rettleiing til familieverntenesta om samtalar med barn både i mekling og i andre familiesaker, og skal lage ein opptrappingsplan for å auke talet på samtaler med barn i mekling.

I Innst. 390 S (2015–2016) skriv fleirtalet i familie- og kulturkomiteen at dei forventar at stortingsvedtaket om eigen time i tillegg til ein auke i midlar som er øyremerkte dette arbeidet, raskt resulterer i at alle barn som er inne til mekling etter samlivsbrot, faktisk får tilbod om ein eigen samtaletime.

I budsjettet for 2016 blei det bevilga ei tilleggsløyving på 5 mill. kroner til familievernet slik at fleire barn kunne få tilbod om barnesamtale ved samlivsbrot. Tilleggsløyvinga til dette føremålet blir ført vidare i 2017.

Stadig fleire barn blir høyrde i samband med mekling, og fleire barn er med i kliniske saker ved familievernkontora no enn før. Kompetansen i familievernkontora når det gjeld samtalar med barn, er styrkt, og ein opptrappingsplan og ein fagleg rettleiar for samtalar med barn i familieverntenesta er under utarbeiding. Det er avgjerande at tilbodet frå familievernet til barn er fagleg forsvarleg og basert på den beste tilgjengelege kunnskapen. Dette er eit arbeid som krev ei heilskapleg tilnærming.

Det er foreldra som tek den endelege avgjerda om foreldreansvar, bustad og samvær. Ei viktig oppgåve for familievernet er å gjere foreldra merksame på at barn har rett til å bli høyrde, og at meininga deira skal vektleggjast ut frå alder og modning. Samlivsbrot og spørsmål om kvar barna skal bu, kan vere vanskeleg å ta opp med eigne barn. Derfor er det ei viktig oppgåve for familievernkontora å informere foreldra om barns rett til å bli høyrde og å hjelpe foreldra til å snakke med eigne barn. For å få til dette skal det utviklast ei rettleiing for foreldre i det å snakke med eigne barn før, under og etter samlivsbrot.

Foreldrestøttande arbeid

Arbeidet med å byggje ut, vidareutvikle og implementere dei ulike eksisterande programma for oppdragarkompetanse og foreldrestøttande tiltak held fram. Det vil bli starta eit arbeide med å utvikle ein strategi for det foreldrestøttande arbeidet i 2017.

Arbeidet med å implementere programmet Nurse Family Partnership med tidleg intervensjon for førstegongsforeldre som treng ekstra oppfølging, vil halde fram i 2017.

Regjeringa vil føre vidare løyvinga til ytterlegare utprøving og tilpassing av International Child Development Program (ICDP) for foreldre som er bekymra for at ungdommane skal radikaliserast. Bufdir har gjennomført ei evaluering knytt til utprøvinga som viser at ICDP er godt eigna for foreldre på krisesenter. Sjå nærmare omtale under delmål 2.3.

Tilskotsordning til foreldrestøttande tiltak

Tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak retta mot kommunane skal førast vidare. Eit viktig mål med ordninga er å gi barn tidleg hjelp og å hjelpe foreldra med å skape trygge rammer for oppvekst og utvikling i familien.

Informasjon om tilskotsordninga vil særleg bli marknadsført overfor kommunar som busett nykomne flyktningar. Mange av barnefamiliane som kjem til Noreg som flyktningar har opplevd krig, vald og overgrep i heimlandet eller under flukta. Det er viktig å støtte foreldra tidleg, slik at dei kan skape trygge rammer for oppvekst og utvikling i familien. Det er i tillegg nødvendig å gi kommunane høve til å jobbe aktivt for å førebyggje vald og overgrep i familien. Ordninga er styrkja vesentleg gjennom regjeringsperioden. Løyvinga var på 3,5 mill. kroner i 2014. I regjeringa sitt budsjettforslag for 2017 har ein lagt til grunn ei ramme for tilskotsordninga på over 23 mill. kroner.

Tilskotsordninga til samlivstiltak

Tilskotsordninga til samlivstiltak blir ført vidare i 2017. Samlivskurs og foreldrerettleiing er viktige primærførebyggjande tiltak for å styrkje kvaliteten i samliv og foreldrekompetanse.

Nye reglar om tap av foreldreansvar mv. etter dom for alvorleg overgrep mot eigne barn

Regjeringa arbeider med å greie ut ei lovendring med sikte på å endre foreldreretten og samværsretten til barn der far/stefar eller mor/stemor er dømd for alvorlege overgrep mot eigne barn/stebarn.

Departementet ser på endringar i barnelova for å få til ei enklare behandling av spørsmåla om foreldreansvar, fast bustad og samvær i slike høve. Justis- og beredskapsdepartementet vil sjå på om det bør innførast ei lovfesta plikt for domstolen til å vurdere kontaktforbod i slike saker.

Heimel for DNA-testing ved erklæring av farskap for barn fødd i utlandet

Barn av norske statsborgarar blir automatisk norsk statsborgar ved fødsel etter statsborgerlova. Det skjer då inga prøving av statsborgarskapet når barnet har norsk far eller mor. Barn fødd i utlandet blir ikkje fødselsregistert i Noreg. I nokre saker kan det vere tvil rundt barnet sin identitet, og det kan vere fare for at det blir gitt uriktige opplysingar om farskapen for å oppnå norsk statsborgerskap for barnet. Departementet greier derfor no ut om det bør innførast ein heimel for DNA-testing ved erklæring av farskap for barn fødd i utlandet.

Delmål 2.3: Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn, ungdom og vaksne. Regjeringa set i verk tiltak i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut og i handlingsplanen Et liv uten vold. Innsatsen er retta mot å førebyggje, avdekkje, behandle og utvikle kompetanse om offer for vald og seksuelle overgrep. Regjeringa vil òg betre koordineringa av arbeidet mot vald og overgrep i nære relasjonar. Regjeringa vil hausten 2016 leggje fram ein opptrappingsplan som skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep.

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep omfattar ansvarsområde i fleire departement. BLD koordinerer innsatsen for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar.

Resultatrapport 2015/2016

Arbeidet for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge

Vald og seksuelle overgrep er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det fører til store lidingar for den enkelte og store utgifter for samfunnet. Bufdir har ei sentral rolle i informasjonsarbeid, førebyggjande arbeid og utvikling av gode tenester og hjelpetilbod for dei som er utsette for vald i nære relasjonar, og for utøvarane av valden. Bufdir prioriterte i 2015 arbeidet med informasjonsverksemd, i tillegg til å gjere hjelpetilboda kjende for potensielle brukarar.

Tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014–2017) inneheld 43 tiltak og skal bidra til å førebyggje vald og seksuelle overgrep mot barn og unge og sørgje for at dei som blir utsette for det, får den hjelpa dei treng. Fire departement står bak planen, og fleire direktorat har ansvar for enkelttiltak.

Bufdir skal setje i verk tiltaka i planen på BLDs område og koordinere samarbeidet med andre aktørar. Ein statusrapport per juni 2016 er utarbeida. Direktoratet er godt i gang med å implementere tiltak og har mellom anna starta arbeidet med å utvikle digitalt informasjonsmateriell til arbeid mot vald og seksuelle overgrep i barnehage og skole.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) utarbeider, i samarbeid med andre organisasjonar, eit opplegg til bruk i skolen om korleis ein i trygge rammer kan tematisere og skape rom for samtalar om livsmeistring (psykisk helse, vald, overgrep, seksualitet, prestasjonspress, mobbing, familieproblem, kroppspress m.m.). Opplegget vil bli vurdert av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Helsedirektoratet og Bufdir.

I 2015 sette regjeringa ned eit utval som skal gjennomgå saker der barn og ungdom har vore utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Oppgåva til utvalet er å avdekkje om og korleis det offentlege har svikta i slike tilfelle. I 2016 blei det vedteke ei lov som gav utvalet tilgang til konfidensiell informasjon.

Departementet har ført vidare støtta til fylkesmannsembeta for å gi kommunetilsette som arbeider med barn og ungdom, eit kurstilbod i samtalar med barn om vanskelege tema som vald og seksuelle overgrep. Dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har utarbeidd kursopplegget, og rapporteringar frå fylkesmannsembeta viser at embeta tilbyr kurs over heile landet.

Opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Regjeringa starta arbeidet med opptrappingsplanen hausten 2015 i tråd med oppmodingsvedtak nr. 623 av 8. juni 2015 frå Stortinget. BLD har hatt koordineringsansvaret og samarbeidd tett med Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Departementet inviterte relevante organisasjonar og fagmiljø til å kome med innspel til planen. Barneombodet bidrog i tillegg til å sikre medverknad frå barn og barneperspektivet.

Sjå nærmare omtale under Strategiar og tiltak.

Tilskot til tiltak for valdsutsette barn og tilskot til senter for valdsutsette barn

Tilskotsordninga blei oppretta i 2015. Frivillige organisasjonar, allmennyttige stiftingar og andre kan søke om tilskot til drift og aktivitetar som bidreg til at barn og unge som er eller har blitt utsette for vald eller seksuelle overgrep, får auka meistringsevne og livskvalitet. Erfaringane frå 2015 tyder på at det er få, men viktige organisasjonar som søkjer om tiltak innanfor prioriteringane i tilskotsordninga. Prosjekta spenner frå ulike aktivitetstilbod for barn til workshops og samtalegrupper for barn som har blitt utsette for vald og overgrep. Aktørar som har fått tilskot til tiltak for valdsutsette barn, er krisesenter, kommunar, Redd Barna, Blå Kors og stiftelsen ATV.

Ved behandlinga av budsjettet for 2016 øyremerkte stortinget 15 mill. kroner til drift av senter for valdsutsette barn i regi av Stine Sofies Stiftelse. Det blei oppretta ein ny budsjettpost, kap. 840, post 73, til føremålet.

Stine Sofie Senteret opna i Grimstad i mai 2016. Dette er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Senteret skal tilby eit seks dagars kursopphald med vekt på meistring og glede for heile familien.

Undersøking av omfanget av vald mot barn

NKVTS har fått i oppdrag å gå igjennom dei juridiske, etiske og metodiske sidene ved å gjennomføre ei undersøking av vald mot barn – med barn som deltakarar i undersøkinga. I tillegg har NKVTS laga ei prosjektskisse om korleis ei slik kartlegging kan skje. Ein av konklusjonane frå rapporten deira er at ei forskrift til helseforskingslova må utarbeidast for at undersøkinga skal kunne gjennomførast. Undersøkinga vil derfor ikkje bli sett i gang i 2016 som planlagt. Bufdir gjennomførte, i samarbeid med NKVTS, ein konferanse om forsking på sensitive tema med barn som deltakarar i juni 2016.

Arbeid mot vald i nære relasjonar

BLD har ansvaret for å gjennomføre ei rekkje tiltak i handlingsplanen Et liv uten vold – Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017). Ansvaret for å følgje opp tiltaka er delegert til Bufdir. I 2015 blei evalueringa av implementeringa av krisesenterlova i kommunane lagd fram, og direktoratet lanserte ein rettleiar til krisesenterlova (sjå avsnittet om krisesentertilbodet nedanfor).

På oppdrag frå BLD gjennomførte NKVTS i 2015 og 2016 ei kartlegging av behandlingstilbodet til barn og ungdom som er utsette for vald og seksuelle overgrep, og behandlingstilbodet til unge som utøver vald og overgrep. Kartlegginga viser at alle dei fire helseregionane har behandlingstilbod til målgruppene, men at det er få spesialiserte tilbod. Hovudutfordringane ser ut til å vere manglande kompetanse og kunnskap om behandling av barn med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd, manglande kapasitet og ressursar og manglande rutinar for samarbeid mellom behandlingseiningane.

Ei kartlegging av behandlingstilbodet til utøvarar av vald (vaksne) skal ferdigstillast hausten 2016.

Vald og overgrep mot utviklingshemma

Menneske med utviklingshemming er meir utsette for vald og overgrep enn befolkninga elles. I 2014 utarbeidde Bufdir derfor retningslinjer knytte til seksuelle overgrep mot vaksne med utviklingshemming. Gjennom eit målretta informasjons- og pådrivararbeid har Bufdir bidrege til at retningslinjene er blitt tekne i bruk i norske kommunar.

Familievernet sitt arbeid med familiar som lever med vald

Bufdir har som oppgåve å sikre at familievernet gir eit nasjonalt likeverdig og fagleg forsvarleg tilbod til barn og familiar som lever med vald. I 2014 hadde familievernet 3 500 saker som dreidde seg om fysisk/psykisk vald og/eller seksuelt misbruk. I samband med styrkinga av familievernet i 2015 har arbeidet med å sikre eit nasjonalt likeverdig og fagleg forsvarleg tilbod til familiar som lever med vald, vore prioritert. For å bidra til å nå måla blei det i 2015 etablert eit nasjonalt spisskompetansemiljø innan vald i nære relasjonar.

Spisskompetansemiljøet skal bidra til å sikre kunnskapsbasert praksis på fagområdet og kvalitetssikre praksisen ved familievernkontora i alle regionar. Spisskompetansemiljøet har kartlagt tilbodet frå familievernet på dette området. Bufdir og spisskompetansemiljøet innanfor vald samarbeider om å utvikle rettleiingar for arbeid med vald i familieverntenestene. Det er etablert ressurskontor for vald i nære relasjonar i alle regionar. Dei skal ha eit regionalt kompetanse- og behandlingsansvar når det gjeld vald, og behandle, rettleie og hjelpe andre familievernkontor.

Stiftinga Alternativ til vold (ATV)

BLD har i 2016 gitt tilskot til drift av etablerte ATV-kontor som er drivne av stiftinga Alternativ til vold (ATV). Målet med tilskotet er å få til eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar. ATV kan òg gi eit tilbod til familien til valdsutøvaren innanfor ramma av tilskotet. ATV skal bidra til samarbeid med Bufdir og familieverntenesta. Behandlingstilbodet skal vere eit lågterskel behandlingstilbod utan krav til tilvising. ATV har til saman elleve kontor. Nokre av kontora har tilbod til familien og barna til valdsutøvaren, og enkelte kontor har tilbod til unge valdsutøvarar. Til saman fekk 1 147 personar behandling gjennom ATV-tilboda i 2015.

Det er sett i gang ei evaluering av ATVs hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Ein delrapport viser at fleirtalet av valdsutøvarane hadde psykiske vanskar og erfaringar med traume. Mange hadde òg erfaring med vald frå foreldra, annan familie og/eller andre. Formålet med evalueringa er å vurdere effekten av behandlinga av klientar som søkjer behandling for valdsproblem ved ATV. I samband med evalueringa er det gjennomført ein studie av menn i behandling for valdsproblematikk ved ATV om effekten av behandlinga. Førebelse funn tyder mellom anna på at behandlinga reduserer utøvinga av vald.

Familievernet samarbeider med ATV lokalt i dei kommunane ATV er etablert, for å gi eit heilskapleg tilbod til valdsutøvarar og familiar der vald er eit alvorleg problem. Det er sett i gang eit samarbeidsprosjekt mellom ATV og Bufdir/familievernet for å styrkje kompetansen og behandlingskapasiteten på dette området, jf. tiltak 34 i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut. Bufdir har i 2016 starta eit arbeid med ein plan for implementering knytt til valdsarbeidet i familievernet ved spisskompetansemiljøet, der ATV inngår i arbeidsgruppa. ATV og Bufdir samarbeidde om gjennomføringa av ein valdskonferanse i 2015.

Krisesenter

Alle kommunar har plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, råd og rettleiing til utsette for vald i nære relasjonar. I 2015 var det 47 krisesentertilbod.1

Det budde 1 918 vaksne på krisesentera i 2015. Av dei var 125 menn på totalt 30 krisesentertilbod. Krisesenterstatistikken gir no meir kunnskap om barn på krisesentera, og viser at det var 1 570 barn ved krisesentra i 2015. 67 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn.

For å klargjere kva plikter kommunane har, lanserte Bufdir i 2015 ei rettleiing til krisesenterlova som er distribuert til alle kommunar og fylkesmenn. For å styrkje barneperspektivet og den barnefaglege kompetansen blei det i 2015 for første gong arrangert ein eigen fagkonferanse for tilsette som arbeider med barn. Bufdir har på bakgrunn av evalueringa av krisesenterlova gjort ein gjennomgang av tilbodet til barn på krisesenter og i 2015 tilpassa og prøvd ut foreldrerettleiingsprogrammet ICDP for foreldre på krisesenter. Utprøvinga var finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet. Bufdir har gjennomført ei evaluering av utprøvinga. BLD sende våren 2016 på høyring eit utkast til forskrift om fysisk sikring av lokale.

Med bakgrunn i evalueringa av krisesenterlova, er det satt i gang utviklingsprosjekt knytta til utsette grupper som ikkje får eit godt nok tilbod. Dette gjelder valdsutsette med rus- eller psykiatriproblem, valdsutsette med nedsett funksjonsevne og valdsutsette menn med barn på krisesenter. Stortinget løyvde 3 mill. kroner til dette arbeidet i 2016.

Tabell 4.3 Aktiviteten ved krisesentera 2011–2015

2011

2012

2013

2014

2015

Talet på registrerte krisetelefonar

14 564

16 493

-

-

-

Talet på dagbesøk

8 566

8 491

9 490

9 152

9 744

Talet på bebuarar:

– kvinner

1 895

1 929

1 917

1 781

1 786

– menn

79

117

111

136

125

– barn

1 725

1 763

1 746

1 507

1 570

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentera for alle bebuarane (talet på døgn) for

– alle bebuarane

28

30

28

28

29

– bebuarar utan innvandrarbakgrunn1

22

22

21

23

23

– bebuarar med innvandrarbakgrunn

32

37

34

33

35

Bebuarar med innvandrarbakgrunn (i prosent)

62

65

66

62

67

1 Personar med innvandrarbakgrunn er personar som er fødde i utlandet eller har to utanlandske foreldre.

Kjelde: Sentio Research Norge.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising som gir råd, støtte og rettleiing til personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og deira pårørande. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar. Etter regelverket for tilskotsordninga skal tilbodet vere av god kvalitet og med god tilgjengelegheit. Alle fylka i landet har eit slikt tilbod i dag, men Bufdir vurderer fleire tilbod for å betre tilgjengelegheita. Bufdir gav derfor i 2015 førehandsgodkjenning av etablering av eit nytt senter i Nord-Noreg, som har hatt dårleg tilgjengelegheit tidlegare.

Dei 22 sentera fekk om lag 37 000 førespurnader i 2015, anten på telefon, SMS, e-post eller brev. Det er ein auke på om lag 1 700 førespurnader frå 2014. Totalt 2 565 personar besøkte sentera i 2015. 84 prosent av dei som var utsette for seksuelle overgrep, og 72 prosent av dei pårørande var kvinner. Berre 8 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn.

Det er for 2016 gjort nokre endringar i regelverket, mellom anna for å kunne opne for auka bemanning ved dei mindre sentera, jf. ekstraløyvinga frå Stortinget på 2 mill. kroner til drift av støttesentera i 2016.

I 2015 og 2016 gjennomførte Bufdir ei kartlegging av tilbodet til barn ved sentera mot incest og seksuelle overgrep, jf. tiltak 27 b) i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014–2017). Kartlegginga avdekte behov for meir kunnskap om tilbodet ved sentera.

Tabell 4.4 Incestsentera. Talet på brukarar fordelt på kvinner og menn i perioden 2011–2015

2011

2012

2013

2014

2015

Førstegongskontakt med incestutsette1

Kvinner

2 007

1 552

1 563

1 857

2 022

Menn

695

464

514

519

573

I alt

2 702

2 016

2 077

2 376

2 595

1 Tala for førstegongskontakt omfattar telefon, SMS, e-post og brev.

Kjelde: Sentio Research Norge.

Tilskot til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar

Bufdir forvaltar ei tilskotsordning til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. Det overordna målet med tilskotsordninga er å sikre drift og konkrete tiltak i regi av ideelle organisasjonar som har arbeid mot vald i nære relasjonar som kjerneverksemd.

I 2015 fekk Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO) og Krisesentersekretariatet driftstilskot gjennom ordninga. Fleire organisasjonar fekk aktivitetstilskot.

NKVTS fann i ei undersøking i 2014 at unge i aldersgruppa 15–24 år er spesielt utsette for valdtekt. Bufdir prioriterte i 2015 mellom anna tilskot til tre tiltak retta mot ungdom for å førebyggje valdtekt og kjærastevald.

Strategiar og tiltak for 2017

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Det er behov for å styrkje innsatsen mot vald og overgrep. Regjeringa legg hausten 2016 fram ein opptrappingsplan som skal redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep, sjå nærmare omtale av planen under.

Arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen vil bli prioritert i 2017. Vidare skal Bufdir føre vidare arbeidet med tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017) og tiltak i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014–2017).

Regjeringa vil følgje opp utgreiinga frå Barnevaldsutvalet, som etter planen skal liggje føre innan sommaren 2017. Eit utval alvorlege saker der barn og ungdom blitt utsette for vald og seksuelle overgrep skal evaluerast. Målet er å avdekkje svikt og utfordringar i det offentlege hjelpeapparatet.

Som eit ledd i oppfølginga av regjeringa sitt arbeid mot vald og seksuelle overgrep blir det i 2017 ført vidare midlar til tilskot til ideelle organisasjonar, stiftingar mfl. som arbeider på valdsfeltet. Bufdir forvaltar fleire tilskotsordningar retta mot dette formålet. Det gjeld tilskot til tiltak for valdsutsette barn, tilskot til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar og øyremerkte driftstilskot til Stine Sofie Senteret.

BLD har i 2016 gått igjennom tilskotsordningane på valdsfeltet med sikte på å slå saman og gjere dei enklare. Regjeringa vil i 2017 føre vidare og styrkje det øremerka driftstilskotet til Stine Sofie Senteret med 5 mill. kroner, men føreslår at dei to andre tilskota blir slått saman til éi ordning, noko som vil bidra til ei meir heilskapleg behandling av søknader og gi større rom for fleksibilitet.

Den nye tilskotsordninga skal ha som formål å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og styrkje livskvaliteten og evna til meistring hos barn og unge som er utsette for vald og overgrep. Sjå nærmare omtale under eigen post.

Det er behov for meir kunnskap om korleis ein bør snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, særleg blant vaksne som har dagleg kontakt med barn og unge gjennom jobb eller fritidsaktivitetar. Fylkesmannen har i perioden 2014–2016 organisert kurs for ulike faggrupper i kommunane i å samtale med barn om vald og overgrep. Regjeringa vil no utvikle dette kurset til eit nasjonalt opplæringsprogram som er modulbasert og tilpassa ulike målgrupper.

Arbeidet med å utvikle digitalt informasjonsmateriell til arbeid mot vald og seksuelle overgrep i barnehage og skole vil bli styrka, jf. omtalen av opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Vidare foreslår regjeringa 2 mill. kroner til arbeid med å utvikle informasjonskampanjar for å auke merksemda om vald i familien. Å bryte tabuar kring vald kan bidra til at fleire utsette tør å snakke om sine opplevingar og dermed få hjelp tidligare.

Departementet vil gi driftstilskot til NKVTS for å styrkje kunnskapen om vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge. Det er Bufdir som forvaltar BLDs basistilskot til NKVTS, medan Helsedirektoratet koordinerer det samla basistilskotet til NKVTS.

I 2017 vil NKVTS arbeide med prosjekt om sårbarheitsfaktorar knytte til vald i nære relasjonar. Det skal mellom anna leggjast vekt på seksuell orientering, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vidare skal NKVTS initiere prosjekt som gir kunnskap om korleis valdsproblematikk blir handtert etter barnelova.

NKVTS skal hausten 2016 gjennomføre ei kartlegging av behandlingstilbodet til barn som utøver seksuelle overgrep, i dei nordiske landa, Storbritannia og Nederland. Det vil gi eit betre grunnlag for å vurdere korleis behandlingstilbodet til barn og unge i Noreg skal organiserast for framtida.

Ei undersøking om omfanget av vald og overgrep mot barn og unge vil starte opp i 2017 dersom spørsmål knytte til lov og regelverk blir avklara.

Nærmare om opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Hausten 2016 legg regjeringa fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep i ein eigen proposisjon til Stortinget, jf. oppmodingsvedtak nr. 623 frå Stortinget som er omtalt nedanfor.

Vedtak 623, 8. juni 2015

På grunnlag av eit representantforslag om tiltak for å kjempe mot vald mot barn vedtok Stortinget 8. juni 2015 oppmodingsvedtak nr. 623, jf. Dokument 8:54 S (2014–2015) og Innst. 315 S (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om en forpliktende og helhetlig opptrappingsplan som skal redusere forekomsten av vold i nære relasjoner samt styrke ivaretakelsen av barn utsatt for vold og overgrep, etter modell av opptrappingsplanen for psykisk helse. Planen må sikre en tverrfaglig bredde i tiltakene, god samordning, samt en langsiktig forpliktelse til økt finansiering og øremerkede midler.»

Vedtaket vil bli fulgt opp ved at Regjeringa hausten 2016 legg fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep til Stortinget i ein eigen proposisjon. Planen skal innrettast mot å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn utsette for vald og overgrep. Regjeringa føreslår i 2017 ei tverrdepartemental satsing på 176 mill. kroner til følgjande tiltak:

  • 6,5 mill. kroner til å betre behandlingstilbodet til overgriparar og forskinga på feltet, sjå Helse- og omsorgsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 5 mill. kroner for å auke kompetansen i helsetenesta om vald mot barn, sjå Helse- og omsorgsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 5,5 mill. kroner til å greie ut forløp for valdsutsette og førløp for overgriparar, sjå Helse- og omsorgsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 5 mill. kroner til HELSEVEL-programmet for å følgje opp forsking i opptrappingsplanen, sjå Helse- og omsorgsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 19 mill. kroner til styrking av offeromsorg i regi av politiet, sjå Justis- og beredskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 15 mill. kroner til styrking av Statens barnehus m.m, sjå Justis- og beredskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 10,9 mill. kroner til dialoggrupper mot vald i asylmottak, sjå Justis- og beredskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 4 mill. kroner til deltaking i EU kids online-undersøking, sjå Justis- og beredskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

  • 35 mill. kroner til å auke innsatsen mot mobbing, sjå Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon.

  • 5 mill. kroner til auka tilskot til Stine Sofie Senteret.

  • 4 mill. kroner til kompetansetiltak i familieverntenesta for å auke kompetansen om vald. Midlane skal òg nyttast til å utvikla samarbeidet mellom familieverntenesta og stiftinga Alternativ til vold (ATV) vidare.

  • 7 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane. Informasjon om tilskotsordninga vil særleg bli marknadsført overfor kommunar som busett nykomne flyktningar.

  • 3 mill. kroner til informasjonstiltak retta mot befolkninga og til følgjeevaluering av opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

  • 1 mill. kroner til utvikling av digitalt informasjonsmateriell til bruk i barnehage og skole.

  • 50 mill. kroner av veksten i kommunesektoren sine frie inntekter i 2017 er grunngitt med auka satsing på skulehelsetenesta og helsestasjonane, sjå Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjettproposisjon.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare i planperioden. Satsinga som blei sette i gang i 2016 på valdsområdet vil òg bli ført vidare.

Barne- og likestillingsdepartementet vil samen med Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet følgje utviklinga når det gjeld arbeidet for å førebyggje og kjempe mot vald og overgrep. Departementa sine fagdirektorat vil få ei sentral rolle i oppfølginga av opptrappingsplanen.

Nedanfor blir eitt anna oppmodingsvedtak i tilknyting til opptrappingsplanen omtalt:

Vedtak 741, 31. mai 2016

I samband med behandlinga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste og Innst. 318 S (2015–2016) vedtok Stortinget oppmodingsvedtak nr. 741:

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn som har begått overgrep, barn med traumer eller barn som har vært utsatt for overgrep, følges opp.»

Vedtaket vil bli følgt opp i den komande opptrappingsplanen mot vald og overgrep som regjeringa skal leggje fram hausten 2016.

Familievernet sitt arbeid mot vald

I 2017 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit tilbod i familievernet til valdsutsette barn og familiar og til unge og vaksne valdsutøvarar. Spisskompetansemiljøet på vald skal, i samarbeid med ATV, i perioden 2016–2018 bidra til at familieverntenesta kan gi eit meir standardisert og kunnskapsbasert tilbod til valdsutøvarar og valdsutsette. I det ligg det å vidareutvikle kompetanse og rettleie familievernkontora. Det skal arbeidast vidare med å sikre grunnleggjande kompetanse om vald i heile organisasjonen til familieverntenestene, og det skal arbeidast med å etablere meir felles rutinar for avdekking, kartlegging, evaluering og tryggingsarbeid. Vidare skal det arbeidast med å tilpasse hjelpemodellar og reiskapar til familievernet. Det skal òg innarbeidast gode metodar for å evaluere praksis. Spisskompetansemiljøet skal utarbeide ein fagrettleiar på valdsområdet i 2017. Det har òg eit internt arbeid med å utarbeide metodar for å måle valdsområdet. Spisskompetansemiljøet, i samarbeid med Bufdir og ATV, skal ved hjelp av ei arbeidsgruppe utarbeide ein implementeringsplan for behandlingstilbodet når det gjeld vald.

Eit prosjekt om å utvikle eit behandlingstilbod til ungdom som bruker aggresjon og vald som meistringsstrategi, skal starte opp og levere første delrapport i 2016 med vidareføring i 2017.

Regjeringa føreslår å auke budsjettet til familievernet med 4 mill. kroner i 2017. Midlane skal nyttast til å styrkje kompetansen i familievernet og til å styrkje samarbeidet mellom familieverntenesta og ATV.

Den samla satsinga på familievernområdet er nærmare omtalt under Strategiar og tiltak under delmål 2.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna.

Stiftinga Alternativ til vold

Departementet vil føre vidare ordninga med tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV) til drift av ATV-kontor. ATV skal gi eit lett tilgjengeleg lågterskel behandlingstilbod.

ATV og Bufdir/familievernet samarbeider for å styrkje kompetansen og behandlingskapasiteten i tilboda frå familievernet til utsette barn, unge valdsutøvarar og vaksne utøvarar av vald i familien. Tiltaka er ein del av tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014–2017) og handlingsplanen Et liv uten vold (2014–2017). Samarbeidet skal førast vidare i 2017.

ATV skal arbeide vidare for å utvikle sitt eksisterande tilbod gjennom eit familiemandat, slik at det skal kunne gis meir helskapleg behandling av valdsutøvarar og deira familiar – herunder også unge valdsutøvarar.

Krisesentera

Evalueringa av implementeringa av krisesenterlova skal følgjast opp med ein fagleg rettleiar om innhald og kvalitet i krisesentertilbodet, til dømes om barn på krisesenter. For 2016 er det tildelt 3 mill. kroner for å sette i gang utviklingsprosjekt for å styrkje tilbodet til utsette grupper i krisesentertilbodet, til dømes brukarar med rus- og psykiske problem, brukarar med funksjonsnedsetjingar og menn med barn som kjem til krisesentra. Eit arbeid med å utvikle modellar for kommunanes arbeid med desse brukargruppene er i gang. Hovudmålet med utviklingsprosjekta vil vere å bidra til at kommunane gir utsette grupper brukarar eit betre krisesentertilbod, herunder utvikle organisatoriske modellar for krisesentertilbodet for desse gruppene, jf. evalueringa.

ICDP-programmet har blitt tilpassa foreldre på krisesenter. Evaluering av ICDP utprøvd i krisesenter i perioden 2014–2016 konkluderer med at ICDP er godt eigna for foreldre på krisesentra. Departementet vil vurdere korleis programmet kan bli tatt i bruk systematisk og auke bruken i fleire krisesenter.

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane følgjer opp plikta til å sørgje for eit krisesentertilbod basert på risikovurderingar. Behovet for eit tettare samarbeid mellom fylkesmannsembeta og Bufdir som fagorgan for krisesentertilbodet vil bli vurdert nærmare. Målet er å stimulere kommunane til å gi eit heilskapleg og samordna tilbod til valdsutsette, i samsvar med krisesenterlova.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

BLD vil føre vidare ordninga med tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep og senter mot valdtekt. For å få meir kunnskap om tilbodet ved sentera skal eit FoU-prosjekt bli fullført i 2017.

RVTS-ane speler ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving, rettleiing og etablering av nettverk innanfor det kommunale krisesentertilbodet og i sentera mot incest og seksuelle overgrep. Sentera er oppmoda til å samarbeide med RVTS-ane, og utviklinga av samarbeidet vil halde fram i 2017.

Den årlege statistikken frå sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit viktig grunnlag for den faglege oppfølginga av sentera. Arbeidet med å vidareutvikle statistikken held fram i 2017.

Indikatorar på valdsfeltet

Det skal utviklast eit sett med indikatorar som skal belyse utviklinga på valdsfeltet på nasjonalt nivå. Arbeidet skal sjåast i samanheng med indikatorarbeidet som Folkehelseinstituttet har leidd.

Delmål 4.1: Like moglegheiter til deltaking for barn og ungdom

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet. Det er òg viktig at barn og unge får høve til deltaking og medverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Regjeringa vil leggje vekt på at fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge. For å nå målet er det viktig at barn og ungdom får gi og ta imot informasjon på eigne premissar.

Resultatrapport 2015/2016

Rettar og deltaking for barn og ungdom

Regjeringa la i januar 2016 fram ein samla plan for barne- og ungdomspolitikken, Trygghet, deltakelse og engasjement – regjeringens arbeid for barn og ungdom. Planen løftar fram konkrete tiltak, både for arbeid som alt er i gang, og nye tiltak, og viser prioriteringane og satsingane til regjeringa framover. Planen gir ein brei presentasjon av innsatsen for å gi gode rammer for ein trygg oppvekst på sentrale område som familie og nærmiljø, barnehage, skole og arbeidsliv, helse og velferd og kultur og fritid. I planen blir det presentert fire mål og prinsipp for barne- og ungdomspolitikken: ein trygg oppvekst i familie og nærmiljø, like rettar og moglegheiter, deltaking og påverknad, og gode tilbod og tenester til alle.

BLD støttar det nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom tilskotsordningane for nasjonal og internasjonal grunnstønad. Grunnstønaden er med på å leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane.

Noreg deltek i EU-programmet Erasmus+ (2014–2020). Erasmus+ gir tilskot til prosjekt innanfor utdanningssektoren, ungdomsfeltet og idretten. Prosjekta skal gi ungdom høve til å knyte band over kultur- og landegrenser, lære av kvarandre og utvikle solidaritet og toleranse. Det har vore ein auke i deltakinga i programmet.

FN-konvensjonen om barns rettar

Noreg skal regelmessig rapportere til FNs barnekomité om gjennomføring av FN-konvensjonen om barnerettane. Hausten 2016 leverte Noreg sin femte og sjette rapport til FN-komiteen. Bufdir har òg utarbeidd ein barnerapport som er send til FN saman med rapporten. Forum for barnekonvensjonen har motteke tilskudd for å utarbeide ein supplerande rapport frå det sivile samfunnet.

Fylkesmannen i Troms har utarbeidd Sjumilssteg-programmet, som er eit analyse- og oppfølgingsverktøy for kommunane. Verktøyet blir brukt til å sikre ein aktiv bruk av barnekonvensjonen på tvers av tenestene. Alle fylka er no med i arbeidet. Resultatet av dette arbeidet er betre samhandling på tvers av tenestene og at rettane til barn og ungdom blir sette på dagsordenen.

Medverknad og informasjon

Dei aller fleste kommunane og fylkeskommunane har i dag medverknadsordningar som til dømes barne- og ungdomsråd. Ordningane er ulikt organiserte og har ulike mandat.

For styresmaktene er det viktig å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. Nettstaden ung.no, som blir drifta av Bufdir, tilbyr ungdom mellom 14 og 20 år informasjon om kva rettar, moglegheiter og plikter ungdom har, og anna dei lurer på. I 2015 hadde nettsida om lag 21 mill. sidevisingar. Kampanjen #ikkegreit blei gjennomført i 2015 og var retta mot vald i nære relasjonar. Målet med kampanjen var å formidle kunnskap og informasjon til ungdom om krenking, vald og overgrep i nære relasjonar. Kampanjen nådde over 430 000 personar i alderen 13 til 20 år, noko som svarer til 83 prosent av alle brukarane av Facebook i denne aldersgruppa i Noreg.

Eit inkluderande oppvekstmiljø

Departementet har satsa breitt for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn.

Modellkommuneforsøket blei gjennomført i perioden 2007–2014 for å utvikle gode modellar for tidleg intervensjon, førebyggjande tiltak og einskapleg, systematisk og langsiktig oppfølging av barn i målgruppa. Målgruppa er barn av psykisk sjuke og rusmisbrukarar. Følgjeevalueringa blei offentleggjord våren 2015.

Det blei i 2015 oppretta ei ny tilskotsordning som skal sikre at erfaringane frå modellkommuneforsøket blir førte vidare. Ordninga skal stimulere til at fleire kommunar utviklar kunnskapsbaserte modellar. Formålet med ordninga er å oppdage og følgje opp barn av psykisk syke og barn av foreldre som misbruker rusmidlar frå graviditet. I 2015 fekk 24 nye kommunar moglegheit til dette.

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Tilskotsordninga bidreg til å skape opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i kommunane. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2016 var løyvinga på om lag 29 mill. kroner. I overkant av 60 tiltak fekk støtte i 2016. Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar. Arbeid som fremmar integrering, har derfor vore høgt prioritert i 2016. Bufdir nyttar fleire kjelder for å følgje opp at formålet med ordninga blir nådd, til dømes rapportering frå tilskotsmottakarane, evalueringar og forsking.

Det overordna målet med tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er å styrkje tilknytinga til skole, og gi trivsel og meistring. Ordninga skal bidra til betre skoleprestasjonar og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Løyvinga var på om lag 31 mill. kroner i 2016. 70 kommunar fekk støtte gjennom ordninga i 2016.

BLD har gjennom tilskotsordninga Mangfald og inkludering støtta opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) mottek og vidarefordelar tilskotet.

Som ledd i oppfølginga av tiltaksplanen En god barndom varer livet ut er det mellom anna utarbeidd ein kunnskapsstatus om digital mobbing. Bufdir er ansvarleg for tiltaket. Som del av arbeidet skal ei gruppe ekspertar gi departementet råd om nye tiltak mot digital mobbing.

Departementet deltek i det interdepartementale samarbeidet om Medietilsynets Trygg bruk. I 2016 blei Barn og medier-undersøkinga publisert. Utbreiinga av digital mobbing er eit tema i undersøkinga. Departementet deltek òg i Partnerskap mot mobbing, som ligg under Kunnskapsdepartementet.

Strategiar og tiltak for 2017

Barn og ungdom sine rettar og deltaking

Barn og ungdom har rett til medverknad. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at barn og ungdom kan bruke denne retten. Barn og ungdom har ei viktig stemme i samfunnsdebatten. Dei er ekspertar på eigne liv, og dei må lyttast til i saker som angår dei sjølve. Vidare er barn og ungdom agentar for forandring i andre saker enn berre dei som angår dei sjølve.

Regjeringa vil føre vidare tilskotsordningane for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordningane omfattar grunnstønad til både nasjonalt og internasjonalt arbeid. Målet er å medverke til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge. Arbeidet med å forenkle tilskotsforvaltinga held fram i 2017.

Den norske deltakinga i EU-programmet Erasmus+ held fram i 2017. Internasjonal deltaking fremmar medverknad, aktiv medborgarskap, sosial inkludering og solidaritet. I tillegg bidreg kulturutveksling til større kunnskap om og forståing for kulturskilnader, demokratiutvikling og menneskerettar.

Medverknad og informasjon

Det er sett i gang eit arbeid for å samle kommunale medverknadsordningar i ei lov. Medverknadsordninga for ungdom tek ein sikte på å gjere frivillig for kommunane, men om dei ønskjer å ha ei slik ordning, må dei følgje regler fastsett i forskrift. Arbeids- og sosialdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og BLD føreslår at kommunelova får nye føresegner om særlege medverknadsordningar for eldre, ungdom og personar med nedsett funksjonsevne. Utfyllande reglar for dei enkelte ordningane blir fastsette i forskrift. Forslaget var på høyring våren 2016.

Eit inkluderande oppvekstmiljø

Regjeringa vil halde fram med den heilskaplege innsatsen for å skape gode levekår og oppvekstmiljø for barn og unge. Ein innsats på tvers av sektorar og fagområde er særs viktig.

Tilskotsordninga Utvikling av modellar for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel vil bli ført vidare i 2017.

Gode og trygge møteplassar for barn og ungdom i byane legg til rette for sosialt samkvem på tvers av sosiale og kulturelle skiljelinjer. Departementet føreslår at tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare på same nivå i 2017 som i 2016, med om lag 29 mill. kroner. Dei større bykommunane kan styrkje oppvekstmiljøet til barn og unge ved å etablere eller vidareutvikle trygge møteplassar. Møteplassane skal særleg leggje til rette for å inkludere utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø.

Departementet føreslår at tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blir ført vidare på same nivå i 2017 som i 2016, med 31 mill. kroner. Denne tilskotsordninga gjer det mogleg for kommunane å arbeide målretta med ungdom og leggje til rette for tettare oppfølging og betre samordning av tilbod til ungdom i vanskelege livssituasjonar. Målet er å styrkje skoletilknyting, trivsel og meistring.

Innsatsen mot mobbing blir ført vidare på fleire område. Som ledd i oppfølginga av tiltaksplanen En god barndom varer livet ut er det utarbeidd ein kunnskapsstatus om digital mobbing. Det vil bli arbeida vidare med anbefalingane som er knytte til arbeidet.

BLD vil gjennom tilskotsordninga Mangfald og inkludering støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga legg òg til rette for at frivillige organisasjonar og andre kan søkje om midlar til tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme.

BLD vil saman med Kulturdepartementet halde fram med å støtte forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017.

Vedtak 785, 7. juni 2016

På grunnlag av eit representantforslag om å førebyggje kroppspress hos barn og unge gjorde Stortinget 7. juni 2016 oppmodingsvedtak nr. 785, jf. Dokument 8:26 S (2015–2016) og Innst. 327 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for mer kunnskap om årsakene til at barn opplever kroppspress og sliter med dårlig selvbilde.»

Departementet tek hausten 2016 sikte på å sette i gang arbeid for å innhente forskingsbasert kunnskap om dette temaet.

Delmål 4.2. Redusere konsekvensar av fattigdom for barn og unge

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Dette rammar barna. Regjeringa har som mål å skape like moglegheiter for alle. Det sosiale tryggingsnettet skal styrkjast, slik at fleire blir løfta opp og færre fell utanfor. Regjeringa arbeider for at alle barn skal kunne delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Resultatrapport 2015/2016

Strategi mot barnefattigdom 2015–2017

Regjeringa sin strategi for barn som lever i fattigdom blei sett i verk i 2015. Strategien har 64 tiltak fordelte på 7 innsatsområde. Samarbeid med fylkesmenn, kommunar og det sivile samfunnet er viktig i arbeidet.

I oppfølginga av merknader frå Riksrevisjonen (Dokument 3:11 (2013–2014)) er det no etablert ei arbeidsgruppe på direktoratsnivå som følgjer opp arbeidet på barnefattigdomsområdet. Bufdir har i 2016 utarbeidd eit sett med indikatorar som kommunane kan bruke for å identifisere fattigdomsutfordringar i eigne kommunar. Indikatorane er eit verktøy kommunane kan bruke for å få meir kunnskap om omfanget og utviklinga av barnefattigdom. Eit anna oppfølgingspunkt er evaluering av tiltaka mot barnefattigdom som kommunane har sett i verk, slik at ein kan utvikle meir kunnskap og finne gode metodar i arbeidet.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom blei etablert i 2014, og er ei ordning der offentlege instansar, bydelar, frivillige organisasjonar, stiftingar og barne- og ungdomsorganisasjonar kan søkje om midlar. Målet er å gjere det mogleg for fleire barn, ungdom og familiar å delta i ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av inntekta til foreldra. Tilskotsordninga skal bidra til å redusere og dempe konsekvensane for barn som lever i fattigdom. I 2016 blei meir enn 160 mill. kroner fordelte på om lag 500 enkelttiltak. Over halvparten av midlane gjekk til frivillige instansar og stiftingar. I tråd med målsetjinga gjekk store delar av midlane til kultur-, ferie- og fritidsopplevingar for barn og unge. Bufdir begynte arbeidet med å evaluere kommunale tiltak innanfor denne ordninga i 2016.

Frå og med 2016 er det eit krav at kommunane skal ha ein knutepunktfunksjon. Funksjonen skal prioritere oppsøkjande arbeid overfor familiar som elles er vanskelege å nå, og sørgje for at kommunane får god oversikt over alle relevante tiltak i kommunal og frivillig regi. Slik skal ein få eit bindeledd mellom barn, ungdom og familiar som treng hjelp, kva tiltak som finst, og kva tiltak det er behov for i kommunane.

Rapporten Barnefamilienes inntekter, formue og gjeld 2004–2014 omtaler viktige utviklingstrekk i økonomien til barnefamiliar, mellom anna auka skilnader, vedvarande låg inntekt og viktigheita av stønader, sjå SSB Rapporter 2016/11.

Fritidserklæringa

Barn i familiar med god råd deltek oftare i organiserte fritidsaktivitetar enn barn i familiar med dårleg råd. Kommunane, frivilligheita og staten har derfor gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa, for at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal få høve til å delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet. Fritidserklæringa blei signert i juni 2016 og er ei oppfølging av eit av tiltaka i strategien til regjeringa Barn som lever i fattigdom (2015–2017).

Analyse av inntektsmobilitet

Departementet har gitt Statistisk sentralbyrå i oppdrag å analysere inntektsmobilitet blant barnefamilier. Analysen vil gi ny kunnskap om barn som høvevis forlatar og forblir i gruppa med vedvarande låginntekt.

0–24-samarbeidet

For å styrkje arbeidet med utsette barn og unge under 24 år i kommunane og fylkeskommunane har Kunnskapsdepartementet starta eit 5-årig samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeid mellom dei fem direktorata Utdanningsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet skal leggje til rette for ein meir samordna innsats retta mot utsette barn og ungdom mellom 0 og 24 år. Dei skal ta for seg problemstillingar om spesifikke språkvanskar, regelverk, samordning og nye innsatsar retta mot målgruppa, læreplassar, behov for forsking og tilskotsforvalting. Programmet varer til 2020. Dei fem direktoratsdirektørane har skrive under ei programerklæring og teke rolla som programeigar for 0–24-programmet.

Strategiar og tiltak for 2017

Strategi mot barnefattigdom 2015–2017

Dei ansvarlege departementa gjennomfører tiltaka i strategien i samarbeid med direktorata. Direktorata skal mellom anna utarbeide ein rapport annakvart år som skal vurdere om tiltaka i strategien treffer målgruppa, og gi ein status når det gjeld omfanget av barnefattigdom i Noreg. Den første rapporten vil bli utarbeidd i 2017. Det er lagt opp til at ein slik rapport blir utarbeidd annakvart år også utover strategiperioden. KS, frivillige organisasjonar og særskilt barne- og ungdomsorganisasjonane vil bli trekte inn i arbeidet med oppfølging og rapportering.

Bufdir ferdigstilte i 2016 eit sett indikatorar på kommunenivå. Indikatorane er utforma slik at kommunane skal få meir oversikt over utsette barnefamiliar. Som ei oppfølging av dette, vil ei rettleiing og andre pedagogiske verktøy som kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom gjerast ferdig. Det vil bli lagt til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar.

Fritidserklæringa

Fritidserklæringa skal leggje til rette for at alle barn og unge skal få delta regelmessig i minst éin fritidsaktivitet som passar for alderen. Sekretariatet skal rette merksemda mot gode døme, aktivitetar og samarbeid og utfordre kvarandre når det gjeld haldningar og handlingar. Ein nasjonal konferanse hausten 2016 skal samle relevante aktørar som kan delta i eit nasjonalt nettverk for utveksling av erfaringar og kunnskap.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

840

Tiltak mot vald og overgrep

121 115

178 858

181 180

1,3

841

Samliv og konfliktløysing

26 930

34 380

33 124

-3,7

842

Familievern

471 740

485 550

500 847

3,2

843

Adopsjonsstønad

5 932

13 421

13 797

2,8

844

Kontantstøtte

1 640 026

1 510 000

1 539 000

1,9

845

Barnetrygd

15 112 878

15 170 000

15 180 000

0,1

846

Familie- og oppveksttiltak

46 193

424 754

458 046

7,8

847

EUs ungdomsprogram

231 757

8 049

8 212

2,0

848

Barneombodet

13 623

15 595

14,5

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

53 981

Sum kategori 11.10

17 710 552

17 838 635

17 929 801

0,5

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3842

Familievern

280

677

696

2,8

3847

EUs ungdomsprogram

2 300

2 364

2,8

Sum kategori 11.10

280

2 977

3 060

2,8

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–23

Drift

350 264

404 221

412 758

2,1

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

57 087

3 180

3 253

2,3

60–69

Overføringer til kommuner

79 521

357 923

374 465

4,6

70–98

Overføringer til private

17 223 680

17 073 311

17 139 325

0,4

Sum kategori 11.10

17 710 552

17 838 635

17 929 801

0,5

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

2 498

26 692

19 795

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

79 521

84 299

86 617

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under post 21 og kap. 858 post 01

39 096

46 983

54 348

72

Tilskot til tiltak for valdsutsette barn

5 884

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

15 000

20 420

Sum kap. 0840

121 115

178 858

181 180

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av ulike prosjekt og tiltak som er viktige i arbeidet mot vald, overgrep og valdeleg ekstremisme.

Ein føreslår å knyte stikkordet «kan nyttast under» gjensidig mellom kap. 840, post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 840, post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv. Begge postane finansierer valdsførebyggjande tiltak.

Budsjettforslag 2017

I saldert budsjett 2016 var det midlar på denne posten til Nurse Family Partnership-programmet. For å sikre korrekt postbruk og samla midlar til programmet på eitt budsjettkapittel, føreslår ein at 3 mill. kroner blir overførte til kap. 846, post 21, og at 3,9 mill. kroner blir overførte til kap. 846, post 71. Ei tilsvarande flytting blei gjord i samband med behandlinga av Prop. 122 S Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer på statsbudsjettet for 2016.

Statens barnehus er i dag finansiert over ulike kapittel og postar på statsbudsjettet, mellom anna over kap. 840, post 21. Justis- og beredskapsdepartementet føreslår i samråd med BLD og Helse- og omsorgsdepartementet å samle midlane under kap. 440, post 01. Det inneber ein reduksjon av kap. 840, post 21 med 3,6 mill. kroner.

BLD føreslår å styrkje posten med 3 mill. kroner til informasjonstiltak om vald og overgrep og til følgjeevaluering av opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

Samla føreslår ein at posten blir redusert med 7,5 mill. kroner. Departementet føreslår ei løyving på 19,8 mill. kroner.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 22 incestsenter og eitt valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir i samsvar med retningslinjer for statleg tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep og ressurssenter mot valdtekt, jf. Rundskriv 10/2016. I rundskrivet er det òg gitt rammer for ordninga:

Mål

Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med god tilgjengelegheit gjennom å gjere drifta av incest- og valdtektssentera mogleg.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå Bufdir stiller nærmare krav til sentera som kan søkje om tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot og eit eventuelt tilskot frå helseføretaket eller fylkeskommunen utløyser 80 prosent statleg tilskot. Statstilskotet er øyremerkt.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapportar og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og ha ansvar for økonomiforvaltinga.

Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2017

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2017. Departementet føreslår ei løyving på 86,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til ulike valdsførebyggjande tiltak og tiltak for å auke kunnskapen på valdsfeltet. Departementet føreslår at posten får stikkordet «kan nyttast under post 21». Sjå nærmare omtale under kap. 840, post 21.

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor.

Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) sitt arbeid for kompetanseheving, nettverksbygging mv. innanfor det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Det er gjort nærmare greie for desse aktivitetane under delmål 2.3.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2017. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

BLD tilrår å slå saman tilskotordningane Tilskot til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar på kap. 840, post 70 og Tilskot til tiltak for valdsutsette barn på kap. 840, post 72. Forslaget inneber at kap. 840, post 72 blir avvikla.

I regelverket for den nye ordninga vil det bli lagt vekt på at organisasjonar og prosjekt som i dag har rett på tilskot gjennom dei to eksisterande tilskotsordningane, også skal omfattast av den nye ordninga. Å slå saman ordningane bidreg til ein meir heilskapleg behandling av søknader på feltet. Ei felles tilskotsordning vil òg gi rom for meir fleksibilitet og opnar for prioritering av større prosjekter. Det er òg enklare å ha éi utlysning av midlar på valdsfeltet retta mot frivillige organisasjonar enn å ha to. Ein kan gje både drifts- og prosjekttilskot.

Departementet føreslår følgjande overordna rammer for den nye ordninga:

Mål

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til å førebyggja vald og overgrep i nære relasjonar, og å styrkja evna til meistring og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsett for vald eller seksuelle overgrep.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til arbeidet med å nå måla i regjeringas handlingsplanar mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge.

Organisasjonar og andre aktørar som er registrert i Enhetsregisteret kan søkje. Det gis ikkje tilskot til privatpersonar og verksemder som er drive på forretningsmessig grunnlag.

Organisasjonar som kan dokumentera at føremålet med ordninga er deira kjerneverksemd, kan søkje om driftstilskot. Organisasjonar som får øyremerka driftstilskot over statsbudsjettet kan ikkje søkje driftstilskot i ordninga.

Ein kan òg gje støtte til tidsavgrensa aktivitetar. Det er ein føresetnad at tiltak som blir utvikla og starta opp etter kvart blir ein del av den ansvarlege organisasjonen sin ordinære drift.

Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Departementet legg til grunn at tilskot til Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte skal inngå som ein del av den nye ordninga. Dette gjeld òg direkte tilskot til prosjekt i ATV som tidligare blei gitt over kap. 840, post 72. Ordninga vil bli forvalta av Bufdir. I tillegg vil enkelte tiltak mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorleg avgrensing av unges fridom, bli lyst ut med eigne tildelingskriteriar.

Det vil bli utarbeidd nærmare retningslinjer for tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2017

BLD føreslår å auke posten med 6 mill. kroner mot avvikling av kap. 840, post 72. Departementet føreslår ei løyving på 54,3 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til tiltak for valdsutsette barn

BLD føreslår at posten blir avvikla. Sjå nærmare omtale under post 70.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. I 2016 er heile løyvinga nytta til å gi tilskot til Stine Sofie-stiftinga til drift av Stine Sofie Senteret, noko som er i tråd med føringane som blei gitt i Innst. 14 S (2015–2016).

Departementet legg, på bakgrunn av føringane i Innst. 14 S (2015–2016), til grunn at heile løyvinga også for 2017 skal gå til dette formålet.

Departementet føreslår ein auke i løyvinga av tilskotet til Stine Sofie Senteret med 5 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 20,4 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

9 299

13 566

13 946

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

5 243

6 520

6 069

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

5 784

7 542

6 168

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

6 604

6 752

6 941

Sum kap. 0841

26 930

34 380

33 124

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter same satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 13,9 mill. kroner.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving av meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlane til opplæring av meklarar.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira i å samtale med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova, medrekna å sikre god praksis og samhandling i sakene og styrkje kompetansen knytt til samtalar med barn.

Posten dekkjer òg utgifter til forvaltinga av barnelova og ekteskapslova.

BLD føreslår å redusere posten med 0,6 mill. kroner fordi enkelte prosjekt blir ferdigstilte.

Departementet føreslår ei løyving på 6,1 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analyser som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Frå 1. januar 2017 tek ein sikte på at Helse Sør-Øst RHF ved Oslo universitetssykehus utfører alle DNA-analysar. Tidlegare blei desse analysene utført av Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforsking ved Folkehelseinstituttet.

Departementet føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858, post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Ordninga har desse overordna rammene:

Mål

Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje oppløysing av familiar og samliv.

Kriterium for tildeling

Midlane skal nyttast til to typar tiltak:

  1. Lokale samlivskurs/samlingar for par

  2. Utviklingstiltak i samlivsarbeidet

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadane, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Det er gitt nærmare retningslinjer for tildelinga i rundskriv frå BLD. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir førte vidare i 2017.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår ei løyving på 6,9 mill. kroner.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

266 022

289 986

295 956

21

Spesielle driftsutgifter

28 315

29 008

33 671

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

177 403

166 556

171 220

Sum kap. 0842

471 740

485 550

500 847

Familievernet er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter lov om ekteskap § 26 og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 296 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir forvalta av Bufdir.

BLD føreslår å auke løyvinga til familievernet med 4 mill. kroner. Midlane skal nyttast til kompetansetiltak i familieverntenesta med sikte på å auke kompetansen om vald og seksuelle overgrep. Midlane skal òg nyttast til å utvikle samarbeidet mellom familieverntenesta og stiftinga Alternativ til vold (ATV) vidare.

Departementet føreslår ei løyving på 33,7 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Dei kyrkjeleg eigde familievernkontora får midlar til drifta gjennom tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01). Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern.

Departementet føreslår ei løyving på 171,2 mill. kroner.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

280

677

696

Sum kap. 3842

280

677

696

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,7 mill. kroner. Inntektene er diverse kursinntekter mv.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

5 932

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

13 421

13 797

Sum kap. 0843

5 932

13 421

13 797

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Om tildelinga av eingongsstønad til adopsjon

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha fått dei rette dokumenta frå opphavslandet til barnet før dei behandlar søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da dei fekk omsorga for barnet, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk omsorga for barnet.

Frå 1. januar 2016 blei stønaden per barn sett til 90 068 kroner, tilsvarande 1G frå 1. mai 2015.

Bufdir, som forvaltar stønadsordninga, godkjende 159 søknader om adopsjonsstønad i 2015, mot 143 søknader i 2014. 134 utanlandsadopsjonar blei formidla i 2015.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår at adopsjonsstønaden blir sett til 92 576 kroner i 2017, tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2016. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2017.

Departementet føreslår ei løyving på 13,8 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot, overslagsløyving

1 640 026

1 510 000

1 539 000

Sum kap. 0844

1 640 026

1 510 000

1 539 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt ligg under Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Budsjettforslag 2017

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • forventa tal på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB

  • forventa utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet

Regjeringa varsla i integreringsmeldinga, Meld. St. 30 (2015–2016), at ho ønskjer å innføre eit butidskrav på fem år for å få rett til kontantstøtte. Ved fastsetjing av budsjettforslaget for 2017 er det teke omsyn til dette. Det er lagt til grunn at butidskravet kan innførast frå 1. juli 2017, og det er anslått at det gir ei innsparing på 15 mill. kroner i løyvinga til kontantstøtte.

Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nominelt nivå.

Forslag til satsar for 2017 står i tabell 4.6.

Departementet føreslår ei løyving på 1 539 mill. kroner.

Tabell 4.5 Talet på barn med rett til stønad i 2015. Prognosar for 2016 og 2017

Gjennomsnitt 2015

Gjennomsnitt 20161

Gjennomsnitt 2017

Barn med rett til kontantstøtte

21 082

19 500

20 3002

1 Saldert budsjett

2 Med føresetnad om innføring av butidskrav på fem år frå 1. juli 2017.

Tabell 4.6 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2017 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per månad

Maksimalt1 beløp per barn

Ikkje bruk av barnehageplass

100

6 000

66 000

Til og med 19 timar

50

3 000

33 000

20 timar eller meir

0

0

0

1 Maksimalt 11 månader med kontantstøtte per barn

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot, overslagsløyving

15 112 878

15 170 000

15 180 000

Sum kap. 0845

15 112 878

15 170 000

15 180 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2017

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–3 år.

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår å føre vidare satsane for barnetrygd med uendra nominelt nivå. Forslag til satsar for 2017 står i tabell 4.7.

Departementet føreslår ei løyving på 15 180 mill. kroner.

Tabell 4.7 Forslag til satsar for barnetrygd for 2017 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.8 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2015. Prognosar for 2016 og 2017

Gjennomsnitt 2015

Gjennomsnitt 20161

Gjennomsnitt 2017

Barn med barnetrygd

1 131 807

1 134 410

1 140 625

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tabell 4.9 Talet på stønadsmottakarar i 2015. Prognosar for 2016 og 2017

Gjennomsnitt 2015

Gjennomsnitt 2016*

Gjennomsnitt 2017

Stønadsmottakarar med barnetrygd for1

– eitt barn

312 141

315 998

315 775

– to barn

262 401

263 493

265 456

– tre barn

82 701

84 093

83 663

– fire barn

12 808

13 118

12 957

– fem eller fleire barn

3 211

3 279

3 238

Sum stønadsmottakarar

675 252

679 982

681 090

Stønadsmottakarar med utvida stønad

127 037

126 651

124 509

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

3 522

3 315

3 046

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar. Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2016 og 2017. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Familie og oppvekst

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

10 892

9 235

13 346

50

Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

3 106

3 180

3 253

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

28 992

29 789

61

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

163 905

178 412

62

Utvikling i kommunane

80 727

79 647

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

10 541

121 319

123 716

71

Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

7 225

21 227

72

Tiltak for lesbiske og homofile

10 800

73

Tilskot til likestillingssentre

6 227

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

4 627

10 171

8 656

Sum kap. 0846

46 193

424 754

458 046

Rekneskap 2015 gjeld tidlegare kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak og til FoU-tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Budsjettforslag 2017

BLD føreslår å redusere posten med 0,3 mill. kroner fordi enkelte prosjekt blir ferdigstilte.

Departementet føreslår at posten blir auka med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 79. Beløpet skal dekkje utbetaling av medlemskontingent til European Youth Information and Counselling Agency (ERYICA). Formålet er å sikre riktig postbruk.

Ein føreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner til drift av Nurse Family Partnership-programmet (NFP) mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 840, post 21, jf. omtale under denne posten.

Ein føreslår å auke posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 846, post 70. Midlane skal nyttast til forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017. Flyttinga skjer for å sikre riktig postbruk.

Departementet føreslår ei løyving på 13,3 mill. kroner.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Midlane skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 3,3 mill. kroner.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Det ble i statsbudsjettet for 2009 avsett inntil 15 mill. kroner til etablering av Grorud fleirbrukshall. Det blei planlagt å utvikle ein kultur- og idrettspark med ein fleirbrukshall, der barnehage, idrettshall og kulturhus skulle inngå. 2,8 mill. kroner er utbetalt til Oslo kommune, medan det resterande beløpet er blitt overført for kvart år sidan 2009. Arbeidet med fleirbrukshallen er forseinka. Byrådet i Oslo har informert om at forprosjektfasen er venta ferdigstilt i 2016. Bystyret kan gjere vedtak om kostnadsramma for prosjektet etter dette. Byggjeprosessen kan starte etter at det er vedteke ei kostnadsramme for prosjektet. Det er derfor estimert at dei statlege midlane vil bli brukte i slutten av 2017.

Løyvinga under posten blir elles nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Det er Bufdir som forvaltar ordninga. Ordninga blir regulert av eit eige rundskriv. Desse overordna rammene er fastsette for tilskotsordninga:

Mål

Formålet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (8 prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe. Formålet er å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år med særskilde behov, utsette ungdomsgrupper og -miljø.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar, og arbeid og innsats som fremmar integrering, er høgt prioritert.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane til Bufdir.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår ei løyving på 29,8 mill. kroner.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

I tillegg har løyvinga vore nytta til tilskot til Blå Kors’ tiltak Barnas Stasjon, Røde Kors’ tiltak Ferie for alle og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT.

Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI,Ferie for alle ogorganisasjonenMOT i 2017. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknadar frå tilskotsmottakarane.

Bufdir forvaltar tilskota på posten. Desse overordna rammene er sette for den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom:

Mål

Målet er å gi fleire fattige barn og unge høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Formålet er å betre sjansane for at barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra.

Kriterium for tildeling

Løyvinga har barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem, som målgruppe. Formålet er å leggje betre til rette for at barn og ungdom i familiar som er ramma av fattigdomsproblem, skal få høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet. Frivillige organisasjonar kan søkje direkte til Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar som blir sende via kommunane. I tilfelle der utbetalinga skjer direkte til frivillige organisasjonar, skal tilskotsmottakarane sende rekneskapar og rapportar direkte til Bufdir.

Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga i eit eige rundskriv.

Budsjettforslag 2017

Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) forvaltar i dag tilskot til tiltak for å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og barnefamiliar som er i kontakt med dei sosiale tenestene i NAV-kontoret. Det vert gitt tilskot til to hovudtypar tiltak. Det eine er kompetanse- og utviklingstiltak i tenesteutvikling av NAV, det andre er kompenserande tiltak til barn, ungdom og familiar. Kompenserande tiltak kan vere tilskot til mellom anna utstyrsbankar, fritidsaktivitetar, ferietiltak mv.

ASD si tilskotsordning har overlappande føremål med den nasjonale tilskotsordninga når det gjeld kompenserande tiltak. På denne bakgrunn, føreslår ein at den delen av løyvinga som går til slike tiltak blir innlemma i Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Dette er anslått å utgjere 10 mill. kroner.

BLD føreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 621, post 63 under ASD. Sjå òg omtale i ASDs Prop. 1 S (2016–2017).

Departementet føreslår ei løyving på 178,4 mill. kroner.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Delar av løyvinga går til kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge.

Løyvinga dekkjer tre tilskotsordningar: Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom, Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Utvikling av modellar for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel (som byggjer på det tidlegare Modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje tilknytinga til skolen og til trivsel og meistring, og gjennom det bidra til betre skoleprestasjonar og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Målgruppa for tiltaket er foreldre med særskilde utfordringar og med barn i alderen 0–18 år. Formålet er å hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved å bli medvitne om kva behov barna har, og få hjelp til å møte desse behova på ein god måte.

Tiltaka skal medverke til å førebyggje og/eller hindre ulike former for vald og seksuelle overgrep mot barn. Vidare skal dei bidra til å skape trygge oppvekstvilkår som legg til rette for positiv utvikling. Tiltaka kan òg ha som mål å hjelpe adoptivforeldre og fosterforeldre med å utvikle ei positiv omsorg som støttar utviklinga til barnet.

Tilskotsordninga Utvikling av modellar for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel har som formål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel.

Kriterium for tildeling og andre rammer for dei tre tilskotsordningane er gitt i eigne retningslinjer som er utarbeidde for ordningane. Bufdir forvaltar ordningane, og retningslinjene er publiserte på heimesidene til Bufdir.

Prisen til årets barne- og ungdomskommune blir òg dekt over denne posten.

Budsjettforslag 2017

I arbeidet med intensjonsavtalane for utprøving av Nurse Family Partnership-programmet (NFP) er det blitt avklart at kommunane ikkje ønskjer å ta på seg det formelle arbeidsgivaransvaret for sjukepleiarane som skal arbeide med programmet i utprøvingsfasen. Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør tek derfor på seg dette ansvaret. Det inneber at det ikkje blir gitt tilskot direkte til pilotkommunane, men til RBUP. Departementet føreslår på denne bakgrunnen å flytte 10,3 mill. kroner til NFP-programmet frå kap. 846, post 62 til kap. 846, post 71 for å sikre korrekt postering av midlane. Ei tilsvarande flytting blei gjord i samband med behandlinga av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016.

Departementet føreslår òg å auke løyvinga til tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak med 7 mill. kroner.

I tråd med dette føreslår departementet ei løyving på 79,6 mill. kroner.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Mål

Formålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. Dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei medverkar til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei forblir ein arena for medverknad og demokrati.

Kriterium for tildeling

Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei eiga forskrift som er fastsett av BLD.

Midlane i den nasjonale ordninga blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak som er gjorde av Fordelingsutvalet.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av ordninga. LNU får tilskotet under føresetnad om at det blir fordelt vidare til ulike prosjekt som fokuserer på mangfald, haldningar og deltaking.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om driftstilskot til nasjonalt arbeid. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Kravet til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot på posten blir kontrollerte gjennom oppfølging av rapportering og rekneskapar.

Budsjettforslag 2017

Ein føreslår å redusera løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 21. Sjå nærmare omtale under denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 123,7 mill. kroner.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysningsarbeid som kan auke kunnskapen om, og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Det er i 2016 gitt tilskot til organisasjonane Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors og organisasjonen Barnevakten. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2017. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane. Departementet legg òg opp til å føre vidare støtta til mentorordninga Positive rollemodellar.

Budsjettforslag 2017

BLD føreslår å redusere posten med 0,4 mill. kroner på grunn av ferdigstilling av prosjekt.

Løyvinga er føreslått auka med til saman 14,2 mill. kroner til Nurse Family Partnership-programmet ved flytting av 10,3 mill. kroner frå kap. 846, post 62 og 3,9 mill. kroner frå kap. 840, post 21, jf. omtale under desse postane.

Departementet føreslår ei løyving på 21,2 mill. kroner i 2017.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Posten dekkjer Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). Posten dekkjer òg kostnadene Noreg har i samband med tiltak i regi av partnarskapen mellom Europarådet og Europakommisjonen.

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haagkonferansen for internasjonal privatrett (ICATAP) som bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til drift av informasjons- og rettleiingskontoret (BYCO) i Murmansk. Posten skal òg dekkje tilskot til eit fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Posten kan òg nyttast til departementet si deltaking i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til internasjonalt arbeid. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid.

Kriterium for tildeling

Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfondet blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtalar og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium som er fastsette i ei eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede om tilskot til internasjonalt arbeid blir behandla av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Ungdomsdirektorat og revisjonsstyret i Europarådet kontrollerer Det europeiske ungdomsfondet. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet frå departementet blir følgt opp gjennom kontroll av rapport og rekneskap.

Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU, Unge funksjonshemmede, Ungdom og Fritid og av tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

Budsjettforslag 2017

Ein føreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 496, post 73 under Justis- og beredskapsdepartementet. Midlane skal gå til tilskot til drift av det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme – Youth Can. Ei tilsvarande flytting blei gjord i samband med behandlinga av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016. Vidare føreslår ein å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 315, post 79 under Kulturdepartementet. Midlane skal gå til arrangementet Homeless World Cup.

Departementet føreslår ei løyving på 8,7 mill. kroner.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 049

8 212

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

16 279

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

178 567

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21

21 943

72

Tilskot

14 968

Sum kap. 0847

231 757

8 049

8 212

Rekneskap 2015 gjeld tidlegare kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for behandlinga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 8,2 mill. kroner.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Tilskot frå Europakommisjonen

2 300

2 364

Sum kap. 3847

2 300

2 364

Rekneskap 2015 ligg under kap. 3859.

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innan ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

13 623

15 595

Sum kap. 0848

13 623

15 595

Rekneskap 2015 ligg under kap. 850.

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er uavhengig, sjølvstendig og partipolitisk nøytralt. Det blei oppretta gjennom lov av 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod. Hovudoppgåva til Barneombodet er å fremme barns interesser overfor det offentlege og det private og å følgje med på utviklinga av barns oppvekstvilkår. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for arbeidet.

Mandatet til Barneombodet er avgrensa, og Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt.

Barneombodet skal

  • ta vare på barns interesser i samband med planlegging og utvikling på alle felt

  • følgje med på om lovgivinga om vern av barns interesser blir følgde, og om norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med dei forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barns rettar

  • føreslå tiltak som kan styrkje barns rettstryggleik

  • fremme forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunnet

  • følgje med på om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barns rettar, og om det blir sett i verk nødvendige tiltak

Hovudbrukargruppene til Barneombodet er barn og unge og dei som tek avgjerder.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport for 2015/2016

Barneombodet starta i 2015 prosjektet Barn med nedsett funksjonsevne. Prosjektet er utforma slik at Barneombodet har barn med nedsett funksjonsevne som hovudtema ved heile kontoret i 2016. Prosjektet legg fram rapport i 2017.

Barneombussen besøkte tre fylke i 2015, og har møtt til saman 1 167 elevar på 18 skular.

Barneombodet har utvikla og gjennomført eit kurs om korleis ein kan involvere barn og unge meir i stat, fylke og kommune. Det er òg sett i gang eit arbeid med å involvere barn og unge i rapporteringa til FNs barnekomité i 2017–2018.

Barneombodet fekk 250 nye skriftlege førespurnader om skole og barnehage i brev eller på e-post i 2015. 100 av dei var om mobbing. Barneombodet fekk òg 287 spørsmål om skole frå barn og unge via spørjetenesta Spør Barneombodet. Mange av spørsmåla handla direkte eller indirekte om retten til eit godt skolemiljø, 104 handla direkte om mobbing. I tillegg kjem telefonsamtaler til kontoret og direkte møte med barn og unge på skolar som Barneombodet har besøkt med Barneombussen.

Fagrapporten frå Barneombodet Grenseløs omsorg – om bruk av tvang i barnevern og psykisk helsevern blei lansert 22. september 2015. Rapporten inneheld ei rekkje anbefalingar til offentlege styresmakter.

I 2015 har Barneombodet lagt ned mykje arbeid i samband med politireforma for å bidra til at etterforskinga av vald og overgrep mot barn blir løfta fram og behandla på ein kompetent og effektiv måte. I 2015 kom det også ei endring i straffeprosesslova som Barneombodet har arbeidd lenge for. Dei tidlegare dommaravhøyra er no overførte til politiet og skal gjennomførast på barnehusa.

Barneombodet har kravd ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn på lik linje med opptrappingsplanen for psykisk helse. Stortinget har i 2015 bedt regjeringa om å leggje fram ein slik opptrappingsplan.

Barneombodet avslutta i 2015 forprosjektet for sitt internasjonale prosjekt og skreiv ein prosjektrapport til UD der dei skildra arbeid med Malawi, Nepal, Tunisia og Vietnam. Ombodet fekk midlar til å føre prosjektet vidare, i første omgang ut 2016.

Arbeidet med oppfølginga av rapporten Helse på barns premisser har i 2015 ført til at den nasjonale helse- og sjukehusplanen no stiller krav om at alle helseføretaka skal etablere ungdomsråd. I tillegg har det kome inn i oppdragsbreva til helseføretaka at det skal vere sosialpediatrar på alle barneavdelingane, og at alle barn skal få ei medisinsk undersøking på barnehusa. Dette er viktige endringar for å sikre barna rettstryggleik ved mistanke om vald eller overgrep.

Oppfølginga av rapporten Barnets stemme frå 2012 har i 2015 gått ut på å få familievernet til å tilby eigne timar til barn ved mekling etter samlivsbrot. Det er no fleire familieverkontor som høyrer barna når foreldra går frå kvarandre.

Strategiar og tiltak for 2017

Barneombodet har utarbeidd 21 langsiktige faglege mål for perioden 2012–2018. Barneombodet vel kvart år ut nokre av desse måla som det skal arbeidast spesielt med. I 2017 vil Barneombodet leggje vekt på desse måla:

Barn med funksjonsnedsetjingar får eit verdig liv og eit tilrettelagt tilbod uansett kvar dei bur

Barneombodet avsluttar i 2017 eit prosjekt om rettane til barn med funksjonsnedsetjingar. Ombodet legg fram rapporten i mars 2017.

Barn kjenner til barnekonvensjonen og Barneombodet

Barneombodet held i 2017 fram med prosjektet Barneombussen, der barneombodet reiser rundt i landet og besøkjer skolar. Ho har med seg eit skoleopplegg der ho informerer om barnekonvensjonen og Barneombodet. Prosjektet blei starta som ein pilot i 2013, og skal halde fram i 2017.

Barn har reell innverknad på utforming av politikk og planar på alle nivå i samfunnet

Barneombodet vil i 2017 halde fram med å utvikle vidare metodane for å få barn og unge til å delta i arbeidet til ombodet. Ombodet har sett i gang eit forsøksprosjekt med samarbeid med to skoleklassar om utveksling av informasjon. Prosjektet vil bli evaluert og justert i 2017.

Alle barn i Noreg får oppfylt retten til utdanning i ein trygg og inkluderande skole

Barneombodet vil halde fram arbeidet med det psykososiale skolemiljøet.

Barn blir ikkje utsette for ulovleg tvang i nokon offentleg institusjon

Barneombodet følgjer opp anbefalingane i rapporten som blei lansert hausten 2015 om bruk av tvang mot barn i barnevern og psykisk helsevern.

Barn i risiko for eller utsette for vald og overgrep møter eit system som ser, følgjer opp og gir god behandling

Barneombodet vil arbeide gjennom heile 2017 for å få gjennomslag for anbefalingane om tiltak for å redusere vald mot barn.

Dei internasjonale barnerettane er styrkte gjennom engasjementet til Barneombodet

I 2014 sette Barneombodet i gang eit prosjekt for å marknadsføre institusjonen Barneombodet og barnerettane internasjonalt. Prosjektet har fått midlar ut 2016, og vil etter planen bli ført vidare i 2017.

Rapporteringar frå Barneombodet til relevante internasjonale organ er viktige for barn i Noreg

Barneombodet vil lage ein supplerande rapport til FNs komité for barnerettar i 2017. Ombodet vil også samarbeide med Forum for barnekonvensjonen om å leggje til rette for at barn og unge kan utarbeide sin eigen rapport til komiteen.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter Barneombodet har. Løyvinga er mellom anna auka med 1,7 mill. kroner som følgje av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Departementet føreslår ei løyving på 15,6 mill. kroner.

Programkategori 11.20 Barnevernet

Hovudmål og prioriteringar

Barn og unge i Noreg som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte. Barnevernet skal setje i verk tiltak og yte tenester av riktig kvalitet og til riktig tid. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra av ulike grunnar ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng.

Utviklinga på barnevernsområdet går i riktig retning. Kvaliteten i barnevernet sine tenester blir stadig betre. Samtidig er utfordringane når det gjeld kvalitet i det kommunale barnevernet, godt dokumentert. Dette rammar særleg barn og familiar med store og samansette problem. Barnevernstenestene og andre tenester i kommunane lykkast i for liten grad i å gi hjelp som førebyggjer behovet for inngripande og kostbare barnevernstiltak som fosterheimar og institusjon. Det er nødvendig å redusere den uønskte variasjonen i barnevernet sin praksis, heve kvaliteten og kompetansen gjennom meir fagleg standardisering, strukturert samhandling med andre sektorar og formidling av relevant kunnskap om barnevernet.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet for Stortinget våren 2017. Reforma vil innehalde endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune. Regjeringa vil setje i verk ei satsing på kvalitet og kompetanse i det kommunale barnevernet. Kompetansebygging i kommunane må liggje til grunn for å auke det kommunale ansvaret for barnevernstenestene. Viktige mål vil vere å heve kvaliteten på utgreiings- og tiltaksarbeidet retta mot utsette barn og familiar, styrkje barnevernet sitt samarbeid med andre tenester og medverke til eit meir førebyggjande og kunnskapsbasert barnevern. Satsinga vil innehalde opplærings- og oppfølgingstiltak for barnevernstenestene, men også langsiktig arbeid for å utvikle betre system for rettleiing og arbeidsstøtte.

Arbeidet med å utvikle faglege anbefalingar for barnevernet er eit viktig element i satsinga og grunnlag for meir einsretta og kunnskapsbasert praksis. Det er avvik mellom krava som blir stilte til dei tilsette i barnevernet og krava til kompetanse i grunnutdanningane. Utvikling av utdanningstilbodet som blir gitt i universitets- og høgskolesektoren, er derfor avgjerande for å utvikle og heve kompetansen til tilsette i barnevernet.

Gode avgjerder og val av tiltak, og kunnskapsbasert tiltaksutvikling for spesifikke målgrupper, er avhengig av tilstrekkeleg kvalitet i undersøkings- og kartleggingsarbeidet. Utvikling av eit nasjonalt system for kartlegging av barn, saman med systematisk utvikling av statistikk og indikatorar, skal gi tilsette betre tilgang på fagleg støtte og medverke til betre oppfølging av kvalitet i tenestene. Dette må sjåast i samanheng med arbeidet med å utvikle digitale løysingar, slik at fagverktøy og styringsinformasjon blir lett tilgjengeleg. Det er eit stort potensial for å forbetre dagens digitale løysningar i barnevernet og den digitale samhandlinga mellom forvaltingsnivåa i barnevernet, og med andre tenester.

Å lykkast i skolen er ein av dei viktigaste enkeltfaktorane for eit godt vaksenliv. Barn og ungdom med tiltak frå barnevernet gjer det ofte mindre bra enn andre i skole og utdanning. Regjeringa meiner at barn i barnevernet skal ha høve til å utvikle evnene sine på lik linje med andre barn, og vil derfor halde fram arbeidet med å styrkje skole- og utdanningstilbodet for barn og unge med tiltak i barnevernet.

Barn i barnevernet har òg større helseutfordringar enn andre på same alder. Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet sett i gang eit arbeid for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene, slik at barn som har behov for hjelp frå begge tenestene får koordinert og heilskapleg hjelp og oppfølging. Arbeidet er særleg retta mot å gi barn i barnevernsinstitusjonar betre tilgang på helsetenester.

Kommunane har ansvar for å gi hjelpetiltak i heimen, med unntak av nokre forskingsbaserte hjelpetiltak som blir gitt av Bufetat. Arbeidet med å utvikle ein nasjonal plan på hjelpetiltaksområdet innan barnevern held fram i 2017. Mellom anna skal erfaringar frå bruken av kommunale hjelpetiltak systematiserast og planen skal medverke til å tilpasse hjelpetiltaka frå barnevernet betre til livssituasjonen til det enkelte barn og familie.

Regjeringa har sett i verk ein gjennomgang av eit utval akuttsaker og saker om omsorgsovertaking i barnevernet. Gjennomgangen skal gi kunnskap om behandlinga av enkeltsaker, og avdekke kva som eventuelt sviktar og kvifor svikt kan oppstå.

Det er viktig å ha tilstrekkeleg riktige fosterheimar som kan møte barna og ungdommane sine ulike behov. Det skaffast stadig fleire fosterheimar, men trass i auken er det framleis barn og unge som ventar lenge på ein fosterheim. Å skaffe fosterheimar vil derfor vere ei av hovudprioriteringane til Bufetat framover. Kommunen skal alltid vurdere om nokon i barnet sin familie eller nære nettverk kan vere fosterheim. Direktoratet har utarbeidd nye anbefalingar om fosterheimar i slekt og nettverk, inkludert fosterheimar til søsken. Bruk av familieråd er eit sentralt verkemiddel for å skaffe fosterheimar i slekt eller nære nettverk.

Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremyndigheit og tiltak for vern av barn fekk verknad i Noreg frå 1. juli 2016. Konvensjonen vil medverke til å førebyggje og løyse foreldretvistar og barnevernssaker når barn har tilknyting til fleire land. Bufdir er norsk sentralstyresmakt for konvensjonen og skal samarbeide med sentralstyresmaktane i andre konvensjonsstatar, rettleie om konvensjonen og informere om lover og tenester.

Det norske barnevernet er ein liten sektor. For å gjennomføre måla om kvalitets- og kompetanseutvikling i tenestene er det avgjerande at framdrifta og ambisjonsnivået er tilpassa storleiken på sektoren. Målretta arbeid, langsiktige prioriteringar og koordinert innsats over tid er kritiske suksessfaktorar. Departementet har gitt Bufdir rolla som fagleg premissleverandør i dette arbeidet. Denne rolla skal styrkjast og utviklast vidare i 2017 og i komande år.

Mål

For 2017 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

5: Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

5.1: Tiltak og tenester av riktig kvalitet til rett tid

5.2: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

5.3: Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Delmål 5.1. Tiltak og tenester av riktig kvalitet til rett tid

Resultatrapport 2015/2016

Førebyggjande tiltak – tidleg intervensjon og hjelpetiltak i barnevernet

Sjå også omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak) til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Formålet med lovendringa er å betre situasjonen for barnet og å førebyggje meir inngripande tiltak som til dømes omsorgsovertaking. Vedtak om å påleggje hjelpetiltak er tvangsvedtak og skal behandlast i fylkesnemnda. Lovendringa tredde i kraft 1. april 2016.

Departementet har i 2016 gitt ut retningslinjer om hjelpetiltak. Målet med retningslinjene er å gi tilsette i barnevernstenesta kunnskap om korleis dei kan setje i verk hjelpetiltak på ein god og forsvarleg måte.

Rundskrivet om saksbehandling i barnevernet er under revidering. God og riktig saksbehandling i seg sjølv reduserer ikkje behovet for omsorgsovertakingar, men kan medverke til at det blir gjort gode og riktige vurderingar, og til at rettstryggleiken for barn og foreldre blir teken vare på.

Kunnskaps- og tiltaksutvikling

Arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget i barnevernet og gjere tenestene meir kunnskapsbaserte heldt fram. Departementet har utarbeidd ein forskingsstrategi for 2016–2020, og barnevernsområdet er ein del av strategien. Departementet la vekt på at barnevernet skal tilby tiltak med best mogleg kvalitet i tråd med det brukarane sjølve seier, det erfaringane tilseier, og det forskinga viser at barn og unge treng.

Eit anna innsatsområde var å førebyggje utryggleik og konfliktar på barnevernsinstitusjonar. I 2015 blei det derfor i Bufetat Region Aust oppretta eit miljø for tryggleiken til barn og tilsette i barnevernsinstitusjonar, i tillegg til eit eige spisskompetansemiljø for akuttarbeid i beredskapsheimar og institusjonar. Resultata er gode både for barna og for dei tilsette. Det var til dømes færre trugsmål og mindre vald samanlikna med 2014.

Bufdir systematiserer erfaringane med bruken av hjelpetiltak. Målet er å få eit meir kunnskapsbasert barnevern og hjelpetiltak som er betre tilpassa livssituasjonen til utsette barn og familiar. Forskingsprosjektet Forskningskunnskap om hjelpetiltak i barnevernet (2012–2015) blei gjennomført i regi av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest), Uni Research Helse, NOVA og HiOA. Resultata frå prosjektet blei lagde fram hausten 2015 og viste at det har skjedd ei dreiing frå at familiar og barn tek imot støttetiltak, til meir bruk av rettleiingstiltak. Mange av familiane som var med i undersøkinga, var fornøgde med hjelpetiltaka dei hadde fått, og samarbeidet dei hadde med barnevernet. Samtidig blei det peikt på behov for å utvikle ei meir systematisk og heilskapleg tilnærming til familiane som i større grad er i samsvar med behova hos dei enkelte målgruppene. Bufdir arbeidde i 2015 med å utvikle eit nasjonalt fagutviklingsprogram for hjelpetiltaka i kommunane. Arbeidet held fram i 2016.

Bufdir har også eit fleirårig kvalitetsutviklingsprogram med innsatsområde som skal heve kvaliteten i tilboda. Direktoratet arbeidde med å utvikle eit opplæringsprogram for tilsette i barnevernsinstitusjonar om psykiske vanskar hos barn. I februar 2016 starta ei vidareutdanning i barnevernsleiing, der målgruppa er leiarar i heile barnevernet.

Vedtak nr. 440, 4. juni 2014

I samband med behandlinga av Dok. 8:30 S (2013–2014) vedtok Stortinget 4. juni 2014 oppmodingsvedtak nr. 440:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om fosterhjemsomsorgen innen utgangen av 2015.»

Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved at regjeringa la fram Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste for Stortinget 4. mars 2016.

Vedtak nr. 47, 1. desember 2014

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2014–2015) og Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015) vedtok Stortinget 1. desember 2014 oppmodingsvedtak nr. 47:

«Stortinget ber regjeringen prioritere arbeidet med økt rekruttering av fosterhjem, slik at barn ikke må stå i uforsvarlig lange køer i venting på et hjem.»

Rekruttering av fosterheimar, inkludert fosterheimar til einslege, mindreårige flyktningar, er ei av hovudprioriteringane til Bufetat. Dei skal skaffe tilstrekkeleg riktige fosterheimar som kan møte barna og ungdommane sine ulike behov. Det blir rekruttert stadig fleire fosterheimar, og i 2015 blei over 1 400 nye fosterheimar rekrutterte i regionane til Bufetat. Trass i auken er det framleis barn og unge som ventar lenge på ein fosterheim.

Bufdir har utarbeidd ein plan for å rekruttere fleire riktige fosterheimar. Planen har tre hovudsatsingsområde: rekruttering i slekt og nettverk, nasjonale kampanjar og utvikling av rekrutteringsstrategiar. Bufetat skal saman med brukarane, tenestedesignarar og forskarar leggje om prosessen kring rekruttering, opplæring og formidling for i større grad å finne fosterheimar som er i samsvar med behova til barnet. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom at Bufdir har fått løyvingar på 5 mill. kroner i 2015 og 10 mill. kroner i 2016 for å kunne satse på rekrutteringsarbeidet.

Vedtak nr. 219, 10. desember 2014

I samband med behandlinga av Dok. 1 S (2014–2015) vedtok Stortinget 10. desember 2014 oppmodingsvedtak nr. 219:

«Stortinget ber regjeringen prioritere arbeidet med økt rekruttering av fosterhjem, slik at barn ikke må stå i uforsvarlig lange køer i venting på et hjem.»

Vedtaket er likelydande med vedtak nr. 47, 1. desember 2014, sjå omtale under vedtak nr. 47.

Vedtak nr. 159, 9. desember 2015

I samband med behandlinga av Innst. 14 S (2015–2016) vedtok Stortinget 9. desember 2015 oppmodingsvedtak nr. 159:

«Stortinget ber regjeringen følge opp at den forskriftspålagte plikta om alltid å vurdere barnets familie eller nære nettverk som mulig fosterheim ved omsorgsovertaking, blir praktisert.»

Ved utgangen av 2015 budde 11 513 barn i fosterheim. Blant dei barna som for første gong flytta inn i ein fosterheim i løpet av 2015, flytta nærmare halvparten til slektningar eller til personar i det nære nettverket. Det er ein auke frå 2014.

Departementet viser til at kommunen alltid skal vurdere om nokon i familien eller det nære nettverket til barnet kan vere fosterheim, jf. fosterheimsforskrifta § 4 andre ledd. I høyringsnotatet Forslag til endringer i barnevernloven: kvalitets- og strukturreform føreslår departementet at denne plikta skal takast inn i barnevernlova. Formålet er å tydeleggjere ansvaret og rette merksemda mot at det er viktig å vurdere familie og nære nettverk som potensielle fosterheimar.

Oppmodingsvedtaket er også teke vare på mellom anna gjennom at direktoratet har utarbeidd nye anbefalingar om fosterheimar i slekt og nettverk og fosterheimar som kan ta imot søsken. Anbefalingane understrekar at familieråd er eit sentralt verkemiddel. Det vil truleg føre til auka bruk ute i kommunane. Direktoratet jobbar med å gjere anbefalingane kjende for tilsette i barnevernstenestene. Fosterheimar i slekt og nære nettverk er også tema i nasjonale rekrutteringskampanjar.

Departementet følgjer også opp plikta til å vurdere familien eller nettverket til barnet som ein mogleg fosterheim gjennom Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste. Meldinga føreslår å gi kommunane plikt til å vurdere bruk av familieråd eller andre metodar for nettverkskartlegging når barn treng ein fosterheim. Da meldinga blei behandla i Stortinget 31. mai 2016, fekk også fleire forslag om å vurdere familie og nære nettverk tilslutning.

For å styrkje utgreiingskompetansen i barnevernet har dei kommunale barnevernstenestene fått tilbod om opplæring i kartleggingsverktøyet EuroAdad, og regionsentera for barn og unge (RKBU) har utarbeidd forslag til to opplæringsopplegg. Om lag 230 tilsette i kommunane har gjennomført opplæringa. I tillegg starta eit fireårig forskingsprosjekt om meldings- og utgreiingsarbeid.

I 2015 løyvde Stortinget 35 mill. kroner ekstra til kjøp av plassar frå ideelle senter for foreldre og barn. Løyvinga blei vidareført og prisjustert til 36 mill. kroner i statsbudsjettet for 2016. Målet med løyvinga er å auke bruken av dei ideelle sentera. Løyvinga blei i revidert nasjonalbudsjett 2015 fordelt mellom Bufetat og Oslo kommune, ut frå plasseringa av sentera.

Bufetat kjøpte faste plassar i dei tre sentera i sitt innkjøpsområde tilsvarande løyvinga frå Stortinget. Det gav sentera ein garanti for alle tilgjengelege plassar hausten 2015 og ein garanti for om lag 50 prosent av plassane for heile 2016. Det er kommunane som definerer behovet for plassar i sentera, og ein slik garanti kan føre til at kjøpte plassar står tomme på grunn av låg etterspurnad. I tillegg til dei faste plassane skal Bufetat kjøpe plassar i sentera avhengig av behovet og etterspurnaden frå kommunane. Bufdir kjøpte plassar for 33,7 mill. kroner i 2015, ein auke på 19,2 mill. kroner frå 2014.

Oslo kommune kjøpte plassar for 13,2 mill. kroner i 2015, ein auke på 3,5 mill. kroner frå 2014. Dei foreløpige rekneskapstala viser at det blei kjøpt plassar for 5,6 mill. kroner første halvår 2016, ein auke på 300 000 kroner frå første halvår 2015. Heilårseffekten av løyvinga vil ein først sjå i 2016. I Oslo kommune er det bydelane som definerer kva tiltak som er best eigna for det enkelte barnet. Løyvinga frå Stortinget er derfor overført til bydelane. Sentera for foreldre og barn er eitt av fleire tiltak for sped- og småbarn, og bydelane skal kjøpe plassar i sentera etter behov. I 2015 og første halvår 2016 svarte likevel ikkje etterspurnaden frå bydelane til løyvinga. Stortinget gav derfor løyve på ytterligare 7 mill. kroner til kjøp av tenester gjennom Bufdir frå dei ideelle sentera i revidert nasjonalbudsjett 2016. Departementet føreslår at midlane som blei tildelt til Oslo kommune flyttast til Bufetat i 2017, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Ved flytting av midlane vil Bufdir gjennomføre ein anbodskonkurranse for sentera for foreldre og barn.

I høyringsnotatet Forslag til endringer i barnevernloven: kvalitets- og strukturreform føreslår departementet endringar i tilbodet til sped- og småbarn som vil medverke til at fleire barn i målgruppa får eit målretta tilbod.

Departementet samarbeidde med Kunnskapsdepartementet om oppfølginga av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. NOKUT har sett i gang tilsyn med dei sosialfaglege utdanningane. Læringsutbyte og arbeidsrelevans er viktige tema. I tillegg har Bufdir fått i oppdrag å kartleggje behova for kompetanse i barnevernstenestene. Resultata vil danne grunnlag for vidare utviklingsarbeid innan utdanningane som kvalifiserer for arbeid i barnevernet.

I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet har BLD sendt ut felles samfunnsoppdrag for regionale og nasjonale kunnskaps- og kompetansesenter. Formålet med å gi kunnskaps- og kompetansesentera felles samfunnsoppdrag er å gi tydelege og felles signal om forventingar til verksemda ved sentera. Det overordna samfunnsoppdraget til kompetansesentera er å medverke til å styrkje kompetansen og kvaliteten i relevante tenester. Sentera skal både vere ei teneste for tenestene og ei teneste for den førebyggjande verksemda i kommunane. Sjå elles omtalen i Prop. 1 S (2016–2017) frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Atferdssenteret har i 2015 hatt aktivitet med eit nasjonalt nedslagsfelt knytt til dei tre hovudområda som dei har fått tilskot til: forsking og utvikling, tenestestøtte og formidling til praksisfeltet og andre tenester. Atferdssenteret fører vidare opplæringa i metodane dei arbeider med. Det er positivt at stadig fleire kommunar bruker programmet Tidlig Innsats for Barn i Risiko, som gjennom heilskapleg innsats og foreldrerettleiing førebyggjer og avhjelper atferdsproblemer hos barn. Programmet har også som målsetjing å styrkje barnet sin sosiale kompetanse. Atferdssenteret er i gang med førebuingane for å prøve ut ei behandling for barn og unge med angst, depresjon, stress og problem knytte til åtferd. Det er også positivt at senteret når opp ved tildeling av midlar gjennom programverksemda til Forskingsrådet.

Forskingsrådet har på oppdrag frå departementet stått for evalueringa av Atferdssenteret. Evalueringskomiteen er positiv til arbeidet ved Atferdssenteret, og peiker særleg på kvaliteten på og omfanget av dei vitskaplege arbeida og at arbeidet med å implementere tiltaka er godt gjennomtenkt og systematisk. Komiteen peiker samtidig på enkelte forbetringsområde, mellom anna samarbeidet med utdanningsinstitusjonane og formidling til praksisfeltet.

Fagdirektoratsoppgåver til Bufdir

Bufdir har arbeidd med å utvikle rolla som fagleg premissleverandør for heile barnevernet, mellom anna gjennom å samarbeide med andre tenester og aktørar og ved å skaffe dokumenterbar kunnskap om barnevernet. Arbeid med statistikk og analyse, formidling av kunnskap, oppfølging av samarbeidspartnarar og kommunar har vore viktig i utviklinga av rolla som fagdirektorat. Digitalisering og IKT har òg vore prioritert i 2015 mellom anna for å gi gode forenkla løysingar for brukarane.

Bufdir har jobba med å utvikle styringa av Bufetat i form av å utvikle etatsstyringsrolla til direktoratet.

Fylkesmannen er ein viktig aktør når det gjeld å nå ut til kommunane med faglege anbefalingar, rettleiingar o.l. Godt samarbeid mellom direktoratet og Fylkesmannen har derfor vore sentralt i etableringa av rolla til direktoratet som fagleg premissleverandør for heile barnevernet. Samarbeidet har vore nyttig i den vidare utviklinga av direktoratet si rolle som sentralt kunnskaps- og kompetansemiljø for oppgåvene til barnevernstenesta.

For å styrkje kunnskaps- og kompetanseutviklinga i barnevernet har direktoratet i 2015 sett i verk forskings- og utviklingsprosjekt på ei rekkje område, mellom anna undersøkingsarbeid i kommunalt barnevern, ettervern, juridiske problemstillingar mellom helsesektoren og barnevernet og utvikling av ein ny rettleiingsmodell for institusjonar.

Gode omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

I 2015 kom det totalt 859 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år til Noreg, mot 188 i 2014. Alle blei tekne hand om av Bufetat, anten i eigen regi eller gjennom kjøp av private plassar. Det har aldri kome så mange einslege, mindreårige asylsøkjarar til Noreg på eitt år som i 2015. Ved inngangen til 2015 budde 110 barn i omsorgssenter, ved utgangen av året var talet over 750. Arbeidet med å sikre tilstrekkeleg med plassar i omsorgssentera la beslag på store ressursar i Bufdir og Bufetat i 2015. Løyvinga til omsorgssentera blei i løpet av 2015 auka med om lag 180 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2015.

BLD innførte i desember 2015 ein dispensasjonsheimel i kvalitetsforskrifta. Heimelen gir høve til å fråvike krava til barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter i ekstraordinære situasjonar. Forskriftsendringa gir Bufetat større fleksibilitet i arbeidet med å skaffe mange nok plassar i omsorgssenter i ein ekstraordinær situasjon.

I 2015 blei 139 einslege, mindreårige flyktningar frå omsorgssentera busette i 41 kommunar. I 2015 venta barna i gjennomsnitt fire månader frå vedtak om opphald til busetjing. Det var ein auke på éin månad frå året før. Auken i ventetida kjem av at behovet for busetjingsplassar blei større på grunn av den store tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg, og at det er utfordrande å finne eigna butilbod i kommunane. Ved utgangen av 2015 venta 147 busetjingsklare barn i omsorgssentera.

Ordninga med refusjon av utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar blei ført vidare i 2015. Inntil 80 prosent av utgiftene som overstig den kommunale eigendelen, blir refundert. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) blei det varsla at regjeringa ville greie ut ein modell der kommunane kunne velje mellom ordninga med 80 prosent refusjon og eit fast tilskot. Ein må forvente at ei ordning der kommunane kan velje finansieringsmodell, fører til ein auke i utgiftene til staten utan at midlane nødvendigvis treffer dei kommunane eller dei barna som treng det mest. Regjeringa har derfor kome fram til at ei slik ordning ikkje vil vere formålstenleg, og viser til omtale under Strategiar og tiltak for 2017 under delmål 5.1, der det blir føreslått å leggje om refusjonsordninga til ei ordning med fast tilskot.

Støtte til organisasjonar og prosjekt på barnevernsområdet

Organisasjonane i barnevernet er sentrale aktørar for å fremme brukarmedverknad og viktige samarbeidspartnarar for Bufdir i utviklinga av råd og anbefalingar til tenestene. Departementet har to tilskotsordningar til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet. Den eine skal yte driftstilskot til organisasjonane. Gjennom denne ordninga fekk åtte sentrale organisasjonar tilskot i 2015 – både organisasjonar for brukarar (barn og foreldre), tilsette og andre fagpersonar i barnevernet. Den andre er tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet. I 2015 fekk 14 prosjekt tilskot, av dei hadde Forandringsfabrikken ei øyremerkt støtte på 2 mill. kroner til prosjektet Mitt Liv. Tilskota skal medverke til å utvikle og spreie kunnskap, prøve ut modellar, betre det førebyggjande arbeidet eller samhandlinga mellom tenester. Hovudområda brukarmedverknad og dialogarbeid mellom barnevernet og minoritetsbefolkninga blei prioriterte.

Endringar i finansieringsansvaret for kommunane

Satsen for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn blei auka til inntil 65 000 kroner per barn per månad i 2015. Kommunane blei kompenserte for auken i eigendelane gjennom ein auke i rammetilskotet. Eigenbetalinga speglar no i større grad dei faktiske kostnadene ved tiltaket. Målet var å leggje til rette for barnevernfaglege vurderingar for å finne riktige tiltak og for å betre samhandlinga mellom kommunalt og statleg barnevern.

Regjeringa føreslo i høyringsnotatet Forslag til endringer i barnevernloven: kvalitets- og strukturreform å gi kommunane auka fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon om endringane våren 2017.

Strategiar og tiltak for 2017

Ny ansvarsdeling i barnevernet

Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaget i Prop. 106 L (2012–2013) om ei tydelegare ansvarsdeling mellom kommunalt og statleg barnevern. Regjeringa har ein ambisjon om eit betre barnevern som gir fleire barn rett hjelp til rett tid. Regjeringa er særleg oppteken av at det skal leggjast meir vekt på førebygging og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn og familiar. Det er kommunane som best kjenner behova til det enkelte barnet. Regjeringa tek derfor sikte på å leggje fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet våren 2017. Forslag til endringar i ansvarsdelinga mellom det kommunale og det statlege barnevernet har vore på høyring. Regjeringa har i høyringa føreslått at kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Regjeringa vil setje i verk ei satsing på kvalitet og kompetanse i det kommunale barnevernet. Kompetansebygging i kommunane må liggje til grunn for å auke det kommunale ansvaret for barnevernstenestene.

Alta, Røyken og Nøtterøy i interkommunalt samarbeid med Tjøme, er med i eit forsøk med endra oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommune og stat innan barnevernet. I 2017 skal dei første erfaringane frå forsøket vurderast samtidig som den generelle reforma blir utvikla.

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

Regjeringa legg vekt på å styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at tenestene kan kome tidleg inn med gode tiltak og førebyggje at problema blir større.

Direktoratet skal utvikle ein nasjonal plan for hjelpetiltak i barnevernet. I arbeidet skal erfaringar frå bruken av kommunale hjelpetiltak systematiserast. Planen skal danne grunnlag for kvalitets- og kompetansetiltak og medverke til eit meir kunnskapsbasert barnevern, slik at hjelpetiltaka frå barnevernet blir betre tilpassa livssituasjonen til det enkelte barnet og den enkelte familien. I planen blir det lagt vekt på førebygging og samarbeid med andre tenester om tiltak til utsette barn og familiar.

Ein føresetnad for å nå fram med tidleg og rett hjelp er god kvalitet i undersøkings- og kartleggingsarbeidet i barnevernet. Tilsyn viser at det er nødvendig å betre kvaliteten i undersøkingar og kartleggingar. Arbeidet med fagleg rettleiing og kompetanseutvikling i denne delen av arbeidet til barnevernet blir intensivert i 2017.

Tiltak utanfor heimen

Barnevernet skal gjennom Bufetat gi barn og unge som treng det, eit spesialisert og differensiert tilbod av god kvalitet. Barn og unge skal sikrast riktig tiltak til rett tid, og tiltaket skal vere godt, uavhengig av kvar i landet dei bur. Eit riktig differensiert tilbod skal medverke til at behovet til kvart enkelt barn på best mogleg vis blir teke vare på, og redusere risikoen for negativ sosial læring. Innsatsområda i Bufetat sin strategi for å utvikle kvalitet i tenestetilbodet skal utviklast vidare i 2017. I arbeidet for å nå målet om meir likeverdige tenester er fagutvikling og standardisering viktig, også når det gjeld spesialiserte tilbod.

Stortinget behandla Meld. St. 17 (2015–2017) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste den 31. mai 2016. Det blei gjort 17 oppmodingsvedtak, som kjem i tillegg til dei 24 tiltaka som er omtalte i meldinga, og som Stortinget gjekk inn for. Oppfølginga av stortingsvedtaka vil føre med seg ein betydeleg ressursinnsats, og det vil vere nødvendig å prioritere når det gjeld tidspunkt for gjennomføring av dei ulike vedtaka omtala under.

Vedtak nr. 740

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå bruken av tvang når det gjelder barn innenfor barnevernet og fosterhjemsomsorgen.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 740.

Vedtak nr. 742

«Stortinget ber regjeringen sikre fosterfamilier med barn med funksjonsnedsettelser trygge og forutsigbare rammevilkår og god og koordinert tilrettelegging.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 742.

Vedtak nr. 743

«Stortinget ber regjeringen sette i gang forskning på hvordan biologiske barn opplever å være fostersøster/bror.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 743.

Vedtak nr. 744

«Stortinget ber regjeringen se på tiltak som kan gjøres for hvordan adopterte barn kan få best mulig oppfølging for å sikre en god oppvekst.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 744.

Vedtak nr. 745

«Stortinget ber regjeringen vurdere om også pålagte tiltak kan settes inn uten samtykke under svangerskap for å sørge for tidlig hjelp og forebygge omsorgssvikt for nyfødte.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 745.

Vedtak nr. 746

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt alle fosterforeldre årlig bør gis veiledning, blant annet om grensesetting.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 746.

Vedtak nr. 747

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag for Stortinget som sikrer likeverdige økonomiske rammevilkår for fosterforeldre i kommunale fosterhjem.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 747.

Vedtak nr. 748

«Stortinget ber regjeringen utrede fosterforeldres pensjonsvilkår med siktemål om at fosterforeldre ikke skal tape på å være frikjøpt på grunn av barnets ekstra behov for omsorg og oppfølging.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 748.

Vedtak nr. 749

«Stortinget ber regjeringen om en full gjennomgang av fosterhjemskontraktene, og komme med en løsning som gir større forutsigbarhet enn i dag, herunder bedre rettigheter for fosterforeldrene og en mer formell tilknytning for barnet til fosterhjemmet.»

Utvalet som skal gå igjennom barnevernlova, har vurdert behovet for lovendringar når det gjeld partsrettar mellom anna for fosterforeldre. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om ei vidare oppfølging av vedtak nr. 749.

Vedtak nr. 750

«Stortinget ber regjeringen sette i gang et forskningsprosjekt for å se på hva slags ettervern som har best effekt.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 750.

Vedtak nr. 752

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for fosterforeldre som blir uføretrygdet eller får arbeidsavklaringspenger.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 752.

Vedtak nr. 753

«Stortinget ber regjeringen om at det igangsettes en NOU om fosterhjemsomsorgen for å få en helhetlig gjennomgang.»

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtak nr. 753.

Vedtak nr. 754

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det ved eventuell innføring av nasjonalt kartleggingssystem sikres at hvert barn får individuell og faglig vurdering.»

I høyringsnotatet av 17. mars 2016 om ei kvalitets- og strukturreform i barnevernet er det vist til at Bufdir greier ut eit nasjonalt kvalitetssystem for barnevernet. Systemet skal gi tilsette avgjerdstøtte gjennom faglege verktøy og rettleiing i undersøkings- og kartleggingsarbeid. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølging av vedtak nr. 754 i samband med kvalitets- og strukturreforma i barnevernet.

Vedtak nr. 755

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag til lov om at ingen omsorgsovertakelse skal bli vedtatt uten at barnets egen familie eller nære nettverk er vurdert og at det i forskrift bestemmes at det i saksframstillingen eller på annen måte skal synliggjøres at dette er vurdert før vedtaket ble fattet.»

I høyringsnotatet av 17. mars 2016 om ei kvalitets- og strukturreform i barnevernet er det føreslått å lovfeste ei plikt for barnevernstenesta til alltid å vurdere om nokon i familien eller nettverket til barnet kan vere fosterheim. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølging av vedtak nr. 755 i samband med kvalitets- og strukturreforma i barnevernet.

Vedtak nr. 756

«Stortinget ber regjeringen sørge for at fylkesmannen i sitt tilsyn med barneverntjenesten også undersøker spesifikt om familie eller nære nettverk er vurdert i alle omsorgsovertakelser.»

Statens helsetilsyn har det overordna faglege tilsynet med barnevernsverksemda i kommunane. Departementet har føreslått for Statens helsetilsyn at dette er eit tema som kan vurderast i deira landsomfattande tilsyn.

Vedtak nr. 757

«Stortinget ber regjeringen sørge for at søsken som hovedregel ikke blir splittet ved omsorgsovertakelse, og at det gjøres tiltak som legger bedre til rette for fosterfamilier som tar i mot søsken.»

Direktoratet utarbeidde i april 2016 faglege anbefalingar for fosterheim i slekt og nettverk, som også inkluderte ei anbefaling om å plassere søsken i same fosterheim. Anbefalingane er digitalt utforma, og direktoratet arbeider no for å gjere dei kjende for barnevernstenestene. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om vidare oppfølging av vedtak nr. 757.

Vedtak nr. 435 punkt 4, 12. januar 2016

I samband med behandlinga av Dok 8:37 S (2015–2016) vedtok Stortinget 12. januar 2016 oppmodingsvedtak nr. 435 punkt 4:

«Stortinget ber regjeringen om å:
  • 4. Arbeide med tiltak for å rekruttere flere fosterfamilier, herunder legge til rette for at det etableres støtteapparat/veiledningstjeneste for foreldre som ønsker å være fosterforeldre for barn som får asyl i Norge.»

Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved at Bufdir i 2016 fekk i oppdrag å leggje til rette for å etablere eit støtteapparat/rettleiingsteneste for personar som ønskjer å vere fosterforeldre til barn som får opphald i Noreg. Bufdir har kartlagt behovet og vil utarbeide eit opplærings- og rettleingsprogram som vil inngå i støtteapparatet rundt fosterheimen.

Bufdir har også utarbeidd ein plan for å rekruttere fleire riktige fosterheimar. Planen har tre hovudsatsingsområde: rekruttering i slekt og nettverk, nasjonale kampanjar og utvikling av rekrutteringsstrategiar. Bufdir har fått tildelingar på 5 mill. kroner i 2015 og 10 mill. kroner i 2016 til ei ekstra satsing på rekrutteringsarbeidet. Sjå også omtale av oppmodingsvedtak nr. 47, 1. desember 2014 under Resultatrapportering under delmål 5.1.

For 2017 føreslår Regjeringa 3 mill. kroner til vidareutvikling og implementering av eit støtteapparat/rettleiingsteneste for fosterforeldre til barn som får opphald i Noreg.

Vidare fekk SOS-barnebyer i revidert nasjonalbudsjett 2016 ei løyving på 3 mill. kroner for å utvikle og prøve ut ein ny modell for busetjing og integrering og å utarbeide ein erfaringsguide.

Sjå også omtale av vedtak 435 i Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk og Justis- og beredskapsdepartementets sin budsjettproposisjon.

Vedtak nr. 820, 8. juni 2016

I samband med behandlinga av Innst. 349 S (2015–2016) vedtok Stortinget 8. juni 2016 oppmodingsvedtak nr. 820:

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for å hindre at man plasserer de som begår seksuelle overgrep og barn som er utsatt for seksuelle overgrep, på samme institusjon. I den forbindelse må man også gå gjennom regelverket for å sikre nødvendige hjemler som hindrer at barn begår nye overgrep mens de bor på institusjon.»

Tilbod til unge overgriparar er ein del av planarbeidet mot vald. Behandlingsansvaret ligg i helsetenesta. Det er likevel barn i denne gruppa som oppheld seg i barneverninstitusjonar på grunn av svikt i omsorga eller alvorlege åtferdsvanskar.

Utgreiing av barn før inntak i barneverninstitusjon og rutinar på institusjonane skal sikre at barn med denne type problem ikkje kan utføre overgrep eller krenkande åtferd mot andre barn på same institusjon. Bufetat har i dag rutinar for inntak som bidreg til at eining for inntak unngår å plassere barn som har vore utsett for seksuelle overgrep i same institusjonseinig som barn som gjer seg skuldig i seksuelle overgrep. Dette gjeld både ved ordinære institusjonsplasseringar og ved akuttplasseringar. Dersom feilplasseringar skulle oppstå, har Bufetat rutinar for å ta hand om dette. Bufetat har god erfaring med samarbeidet med kommunalt barnevern i desse komplekse sakene.

Når det gjeld gjennomgang av regelverket for å sikre nødvendige heimlar for å hindre at barn gjer nye overgrep medan dei bur på institusjon, vil regjeringa kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Gode omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har kome til landet og søkt asyl utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Tilstrøyminga av einslege, mindreårige asylsøkjarar auka kraftig hausten 2015 og har ført til ein kraftig vekst i behovet for omsorgsplassar for denne gruppa.

Vedtak nr. 435 punkt 3, 12. januar 2016

I samband med behandlinga av Dok 8:37 S (2015–2016) vedtok Stortinget 12. januar 2016 oppmodingsvedtak nr. 435 punkt 3:

«Stortinget ber regjeringen om å:
  • 3. Legge til rette for større grad av differensiering av tilbudet med utgangspunkt i den enkeltes ressurser og behov.»

BLD har vurdert at det er behov for å gjere endringar slik at regelverket blir betre tilpassa store variasjonar i tilstrøyminga. Departementet føreslår eit meir differensiert tilbod til barn i omsorgssenter ut frå alder og behov. Yngre barn skal kunne få tilbod om å bu i ein familie som eit alternativ til omsorgssenter. Departementet har sendt forslag til ny lov på høyring. Sjå også omtale av vedtak nr. 435 i Prop. 1 S (2016–2017) frå Justis- og beredskapsdepartementet og i Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk.

Endra finansiering for kommunar som buset einslege, mindreårige flyktningar

Det er svært viktig at einslege, mindreårige flyktningar som har fått opphald i landet, raskt blir busette i ein kommune. Kommunane får i 2016, utover ein kommunal eigendel, refundert 80 prosent av utgiftene til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Den eksisterande ordninga har vore kritisert særleg fordi kommunane blir belasta ein eigendel uansett kor effektivt dei driv. Ordninga kan òg ha ført til eit overforbruk av tiltak i barnevernet, sidan dette har vore eit krav for å få refusjon.

Vedtak nr. 435 punkt 5, 12. januar 2016

I samband med behandlinga av Dok 8:37 S (2015–2016) vedtok Stortinget 12. januar 2016 oppmodingsvedtak nr. 435 punkt 5:

«Stortinget ber regjeringen om å:
  • 5. Gjennomgå refusjonsordningen for barnevernstiltak i samråd med KS raskt, herunder se på alternative finansieringsordninger for kommunene som en stykkprismodell, og legge dette frem for Stortinget.»

BLD viser til Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk, der det står at regjeringa i statsbudsjettet for 2017 vil ta stilling til om ordninga med refusjon av utgiftene kommunane har til barnevernstiltak for einslege mindreårige, bør leggjast om til ei ordning med fast tilskot. BLD har vore i kontakt med KS i dette arbeidet, og KS har føreslått ein modell der kommunane får 100 prosent refusjon av utgifter til barnevernstiltak for einslege mindreårige opp til eit tak som er avhengig av kva slags butiltak barnet får.

BLD har ikkje gått vidare med denne modellen fordi ein slik modell vil vere tungvint og dyr å forvalte og også svært vanskeleg å utforme i praksis. Det vil vere krevjande å fastsetje tilskotstaket på ein måte som ikkje gir kommunane utilsikta insentiv ved val av butiltak. Vidare gir ikkje ordningar med 100 prosent refusjon insentiv til kostnadskontroll.

Regjeringa føreslår å leggje ordninga med refusjon av utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar om til ei ordning med fast tilskot frå 1. januar 2017. Kommunane skal få eit fast tilskot for kvar einsleg, mindreårig flyktning dei buset, og tilskotet vil ikkje stille krav om barnevernsvedtak. Regjeringa føreslår at tilskotssatsen skal vere høgare for dei yngste barna, slik at kommunane får auka insentiv til å busetje desse barna.

Løyvinga over refusjonsordninga blir slått saman med Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, som ligg på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Regjeringa føreslår at den nye ordninga skal vere ei overslagsløyving, slik refusjonsordninga er i dag. Omlegginga fører ikkje isolert sett til endringar i dei gjennomsnittlege overføringane til kommunane per einsleg mindreårig flyktning, det er berre føresetnadene for utbetaling som blir endra. Som følgje av ulikt etterslep av utbetalingar i ny og gammal ordning, aukar likevel dei samla overføringane til kommunesektoren i 2017. Auken er anslått til om lag 470 mill. kroner. Den nye tilskotsordninga skal forvaltast av IMDi. Ordninga er nærmare omtalt i budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Kommunane skal framleis kunne søkje refusjon av utgifter som oppstod til og med 31. desember 2016. Søknadar må sendast Bufdir innan 1. august 2017.

Ei ordning med fast tilskot vil vere meir effektiv å administrere enn dagens ordning både for staten og for kommunane fordi det er enklare å administrere ei ordning med fast tilskot enn ei ordning der dokumenterte utgifter blir refunderte. Det vil òg vere enklare for kommunane å søkje berre eitt direktorat om tilskot til busetjing av flyktningar.

Den nye tilskotsordninga vil gjere både inntektene til kommunane og utgiftene til staten meir påreknelege. Ordninga vil gi auka kostnadskontroll for staten samtidig som kommunane får større fleksibilitet fordi dei kan prioritere midlane slik dei finn mest formålstenleg.

I dagens ordning må kommunane dekkje 20 prosent av utgiftene utover eigendelen uansett kor effektivt dei driv. I ei ordning med fast tilskot vil kommunane kunne tilpasse seg slik at dei får full kostnadsdekking. Kommunane kan òg dra nytte av eventuelle stordriftsfordelar slik at det blir meir lønnsamt for kommunane å busetje fleire barn.

Regjeringa føreslår vidare å utvide det særskilde tilskotet ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar. I dag kan dette tilskotet utbetalast i maksimalt fem år. Regjeringa føreslår at einslege mindreårige flyktningar skal kunne utløyse tilskotet fram til dei fyller 20 år. Dersom dei fyller 20 år før det har gått fem år, skal dei likevel kunne utløyse tilskotet i fem år, slik som i dag.

Som følgje av at refusjonsordninga blir avvikla, føreslår regjeringa at kommunane skal betale ordinær eigendel for busette einslege mindreårige flyktningar ved plassering i institusjon, for å forhindre utvida bruk av institusjon for denne gruppa. Kommunane skal framleis betale halv eigendel ved plassering i institusjon av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar frå omsorgssenter eller asylmottak. Endringa gir ein forventa inntektsauke for staten. Midlane blir førte tilbake til kommunane gjennom ein tilsvarande auke i den nye tilskotsordninga.

Sjå også omtale av vedtak 435 i Prop. 1 S (2016–2017) frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Kompetanse- og kvalitetsutvikling i barnevernet

I 2017 vil regjeringa arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Eit av dei sentrale måla er å gjere tenestene meir kunnskapsbaserte. Departementet ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetansebygging og erfaringsformidling som ledd i utviklinga av kvaliteten i barnevernet i Noreg.

Regjeringa ønskjer å styrkje kunnskapsgrunnlaget og støtte ei nødvendig utvikling på barnevernsområdet. Noregs forskingsråd skal gjennom forskingsprogrammet HELSEVEL bidra til betre og meir treffsikker hjelp frå barnevernet.

Gjennom det langsiktige utviklingsarbeidet i Bufdir vil det bli arbeidd med å styrkje kvaliteten i barnevernet. Bufdir vil utarbeide faglege rettleiingar med tilhøyrande standardiserte tenesteforløp, og kompetansen til dei tilsette i barnevernet skal utviklast vidare.

I 2017 skal områda akutt- og undersøkingsarbeid prioriterast. Det er eit mål å redusere talet på akuttplasseringar i barnevernet. Det er vidare nødvendig å redusere variasjonen mellom tenestene når det gjeld korleis ein går fram, og variasjonen i vurderingane som blir gjorde i akutte saker og ved undersøkingar.

Departementet samarbeider med Kunnskapsdepartementet om oppfølginga av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Meldinga inneheld ei rekkje tiltak for å betre kvaliteten i dei helse- og sosialfaglege utdanningane. Tiltaka omfattar mellom anna utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet.

Regjeringa vil setje i verk særlege tiltak for å heve kvaliteten og kompetansen i kommunane. Tiltaka vil vere ein del av kvalitets- og strukturreforma, sjå tidlegare omtale under delmål 5.1, og dei skal medverke til at kommunane blir betre rusta til å ta på seg eit større ansvar for barnevernet.

Satsinga på auka kvalitet og kompetanse vil i 2017 innehalde

  • opplæringstiltak retta mot tilsette i barnevernet, med særleg vekt på undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid

  • utviklingsarbeid med sikte på å få på plass eit fagleg rammeverk for arbeidet med undersøkingar, avgjerder og oppfølging av barn i tiltak i barnevernet. I samarbeid med IT-leverandørane i barnevernet skal det greiast ut korleis eit system for avgjerdsstøtte kan integrerast i saksflyten i barnevernstenestene, slik at tenestene får ein enkel og samanhengande tilgang på styringsinformasjon, fagleg støtte og rettleiing

  • tilbod om rettleiing til leiarar i barnevernstenestene. Rettleiingstilbodet skal givast til kommunar med høg risiko for svikt i tenestetilbodet

  • dialogmøte retta mot den politiske og administrative leiinga i kommunane, for å leggje til rette for lokalt utviklingsarbeid og ei tydeleg forankring av barnevernet i kommunane

Bufdir har ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av kvalitets- og kompetansetiltaka. Direktoratet vil leggje vekt på samarbeid med kommunesektoren, brukarorganisasjonar og relevante kompetansemiljø på barnevernsområdet, som Atferdssenteret og dei regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU). Samarbeid med universitets- og høgskolesektoren er viktig for å kunne utvikle meir relevante grunn- og vidareutdanningar.

Gjeldande avtalar med fire lærestader om å tilby vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv går ut ved utgangen av 2016. Bufdir vil i 2017 få i oppdrag å greie ut alternative tiltak for å heve kompetansen på dette området. Departementet ønskjer å oppretthalde vidareutdanningstilbodet i 2017. Tilbodet skal primært vere for tilsette i kommunalt barnevern, men også tilsette i barnevernsinstitusjonar kan takast opp som studentar. På grunn av låge eller varierande søkjartal til studia legg departementet opp til å redusere talet på lærestader. For å bidra til at utdanningstilbodet blir nytta i større grad, føreslår departementet å inkludere vidareutdanninga i tilskotsordninga til barnevernfaglege vidareutdanningar i 2017.

Digitalisering og IKT

Ein meir brukarretta velferdsteknologi vil kunne føre til større effektivitet og betre tilgjengelegheit. Digitalisering og auka merksemd overfor brukarane kan òg medverke til forenkling og utvikling av betre tilpassa tenester. Departementet skal sjå til at underliggjande etatar vidareutviklar digitaliserte løysingar for forvalting og kunnskapsutvikling.

Som grunnlag for å utvikle digitale løysingar vil det å involvere brukarane stå sentralt. Bufdir skal arbeide systematisk for at alle tenesteytarar i barnevernet kan nytte likestilte digitale tenester, med barna i sentrum og med heilskap i data og analysar. Direktoratet skal prioritere ressursar for å koordinere den digitale utviklinga i barnevernet der også kommunane og andre etatar på velferdsområda tek del.

I samband med at regjeringa legg fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet, tek departementet i 2017 sikte på å greie ut moglegheitene for betre digital samhandling i barnevernet.

I 2016 starta arbeidet med å utvikle vidare eit sikkert elektronisk system for ekstern dokumentutveksling i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Utrullinga av det eksterne systemet skal fullførast i løpet av 2017. Målet er å forenkle og effektivisere saksbehandlinga, noko som også kan gi utslag for saksbehandlingstida.

Delmål 5.2. Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

Resultatrapport 2015/2016

Tidleg innsats og samarbeid med andre tenester

Sjå også omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Helsa til barn i barnevernet, og særleg den psykiske helsa til barn i barnevernsinstitusjonar, var eit høgt prioritert satsingsområde i 2015. Arbeidet blir gjennomført av Bufdir i samarbeid med Helsedirektoratet. Målet med satsinga har vore å medverke til at barn og unge får nødvendige og forsvarlege helsetenester.

Utviklinga av eit opplæringsprogram om barn og unges psykiske helse for tilsette i barnevernsinstitusjonar heldt fram i 2015. I tillegg blei det sett i verk eit arbeid med å kartleggje erfaringane barn har med fastlegeordninga, med psykisk helsevern for barn og unge og med tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Det blei gitt ut ei kunnskapsoversikt og eit felles rundskriv om samarbeid mellom barnevern og psykisk helsevern for barn og unge.

I tillegg starta eit arbeid med å samanfatte erfaringar med etablering av felles institusjonar for psykisk helsevern og barnevern. Fleire offentlige instansar har anbefalt etablering av felles institusjonar av denne typen i Noreg, mellom anna Flatø-utvalet (NOU 2009: 22). Ei utgreiing av juridiske problemstillingar som gjeld verksemda til helsepersonell i barnevernsinstitusjonar starta, og det blei utarbeidd retningslinjer for helseansvarlege på barnevernsinstitusjonar. Vidare oppretta dei regionale helseføretaka og regionane til Bufetat strukturar og rutinar for samarbeid.

Tiltaka i satsinga som er omtalt ovanfor, er godt i gang, og direktorata meiner at styrkinga av samarbeidet på direktoratsnivå har verka positivt inn på samarbeidet mellom tenestene på regionalt og lokalt nivå. Direktorata skal levere ein felles rapport til HOD og BLD hausten 2016 som omtaler innsatsen og gir tilrådingar om vidare prioriteringar.

Kristiansand kommune starta i 2013 prosjektet «Tverretatlig akuttjeneste for barn og unge», i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Målet med prosjektet er å gi eit koordinert tilbod til barn og unge og deira familiar i ein akuttsituasjon, redusere behovet for akuttplasseringar og innleggingar på institusjon og sikre koordinert oppfølging etter akuttfasen. Prosjektet har fått dispensasjon frå lovpålagd teieplikt etter barnevernlova, spesialisthelsetenestelova og helsepersonellova, og har fått samtykke til å opprette eit felles manuelt klientregister. Prosjektet har følgt med på akuttplasseringar. Barnevernstenesta i Kristiansand har hatt ein nedgang i talet på akutte plasseringar dei siste åra. Frå 53 akutte flyttingar i 2013 til 37 flyttingar i 2015. Barnevernet i Kristiansand meiner at prosjektet er ein medverkande faktor til nedgangen, og at ein i mange tilfeller har unngått akutte flyttingar av barn fordi prosjektet gir større fleksibilitet og fleire moglegheiter for hjelp.

Skolegangen til barnevernsbarn

Målsetjinga med skolesatsinga er å skape haldnings- og handlingsendringar, slik at barn i barnevernet får godt utbyte av skolegangen og fullfører vidaregåande opplæring. I 2015 var dei viktigaste tiltaka retta mot dei som arbeider direkte med barna i barnevern- og skolesektoren. For å sikre ei felles forståing av oppgåve- og ansvarsforhold blei det tidleg i 2015 gjennomført fylkesvise dialogkonferansar i alle fylka, der tilsette i skole- og barnevernssektoren deltok. Bufdir utvikla i samarbeid med Utdanningsdirektoratet ei digital rettleiing om samarbeid mellom barnevern og skole. Formålet med rettleiinga er å styrkje skole- og utdanningssituasjonen for barn i barnevernet.

Ei tydelegare ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern

Regjeringa har våren 2016 sendt ut høyringsnotatet Forslag til endringer i barnevernloven: kvalitets- og strukturreform. I høyringsnotatet føreslår departementet endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune. Kommunane skal få eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet, mellom anna for hjelpetiltak og fosterheimstilbod. Målet med endringane er at det skal leggjast meir vekt på førebygging og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn og familiar.

For å prøve ut ei ny organisering i barnevernet, med større kommunalt ansvar, har departementet etter ein søknadsprosess sett i gang forsøk i tre kommunar: Alta, Røyken og Nøtterøy (i interkommunalt samarbeid med Tjøme). Desse kommunane har frå 1. april 2016 mellom anna teke over ansvaret for rekruttering og opplæring av fosterheimar. Ei evaluering av forsøket er sett i gang.

Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

Det kommunale barnevernet blei styrkt med 20 mill. kroner i 2015 og ytterlegare 30 mill. kroner i 2016. I 2016 er det løyvd om lag 675 mill. kroner, og om lag 960 stillingar er no øyremerkte det kommunale barnevernet.

Satsinga på det kommunale barnevernet har ført til betre kapasitet. Frå første halvår 2011 til andre halvår 2015 har talet på barn i tiltak per saksbehandlar i barnevernet gått ned frå 12 til i underkant av 10. Rapporteringar frå kommunane viser òg at satsinga har medverka til ein nedgang i talet på fristbrot.

Tal frå SSB viser at om lag 53 500 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2015. Det er om lag som i 2014. 10 100 barn og unge fekk omsorgstiltak i løpet av 2015, og 43 400 fekk hjelpetiltak. Talet på barn under omsorg har auka frå 5,5 per 1 000 barn ved utgangen av 2005 til 7,9 per 1 000 barn ved utgangen av 2015. Barn med hjelpetiltak i alderen 0–17 år auka fram til 2010, men har frå 2010 til 2015 gått ned frå 24,1 per 1 000 barn til 21,4 per 1 000 barn ved utgangen av året.

Strategiar og tiltak for 2017

Betre samordning av tenester for barn og unge

Undersøkingar peiker på store utfordringar knytte til samordninga mellom tenestene for barn og unge. Departementet vil arbeide for at faglege tilrådingar inneheld standardiserte tenesteforløp der det er nødvendig. Standardisering medverkar til betre samordning mellom tenestene.

I 2017 vil iverksetjinga av den særlege satsinga på helsetenester til barn i barnevernet, inkludert satsinga på betre psykisk helsehjelp, frå 2015 og 2016 halde fram. Målet er å styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og barnevernet, slik at barn i barnevernet får nødvendige og forsvarlege helsetenester. Bufdir vil arbeide saman med Helsedirektoratet om å sikre tilstrekkeleg og forsvarleg helsehjelp til barn i barnevernsinstitusjonar. Tilbodet til barn og unge med psykiske lidingar og vanskar skal betrast.

Sjå elles omtale av kvalitets- og strukturreforma under Strategiar og tiltak under delmål 5.1, der betre samordning mellom kommune og stat blir viktig.

Skolegangen til barnevernsbarn

Barn og unge som ikkje lykkast i skole- og utdanningsløpet, har høg risiko for marginalisering i framtida. Satsinga for å betre skolegangen for barn i barnevernet held fram og er eit sentralt tiltak for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Satsinga må sjåast i samanheng med 0–24-samarbeidet som kommunane og fylkeskommunane har for utsette barn og unge under 24 år. For meir utfyllande informasjon, sjå programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Barn som av ulike grunnar må flytte i fosterheim eller institusjon, må nokre gonger flytte midt i skoleåret. Det kan føre til at ungdommen ikkje kan fortsetje på same vidaregåande skole. Eit forslag om å innføre ein rett til vidaregåande opplæring uavhengig av ordinære søknadsfristar er sendt på høyring av Kunnskapsdepartementet. Retten skal gjelde for ungdom som er plasserte i fosterheim eller barnevernsinstitusjon med heimel i barnevernlova, og skal takast inn i forskrift til opplæringslova.

Opplysningsplikt

Vedtak nr. 666, 11. juni 2015

I samband med behandlinga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak) vedtok Stortinget 11. juni 2015 oppmodingsvedtak nr. 666:

«Stortinget ber regjeringen vurdere om opplysningsplikten og taushetsplikten i tilstrekkelig grad åpner for nødvendig informasjonsinnhenting i saker etter § 4-4, eller om det bør gjøres endringer i lovverket, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Opplysningsplikta til barnevernet er svært viktig for at samfunnet skal kunne verne barn mot ulike former for vald, overgrep og omsorgssvikt. Departementet arbeider med eit forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar slik at innhaldet i opplysningsplikta til barnevernet blir lettare tilgjengeleg. Dette er ei oppfølging av tiltak i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut – Tiltaksplan for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) og Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven.

Utviding og vidareføring av prøveprosjekt

Prosjektet Akutteni Nord-Trøndelag har frå starten i 2013 hatt som mål å finne fram til nye samarbeidsformer, ny organisering og nye arbeidsverktøy på tvers av etatar. Målet er eit kvalitativt betre og meir formålstenleg psykisk helsetilbod for utsette barn og unge. Prosjektet er ei oppfølging av forslag frå NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt og blir leidd av Bufetat region Midt-Noreg og Helse Nord-Trøndelag. Gjennom prosjektet er det oppretta eit felles døgnbasert akuttilbod for BUP og Bufetat ved sjukehuset i Levanger. Departementet føreslår å forlengje prosjektperioden med eitt år for å prøve ut eit nytt, ambulant tilbod utanfor sjukehuset. Det vil auke kapasiteten i prosjektet, og forsøksmodellen vil bli nytta i ei større befolkning. Med ei ambulant teneste vil prosjektet også omfatte barn og unge (0–18 år) som blir akuttplasserte i ordinære barnevernstiltak.

Kristiansand kommune starta i 2013 prosjektet Tverretatlig akuttjeneste for barn og unge i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Frå 2016 er Kristiansand kommune vertskommune for eit barnevernssamarbeid med Lillesand, Birkenes, Søgne og Songdalen. Prosjektet er no utvida til å omfatte også desse kommunane, og prosjektperioden er utvida til ut 2019.

Delmål 5.3. Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Resultatrapport 2015/2016

Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon blei evaluert i 2015. Evalueringa undersøkte om kommisjonen oppfyller samfunnsoppdraget sitt, og om det bør gjerast endringar i ordninga. Evalueringa viser at kommisjonen i all hovudsak verkar etter formålet. Etableringa av Barnesakkunnig kommisjon har bidrege til større rettstryggleik i barnevernssaker. Evalueringa viser at kommisjonen mellom anna har bidrege positivt til kvaliteten på sakkunnige rapportar og på prosessar i avgjerdsorgana. Dagens avgrensing av kva rapportar som skal vurderast av kommisjonen, bør ikkje endrast. Evalueringa peiker på ulike forbetringsområde, mellom anna bør kommisjonen utvikle ei meir utovervend arbeidsform og styrkje den fleirkulturelle kompetansen. Departementet tek med seg anbefalingane frå evalueringa, mellom anna i samband med oppnemning av ny kommisjon frå september 2016.

Utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige

Departementet førte vidare støtta til drift av utdanningsprogrammet for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova, i regi av Norsk psykologforening. I 2015 byrja 20 personar på utdanninga. Ei anbefaling frå evalueringa av Barnesakkunnig kommisjon er at departementet bør vurdere tiltak som kan stimulere til at fleire ønskjer å kvalifisere seg til å bli sakkunnig, og til å utvikle kvaliteten på det sakkunnige arbeidet. Departementet vil sjå nærmare på anbefalingane frå evalueringa.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Oxford Research si evaluering av fylkesnemndene var ferdig i mai 2015. Riksrevisjonens undersøkelse av saksbehandlingstid og saksbehandlingspraksis i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker blei lagd fram 29. juni 2015. Begge rapportane viser utfordringar med lang saksbehandlingstid over fleire år og at saksbehandlingstida ikkje er i samsvar med formålet med barnevernlova, og begge rapportane peiker på rom for forbetring. Departementet og Sentraleininga for fylkesnemndene starta i 2015 eit arbeid for å følgje opp anbefalingane frå Riksrevisjonen og frå evalueringa, eit arbeid som er ført vidare i 2016. Det blei arbeidd målretta for kortare saksbehandlingstid, meir effektive rutinar og utjamning av forskjellar i saksbehandlingstid mellom fylkesnemndene. Resultata frå 2015 viser at den positive utviklinga frå 2013 og 2014 med kortare saksbehandlingstid held fram.

I tillegg til saksbehandlinga har fylkesnemndene arbeidd med fleire prosjekt og oppgåver som er nødvendige for kvalitet og vidare utvikling av fylkesnemndene. Eit nytt saksbehandlingssystem og ei ny heimeside, www.fylkesnemndene.no, blei ferdigstilte i 2015. Det blir òg gjennomført forsøk med samtaleprosess.

Institusjonar med heim

Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 106 L (2012–2013) forslaget om å innføre ein heimel i barnevernlova for institusjonar med heim. Lovendringa har ikkje tredd i kraft. Departementet arbeider med å greie ut arbeidsrettslege spørsmål om tiltaket.

Barnevern over landegrensene

Stortinget samtykte ved behandlinga av Prop. 102 LS (2014–2015) i at Noreg ratifiserer Haagkonvensjonen 1996, og slutta seg til forslaget om ei ny lov om gjennomføring av konvensjonen i norsk rett og dessutan endringar i barnelova, barnevernlova og ekteskapslova. Konvensjonen fekk verknad frå 1. juli 2016. Konvensjonen legg til rette for samarbeid og informasjonsutveksling mellom konvensjonsstatar om enkelte saker. Bufdir er norsk sentralstyresmakt for konvensjonen.

Barnevernssaker som gjeld barn og familiar som har tilknyting til fleire land, kan vere vanskelege for kommunane. Stadig fleire utanlandske styresmakter engasjerer seg i barnevernssaker som involverer barn frå deira land. Departementet har i 2015 gitt ut retningslinjer om behandlinga av barnevernssaker der barn har tilknyting til andre land. Retningslinjene gir informasjon om korleis barnevernet kan behandle sakene, om undersøkingar, tiltak og moglegheitene for alternativ oppfølging av barnet i utlandet. Retningslinjene inneheld ein særleg omtale av barn som søkjer asyl, eller som oppheld seg ulovleg i Noreg. Det er også eit eige kapittel om samarbeidet mellom barnevernstenesta og utlendingsstyresmaktene.

Strategiar og tiltak for 2017

Barnevernlovutvalet

Departementet sette i november 2014 ned eit lovutval som skal gjennomføre ein språkleg, strukturell og teknisk gjennomgang av barnevernlova og vurdere korleis lova kan gjerast enklare. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg og tidsriktig lovverk. Utvalet har lagt fram innstillinga si hausten 2016. Utvalet har mellom anna vurdert spørsmål i grensegangen mellom barnelova og barnevernlova, ansvaret hos barnevernet når barn med barnevernstiltak har tilknyting til fleire land, lovfesting av faglege prinsipp for vurderinga av kva som er best for barnet, om barnevernet er eit område som eignar seg for fastsetjing av rettar, og korleis dette eventuelt kan regulerast i barnevernlova.

Vedtak nr. 811, 8. juni 2016

I samband med behandlinga av Dok 8:52 S (2015–2016) vedtok Stortinget 8. juni 2016 oppmodingsvedtak nr. 811:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med gjennomgangen av barnevernloven vurdere begrensninger i, eller utsettelse av, pårørendes innsynsrett i journal og partenes innsynsrett i dokumenter i barnevernssaker når det er til barnets beste.»

Regjeringa har orientert Barnevernlovutvalet om oppmodinga frå Stortinget. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om ei vidare oppfølging av vedtaket.

Gjennomgang av barnevernssaker

Departementet skal setje i verk ein gjennomgang av eit utval akuttsaker og saker om omsorgsovertaking i barnevernet. Gjennomgangen skal mellom anna gi kunnskap om behandlinga av enkeltsaker, kva som eventuelt sviktar, og kvifor svikt kan oppstå. Gjennomgangen skal òg sjå på kvaliteten i dei faglege vurderingane til barnevernet. Saksbehandlinga i barnevernet og behandlinga i fylkesnemnda skal vurderast. Statens helsetilsyn har fått i oppdrag å gjere denne gjennomgangen.

Saksbehandlingstida i fylkesnemndene

Riksrevisjonen har gjennomført ein forvaltingsrevisjon av saksbehandlingstid og saksbehandlingspraksis i fylkesnemndene (Dokument 3:10 (2014–2015)). Eit av hovudfunna var at saksbehandlingstida for ordinære saker ikkje er i samsvar med sentrale krav i barnevernlova. Ei evaluering Oxford Research har gjort av fylkesnemndene (2015), kom til at fristen i dei ordinære sakene er for kort og derfor ikkje realistisk for fleirtalet av sakene. Departementet tek sikte på å sjå nærmare på dette tidskravet i barnevernlova etter at Særdomstolsutvalet har gitt si innstilling i 2017.

Adopsjon etter barnevernlova

Adopsjonslovutvalet anbefalte i NOU 2014: 9 Ny adopsjonslov at Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker skal behandle alle saker om adopsjon når barnevernstenesta har teke over omsorga for barnet (fosterheimsadopsjon). I dag er det Bufdir som behandlar saker om adopsjon når foreldra samtykkjer til adopsjonen. Forslaget om at fylkesnemndene skal behandle alle sakene, styrkjer rettstryggleiken til partane og fekk støtte i høyringa. Sjå også omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Gjennomføring av Haagkonvensjonen 1996

Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremyndigheit og tiltak for vern av barn, tredde i kraft i Noreg 1. juli 2016. Den norske tilslutninga til konvensjonen vil medverke til å førebyggje og løyse internasjonale foreldretvistar, barnebortføringssaker og barnevernssaker og vidare styrkje samarbeidet med andre land i slike saker. Bufdir er norsk sentralstyresmakt for konvensjonen og skal i 2017 halde fram med å byggje opp denne funksjonen i direktoratet. Sentralstyresmakta har ei nøkkelrolle etter konvensjonen og skal samarbeide med andre sentralstyresmakter, rettleie om konvensjonen og informere om lover i tillegg til å hjelpe norske tenester, til dømes barnevernstenestene, i dialogen med styresmakter i andre land. BLD har det overordna ansvaret for konvensjonen, lovgivinga og etatsstyringa av sentralstyresmakta.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

850

Barneombodet

13 656

852

Adopsjonsstønad

11 798

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

195 667

197 483

225 178

14,0

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 784 478

2 461 585

1 375 174

-44,1

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 342 813

6 409 911

6 683 361

4,3

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

397 541

1 391 839

1 083 662

-22,1

857

Barne- og ungdomstiltak

328 345

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

262 391

268 130

273 614

2,0

859

EUs ungdomsprogram

7 137

Sum kategori 11.20

9 343 826

10 728 948

9 640 989

-10,1

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3850

Barneombodet

3

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

232

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 281 442

1 515 451

1 453 855

-4,1

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

310 800

1 217 364

930 193

-23,6

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

2 056

446

458

2,7

3859

EUs ungdomsprogram

3 684

Sum kategori 11.20

1 598 217

2 733 261

2 384 506

-12,8

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–23

Drift

6 901 076

8 129 558

8 124 697

-0,1

30–49

Nybygg og anlegg

18 425

7 453

7 639

2,5

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

13 229

13 382

18 688

39,7

60–69

Overføringer til kommuner

2 096 577

2 474 509

1 384 006

-44,1

70–98

Overføringer til private

314 519

104 046

105 959

1,8

Sum kategori 11.20

9 343 826

10 728 948

9 640 989

-10,1

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

177 242

190 030

217 539

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

18 425

7 453

7 639

Sum kap. 0853

195 667

197 483

225 178

Ansvarsområdet til verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit ubunde, domstolliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene har rett til å gjere vedtak i tvangssaker etter barnevernlova: pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar, og etter helse- og omsorgstenestelova: tvangsvedtak for vaksne rusavhengige, tvangstiltak for gravide rusavhengige og tvang for personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemnda spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova. Godt over 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer mellom anna lønnsutgifter, saksutgifter, leige av lokale, kompetansetiltak, kjøp av varer og tenester og andre utgifter i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i Sentraleininga for fylkesnemndene.

Høvet til å påleggje hjelpetiltak blei utvida 1. april 2016, i samsvar med stortingsbehandlinga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak). Heilårseffekten av lovendringa er berekna til om lag 56,4 mill. kroner fordelte på meirutgifter til fylkesnemnda, domstolane og fri rettshjelp.

Departementet føreslår at kap. 853, post 01 blir auka med 9,5 mill. kroner til å dekkje driftsutgifter i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, som følgje av heilårseffekten av det utvida høvet til å påleggje hjelpetiltak. Lovendringa vil òg få heilårseffekt for postar på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Det gjeld utgiftene til fri rettshjelp over kap. 470, post 01 og meirutgifter for domstolane fordi pålegg om hjelpetiltak kan ankast, jf. kap. 410, post 01.

Løyvinga er òg auka med 14,3 mill. kroner som følgje av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Departementet føreslår ei løyving på 217,5 mill. kroner i 2017.

Post 45 Større anskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir brukt til vidareutvikling og implementering av eit nytt saksbehandlingssystem, ProSak fase 2, for Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Fase 2 inneber ei nødvendig vidareutvikling av systemet og inkluderer etablering av kommunikasjon med eksterne aktørar via sikker elektronisk dokumentutveksling.

Departementet føreslår ei løyving på 7,6 mill. kroner i 2017.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

232

Sum kap. 3853

232

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

66 070

66 063

68 374

22

Barnesakkunnig kommisjon

7 377

7 695

7 870

50

Forsking og utvikling

13 229

13 382

18 688

60

Kommunalt barnevern

624 475

683 371

693 944

61

Utvikling i kommunane

58 786

8 894

10 339

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

899 042

1 578 134

470 000

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

46 644

32 252

33 155

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, kan overførast

68 855

71 794

72 804

Sum kap. 0854

1 784 478

2 461 585

1 375 174

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utviklingstiltak i barnevernet, mellom anna implementering og evaluering av metodar i barnevernet, kompetanseutvikling i kommunane, refusjonar av barnevernsutgifter på Svalbard, internasjonale forpliktingar, informasjonsarbeid, tilsynsopplæring, utgreiingar og evalueringar, innkjøp på forskingsfeltet og kostnadar til konferansar. Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av sekretariat for utval, tidsavgrensa prosjekt i departementet og tilskot til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutviklinga i barne- og ungdomsvernet.

Regjeringa tek sikte på å fremme eit forslag til ei struktur- og kvalitetsreform i barnevernet våren 2017, der det mellom anna vil bli teke sikte på å overføre enkelte oppgåver i barnevernet frå staten til kommunane. Det blir føreslått å auke posten med 19 mill. kroner til kvalitets- og kompetansesatsinga, som er eit ledd i arbeidet med kvalitets- og strukturreforma i barnevernet. Midlane skal brukast på tiltak for å auke kvaliteten i undersøkings- og tiltaksarbeidet til barnevernstenesta, og til å betre kommunane si operative og strategiske leiing av dei kommunale barnevernstenestene.

Ei vellykka gjennomføring av reforma krev gode prosessar som involverer alle som blir påverka av oppgåveoverføringa. Det kan bli aktuelt å setje av noko midlar på posten til utgreiingar om gjennomføring og omstilling i samband med kvalitets- og strukturreforma.

Departementet føreslår å auke posten med 3 mill. kroner til vidareutvikling og implementering av eit støtteapparat/rettleiingsteneste for fosterforeldre til barn som får opphald i Noreg. Forslaget er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nummer 435, punkt 4 av 12. januar 2016 i Stortinget om representantforslag om eit felles løft for god integrering. Ein modell for arbeid med rekruttering, opplæring og støtte /rettleiing vil bli sett i verk. Departementet legg til grunn at òg andre former for familietiltak kan få støtte og rettleiing.

I tråd med finansieringsordninga for Fylkesmannen føreslår departementet å flytte midlane til tilsyn og oppgåver på barnevernsområdet som fylkesmennene utfører, over til driftsbudsjettet til Fylkesmannen. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga med 18 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 525, post 01. Midlane skal framleis nyttast til tilsyn og oppgåver som fylkesmannsembeta utfører på barnevernsområdet.

Departementet føreslår å redusere posten med 3,2 mill. kroner fordi enkelte prosjekt er ferdigstilte.

Departementet føreslår ei løyving på 68,4 mill. kroner i 2017.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon skal ha kompetanse til og innsikt i å kvalitetssikre sakkunnige rapportar.

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre rapportar som er gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.

Departementet føreslår ei løyving på 7,9 mill. kroner i 2017.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten blir nytta av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og til forsking på barne- og ungdomsfeltet. Løyvinga til VAM skal dekkje både barnevernsområdet og den generelle barne- og ungdomspolitikken. Noregs forskingsråd får òg ei løyving til arbeid med program for praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene. Departementet gir i tillegg midlar til programmet Effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Tenestene som inngår i programmet, er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester og barnevern. HELSEVEL skal gjennom forsking og innovasjon bidra til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i desse tenestene. Løyvinga dekkjer òg ei overføring til Sametinget til arbeidet med barnevern.

Departementet føreslår å auke løyvinga til HELSEVEL med 5 mill. kroner, som skal nyttast til å styrkje kunnskapsgrunnlaget og støtte ei nødvendig utvikling i barnevernet og familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 18,7 mill. kroner i 2017.

Post 60 Kommunalt barnevern

Løyvinga skal dekkje særskilde tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet. Løyvinga går til stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2016.

Posten blei auka med 8 mill. kroner i 2016. Midlane skulle medverke til auka bruk av heimebaserte og førebyggjande tiltak i kommunane som er med i forsøket med større kommunalt ansvar for barnevernet, og til kompetanse knytt til dei nye oppgåvene. Midlane var ei eingongsløyving, og posten er derfor redusert med 8 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 693,9 mill. kroner i 2017.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet.

Hovuddelen av løyvinga dekkjer Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Departementet legg opp til å utvide prosjektperioden for forsøket Tverretatlig akuttjeneste for barn og unge i Kristiansand kommune, og føreslår å auke posten med 1,2 mill. kroner for å dekkje støtta til prosjektet.

Som vanleg vil ei av barnevernsvaktene i 2017 vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernsvakter og politi. Denne barnevernsvakta vil også få midlar over denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 10,3 mill. kroner i 2017.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

I 2016 får kommunane refundert 80 prosent av utgiftene til kommunale barnevernstiltak til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, utover ein kommunal eigendel. Det blir anslått at det vil vere behov for ei løyving på 2 587 mill. kroner i 2017 ved vidareføring av ordninga.

I dagens ordning må kommunane dekkje 20 prosent av utgiftene utover eigendelen uansett kor effektivt dei driv. Ordninga kan òg ha ført til eit overforbruk av tiltak i barnevernet, sidan dette har vore eit krav for å få refusjon.

Regjeringa føreslår å leggje ordninga om til ei ordning med fast tilskott, jf. omtale under oppmodingsvedtak nr. 435, punkt 5. I ei ordning med fast tilskot vil kommunane kunne tilpasse seg slik at dei får full kostnadsdekning, og kommunane får høve til å dra nytte av eventuelle stordriftsfordelar ved å busetje fleire barn.

Ei ordning med fast tilskot vil òg vere meir effektiv å administrere enn dagens ordning både for staten og for kommunane fordi det er enklare å administrere ei ordning med fast tilskot enn ei ordning med refusjon av dokumenterte utgifter.

Vidare vil ordninga gi påreknelege inntekter for kommunane og påreknelege utgifter for staten. Ho vil gi auka kostnadskontroll for staten samtidig som kommunane får større fleksibilitet fordi dei kan bruke midlane slik dei meiner det er formålstenleg.

Det blir derfor føreslått å avvikle refusjonsordninga og at ordninga blir lagd om til ei ordning med fast tilskot frå 1. januar 2017. Det anslåtte behovet på denne posten blir derfor overførte til kap. 496, post 61 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Den nye tilskotsordninga er nærmare omtalt i budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Kommunane skal framleis kunne søkje refusjon i tråd med dagens ordning for utgifter som oppstod til og med 31. desember 2016. Alle refusjonssøknader med rett til refusjon må sendast inn innan 1. august 2017. Departementet føreslår ei løyving på 470 mill. kroner i 2017 for å dekkje etterskotsbetaling av refusjonskrav frå 2016 eller tidlegare.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

Målet for løyvinga er eit betre barne- og ungdomsvern. Brukar- og interesseorganisasjonar innanfor barnevern og tilgrensande område er ein viktig del av det samla tilbodet til utsette barn, unge og familiane deira. Vidare bidreg vidareutdanning til å styrkje kunnskapsnivået og gi kontinuerleg profesjonalisering i barne- og ungdomsvernet.

Dei to tilskotsordningane Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet blir førte vidare med ei løyving på til saman 20,5 mill. kroner i 2017. Bufdir forvaltar ordningane. Ordningane skal bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Nærmare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil kome fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordningane. Innan ordningane er 2 mill. kroner sette av til Forandringsfabrikken.

Ordninga Tilskot til barnevernfagleg vidareutdanning blir noko utvida i 2017. Som i 2016 er det arbeidsgivarar for tilsette i kommunalt barnevern og i statlege, ideelle og andre private barnevernsinstitusjonar som kan søkje om tilskot frå denne ordninga. Kommunalt tilsette vil bli prioriterte.

I tillegg til Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing føreslår departementet å inkludere temaområdet barnevern i eit minoritetsperspektiv blant vidareutdanningane det kan søkjast tilskot til i 2017. Denne sistnemnde vidareutdanninga vil bli gjennomført hausten 2017.

Samanlikna med 2016 blir talet på dei statlege lærestadene som får midlar for å tilby utdanning innan barnevern i eit minoritetsperspektiv, redusert frå fire til to. Løyvinga til finansiering av studietilbodet blir halvert frå 2,8 mill. kroner til 1,4 mill. kroner i 2017. Dei resterande 1,4 mill. kroner er omdisponerte til tilskotsordninga for barnevernfaglege vidareutdanningar.

Departementet føreslår å setje av totalt 6,2 mill. kroner til ordninga Tilskot til barnevernfagleg vidareutdanning.

Løyvinga på posten dekkjer òg departementet sine utgifter til eit forsøksprosjekt med barnevern og psykisk helsevern Akutten i Nord-Trøndelag. Departementet føreslår å setje av 2,5 mill. kroner til vidareføring av prosjektet i 2017. Bufdir forvaltar tilskotet til forsøket.

Posten dekkjer også den norske støtta til barneeininga i Austersjørådet (EGCC) og ei løyving til Norsk psykologforening til sakkunnig opplæring.

Departementet føreslår ei løyving på 33,2 mill. kroner i 2017.

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, kan overførast

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Om lag 50 mill. kroner av løyvinga dekkjer ei vidareføring av tilskotet til Atferdssenteret. Senteret skal bidra til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skolar får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. Atferdssenteret har eit nasjonalt ansvar for forskings- og utviklingsarbeid og tenestestøtte og for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. I tillegg til å by på fagleg kompetanse til barnevernet skal senteret utvikle, halde ved like og spreie kunnskap og kompetanse om førebygging og metodar for behandling til andre relevante tenester. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt) og driftstilskot til Sped- og småbarnsnettverket ved RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera har som oppgåve å utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og barn og unges psykiske helse. RBUP Aust og Sør har eit hovudansvar for å føre vidare det nasjonale kompetansenettverket for den psykiske helsa til sped- og småbarn ved å drive forsking, kunnskapsutvikling, kompetanseheving og utviklingsarbeid i samband med tiltak som fremmar den psykiske helsa til dei aller minste. Kunnskapssentera har eit felles samfunnsoppdrag. Dei fire fagmiljøa blir også finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegner av dei to departementa.

Departementet føreslår å setje av 4 mill. kroner til drift av Nasjonal vidareutdanning for leiarar i barnevernet, som RKBU Midt har hovudansvaret for.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner for å dekkje heilårig drift av Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing, som starta hausten 2016. RKBU Nord har koordineringsansvar for utdanninga. Utdanninga rettar seg mot både tilsette i kommunalt barnevern og tilsette i barnevernsinstitusjonar. Det skal setjast av totalt 2 mill. kroner til denne vidareutdanninga.

Det blir føreslått å redusere denne posten med 2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 855, post 21. Midlane blei brukte til forskingsoppdrag ved RKBU-ane og RBUP Aust og Sør. Forskingsoppdraga er no avslutta. Flyttinga er ei vidareføring av ei tilsvarande flytting i revidert nasjonalbudsjett 2016.

Departementet føreslår ei løyving på 72,8 mill. kroner i 2017.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 619 507

4 267 388

4 414 113

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

20 065

20 689

23 162

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 327 162

1 917 724

2 036 363

60

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 01

376 079

204 110

209 723

Sum kap. 0855

6 342 813

6 409 911

6 683 361

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten omfattar lønns- og pensjonsutgifter til tilsette i det statlege barnevernet, medrekna tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester m.m. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, utgifter til opplæring og utgifter til varer og tenester. I tillegg dekkjer løyvinga i nokon grad lønnsutgifter til tilsette i Bufetat senter for administrasjon og utvikling og tilsette i Bufdir.

Barnevernsvedtak blir gjorde av kommunen eller Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Vedtaka styrer inntaket i statleg barnevern. Auken i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barnevernstenester, har vore betydeleg dei siste åra. Bufetat er etter barnevernlova pålagd å gi desse barna eit tilbod. Sidan Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge, er budsjettanslaga usikre. Departementet ventar at aktivitetsveksten i det statlege barnevernet held fram i 2017, men med ein lågare veksttakt enn dei siste åra.

Det blei i 2016 sett i gang eit forsøk med større kommunalt ansvar for barnevernet i kommunane Røyken, Alta og Nøtterøy/Tjøme. Løyvinga blei i Prop. 1 S (2015–2016) redusert som følgje av at Bufetat truleg vil oppleve noko redusert etterspurnad etter statlege tiltak frå kommunane som er med i forsøket. Departementet føreslår no å auke løyvinga med 62 mill. kroner fordi reduksjonen i etterspurnaden er mindre enn forventa. Dette heng saman med valet av kommunar som deltek i forsøket. Beløpet er usikkert.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 1,8 mill. kroner som følgje av forslaget om å avvikle refusjonsordninga for kommunale barnevernstiltak til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Forslaget inneber ein reduksjon i talet på refusjonssøknader som Bufetat skal behandle i 2017. Heilårseffekten er 3,6 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 4 414,1 mill. kroner i 2017.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak for å styrkje kvaliteten i arbeidet til barnevernet, slik at brukarane får eit betre tilbod.

Departementet føreslår å auke posten med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 72 for å sikre korrekt postbruk, jf. omtale under kap. 854, post 72.

Departementet føreslår ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2017.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. I tråd med utviklinga dei seinare åra er det venta at aktivitetsveksten i det statlege barnevernet held fram, sjølv om veksten no er lågare enn dei siste åra. Auken i aktivitet er særleg knytt til kjøp av private fosterheimar. Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga med 60 mill. kroner.

Som ei vidareføring av revidert nasjonalbudsjett 2016 føreslår departementet å auke posten med 14,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 572, post 60 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Midlane skal gå til kjøp av plassar i ideelle senter for foreldre og barn.

Departementet føreslår ei løyving på 2 036,4 mill. kroner i 2017.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Departementet føreslår ei løyving på 209,7 mill. kroner i 2017.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

17 336

14 747

15 160

02

Barnetrygd

2 140

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 261 966

1 496 745

1 434 736

Sum kap. 3855

1 281 442

1 515 451

1 453 855

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den enkelte bebuaren ved plassering i statlege tiltak når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærmare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 15,2 mill. kroner i 2017.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2017.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim eller ved tiltak i heimen. Departementet legg opp til å prisjustere eigendelane til kommunane frå inntil 66 900 kroner per barn per månad til inntil 68 740 kroner per barn per månad for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 31 500 kroner per barn per månad til inntil 32 370 kroner per barn per månad. Kommunane i forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet vil betale særskilt fastsette prisar for statlege tiltak.

Som følgje av forslaget om å avvikle refusjonsordninga for kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, føreslår departementet at kommunane skal betale ordinær eigendel for opphald i institusjon for busette einslege, mindreårige flyktningar. Departementet ventar at dette vil gi ein auke i inntektene frå kommunale eigendelar på 15,5 mill. kroner i 2017. Heilårseffekten er anslått til 20,6 mill. kroner. Midlane blir førte tilbake til kommunane gjennom ein tilsvarande auke på kap. 496, post 61 under Justis- og beredskapsdepartementet.

Som følgje av forventa aktivitetsvekst i 2017 aukar inntektene frå eigendelar med 6,5 mill. kroner. Auken knyter seg særleg til dei kommunale eigendelane ved kjøp av fosterheimsplassar. I Prop. 1 S (2015–2016) blei løyvinga auka med 133 mill. kroner, ut frå at kommunar i forsøket med større kommunalt ansvar for barnevernet vil betale meir for tiltak frå det statlege barnevernet. Løyvinga blei berekna på grunnlag av føresetnader om gjennomsnittlege kommunar. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 125,1 mill. kroner. Det heng saman med at kommunane som deltek i forsøket, vil bruke statlege tiltak i mindre grad enn føresetnadane som låg til grunn for løyvinga i 2016. Det er usikkerheit knytt til etterspurnaden frå dei kommunane som er med i forsøket, og dermed også til dei statlege inntektene som følgje av dette.

Departementet føreslår ei løyving på 1 434,7 mill. kroner i 2017.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

397 541

1 391 839

1 083 662

Sum kap. 0856

397 541

1 391 839

1 083 662

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har kome til landet og søkt vern utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Løyvinga dekkjer kjøp av plassar i private omsorgssenter og drift av statlege omsorgssenter. Posten dekkjer også ei rekke forvaltingsoppgåver knytte til omsorgssentera, mellom anna arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeidet med busetjing av einslege mindreårige flyktningar frå omsorgssentera.

Det er forventa at det vil vere behov for i gjennomsnitt 550 plassar i omsorgssentera i 2017. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 336 mill. kroner som følgje av ein forventa reduksjon i talet på plassar i omsorgssentera i 2017.

Departementet føreslår ei løyving på 1 083,7 mill. kroner i 2017.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

220

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

310 580

1 217 364

930 193

Sum kap. 3856

310 800

1 217 364

930 193

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa føreslår at 930,2 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 930,2 mill. kroner i 2017.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

248 875

254 125

259 289

21

Spesielle driftsutgifter

13 516

14 005

14 325

Sum kap. 0858

262 391

268 130

273 614

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal fremme utvikling for barn, ungdom, vaksne og familiar og har ansvar for å gjennomføre regjeringa sin politikk på området. Vidare skal Bufdir vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for heile barnevernet og familievernet, på adopsjonsområdet og innan arbeidet med likestilling, ikkje-diskriminering, vald og seksuelle overgrep.

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp, støtte og tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.

Ansvarsområda for direktoratet omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 843 Adopsjonsstønad

  • kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

  • kap. 847 EUs ungdomsprogram

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

  • kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

  • kap. 872 Nedsett funksjonsevne

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, som opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester. Enkelte av oppgåvene til direktoratet blir finansierte over andre kapittel, til dømes oppgåver knytte til styring av det statlege barne- og familievernet, som blir finansierte over høvesvis kap. 855 og kap. 842.

Bufdir skal finansiere og bestille forsking og kunnskapsoppsummeringar. Direktoratet skal også formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Noreg har ratifisert Haagkonvensjonen 1996. Ratifikasjonen føreset at Noreg etablerer ei sentralstyresmakt for konvensjonen. Konvensjonen tredde i kraft 1. juli 2016. Bufdir er sentralstyresmakt. Departementet føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner til dette formålet i 2017.

Departementet føreslår å auke posten med 216 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 495, post 01 under Justis- og beredskapsdepartementet. Midlane utgjer ei justering av lønnsmidlar i samband med overføringa av ansvaret for Kompetanseteam mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting frå IMDi til Bufdir i 2015.

I 2016 blei det løyvd 7 mill. kroner til Bufdir på grunn av den auka arbeidsbelastninga som følgde med auken i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Departementet føreslår å vidareføre 4 mill. kroner av dette i 2017. Midlane skal hovudsakleg gå til oppgåvene Bufdir har i tilknyting til omsorgssentera. Oppgåvene inkluderer arbeid med rammeavtalar, oppfølging og styring. Auken er knytt til flyktningsituasjonen og er ikkje å rekne som ein varig auke av driftsbudsjettet til Bufdir.

Departementet føreslår å auke posten med 1 mill. kroner for å dekkje dei administrative kostnadane direktoratet har i samband med kvalitets- og kompetansesatsinga, jf. omtale av satsinga under kap. 854, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 259,3 mill. kroner i 2017.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir, og utbetalingar av godtgjering til medlemmene av Fordelingsutvalet.

Departementet føreslår ei løyving på 14,3 mill. kroner i 2017.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

2 056

446

458

Sum kap. 3858

2 056

446

458

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 458 000 kroner i 2017.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at dei har gode rammevilkår og rettar, tilgang til gode og effektive system for å løyse tvistar og informasjon som gir grunnlag for opplyste og ansvarlege val.

Regjeringa legg i forbrukarpolitikken særleg vekt på

  • gode forbrukarrettar i Noreg og EU

  • eit sterkt og effektivt forbrukarapparat

  • ein betre digital kvardag for forbrukarane

Forbrukarpolitikken blir utøvd i marknader som stadig endrar seg. Verkemidla må tilpassast nye utfordringar som endringane fører med seg. Fleire utviklingstrekk endrar krava både til forbrukaren og til innhaldet i politikken.

I større grad enn tidlegare kan ein no snakke om «digitale forbrukarar». Forbrukarane har Internett som primærkjelde for så å seie all informasjon, og kan – uavhengig av tid og stad – kjøpe varer og tenester i ulike land. Omfanget av den informasjonen forbrukarane må ta stilling til, er svært stor. Informasjonen frå ulike kjelder er òg ofte motstridande og derfor vanskeleg å handtere.

Forbrukarane opplever oftare enn før teknologiske endringar og innovasjonar. Fleire ulike sjølvbeteningsløysingar, til dømes for banktenester, krev nye kunnskapar og ferdigheiter.

Den teknologiske utviklinga og andre endringar fører til at reglar på forbrukarområdet som tidlegare har fungert godt, ikkje nødvendigvis er like tenlege lenger. Det er til dømes ikkje klart om regelverket for forbrukarvern er godt nok tilpassa forbrukarane i den såkalla delingsøkonomien, som i stor grad er basert på at enkeltmenneske ved hjelp av elektroniske plattformsystem kan dele, byte eller selje ubrukte ressursar.

Norske forbrukarar er òg i aukande grad aktive i europeiske marknader, både gjennom reiser, utanlandsopphald og netthandel. Gjennom EØS-avtalen har lovgivinga til EU mykje å seie for utforminga av norske regelverk som regulerer forholda for forbrukarane. Deltaking i EUs arbeid med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk er derfor avgjerande for å ta vare på eit høgt og fullgodt nivå på forbrukarvernet.

Som ein konsekvens av den omtalte utviklinga vil regjeringa medverke til at det blir utvikla fleire gode digitale informasjonsløysingar når det gjeld marknadsforhold, som er tilpassa behova til forbrukarane. Forbrukarrådet vil lansere ein portal for daglegvarer, i form av eit verktøy der forbrukarane skal få hjelp til å gjere val etter kva preferansar dei har knytt til for eksempel allergen, næringsinnhald, økologi, miljø- og andre kvalitetsaspekt ved varene. Portalen skal òg gi forbrukarane indikasjonar om i kva for butikk det er rimelegast å handle, sjå omtale av vedtak nr. 436, 3. mars 2015 under delmål 6.3 nedanfor. Forbrukarrådet vil òg lansere ein ny marknadsportal som skal hjelpe forbrukarane til å gjere gode val ved kjøp av handverkartenester.

Forbrukarrådet vil i 2017 under Finansportalen (finansportalen.no) lansere ein ny modul for pensjonsprodukt. Denne vil gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val i marknaden for slike produkt. Modulen vil gi ei marknadsoversikt gjennom digitale samanlikningsverktøy som skal vise pensjonsprodukt med eigenskapar og prisar, og knyte generell forbrukarrettleiing til dei ulike vala ein forbrukar må ta.

For å behalde eit høgt og fullgodt nivå på forbrukarvernet vil BLD i 2017 engasjere seg i EUs arbeid med forbrukarpolitikk og -regelverk. Departementet vil mellom anna delta i gjennomgangen av heile forbrukarregelverket som EU-kommisjonen har sett i gang, «REFIT» (Regulatory Fitness and Performance Programme) og følgje opp eit forslag frå EU-kommisjonen til ei ny forordning som regulerer samarbeidet mellom europeiske tilsynsorgan.

Regjeringa la i juni 2016 fram ein lovproposisjon om Forbrukarklageutvalet (Prop. 145 L (2015–2016) Lov om Forbrukerklageutvalget (forbrukerklageloven)) som følgjer opp krav i EU-direktivet om utanrettsleg tvisteløysing. I proposisjonen blir det mellom anna føreslått at Forbrukartvistutvalet kan behandle prinsipielle klagesaker.

Gjennom at forbrukarane får tilgang til eit klagetilbod av god kvalitet for nesten alle typar varer og tenester, vil både lova om klageorgan, som blei vedteken våren 2016 (omtalt under Resultatrapport 2015/2016), og lova om Forbrukarklageutvalet vil styrkje forbrukarvernet.

Frivillige merkeordningar er viktige for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil derfor halde fram med å støtte opp under dei offisielle miljømerka i Noreg – Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU).

Eit sterkt og effektivt forbrukarapparat er ein viktig føresetnad for å møte utfordringane forbrukarpolitikken og forbrukarane står overfor. I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 konkluderer Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett er fragmentert og lite kostnadseffektivt.

På grunnlag av rapporten har regjeringa bestemt at dei ti regionkontora til Forbrukarrådet skal gjerast om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. Regjeringa har òg bestemt at det skal etablerast ei hospiteringsordning med 3–5 kontorplassar for Forbrukarrådet på Svalbard. Endringane skal vere gjennomførte innan 1. mai 2017 (sjå nærmare omtale under Programkategori 11.00, delmål 1.2).

Forbruksforskingsinstituttet SIFO blei frå 1. januar 2016 ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) (sjå nærmare omtale under Programkategori 11.00, delmål 1.2). Endringa legg grunnlag for at Noreg framleis kan ha eit sterkt forbruksforskingsmiljø. BLD nyttar framleis SIFO til forskingsoppgåver som legg grunnlag for ein kunnskapsbasert forbrukarpolitikk.

For å klargjere rolla til Forbrukarombodet som tilsynsorgan og å styrkje forbrukarvernet, vil BLD hausten 2016 leggje fram eit høyringsnotat om å endre reglane for korleis ombodet og Marknadsrådet skal handheve reglane i marknadsføringslova. Det vil mellom anna bli føreslått at Forbrukarombodet skal få vedtakskompetanse i alle saker, og at organiseringa av og saksbehandlinga til Marknadsrådet skal endrast.

I dag kan personar ta opp svært mange forbrukskredittar og få gjeldsproblem, fordi kredittytarane ikkje har lov til å undersøke kor mykje gjeld kundane har frå før. For å avgrense omfanget av gjeldsproblem i private hushald, vil regjeringa våren 2017 leggje fram ein lovproposisjon som opnar for at finansbransjen kan etablere ei registreringsordning for forbrukskredittar (gjeldsregister). Ordninga skal medverke til å førebyggje gjeldsproblem gjennom at grunnlaget for kredittvurderingar blir betre. I samråd med Justis- og beredskapsdepartementet skal departementet òg sjå nærmare på om det bør innførast strengare reglar for kredittmarknadsføring.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet, Stiftinga miljømerking, forbrukarpolitiske tiltak, forbruksforsking og deltaking i EUs rammeprogram om forbrukarpolitikk.

Mål

For 2017 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

6: Ei sterk stilling for forbrukarane

6.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

6.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

6.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Delmål 6.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

Under dette delmålet blir relevant lovarbeid i BLD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte.

Prioritert under dette delmålet i 2017 er medverknad i aktuelle prosessar om eit nytt EU-regelverk som legg føringar for det norske regelverket om forbrukarvern, gjennomgang av reglane som regulerer organiseringa av og saksbehandlinga til Marknadsrådet og Forbrukarombodet, og lovforslag som opnar for eit bransjedrive gjeldsregister. Det vil òg i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet bli vurdert om det bør innførast strengare reglar for kredittmarknadsføring.

Resultatrapport 2015/2016

Regelverksarbeid

BLD følgde i 2015, saman med Justis- og beredskapsdepartementet, opp initiativet frå EU-kommisjonen om digitale kontraktar. Det blei mellom anna arrangert eit innspelsmøte med forbrukar- og næringslivsorganisasjonar for å høyre deira meining om eit nytt regelverk, og det blei utarbeidd eit felles innspel frå EFTA/EØS-landa som blei sendt til kommisjonen. Eit forslag til eit nytt EU-regelverk om forbrukarkontraktar blei lagt fram av kommisjonen i desember 2015. Etter forslaget vil mellom anna kjøp og sal av digitale ytingar som spel, film og programvare bli regulert, noko som truleg vil medverke til å styrkje og klargjere forbrukarvernet. Justis- og beredskapsdepartementet, som har ansvar for forbrukarkjøpslova og kontraktretten generelt, sende forslaget på høyring i april 2016.

Noregs deltaking i EUs rammeprogram om forbrukarpolitikk (omtalt under kapittelomtalen) gjorde at Forbrukarombodet og andre tilsyn i 2015 kunne delta i handhevinga av regelverk over landegrensene. Forbrukar Europa, som blir delfinanisert over programmet, kunne hjelpe norske forbrukarar som handlar over landegrensene.

BLD deltok òg i OECDs komité for forbrukarsaker og i ei arbeidsgruppe som arbeidde med OECDs retningslinjer for forbrukarvern i elektronisk handel. Ein rekommandasjon med nye retningslinjer for forbrukarvern i elektronisk handel blei vedteken av rådet i OECD, 24. mars 2016. Retningslinjene kan vere med på å styrkje og klargjere rettane og pliktene til både dei næringsdrivande og forbrukarane i samband med elektronisk handel på den internasjonale marknaden.

Våren 2014 blei det vedteke endringar i gjeldsordningslova og dekningslova som mellom anna inneber at behandlinga av gjeldsordningssaker skal lokaliserast til færre namsmannskontor, og at søknader om gjeldsordning kan sendast frå utlandet. Arbeidet med å lokalisere gjeldsordningssakene til færre kontor er no i gang. Lovendringa som opnar for søknader om gjeldsordning frå utlandet, vil tre i kraft så snart det er gjennomført nødvendige tilretteleggingar. Endringane legg til rette for ein tryggare, meir likearta og enklare saksgang i gjeldsordningssaker. BLD følgjer opp begge tiltaka i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, som er ansvarleg departement for namsmennene.

I 2015 fekk Forbrukarombodet tilskot frå BLD til å gjennomføre eit prosjekt om e-handel. Formålet var å auke kunnskapen om og etterlevinga av angrerettlova blant dei som driv nettbutikkar. Ved å kartleggje problemområda og følgje opp dei som ikkje etterlevde lova, medverka ombodet til at fleire forbrukarar no får rettane sine ved netthandel. Ein tilsynsaksjon tidleg i 2016 viste stor forbetring i etterlevinga hos nettbutikkane. Ombodet oppdaterte òg settet med standard salsvilkår og rettleiinga som høyrer til. Med dette er det blitt enklare for næringsdrivande å følgje reglane.

Evalueringar av dei gjeldande reglane for telefonsal har vist at salsforma skaper mykje misnøye blant forbrukarane. Forbrukarombodet får mange klager på telefonsal frå forbrukarar som har reservert seg mot slikt sal. Sommaren 2015 sende BLD derfor på høyring eit forslag om endringar i marknadsføringslova som vil avgrense telefonsal overfor kundar som har reservert seg. Departementet følgjer no opp høyringa.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Forbrukarpåverknad i standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og BLD om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2015. Sekretariatet gav opplæring og rettleiing til deltakarar i standardiseringsarbeid. Dei arrangerte òg temamøte om mellom anna e-signaturar og velferdsteknologi. Sekretariatet deltok i Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen sin forbrukarpolitiske komité (ISO/COPOLCO). BLD gav i 2015 tilskot til reisestøtte til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt. Sidan arbeidet med standardisering ofte er komplisert og tidkrevjande, er det på kort sikt vanskeleg å måle effektane av deltakinga frå forbrukarsida.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Ei viktig oppgåve for Forbruksforskingsinstituttet SIFO, som frå 1. januar 2016 blei ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus (omtalt under Programkategori 11.00, delmål 1.2), er å forske på kva stilling og rolle forbrukarane har i samfunnet. Instituttet hadde i 2015 tre satsingsområde: åtferdsøkonomi i eit forbrukarperspektiv, marknadsføring og reklame, økonomisk vekst og berekraftig utvikling.

SIFO førte i 2015 vidare referansebudsjettet, som mellom anna blir brukt til å fastsetje bidragssatsar. I 2015 blei modellen for budsjettet vidareutvikla som grunnlag for å få ei betre forståing av fattigdom i barnefamiliar.

Instituttet gjennomførte òg studiar om korleis ulike forbrukargrupper ter seg i møtet med ulike digitale tenester, ulike plattformer og ulike kontekstar. Universell utforming var eit anna sentralt emne.

I samband med Prop. 119 S (2014–2015) blei det løyvd 1,5 mill. kroner til utgreiing av ei netteneste for personar med økonomiske problem, jf. kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak, der det heiter: «Ettersom stadig flere får problemer på grunn av for høy forbruksgjeld, foreslår Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet at 1,5 mill. kroner omdisponeres innenfor posten til en utredning om behovet og innretningen av en nettbasert tjeneste til hjelp for de som har gjeldsproblemer, herunder veiledning særlig rettet mot unge.» BLD fekk våren 2016 denne utgreiinga om nettbasert økonomirådgiving frå SIFO. Ut frå ei vurdering av kostnadene med framtidig drift og vedlikehald har regjeringa valt å ikkje gå vidare med saka.

Strategiar og tiltak for 2017

Regelverksarbeid

Gjennom EØS-avtalen har Noreg tilgang til EUs indre marknad for fri flyt av varer, tenester, kapital og personar. Trygge forbrukarar er ein føresetnad for vekst og innovasjon og for at den indre marknaden skal fungere godt. Norske forbrukarar er aktive i denne marknaden, både gjennom reiser, utanlandsopphald og netthandel. Gjennom EØS-avtalen har EU-lovgivinga mykje å seie for utforminga av norsk regelverk. Derfor er deltaking i EUs arbeid med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk avgjerande.

Forbrukarvern står sentralt på EUs agenda. Eit viktig punkt i 2017 er EU-kommisjonen sin gjennomgang av heile forbrukarregelverket, «REFIT» (Regulatory Fitness and Performance Programme). For å ta stilling til om det gjeldande regelverket gir godt nok forbrukarvern, skal seks sentrale direktiv på forbrukarfeltet vurderast under eitt. I gjennomgangen inngår mellom anna direktivet om urimelege vilkår i forbrukaravtalar, forbrukarrettsdirektivet og direktivet om urimeleg handelspraksis. BLD vil delta i denne prosessen og arbeide for eit høgt og fullgodt nivå på forbrukarvernet.

Eit anna viktig punkt på agendaen i 2017 er forslaget frå EU-kommisjonen om ei ny forordning om forbrukarvernsamarbeid. Forordninga, som regulerer samarbeidet mellom europeiske tilsynsorgan, skal gi ei meir lik og effektiv handheving av forbrukarvernreglane og styrkje sanksjonane til tilsynsorgana. BLD har utarbeidd eit førebels EØS-posisjonsnotat om saka og vil følgje prosessen vidare. BLD går i gang med implementeringa når forslaget er vedteke i EU.

Direktivet om pakkereiser og assisterte reisearrangement blei vedteke i november 2015. Direktivet inneheld mellom anna krav til informasjon, ansvar for reisearrangøren og krav til ei reisegarantiordning for å verne forbrukaren dersom reisearrangøren går konkurs. Samla vil direktivet styrkje stillinga til forbrukarane. Som følgje av direktivet blir det nødvendig å gjere endringar i den norske pakkereiselova. BLD har derfor starta eit arbeid med sikte på å gjennomføre direktivet i norsk rett i 2018.

For å klargjere rolla til Forbrukarombodet som tilsynsorgan og for å styrkje forbrukarvernet vil BLD hausten 2016 leggje fram eit høyringsnotat om å endre reglane for korleis ombodet og Marknadsrådet skal handheve marknadsføringslova. Det vil mellom anna bli føreslått at Forbrukarombodet skal få vedtakskompetanse i alle saker og at organiseringa og saksbehandlinga til Marknadsrådet skal endrast. Arbeid med å følgje opp denne saka vil stå sentralt i 2017.

Den nye delingsøkonomien, som i stor grad er basert på at enkeltmenneske ved hjelp av elektroniske plattformsystem kan dele, byte eller selje ubrukte ressursar, kan gi forbrukarane fordelar og fremme verdiskaping og produktivitet. Betre utnytting av ledige ressursar kan mellom anna gi lågare prisar og eit større tilbod av varer og tenester. Samtidig reiser utviklinga av delingsøkonomien spørsmål om mellom anna kva lover og reglar som gjeld på dette området, og kven som har ansvaret om noko går galt. Regjeringa sette våren 2016 ned eit utval som skal sjå på ulike problemstillingar som framveksten av delingsøkonomien reiser, mellom anna for forbrukarane. Forbrukarrådet er representert i utvalet. Delingsøkonomiutvalet skal levere innstillinga si innan 1. februar 2017. Innstillinga vil danne grunnlag for forbrukarretta arbeid med spørsmåla som delingsøkonomien reiser.

Regjeringa er oppteken av å motverke at personar får betalingsproblem som kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem. Personar med gjeldsproblem har ofte teke opp for mykje forbrukskreditt. I dag kan personar på kort tid ta opp svært mange forbrukskredittar fordi kredittytarane ikkje har lov til å undersøkje kor mykje gjeld kundane har frå før. Regjeringa vil våren 2017, som ein del av oppfølginga av Strategi for boligmarkedet, leggje fram ein lovproposisjon som opnar for at finansbransjen kan etablere ei registreringsordning for forbrukskredittar (gjeldsregister). Ordninga skal førebyggje gjeldsproblem i private hushald gjennom at finansforetak får betre grunnlag for å gjere kredittvurdering.

Marknadsføringa av kreditt er omfattande, tidvis pågåande og stadig meir oppfinnsam. Lovverket for kredittmarknadsføring er i høg grad basert på EU-direktiv. Sidan Noreg ikkje står fritt til å innføre eigne reglar, er BLD i gang med å greie ut handlingsrommet dei nasjonale styresmaktene har for ei eventuell ny lovgiving på feltet. Som ein del av arbeidet med å motverke gjeldsproblem vil departementet, i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet, sjå nærmare på om det bør innførast strengare reglar for kredittmarknadsføring i Noreg.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Stadig fleire produkt og tenester blir regulerte med standardar. Standardane blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar nasjonalt, eller ofte internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig at òg forbrukarrepresentantar deltar i utviklinga. Standardiseringsarbeid er ofte både langsiktig og ressurskrevjande, og det er viktig at forbrukarpåverknaden er stabil og formålstenleg over tid. BLD vil i 2017 derfor føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge. Målet er mellom anna å medverke til at fleire forbrukarrepresentantar er med i aktuelle standardiseringsprosjekt.

Forbrukarsekretariatet har knytt til seg eit nettverk av aktørar med interesse for forbrukaromsyn. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardiseringsarbeid. Sekretariatet har òg ei viktig oppgåve i å lære opp og rettleie deltakarar i arbeidet.

Forsking og utgreiingsarbeid

Forbruksforskingsinstituttet SIFO vil i 2017 få i oppdrag å føre vidare forsking som departementet har særleg nytte av om forbruk, haldningar hos forbrukarane og situasjonen for forbrukarane. Det inneber mellom anna å utarbeide ein årleg survey og følgje opp EUs kartleggingar på forbrukarområdet. Vidare er utarbeiding av referansebudsjettet for forbruksutgifter (tidlegare standardbudsjettet) og innhenting av kunnskapar om økonomien i hushalda viktig. Det er òg viktig å halde fram med forsking om berekraftig forbruk.

Internett og nettbaserte verktøy står stadig meir sentralt i forbrukarrolla. Teknologien har i løpet av få år medverka til grunnleggjande endringar i kvardagen til forbrukarane. Derfor ser departementet det som viktig at forbruksforskinga er med på å kartleggje kva konsekvensar auken i digitalisering har for forbrukarane og handlingsrommet deira.

Eit døme er den såkalla delingsøkonomien, som i stor grad er basert på at enkeltmenneske ved hjelp av elektroniske plattformsystem kan dele, byte eller selje ubrukte ressursar. SIFO gjekk i 2015 i gang med å studere kva erfaringar forbrukarane har med slike nettbaserte delingstenester. Studiar som dette er viktige for å få fram sentral kunnskap for det vidare arbeidet til departementet på digitalområdet.

Den teknologiske utviklinga fører òg med seg behov for å sjå nærmare på tenester og produkt innanfor «tingas Internett» og på nye former for marknadsføring via digitale plattformer. Omgrepet «tingas Internett» viser til ei utvikling der produkt som til dømes kjøleskap og bilar blir knytte opp mot Internett. I eit prosjekt som skal avsluttast første halvår 2017, har BLD gitt Forbrukarrådet i oppdrag å undersøkje avtalevilkåra som er knytte til slike produkt. I eit anna prosjekt, som skal vere avslutta i første kvartal 2017, har Forbrukarombodet fått i oppdrag å sjå på nye marknadsførings- og salsmetodar i redaksjonelle og sosiale medium og på nye tenester innanfor delingsøkonomien. Begge prosjekta skal bidra til å sikre eit godt forbrukarvern. Prosjektet til Forbrukarombodet skal bidra til at marknadsføringa på Internett tek omsyn til forbrukarane og skjer innanfor rammene av forbrukarlovgivinga.

Delmål 6.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

Under dette delmålet ligg behandlinga av forbrukarklager i Forbrukarrådet, sakene som går til Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, verksemda til Forbrukar Europa og andre tiltak, medrekna lovtiltak, som skal gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing.

Prioritert under dette delmålet i 2017 er iverksetjing og oppfølging av den nye lova om klageorgan for forbrukarsaker, som delvis tok til å gjelde 1. juli 2016, og den nye lova om Forbrukarklageutvalet.

Resultatrapport 2015/2016

Ei sentral oppgåve for Forbrukarrådet er å hjelpe forbrukarar som opplever problem i samband med kjøp av ei vare eller teneste. Forbrukarrådet fekk i 2015 inn 8 373 klagesaker om kjøp av varer, handverkartenester og angrerett. Det er ein auke på 38 prosent frå 2014. Auken kan ha samanheng med at meklingstilbodet til Forbrukarrådet er blitt meir kjent, og at det er blitt enklare å sende inn klager ved hjelp av nettsida forbrukerrådet.no.

75 prosent av klagesakene blei, som i 2014, løyste gjennom mekling av Forbrukarrådet. Behandlingstida var i snitt på 60 dagar, mot 63 i 2014. Resultatkravet var ei behandlingstid på under 90 dagar. BLD er derfor nøgd med resultatet. Forbrukarrådet har i fleire år hatt ein nedgang i behandlingstida for klagesakene. Nedgangen heng mellom anna saman med at Forbrukarrådet har lagt større vekt på munnleg kontakt i meklinga.

Forbrukarrådet gjennomførte i 2015 kvartalsvise brukarundersøkingar av klagebehandlinga. Undersøkingane viste at mange – både av klagarane og av dei klagene retta seg mot – var tilfredse. På ein skala frå 0 til 5 fekk Forbrukarrådet i snitt ein skår på rundt 3,8. Ikkje uventa var det fleire misnøgde blant dei som ikkje fekk medhald, enn blant dei som fekk medhald eller ei minneleg løysing.

EU vedtok i 2013 eit nytt regelverk om alternativ tvisteløysing. Regelverket skal sikre at det i alle EU- og EØS-landa er tilbod om tvisteløysing ved kjøp av alle varer og tenester, med nokre få unntak. Det blei òg vedteke eit regelverk som skal sikre ei nettbasert ordning for løysing av tvistar knytte til netthandel. Stortinget vedtok i mai 2016 ei lov om klageorgan for forbrukarsaker, som gjennomfører dei nye regelverka i norsk rett. Lovgrunnlaget for at Forbrukarrådet kan mekle innanfor dei nye områda, tok til å gjelde 1. juli 2016. Lova om klageorgan for forbrukarsaker inneheld krav som må oppfyllast for å få offentleg godkjenning.

Forbrukarrådet starta allereie 1. juli 2015 med å mekle innanfor dei nye områda som lova regulerer. Forbrukarrådet meklar derfor no i nær alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan. For å skape eit sterkt fagmiljø og medverke til effektivitet i saksbehandlinga er meklingsansvaret for dei nye områda samla ved Forbrukarrådet sitt kontor i Tromsø. Kontoret har òg fått fleire stillingar. Forbrukarrådet hadde ved utgangen av 2015 teke imot 163 saker på dei nye områda. Før det ligg føre tal for større delar av 2016, er det ikkje mogleg å seie meir om korleis det nye tilbodet er teke imot.

Den nye lova om klageorgan som blei vedtatt våren 2016, med utvidinga av meklingstilbodet til Forbrukarrådet, styrkjer forbrukarvernet.

Dei fleste klagesakene om varekjøp, handverkartenester og angrerett som Forbrukarrådet ikkje greier å løyse, blir sende vidare til Forbrukartvistutvalet. I 2015 kom det inn 1 811 saker til Forbrukartvistutvalet, mot 1 768 i 2014 og 1 463 i 2013. Auken i saksinngangen og restansar frå 2014 (239 saker) førte til at sakene i snitt fekk ei behandlingstid på 172 dagar i 2015, mot 134 dagar i 2014. Resultatkravet om ei gjennomsnittleg behandlingstid på under fem månader blei dermed ikkje oppfylt. BLD er ikkje nøgd med denne utviklinga, og vil rette større merksemd mot korleis auken i talet på saker, som fører til restansar, skal møtast.

Til Marknadsrådet, som hovudsakleg behandlar saker om marknadsføring, kom det i 2015 inn 17 saker, mot 13 i 2014. Sakene hadde i snitt ei behandlingstid på 88 dagar, mot 56 i 2014. Resultatkravet om ei gjennomsnittleg behandlingstid på under tre og ein halv månad for sakene om brot på marknadsføringslova blei oppfylt. Sakene til Marknadsrådet er svært ulike i innhald og omfang, og behandlingstida varierer derfor frå år til år. Talet på saker varierer òg mykje. BLD er derfor nøgd med resultatet.

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centre Network). Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) registrerte 2 909 førespurnader i 2015, ein auke på 32 prosent frå 2014. 2 041 førespurnader kom frå forbrukarar som ønskte hjelp i samband med ein klage. Resten (868) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn. Forbrukar Europa ser auken i førespurnader i samanheng med at netthandelen aukar generelt, og at norske forbrukarar er blant dei mest aktive i Europa med slik handel. BLD har ikkje fastsett målkrav for Forbrukar Europa, men er nøgd med at mange nyttar tilbodet.

Strategiar og tiltak for 2017

Det er eit sentralt mål for forbrukarpolitikken å gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing utanfor domstolane. Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande handlar ofte om små beløp, og domstolsbehandling vil derfor ofte vere for ressurskrevjande. Særleg vanskeleg og ressurskrevjande kan det vere å kome fram til ei løysing når kjøparen og seljaren held til i kvart sitt land.

Forbrukarrådet meklar no i nær alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan, jf. omtalen under Resultatrapport 2015/2016. I 2017 ventar Forbrukarrådet å få minst 9 000 saker til mekling. Fleirtalet av desse sakene reknar Forbrukerrådet med å løyse. Resultatkrav for klagesaksbehandlinga vil bli fastsette når det ligg føre tal som dekkjer større delar av hausten 2016.

Mange av sakene som Forbrukarrådet ikkje klarer å løyse, vil bli sende vidare til Forbrukartvistutvalet, som behandlar tvistar mellom næringsdrivande og forbrukarar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett. Regjeringa la i juni 2016 fram ein lovproposisjon om Forbrukarklageutvalet (Prop. 145 L (2015–2016) Lov om Forbrukerklageutvalget (forbrukerklageloven)),som følgjer opp kravet i EU-direktivet om utanrettsleg tvisteløysing. Lova, som kjem i staden for den gjeldande lova om Forbrukartvistutvalet, vil stille minstekrav til saksbehandlinga. Mellom anna skal behandlingstida ikkje overstige 90 dagar. I proposisjonen blir det òg føreslått at Forbrukartvistutvalet skal kunne behandle prinsipielle klagesaker, og at det skal endre namn til Forbrukarklageutvalet. Gjennom at forbrukarane får tilgang til eit klagetilbod av god kvalitet for nesten alle typar varer og tenester, vil både lova om klageorgan – omtalt under Resultatrapport 2015/2016 – og lova om Forbrukarklageutvalet styrkje forbrukarvernet. Departementet vil i 2017 mellom anna arbeide for å sikre norske forbrukarar og næringsdrivande tilgang til EUs nettbaserte portal for klager på e-handel.

Truleg vil mange forbrukarar i 2017 òg vende seg til Forbrukar Europa, det norske kontoret i nettverket av europeiske forbrukarkontor (European Consumer Centre Network), for å få hjelp eller rettleiing i samband med grenseoverskridande tvistar. Sidan kontoret behandlar saker med opphav i andre land, er det vanskeleg å fastsetje resultatkrav for verksemda.

Delmål 6.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Under dette delmålet blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta informerte val i ulike kjøpssituasjonar. Delmålet omfattar arbeid med marknadsportalar som skal bidra til at forbrukarane får betre informasjon om tilgjengelege val, tiltak for gjere forbrukarane meir medvitne om marknadsføring og tiltak for å informere forbrukarane om rettane deira og kva konsekvensar produksjonen og bruken av ulike varer og tenester kan ha for mellom anna helsa og naturmiljøet. Særleg prioritert i 2017 er arbeidet med å lansere ein portal for daglegvarer og ein portal for handverkartenester (Daglegvareportalen og Handverkarportalen).

Resultatrapport 2015/2016

Informasjon fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta medvitne val. Forbrukarrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å gi forbrukarane informasjon.

Forbrukarrådet fekk i 2015 i overkant av 85 000 førespurnader, mot nesten 98 000 i 2014. Nedgangen var venta, ettersom Forbrukarrådet har satsa mykje på å utvikle nettstaden forbrukerrådet.no for å gjere det enklare for forbrukarane å løyse problem på eiga hand. Dei fleste som vender seg til Forbrukarrådet for å få informasjon, gjer det via telefon (70 prosent) og e-post (over 25 prosent). Mange gjer også bruk av sosiale medium og marknadsportalane Forbrukarrådet driftar. I tillegg får mange informasjon gjennom at Forbrukarrådet får omtale i radio, TV og aviser.

Nettstaden forbrukerrådet.no hadde i 2015 i snitt 45 318 unike brukarar kvar veke, mot 43 679 i 2014. I ei måling ved utgangen av 2015 svarte 68 prosent at dei hadde kjennskap til nettstaden, mot 67 prosent i 2014. BLD er nøgd med desse resultata. At mange kjenner til eller nyttar nettstaden til Forbrukarrådet, er ein viktig føresetnad for at rådet skal fylle rolla si.

Forbrukarombodet og Forbruksforskingsinstituttet SIFO gjennomførte òg informasjonstiltak retta mot forbrukarane. SIFO formidla forskingsresultat gjennom foredrag, populærvitskaplege artiklar, medieoppslag, kronikkar og sosiale medium. Instituttet arrangerte òg seminar og konferansar om mellom anna åtferdsøkonomi. BLD er nøgd med aktivitetsnivået.

Digitale informasjonsløysingar

Marknadsportalane som Forbrukarrådet driv, skal bidra til at forbrukarane får meir fullstendig og oppdatert informasjon om kva som er tilgjengeleg i marknaden. Prisoversiktene i portalane skal òg styrkje konkurransen til fordel for kundane.

Finansportalen (finansportalen.no) genererer marknadsoversikter for tenester innan bank, forsikring, investeringar og pengeoverføringar til utlandet. Portalen leverer òg data til eksterne digitale verktøy og samanlikningssider for finansielle tenester. Finansportalen hadde i 2015 kvar veke i snitt 26 500 unike brukarar. Det er ein auke på 2 prosent frå 2014. Delen av befolkninga som kjenner til Finansportalen, blei i 2015 målt til 34 prosent, mot 35 prosent i 2014. BLD er nøgd med desse resultata.

Kundemobiliteten blir rekna som ein indikator på effektiviteten i forbrukarmarknaden for finansielle tenester. Tal frå undersøkinga Nordmenns byttevaner – finansielle tjenester, utført av TNS Gallup, tyder på at mobiliteten har auka dei seinare åra. I januar 2016 svarte 40 prosent at dei i 2015 hadde flytta eller reforhandla éi eller fleire finansielle tenester. I 2013 og 2012 var talet totalt 54 prosent – eit snitt på 27 prosent for kvart av dei to åra. Tala kan indikere at Finansportalen har medverka til ein meir effektiv marknad for finansielle tenester til forbrukarane. Tal frå den same undersøkinga indikerer at fleire brukte Finansportalen i samband med flytting og reforhandling av bank- og forsikringstenester i 2015 enn i 2014.

Trafikkdata viser at talet på brukarar av forsikringsløysingane på Finansportalen som får opplyst bindande pris, og som så klikkar seg vidare til eit forsikringsselskap, blei omtrent tidobla frå 2014 til 2015 (frå 3000 til 32 000). BLD er nøgd med denne utviklinga, som kjem av at det i 2014 blei gjort endringar som gjer det enklare å utføre prisførespurnader.

Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) er ei elektronisk teneste som hovudsakleg gir forbrukarane informasjon om kva tannlegar tek betalt for ulike behandlingar. Portalen blei i 2015 vidareutvikla med eit nytt brukargrensesnitt som gjer prissamanlikningane enklare, og med nye prispakkar for kjeveortopedar. I snitt hadde Tannhelseportalen i 2015 kvar veke 4 630 unike brukarar. I 2015 hadde 12,9 prosent av befolkninga kjennskap til portalen, mot 9,7 prosent i 2014. BLD er nøgd med både endringane og resultata, som legg grunnlag for ein meir velfungerande marknad for tannhelsetenester.

Forbrukarrådet fekk i revidert nasjonalbudsjett for 2014, jf. Prop. 93 S (2013–2014), i oppgåve å utvikle ein ny portal som skulle gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne prisane frå ulike straumleverandørar. Straumprisportalen (strompris.no) blei lansert i august 2015. Straumprisoversikta som Konkurransetilsynet har drive, er lagd ned. Straumprisportalen hadde ved utgangen av 2015 i snitt 6 000 unike brukarar kvar veke, og 18 prosent av befolkninga hadde kjennskap til portalen. Før det har gått lengre tid, er det ikkje mogleg å seie noko detaljert om effektane av den nye portalen.

Undervisning i forbrukaremne

BLD førte i 2015 vidare arbeidet med å fremme god undervisning i forbrukarkunnskap i skolen. Det blei lagt særleg vekt på tiltak som kan heve kunnskapane og forståinga om personleg økonomi hos unge forbrukarar. På oppdrag frå departementet utvikla Forbrukarrådet digitale læringsverktøy i Finansportalen. Eit verktøy som er tilpassa læreplanane i matematikk for ungdomstrinnet, blei lansert hausten 2015. Før det har gått lengre tid, er det ikkje mogleg å seie noko om effektane.

BLD har gitt tilskot til Finans Norge for å utvikle Økonomilappen. Dette er ein digital kunnskapstest og nettportal for unge vaksne i alderen 16–25 år. Målet er å bidra til betre kunnskapar om personleg økonomi. Applikasjonen, som er utvikla i samarbeid med Forbrukarombodet, blei lansert våren 2015.

BLD førte i 2015 vidare samarbeidet med Høgskolen i Hedmark (HIHM) om eit kompetansemiljø for forbrukarundervisning. HIHM har ansvar for å utvikle og distribuere læringsmateriell, arrangere fagdagar ved universitet og høgskolar og lærarseminar om temaet personleg økonomi. Høgskolen driftar òg ei nettside om undervisning i forbrukaremne og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervisning.

Forbruk og miljø

Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø- og ressursproblem og for å skape medvit om forbruk. I tråd med dette har BLD ført vidare prosjektsamarbeidet med Ungt Entreprenørskap om eit undervisingsopplegg som skal fremme forståing om berekraftig forbruk. Undervisingsopplegget består av tilgang på ressursmateriell, klasseforedrag, organisering av gründercampar og elevbedrifter. Nærmare 1 900 elevar frå 23 ulike skolar i sju fylke deltok i prosjektet i 2015. Deltakinga var i tråd med føresetnadene.

Stiftinga Miljømerking i Norge (Miljømerking) arbeider for ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel). Miljømerking søkjer å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg, og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Mange produkt med miljømerke og god kjennskap til merka er avgjerande for at forbrukarane kan ta miljøomsyn når dei gjer forbruksval. I 2015 var det ein kraftig auke i talet på svanemerkte produkt: frå 8 500 ved utgangen av 2014 til meir enn 12 500 ved utgangen av 2015. Arbeidet til Miljømerking har dermed medverka til at langt fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav. BLD er nøgd med denne utviklinga, som inneber at forbrukarane har fått eit breiare tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Ei kjennskapsundersøking våren 2016 viste at 87 prosent av befolkninga kjende til Svana (mot 91 prosent i 2015). Den same undersøkinga viste at 23 prosent kjende til EU Ecolabel (mot 21 prosent i 2015). Utbreidd kjennskap til miljømerka kan tyde på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er miljøvennlege val.

Etter ei evaluering av forordninga om EU-miljømerket i 2014 skal EU-kommisjonen legge fram ein rapport om korleis merkeordninga fungerer. Rapporten er venta i 2016 og er del av ein større gjennomgang for å forenkle og forbetre EU-regelverket (REFIT-programmet).

BLD støtta i 2015 det femårige prosjektet ForMat, som har hatt som formål å redusere matsvinnet i daglegvarehandelen, næringsmiddelindustrien og private hushald. Prosjektet er eigd og drive av organisasjonen Matvett AS, som er stifta av sentrale aktørar i bransjen. Prosjektet blei i 2015 i tillegg støtta av Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

Ein viktig føresetnad for støtta frå BLD har vore at ein stor del av matsvinnet kjem frå private hushald. Ein del av arbeidet til Matvett var i 2015 retta mot å samle heile matbransjen i ein bransjeavtale om reduksjon av matsvinn. Matvett inkluderte derfor i 2015 primærnæringane og storhushald i arbeidet sitt.

I 2015 viste ei kartlegging av matsvinn i matindustrien og daglegvarehandelen ein klar nedgang i omfanget av matkasting. Det blei òg registrert positive endringar i åtferd og i haldninga til å kaste mat. Fleire svarte at dei var blitt meir merksame på matkasting som problem, og at dei hadde redusert si eiga matkasting. BLD er nøgd med denne utviklinga.

I mai 2015 skreiv BLD, Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet under ein intensjonsavtale med bransjen om matsvinn. Målet er å inngå ein bindande avtale om reduksjon av matsvinn i heile verdikjeda for mat i løpet av 2016.

Strategiar og tiltak for 2017

Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Skal ulike marknader fungere godt, er det avgjerande at forbrukarane har tilstrekkeleg med kunnskapar om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Forbrukarane bør vite nok til å kunne velje bort varer og tenester som er dårlege eller skadelege, og kjenne til korleis dei kan gå fram når dei er misnøgde med kjøp. Informasjon kan slik fremme forbrukarmakt og gjennom tilpassingar på tilbydarsida resultere i betre produkt og vilkår.

Forbrukarrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å informere om aktuelle forbrukarspørsmål og om gjeldande rett ved forbrukarkjøp. I 2017 ventar Forbrukarrådet å ha individuell kontakt med minst 70 000 forbrukarar via e-post, brev og telefon og kvar veke i snitt minst 45 000 unike brukarar av nettsida (forbrukerrådet.no), 18 000 unike brukarar av Finansportalen (finansportalen.no), 5 000 unike brukarar av Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) og 6 000 unike brukarar av Straumprisportalen (strompris.no). I tillegg ventar Forbrukarrådet at mange vil nytte Daglegvareportalen og Handverkarportalen, som skal lanserast i 2017 (sjå omtale nedanfor).

Forbrukarombodet og SIFO vil òg informere forbrukarane om aktuelle spørsmål i 2017.

Digitale informasjonsløysingar

Regjeringa vil bidra til at det blir utvikla fleire gode digitale informasjonsløysingar om marknadsforhold tilpassa behova til forbrukarane. Dette skal gi forbrukarane betre grunnlag for å ta informerte val og skjerpe konkurransen til fordel for kundane.

I 2017 vil Forbrukarrådet lansere ein ny marknadsportal som skal hjelpe forbrukarane med å gjere gode val ved kjøp av handverkartenester. Portalen skal bidra til større transparens og færre tvistar i marknaden for handverkartenester, i tillegg til å motverke svart arbeid og fremme seriøsiteten i byggjebransjen.

Forbrukarrådet vil halde fram med å utvikle dei eksisterande offentlege portalane Finansportalen (finansportalen.no), Tannhelseportalen (hvakostertannelegen.no) og Straumprisportalen (strompris.no).

Under Finansportalen vil det i 2017 bli lansert ein ny modul for pensjonsprodukt. Denne vil gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val i marknaden for slike produkt. Modulen vil gi ei marknadsoversikt gjennom digitale samanlikningsverktøy som skal vise pensjonsprodukt med eigenskapar og prisar, og knyte generell forbrukarrettleing til dei ulike vala ein forbrukar må ta. Finansportalen skal bidra til at forbrukarane vel nye produkt og prutar eller byter leverandør når portalen viser at det kan lønne seg. Framveksten av produktpakker i finansnæringa gjer det vanskelegare for forbrukarane å orientere seg og eventuelt byte leverandør. Tiltak mot slike produktpakker, som betre prising av enkeltprodukt, vil vere ein hovudaktivitet for Finansportalen i 2017.

For å hjelpe forbrukarane til å ta meir informerte val og skjerpe konkurransen om tannhelsetenester skal Tannhelseportalen mellom anna utvidast med eit nytt system for timebestilling. Straumprisportalen skal få nytt brukargrensesnitt.

Vedtak nr. 436, 3. mars 2015

På grunnlag av eit representantforslag om å sikre opphavsmerking på mat og å opprette ein daglegvareportal gjorde Stortinget 3. mars 2015 oppmodingsvedtak nr. 436, jf. Dokument 8:13 S (2014–2015) og Innst. 152 S (2014–2015). Oppmodingsvedtaket lyder:

«Stortinget ber regjeringen senest i løpet av 2016 etablere en gratis tilgjengelig informasjonsportal for dagligvarer med nødvendig elektronisk informasjon om varer ment for salg i detaljhandel innen dagligvarer.»

Basert på vedtaket til Stortinget, har BLD gitt Forbrukarrådet i oppdrag å utvikle ein informasjonsportal for daglegvarer. Målet er at portalen skal gi forbrukarane betre grunnlag for å gjere informerte val, og stimulere konkurransen i daglegvaremarknaden.

Portalen skal kunne nyttast via smarttelefon, nettbrett og PC, og vil ha to modular:

  • ein applikasjon (med funksjon for skanning av produkt-ID) der forbrukaren kan leggje inn og bli rettleia etter sine eigne preferansar, knytt til for eksempel allergen, næringsinnhald, økologi, miljø- og andre kvalitetsaspekt ved varene, og

  • eit verktøy for rettleiing om pris (i kva for butikkar det er rimelegast å handle)

Ei utfordring – som departementet også tidlegare har framheva – er at dersom portalen gir aktørane auka innsyn i prisane til konkurrentane, vil dette auke faren for stillteiande priskoordinering, og dermed redusert konkurranse og høgare prisar. Det har derfor vore nødvendig å vurdere korleis portalen kan informere om kor det er billigast å handle, utan å vise prisen på enkeltprodukt. Ei anna utfordring ved samanlikning ut frå pris, er at det ikkje alltid er identiske varer i alle butikkar. Til dømes sel mange butikkar eigne merkevarer. Ei løysing vil da vere å definere produktkategoriar som kan leggast til grunn for samanlikninga.

Løysinga som er valt, er at publikum skal kunne samanlikne prisane i ulike butikkar ved hjelp av ei varekorg som Forbrukarrådet har sett saman. Dei næringsdrivande skal ikkje kjenne innhaldet i korga på førehand. Korga skal bestå av minst ti varer, prisane skal målast over eit tidsrom på minst ei veke, og målinga skal vere avslutta når korga blir publisert. Nye varekorger skal settast saman og publiserast av portalen med jamne eller ujamne mellomrom. Sidan portalen berre vil vise gjennomsnittsprisen over ei veke og samanlagt for minst ti varer, vil det vere umogleg for aktørane å rekne ut enkeltprisar hos konkurrentane. Det betyr at forbrukarane ikkje vil kunne sjå prisane på enkeltprodukt i portalen, og at dei heller ikkje vil kunne sjå prisane på sine eigne handlekorger. Denne løysinga vil gi forbrukarane eit godt verktøy for informasjon om daglegvarer og prisar, samtidig som ein ikkje risikerer at konkurransen mellom daglegvarekjedene blir forverra. Regjeringa meiner dette er den måten ein daglegvareportal kan innrettast på utan at det går ut over konkurransen.

For å sikre portalen tilstrekkeleg datagrunnlag, er det vurdert som nødvendig å innføre ei lovheimla plikt for dei store aktørane i bransjen til å levere produktdata, medrekna prisar i sanntid. Forslag om ei forskrift heimla i marknadsføringslova, med plikt til slik registrering, blei sendt på høyring med frist 1. oktober 2016. For å hindre krav om innsyn i prisdatabasen, som kan vere skadeleg for konkurransen, omfatta høyringa òg forslag til ein lovregel om unntak frå offentleglova for opplysingar i daglegvareportalen. Regelrådet har i høyringa uttalt at saka ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og at det er usikkert om forslaget er eigna til å nå sine mål. Regelrådet meiner det bør vurderast kritisk om tiltaket faktisk bør gjennomførast. Departementet har på bakgrunn av Stortingets vedtak i mars 2015 lagt til grunn at portalen skal opprettast.

Applikasjonen der forbrukaren kan leggje inn eigne preferansar og sortere produkt blir vurdert å ha stor nytteverdi for mange. Gjennom verktøyet som byggjer på varekorga til Forbrukerrådet, vil portalen gi kunden ein indikasjon på prisnivået i den enkelte butikk. Sidan det er lagt opp til at alle butikkane under dei store kjedene skal omfattast, og databasen vil innehalde prisar som jamleg blir oppdaterte, kan kjedene få større incitament til å konkurrere på pris i alle lokale marknader.

Avklaringa og løysinga av dei konkurransemessige utfordringane og utfordringane knytte til direkte samanlikningar av pris mellom butikkar, har medverka til at utviklingsprosjektet har tatt lengre tid enn planlagt. Det er vidare nødvendig at dei omtalte lov- og forskriftsendringane trer i kraft før portalen blir lansert. Portalen kan derfor lanserast først i 2017.

Undervisning i forbrukaremne

BLD arbeider for at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege, og opplæringa skal gi elevane kunnskapar om personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar, kommersielle medium og teknologi.

Opplæringslova seier at elevane skal utvikle kunnskap, ferdigheiter og haldningar for å kunne meistre liva sine og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. I Meld. St. 28 (20152016) Fag – Fordypning – Forståelse – En fornyelse av Kunnskapsløftet blir demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring framheva som tre tverrfaglege emne som skal prioriterast i fornyinga av skolefag. For å fungere godt og meistre livet er det viktig med kunnskapar om privatøkonomi og forbruk. BLD vil halde fram arbeidet med å heve kunnskapen og forståinga om desse emna.

I tråd med formålsparagrafen til skolen skal opplæring i berekraftig utvikling medverke til at elevane lærer å tenkje kritisk og handle etisk og miljømedvite. BLD vil føre vidare samarbeidet med organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisingsopplegg som skal fremme forståing om berekraftig forbruk. Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Hedmark om oppgåver i samband med opplæring i forbrukaremne. Målgruppene for arbeidet er elevar, lærarstudentar og lærarar.

Barn og unge er utsette for eit sterkt kommersielt press. Med auka bruk av digitale medium følgjer eksponering for nye marknadsføringsmetodar. BLD arbeider for at skolen skal ha gode læreverktøy om reklame. Målet er å utvikle reflekterte haldningar til reklame hos dei unge, slik at dei blir betre rusta til å stå imot mellom anna kjøpepress og reklame som speler på kjønnsroller og urealistiske kroppsideal.

Forbruk og miljø

Regjeringa arbeider for at det skal vere enkelt for forbrukarar å ta miljømedvitne val. Dei offisielle merkeordningane Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel) er viktige verktøy for å oppnå det. Den nordiske Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Stiftinga Miljømerking i Norge (Miljømerking) vil halde fram med å informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking skal arbeide for å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden.

Etter ei evaluering av forordninga om EU Ecolabel i 2014 skal EU-kommisjonen leggje fram ein rapport om korleis merkeordninga fungerer. Rapporten er venta i 2016, og er del av ein større gjennomgang for å forenkle og forbetre EU-regelverket (REFIT-programmet). Det blir viktig for Noreg å følgje gjennomgangen og eventuelt gi innspel.

Matsvinn er eit kostnadsmessig, miljømessig og etisk problem både i Noreg og internasjonalt. I Noreg blir det årleg kasta om lag 360 000 tonn mat som kunne vore eten. Rundt 230 000 tonn av dette (64 prosent), kjem frå private hushald. Dette svarer til vel 46 kilo matsvinn per person i året.

Resultatet av matsvinnarbeidet blir betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere svinnet innanfor og på tvers av sektorar. BLD har i 2016 saman med Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet arbeidd saman med matvarebransjen om å lage ein bransjeavtale der målet er å redusere matsvinnet i samfunnet. Bransjeavtala vil gjelde frå 2017 og omfatte heile verdikjeda for mat. Samarbeidet er basert på det tidlegare ForMat-prosjektet (2010–2015), som var eigd og drive av næringsmiddelindustrien sin eigen organisasjon Matvett AS. Gjennom bransjeavtala vil BLD støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet.

Stortinget har i 2016 gjort eit oppmodingsvedtak om å redusere matavfall og matsvinn i omsetnings- og forbrukarleddet. For nærmare omtale av oppmodingsvedtaket, sjå Prop. 1 S (2016–2017) frå Klima- og miljødepartementet.

Vedtak nr. 890, 13. juni 2016

På grunnlag av eit representantforslag om oppretting av lov om etikkinformasjon vedtok Stortinget 13. juni 2016 oppmodingsvedtak nr. 890, jf. Dokument 8:58 S (2015–2016) og Innst. S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag til lov om åpenhet om produksjonssteder og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukere og organisasjoner.»

BLD vil i første omgang få greidd ut om nasjonalt regelverk eller Noregs internasjonale forpliktingar kan vere til hinder for, eller vil krevje bestemte tilpassingar i, ei lov om etikkinformasjon. BLD har som mål at utgreiinga skal vere ferdig våren 2017. Denne utgreiinga vil vere grunnlaget for det vidare arbeidet med oppfølginga av vedtaket.

Stortinget vil på eigna måte bli orientert om arbeidet.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

860

Forbrukarrådet

142 160

155 183

158 244

2,0

862

Positiv miljømerking

7 145

7 352

7 558

2,8

865

Forbrukarpolitiske tiltak

13 317

19 798

18 787

-5,1

866

Statens institutt for forbruksforsking

27 013

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

9 552

10 445

11 498

10,1

868

Forbrukarombodet

24 233

23 274

27 115

16,5

Sum kategori 11.30

223 420

216 052

223 202

3,3

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3868

Forbrukarombodet

353

Sum kategori 11.30

353

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–23

Drift

40 005

46 369

40 800

-12,0

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

169 173

155 183

167 496

7,9

70–98

Overføringer til private

14 242

14 500

14 906

2,8

Sum kategori 11.30

223 420

216 052

223 202

3,3

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Basisløyving

122 566

129 193

132 146

51

Marknadsportalar

19 594

25 990

26 098

Sum kap. 0860

142 160

155 183

158 244

Status for verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å vareta interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet gjere forbrukarane dyktigare og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp av ei vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp med å fremme ei klage. Gjennom eit særskild oppdrag frå BLD har Forbrukarrådet fått ansvaret for ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet, eigne vedtekter og styre. Tilsetjingsforholda til dei tilsette er regulerte i tenestemannslova.

Forbrukarrådet har ti regionkontor, som innan 1. mai 2017 skal grupperast om i tre større einingar med ansvar for mekling. Regjeringa har bestemt at dei tre einingane skal liggje i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. For å medverke til busetjing på Svalbard har regjeringa òg bestemt at det skal etablerast ei hospiteringsordning med 3–5 kontorplassar for Forbrukarrådet der. Det interessepolitiske arbeidet og portalverksemda til Forbrukarrådet skal som i dag drivast frå hovudkontoret i Oslo. Endringa av kontorstrukturen er nærmare omtalt under delmål 1.2 i Programkategori 11.00.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjering til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og politiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnadene ved å bringe prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett inn for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge (omtalt under delmål 6.1). Posten dekkjer òg nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centre-nettverket (omtalt under delmål 6.2).

Departementet føreslår ei samla løyving på 132,1 mill. kroner i 2017.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift av dei to nye marknadsportalane Daglegvareportalen og Handverkarportalen (blir lanserte i 2017) og dei eksisterande portalane Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (strompris.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no).

Posten blir føreslått redusert med 1 mill. kroner, da utviklingsløpet for Handverkarportalen skal avsluttast i 2017. Midlane blir føreslått overførte tilbake til Kommunal- og moderniseringsdepartementet på kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet, post 22 Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling. Posten blir også føreslått auka med 0,5 mill. kroner for å handtere driftsutgiftene for Daglegvareportalen.

Departementet føreslår ei samla løyving på 26,1 mill. kroner i 2017.

Kap. 862 Positiv miljømerking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Driftstilskot til offentleg stifting for positiv miljømerking

7 145

7 352

7 558

Sum kap. 0862

7 145

7 352

7 558

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Norge (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Hovedorganisasjonen Virke, Landsorganisasjonen (LO), Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2015 om lag 7,1 mill. kroner i statleg driftstilskot frå BLD. Av dette beløpet blei om lag 1,3 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1,1 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 29,1 mill. kroner. Hovuddelen av desse inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot til offentleg stifting for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Departementet føreslår ei samla løyving på 7,6 mill. kroner i 2017.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

6 220

12 650

2 187

50

Forsking og undervisning, kan nyttast under post 21

9 252

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 259

1 338

1 375

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

5 838

5 810

5 973

Sum kap. 0865

13 317

19 798

18 787

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Det blir føreslått å knyte stikkordet «kan nyttast under» gjensidig mellom kap. 865, post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 865, post 50 Forsking og undervisning. Begge postane finansierer forbrukarpolitiske tiltak.

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Vidare blir posten nytta til å finansiere marknadsundersøkingar som skal gi kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknaden tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med Forbruksforskingsinstituttet SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar, og Noreg deltek i EU-kommisjonen sitt arbeid med å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane på ulike marknader. Posten kan òg dekke utgifter til ein ekspert i EU-kommisjonen knytt til rammeprogramma om forbrukarpolitikk.

I 2017 blir posten føreslått redusert med 1,5 mill. kroner, da tiltaket gjeldsmekling på nett ikkje skal gjennomførast. I tillegg blir 9,3 mill. kroner føreslått flytta til ny post 50 Forsking og undervisning. Sjå omtale under denne posten.

Departementet føreslår ei samla løyving på 2,2 mill. kroner i 2017.

Post 50 Forsking og undervisning, kan nyttast under post 21

For å sikre korrekt postbruk blir det føreslått oppretta ein ny post 50 Forsking og undervisning, med stikkordet kan nyttast under post 21. Midlane på posten er flytta frå post 21 Spesielle driftsutgifter. Flyttinga til ny post endrar ikkje bruken av midlane.

Posten skal nyttast til forsking, undervisning, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

BLDs løyving til Forbruksforskingsinstituttet SIFO, 8 mill. kroner, blir frå 2017 føreslått flytta til denne posten frå kap. 865, post 21. Midlane er knytte til forvaltingsrelaterte og konkrete forskingsoppgåver som SIFO utfører basert på kunnskapsbehovet til departementet. I 2017 vil det vere prioritert å framskaffe fakta og dokumentasjon om

  • utviklinga i forbruket, haldningane og problema til forbrukarane,

  • den økonomiske situasjonen til hushalda, med vekt på mellom anna gjelds- og betalingsproblem,

  • konsekvensar for forbrukarane av digitalisering på ulike område, og

  • effekten av forbrukarpolitiske verkemiddel og tiltak.

Posten vil vidare bli nytta til arbeidet med å styrkje undervisninga i forbrukaremne i skolen. Departementet har mellom anna eit samarbeid med Høgskolen i Hedmark, som leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervisning. Departementet vil i 2017 føre vidare samarbeidet med høgskolen om andre praktiske oppgåver knytte til undervisning i forbrukaremne.

Posten kan òg nyttast til andre prosjekt og utgreiingar.

Departementet føreslår ei samla løyving på 9,3 mill. kroner i 2017.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Det blir føreslått å knyte stikkordet «kan nyttas under post 21» til posten. Begge postane finansierer forbrukarpolitiske tiltak.

Posten blir nytta til tiltak og enkeltprosjekt som fremmar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa.

Det blir føreslått å føre vidare tilskota til tre særskilde tiltak i 2017:

  • 0,5 mill. kroner til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1). 0,1 mill. kroner av tilskotet går til ei tilskotsordning for reisestøtte til forbrukarrepresentantar i standardiseringsarbeid. Tilskotet blir fordelt etter kriterium som er kunngjorde på nettstaden til Standard Norge (standard.no). Fagrådet for forbrukarsaker fører kontroll med tilskotet.

  • Støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap om undervisningsopplegg i ungdomsskolen om berekraftig forbruk.

  • Støtte til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Arbeidet må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn (nærmare omtalt under delmål 6.3).

Departementet føreslår ei samla løyving på 1,4 mill. kroner i 2017.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Noreg deltek i EUs forbrukarprogram, Consumer Programme 2014–2020. Dette programmet er i hovudsak ei vidareføring av rammeprogrammet for perioden 2007–2013, Consumer Programme 2007–2013. Sjølv om det førre programmet blei avslutta i 2013, held enkelte aktivitetar fram, og deltakarlanda kan ha økonomiske forpliktingar i 3–5 år etter avslutningsåret. I 2017 vil BLD såleis ha utgifter knytte til begge programma, og hovuddelen av posten dekkjer desse kontingentkostnadene.

Forbrukarprogrammet har som mål å medverke til å verne helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane, så vel som retten til forbrukarinformasjon, utdanning og organisering av forbrukarinteressene. Programdeltakinga inneber mellom anna at Forbrukarombodet og andre tilsyn deltek i samarbeidet om handheving over landegrensene, og at Forbrukar Europa kan formidle råd og hjelp til norske forbrukarar som handlar over landegrensene.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoptability Solutions for European Public Administrations (ISA). Ved behandlinga av Prop. 75 S (2015–2016) i mai 2016 gav Stortinget samtykke til å innlemme arvtakaren ISA2 (2016–2020) i EØS-avtalen.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, som aktiviteten under programma, EØS-budsjettet og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å anslå utgiftene.

Departementet føreslår ei samla løyving på 6 mill. kroner i 2017.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

9 552

10 445

11 498

Sum kap. 0867

9 552

10 445

11 498

Status for verksemda

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet har som oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (FTU). Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

Marknadsrådet behandlar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er òg klageinstans for vedtak som Statens medieforvalting har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskapar.

FTU behandlar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar og mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore behandla av Forbrukarrådet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet, i tillegg til godtgjering mv. til medlemmene i Marknadsrådet og FTU. Løyvinga er mellom anna auka med 0,8 mill. kroner som følgje av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Departementet føreslår ei samla løyving på 11,5 mill. kroner i 2017.

Kap. 868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

24 233

23 274

27 115

Sum kap. 0868

24 233

23 274

27 115

Status og hovudoppgåver for verksemda

Forbrukarombodet (FO) skal føre tilsyn med at marknadsføringa og vilkåra i standardkontraktane til dei næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova. Lova gjeld alle typar varer og tenester som blir marknadsførte til forbrukarane. Ombodet prioriterer i særleg grad tilsynsarbeid i dei marknadane som har dei største økonomiske følgjene for flest forbrukarar, mellom anna marknadene for finans, bustad og ekom-tenester.

FO fører tilsyn med at næringsdrivande følgjer reglane i angrerettlova. Ombodet er òg nasjonalt kontaktpunkt for e-handel etter e-handelslova. I tillegg har FO ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling og visse reglar om marknadsføring i kringkastingslova og finansavtalelova. Gjennom marknadsføringslova fører FO òg tilsyn med anna lovverk som tek vare på forbrukarinteresser.

Dei fleste sakene FO tek opp til behandling kvart år, løyser seg gjennom dialog med dei næringsdrivande. Visse typar omfattande lovbrot og saker som ikkje blir løyste gjennom dialog, kan leggjast fram for Marknadsrådet, som kan gjere forbodsvedtak med tvangsmulkt eller vedtak om lovbrotsgebyr.

FO arbeider òg for å betre vernet for sårbare forbrukargrupper. Ombodet legg særleg vekt på å forhindre ulovlege oppmodingar om kjøp til mindreårige og arbeider for rimelige kontraktsvilkår og korrekt marknadsføring til unge forbrukarar.

Vidare arbeider FO internasjonalt for å betre forbrukarvernet. Ombodet er med i eit europeisk samarbeid der tilsynsmakter i alle dei europeiske landa samarbeider for å hindre ulovleg marknadsføring over landegrensene. I tillegg er FO aktive i arbeidet i OECDs forbrukarkomité og ICPEN (International Consumer Protection and Enforcement Network).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2015/2016

Verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane

Lån- og kredittmarknadsføring: FO har gripe inn i mange saker, dei fleste gjeld manglande opplysningar om effektiv rente og totalpris. FO kontrollerte òg marknadsføring av kreditt og tilleggstenester i elektronikkforretningar og avdekte fleire lovbrot i form av mangelfulle opplysningar.

Spare- og pensjonsmarknadsføring: Ein tilsynsaksjon avdekte tilfelle av fondsmarknadsføring med bruk av historisk avkastning utan nødvendige atterhald. Desse blei sende over til marknadsføringsutvalet hos Verdipapirfondenes forening for oppfølging.

Bustad: Ved tilsynsaksjonar som gjaldt bruk av urealistisk låge prisframlegg ved bustadsal (lokkepris) i bustadmarknaden i Oslo og Bergen, blei det ved fleire meklarkontor avdekt så store avvik at det frå Ombodet si side blei stilt spørsmål om praksisen var villeiande. Kontora blei bedt om å skjerpe rutinane for prissetjing.

Brukaromtalar: På bakgrunn av saksbehandling og dialog med næringsdrivande har FO utarbeidd ei rettleiing til næringsdrivande om bruk av brukaromtalar. Ombodet samarbeider òg med forbrukarstyresmaktar i andre land om ei felles tilnærming til spørsmåla brukaromtalar reiser etter marknadsføringslovgivinga.

Datatrafikk og hastigheit: FO gjennomførte fleire tilsynsaksjonar for å undersøkje om tilbydarar av mobilabonnement og internettaksess oppfylte krava til marknadsføring av hastigheit på datatrafikk. Ei rekkje TV-reklamar, radioreklamar og annonsar med villeiande hastigheitspåstandar blei stansa eller endra.

Abonnementsfeller på Internett: Ein tilsynsaksjon avdekte lovbrot i 49 av 52 undersøkte annonsar og nettsider, noko som resulterte i at 19 norske bedrifter fekk brev om å endre eller tydeleggjere marknadsføringa.

E-handel: Forbrukarombodet har i to rundar sjekka om norske nettbutikkar følgjer krava i e-handelslova og angrerettlova. I den første tilsynsaksjonen oppfylte berre 31 butikkar alle krava. Aksjon nummer to viste ei vesentleg betring, og forbrukarane er hos dei undersøkte nettbutikkane no sikra den informasjonen og dei rettane dei har krav på etter lova. Prøvekjøpsundersøkingar avdekte manglar hos fleire nettbutikkar, men dei er etter saksbehandling retta opp.

Telefonsal: Marknadsrådet opprettheldt Forbrukarombodet sitt vedtak om gebyr for telefonsalselskapet Uno Lifes omfattande brot på marknadsføringslova. Dette førte mellom anna til at norske forbrukarar ikkje lenger blei utsette for inndriving av krav på til saman mange millionar kroner frå Uno Life via faktureringsselskapet Avida Finans.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Finans: Ein tilsynsaksjon avdekte at 49 bankar nytta innelåsande vilkår i strid med marknadsføringslova og finansavtalelova i avtalar om bustadsparingsprodukt til yngre kundar. Etter ein dialog med enkelte storbankar og Finans Norge lova alle bankane at dei ville endre vilkåra og fjerne oppseiingsgebyra.

Alle tilbydarane av nye betalingssystem, inkludert Strex (Telia og Telenors mobilbetalingsløysing), DNB (Vipps), Danske Bank (Mobile Pay) og mCash, har endra marknadsførings- og avtalevilkåra etter dialog med FO.

Bustad: Ein av dei største bustadbyggjarane i landet endra vilkåra og marknadsføringa av eit nytt konsept, «Eie til leie», der det blei nytta ein kombinert modell av kjøp ved lånefinansiering og delvis leige.

IKT: Tilbydarane av kabel-TV har etter dialog med FO akseptert at tvunge koplingssal (krav om kjøp av TV-tenester for å få internettilgang) skal ta slutt i løpet av 2016.

Betre vernet for sårbare forbrukargrupper

I byrjinga av mars lanserte Finans Norge saman med Forbrukarombodet Økonomilappen.no – eit opplæringsverktøy i personleg økonomi som skal bidra til å auke kunnskapsnivået hos unge forbrukarar. På dei første to vekene hadde over 20 000 besøkt den nye nettstaden.

Gjennom FOs samarbeid med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga har Forbrukarombodet gått igjennom kontraktane til to utdanningsinstitusjonar. Begge aktørane endra kontraktane sine slik at dei gir rimelege vilkår for forbrukarane.

Ombodet tok i 2015 opp fleire saker med næringsdrivande som gjaldt ulovlege kjøps- og maseoppfordringar retta mot barn. Selskapa lova å marknadsføre seg i samsvar med lova i framtidige reklamar.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

FO har hatt tett kontakt med BLD i samband med EU-kommisjonen sitt arbeid med Digital Single Market, særleg når det gjeld forslaga til direktiv om forbrukarrettar ved kjøp av digitale tenester og distansehandel med varer.

Forbrukarombodet har delteke i ei rekkje europeiske samarbeidsprosjekt organiserte under CPC-komiteen (Komiteen i EU-nettverket for handheving av forbrukarregelverket), mellom anna i gruppa e-enforcement som særleg arbeider med netthandel, i prosjekt om urimelege avtalevilkår hos europeiske flyselskap og på to workshops om handhevinga av direktivet om urimelege avtalevilkår (93/13/EØF). Ombodet har òg gitt innspel til korleis handhevingssamarbeidet i Europa kan gjerast meir effektivt, inkludert kva verkemiddel handhevingsstyresmaktene bør ha ved brot på den felleseuropeiske forbrukarvernlovgivinga.

Strategiar og tiltak for 2017

Ombodet bidreg til at forbrukarane kan ta enklare og tryggare val og ikkje bli lurte, og å hindre at det oppstår tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil gripe inn mot urimelege standardkontraktar på ulike livsområde, hovudsakleg på område som er økonomisk viktige for forbrukarane, som finansielle tenester, bustadmarknaden og ekom-tenester.

Forbrukarombodet vil òg følgje med på om det er nødvendig å stille krav til, og eventuelt nytte sanksjonar mot, urimelege kontraktar på andre marknader.

Verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring

Forbrukarombodet vil føre tilsyn med at marknadsføring av lån og kreditt ikkje er villeiande, slik at forbrukarane ikkje går inn i kredittavtalar utan å vite kva prisen på kreditten er. Ombodet vil ha kontinuerleg tilsyn med spare- og pensjonsmarknadene og vil gripe inn mot ulovleg marknadsføring for å bidra til at forbrukarane ikkje går inn i omfattande avtalar som dei ikkje er gjorde godt nok kjende med konsekvensane av.

Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at marknadsføring av bustader mellom anna gir god og riktig informasjon om alle kostnadene kjøparen er forplikta til å betale.

Forbrukarombodet vil halde fram arbeidet med å kontrollere at informasjon om telefoniabonnement, TV- og Internett-tenester på IKT-marknaden er riktig og lett tilgjengeleg for forbrukarane.

Betre vernet for den digitale forbrukaren

Forbrukarombodet vil arbeide for at forbrukarane ikkje blir utsette for skjult eller villeiande reklame i redaksjonelle eller sosiale medium, at dei trygt kan delta i delingsøkonomien, og at brukaromtalar ikkje gir ei villeiande framstilling av erfaringane til forbrukarane. Det er knytt lange og urimelege vilkår til mange appar som forbrukarane nyttar. Forbrukarombodet vil arbeide for å gjere vilkåra for forbrukarane betre.

Innhenting og bruk av personopplysningar i den digitale økonomien utfordrar ikkje berre personvernet, men også forbrukarvernet. Personopplysningar om forbrukaren har stor verdi for næringsdrivande som ønskjer å selje eller nytte desse opplysningane i samband med marknadsføring. Handheving av lovverket som vernar forbrukarar mot bruk av personopplysningar og direkte marknadsføring utan samtykke, føreset samarbeid med Datatilsynet. Ombodet vil òg løfte desse spørsmåla opp i internasjonalt forbrukarvernsamarbeid og lytte til innspel frå Forbrukarrådet.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

Tilsynsoppgåvene til Forbrukarombodet følgjer i stor grad av plikter som Noreg er pålagde som følgje av EØS-avtalen. CPC-forordninga pålegg alle EU/EØS-landa å etablere eit system for effektivt vern av dei kollektive interessene til forbrukarane ved å føre tilsyn med at næringsdrivande overheld krava som følgjer av 17 forskjellige forordningar og direktiv. Forbrukarombodet har ansvaret for å føre tilsyn med det meste av dette regelverket. Som ein del av samarbeidet som er etablert gjennom CPC-forordninga, er Forbrukarombodet forplikta til å behandle klager på norske næringsdrivande frå tilsynsstyresmakter i andre land. Kommisjonen har òg lagt fram forslag til ny CPC-forordning for å gjere handhevinga av regelverket meir effektiv. Forbrukarombodet vil prioritere å gi nye innspel i den vidare prosessen.

I samband med at EU-kommisjonen satsar stort på Digital Single Market, er det lagt fram forslag til direktiv om forbrukarrettar ved kjøp av digitale ytingar og ved fjernsal av varer. Det er òg sett i gang ein prosess med å revidere seks eksisterande direktiv som gir reglar om forbrukarvern. Forbrukarombodet vil i 2017 prioritere å gi innspel til det nye regelverket for å bidra til at forbrukarvernet blir godt.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukarombodet. Departementet føreslår å auka løyvinga med 0,9 mill. kroner til tilsynsoppgåver hos ombodet. Løyvinga er óg auka med 2,4 mill. kroner som følgje av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Departementet føreslår ei løyving på 27,1 mill. kroner.

Kap. 3868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

353

Sum kap. 3868

353

Programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål i likestillingspolitikken at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. BLD har det overordna ansvaret for koordinering av politikken på områda likestilling og ikkje-diskriminering. Sektordepartementa har ansvar for likestillingspolitikken på eigne sektorområde. Offentlege styresmakter har eit sjølvstendig ansvar for at kvaliteten på tenestene er tilpassa behova til brukarane, og at dei er tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, religion og livssyn.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit forslag om ei felles likestillings- og diskrimineringslov for Stortinget våren 2017. Målet er eit styrkt og meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Regjeringa vil på grunnlag av utgreiinga Utredning av håndhevings- og virkemiddelapparatet på likestillings- og ikke-diskrimineringsområdet (PWC, 2016), leggje fram forslag til ny organisering av handhevingsapparatet.

Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn lagt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Det krev eit langsiktig og målretta arbeid å møte utfordringane som er knytte til likestilling. BLD samordnar innsatsen til regjeringa og følgjer utviklinga over tid.

Regjeringa la i juni 2016 fram planen Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020). Planen legg opp til ein innsats for å styrkje rettar og kår for LHBTI: lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn-personar. Dei sistnemnde er for første gong inkluderte i ikkje-diskrimineringsarbeidet.

BLD samordnar gjennomføringa av Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019). Det er tiltak på områda til ti departement i handlingsplanen som involverer ei rekkje direktorat og statlege verksemder, stiftingar og organisasjonar.

Regjeringa vil motverke hatefulle ytringar og vurderer korleis ein vil nedkjempe slike ytringar. Regjeringa vil i 2016 leggje fram ein strategi mot hatefulle ytringar.

Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2017. BLD har ansvaret for Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM) og sosial- og helsepolitikk (MR-S). Viktige prioriteringar for BLD i MR-JÄM vil vere arbeidet mot vald og hatefulle ytringar og arbeidet for likestilling i arbeidslivet. I MR-S vil universell utforming og velferdsteknologi vere prioriterte område.

Mål

For 2017 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

3.1: Eit meir likestilt samfunn med like rettar

3.2: Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Delmål 3.1 Eit meir likestilt samfunn med like rettar

Resultatrapport 2015/2016

Diskrimeringsgrunnlaga

Likestilling mellom kvinner og menn

Regjeringa fremma Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn for Stortinget 9. oktober 2015. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. Både manns- og minoritetsperspektiva er gjennomgåande. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn, presenterte.

BLD er med og finansierer Kjernemiljø for likestillingsforskning (CORE) ved stiftinga Institutt for samfunnsforskning i Oslo. CORE har mellom anna etablert eit måleinstrument for å følgje utviklinga i kjønnsbalansen i toppleiarstillingar i næringslivet. Med instrumentet kan ein følgje med på utviklinga over tid og samanlikne Noreg med andre land.

Likestilling og verdiskaping. Om kvinners yrkesdeltaking og betydning for økonomisk vekst (CORE-Rapport 2016:10) viser at veksten i kvinners sysselsetjing har hatt stor betydning for verdiskapinga i Noreg. Som ein enkel illustrasjon undersøkte forskarane korleis situasjonen hadde vore dersom vi ikkje hadde hatt sysselsetjingsvekst blant kvinner i perioden 1972–2013. Da ville Fastlands-BNP summert over 40 år vore 3 300 mrd. kroner lågare enn det reelt sett har vore. På den andre sida, om kvinner hadde jobba like mykje som menn i heile perioden, ville Fastlands-BNP summert over perioden vore 2 300 mrd. kroner høgare enn det reelt sett har vore.

CORE gav i samarbeid med tidsskriftet Søkelys på arbeidslivet ut eit temanummer om likestilling og kjønnsforskjellar i arbeidslivet (2015/4). Her blir viktige tema tekne opp, mellom anna nye funn om betydninga av haldningar når det gjeld kjønnsforskjellar i sjukefråvær, kor mykje barn betyr for kvinners og menns sjukefråvær, og kvinnedominansen i offentleg sektor.

CORE arrangerte i mai 2015 eit nordisk nettverksseminar om kjønnsdeling på dei nordiske arbeidsmarknadene og ein konferanse om usynlege barrierar mot avansement i organisasjonar og næringsliv. CORE arrangerte også, i samarbeid med ARENA, eit seminar om EU og likestillingspolitikk. Slike arrangement er ein av måtane CORE skaper og fremmar møteplassar mellom ulike miljø som arbeider med kjønn og likestilling.

Departementet viser til Prop. 1 S (2015–2016) for omtale av boka Kjønnsdeling og etniske skiller på arbeidsmarkedet, som CORE gav ut i 2015.

Rapporten Kunnskapsstatus om seksuell trakassering blant unge (mars 2016), som NTNU har utført for departementet, viser at det å bli utsett for seksuell trakassering i form av uønskt seksuell merksemd blant elevar i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring er eit problem. Seksuell trakassering synest å vere relatert til visse personlege karaktertrekk og åtferd, og rammar enkelte grupper meir enn andre. Seksuell trakassering synest å ha negativ effekt på den psykiske helsa til ungdommane.

Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillingssenteret i Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Reform – ressurssenter for menn er kunnskaps- og ressursmiljø for å fremme likestilling og mangfald. Likestillingssentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsutveksling i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering. Reform har som hovudoppgåve å fremme eit mannsperspektiv og deltaking frå menn i likestillingsarbeidet. I tillegg til å arbeide med å sikre eit mannsperspektiv i likestillingsarbeidet har Reform mellom anna arbeidd med eit felles nordisk prosjekt om kjærastevald. Departementet har bidrege med finansiering ved sentera og Reform av aktivitetar som forsking, informasjon og rettleiing, og med å motivere offentlege og private verksemder til aktivt likestillingsarbeid.

Arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet er sett saman av partane i arbeidslivet, Arbeids- og sosialdepartementet og BLD. Gruppa er eit sentralt kontaktforum mellom partane og skal forankre likestilling i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd (ALPR). Likestilling har årleg vore tema i ALPR, sist i mai 2015, da likestillingsministeren orienterte om den komande likestillingsmeldinga og diskriminering i arbeidslivet

Bufdir har utarbeidd eit indikatorsett som skal måle kjønnslikestilling over tid. Indikatorar på arbeid, utdanning, politikk og leiarskap vil bli lansert hausten 2016. Indikatorane gjer greie for status og utvikling innan tema som er viktige i ein norsk kontekst, og kan vere eit hjelpemiddel i internasjonal rapportering.

Bufdir bidreg òg til arbeidet med kjønnslikestilling gjennom forvalting av tilskot til organisasjonar som arbeider med kjønnslikestilling og pådrivararbeid overfor kommunar og andre sektorar. Ni slike organisasjonar fekk driftstilskot i 2015, og 12 organisasjonar fekk tilskot til målretta aktivitetar. Dette er aktivitetar som fremmar mangfald og auka aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk i Noreg. Frå og med 2016 er aktivitetar som bidreg til å styrkje likestillingsarbeid for kvinner med minoritetsbakgrunn, likestillingsarbeid knytt til menns roller og arbeid for å motverke kjønnstradisjonelle utdanningsval prioriterte.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Handlingsplanen Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020) blei lansert i juni 2016. Handlingsplanen har desse innsatsområda: trygge nærmiljø og offentlege rom, likeverdige offentlege tenester og betre livskvalitet for særleg utsette grupper. Handlingsplanen fører også vidare Noregs internasjonale innsats og samarbeidet mellom styresmaktene og organisasjonane på dette feltet.

Bufdir gav i 2015 tilskot til dei sentrale LHBT-organisasjonane og til ei rekkje ulike tiltak og prosjekt som bidreg til betre livskvalitet og levekår for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Levekårsundersøkinga frå 2013 viste at tilhøva for LHBT-gruppa blir stadig betre, men at det er interne forskjellar i gruppa. Mellom anna var det lite kunnskap om korleis det er å vere «ung og skeiv på bygda» i Noreg. Dette var bakgrunnen for prosjektet Skeiv på bygda, som blei gjennomført av KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen i 2015. Ungdomsskolen er svært krevjande for mange unge LHBT-personar som bur i bygder eller i mindre byar. I denne samanhengen ser Bufdir behov for å drive informasjons- og pådrivararbeid om likestilling og ikkje-diskriminering på kommunalt plan.

Bufdir gir tilskot til aktivitetar slik at frivillige organisasjonar får høve til å informere og skape merksemd, debatt og haldningsendringar. I 2015 blei det gitt tilskot til 13 slike aktivitetar. Eitt av prosjekta var Regnbuedagene i Bergen, som er ein årleg festival arrangert av Landsforeningen for lesbiske og homofile, og som set LHBT-tematikk på dagsordenen.

Etnisitet

Bufdir fekk i 2014 ansvar for å byggje opp kompetanse om likestilling og ikkje-diskriminering knytt til etnisitet og livssyn. I 2015 blei dette arbeidet styrkt og vidareutvikla, og Bufdir har prioritert å få oversikt over den statlege ansvarsdelinga og identifisere moglege samarbeidsflater. Bufdir fekk frå 2015 ansvaret for å koordinere Forum om etnisk diskriminering. Forumet er ein møteplass for statlege aktørar som skal medverke til at offentlege tenester ikkje diskriminerer etniske minoritetar.

Brukarmedverknad er ei viktig kjelde til kunnskap om diskriminering og utfordringar på feltet. Bufdir arrangerte derfor i 2015 eit dialogmøte med innvandrarorganisasjonar og organisasjonar som representerer nasjonale minoritetar og den samiske befolkninga.

For å auke kompetansen og kunnskapsgrunnlaget om etnisk diskriminering, bestilte Bufdir i 2015 forskingsrapporten Diskriminering av samer, nasjonale minoriteter og innvandrere i Norge. En kunnskapsgjennomgang (Institutt for samfunnsforskning, Rapport 2015:001). Rapporten viser at innvandrarar i Noreg opplever diskriminering på dei fleste samfunnsområda, og at det er behov for meir kunnskap om diskriminering av samar og nasjonale minoritetar.

Nedsett funksjonsevne

Bufdir gav i 2015 samla 193,5 mill. kroner i tilskot til drift og aktivitetar i regi av organisasjonar for funksjonshemma.

Tilskot til organisasjonar for funksjonshemma er den største ordninga. Ordninga skal sikre drift av organisasjonar for funksjonshemma og leggje til rette for deltaking i organisasjonane, vidare at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gi service til medlemmene. 133 organisasjonar fekk støtte til drift i 2015. Organisasjonane som fekk tilskot, representerer til saman over 400 000 medlemmer. Dei to største organisasjonane som har fått støtte til drift, er Funksjonshemmedes Fellesforbund og Samarbeidsforumet av Funksjonshemmedes Organisasjoner.

Tilskot til Sommarleir for barn og unge med nedsett funksjonsevne med særskilt store hjelpebehov i regi av organisasjonar for funksjonshemma: Det overordna målet med tilskotsordninga er at organisasjonane skal få høve til å gjennomføre sommarleirar for barn og unge med nedsett funksjonsevne med særleg store hjelpebehov. I 2015 fekk om lag 30 organisasjonar tilskot og i overkant av 1 000 barn og unge med særleg store hjelpebehov var deltakarar. Ein av dei største mottakarane av tilskot til sommarleir er Cerebral Parese-Foreningen.

Tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne: Det overordna målet med tilskotsordninga er å gjere frivillige organisasjonar og stiftingar betre i stand til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Dei 100 tiltaka som fekk tilskot, nådde i underkant av 6 000 deltakarar. Ein av dei største mottakarane av tilskot er Røde Kors Sentrene AS, som arrangerer 16 ulike aktivitetsleirar med dette formålet.

Tilskot til tiltak for å betre levekåra og livskvaliteten for menneske med nedsett funksjonsevne har som formål å støtte aktivitetar og drift som medverkar til debatt og haldningsendringar, deltaking og kunnskap, eller som gjennom direkte tiltak er med på å betre levekåra for menneske med nedsett funksjonsevne. Tilskotet til Klar Tale sikrar drifta av ei lettlesen avis for menneske med språk- og lesevanskar. Støtta til stiftinga SOR sikrar drift av arbeidet med haldningar og kunnskapsformidling om mellom anna moglegheitene og rettane til utviklingshemma. Ytterlegare fem organisasjonar fekk driftstilskot. I 2015 fekk 15 prosjekt aktivitetstilskot til mellom anna haldningskampanjar, forsking og ulike kulturarrangement for målgruppa.

Bufdir lanserte nettsida Levekårsstatus for menneske med nedsett funksjonsevne i mars 2015. Nettsida gjer forsking og statistikk om levekåra til menneske med nedsett funksjonsevne i Noreg tilgjengeleg. Innhaldet på sida blir oppdatert årleg. Levekårsstatusen viser at familiar der eitt eller fleire medlemmer har nedsett funksjonsevne, møter ekstra utfordringar og langt oftare enn andre familiar er i kontakt med det offentlege hjelpeapparatet. Levekårsstatusen viser òg at menneske med nedsett funksjonsevne har eit lågare sysselsetjingsnivå enn resten av befolkninga. I 2015 var berre 43 prosent av personar med nedsett funksjonsevne i arbeid, mot 74 prosent av befolkninga generelt. Vidare viser det seg at sjansen for å vere i arbeid er 4,5 gonger større for dei med høgare utdanning enn for dei med grunnskole som høgaste utdanning.

Regjeringa vil føre vidare programmet Rettigheter for utviklingshemmede. Bufdir har i februar 2016 oppdatert programmet. Programmet er digitalisert frå 2016.

Det blei våren 2015 gjennomført ein rundebordskonferanse i BLD om overordna politiske saker der politikarar frå dei aktuelle departementa møtte paraplyorganisasjonane til dei funksjonshemma. Tema var tiltak for å auke arbeidsdeltakinga for menneske med funksjonsnedsetjingar.

Vedtak nr. 357, 25. februar 2014

I samband med behandlinga av Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd – Om mennesker med utviklingshemming vedtok Stortinget 25. februar 2014 oppmodingsvedtak nr. 357, jf. Innst.127 S (2013–2014):

«Stortinget ber regjeringen nedsette et bredt sammensatt utvalg som skal foreslå egnede og konkrete tiltak som styrker grunnleggende rettigheter til personer med utviklingshemming sin autonomi, privatliv, familieliv og samfunnsdeltakelse. Mandatet til utvalget må inkludere mål, tiltak, kompetanse, rettsikkerhet, økonomi og styringssystem som sikrer at nasjonale politiske mål innfris.»

Regjeringa har sett ned eit breitt samansett utval, som overleverte utredninga si 3. oktober 2016. Sjå også omtale på s. 78 under punkt 2.8 i Prop. 122 S (2015–2016).

Overgripande tema innan likestilling og ikkje-diskriminering

Felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov

Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. I oktober 2015 sende regjeringa eit forslag om ei ny, felles likestillings- og diskrimineringslov på brei høyring med frist 22. januar 2016. Målet med å samle dagens fire diskrimineringslover i ei felles lov er eit sterkare og meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering.

Departementet fekk inn om lag 300 høyringssvar og arbeider i 2016 med å vurdere innspela frå høyringa.

Universell utforming

Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019) blei lagd fram i januar 2016. Planen inneheld 47 tiltak med hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir løpande tiltak på sentrale område følgde opp. Det gjeld mellom anna transport, bygningar og uteområde.

Innan velferdsteknologi tek handlingsplanen mellom anna føre seg kvardagsteknologi i form av praktiske produkt som kan kjøpast i vanlege butikkar. Dåverande Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) fekk i 2015 i oppdrag å greie ut korleis forbrukarar kan få best mogleg informasjon om slike produkt.

BLD vil koordinere handlingsplanen med bistand frå Bufdir. Deltasenteret i Bufdir er staten sitt kompetansesenter for deltaking og tilgjengelegheit. Ein sentral del av arbeidet til Deltasenteret er å skaffe fram og ta i bruk kunnskapsgrunnlag om universell utforming og å støtte prosjekt og tiltak gjennom økonomiske tilskot. I 2015 prioriterte direktoratet prosjekt for universell utforming av IKT, registrering av universell utforming i bygningar og uteområde, i tillegg til universell utforming i reisekjeda.

Eit prosjekt om kollektivtransport var prioritert ved tildelinga frå tilskotsordninga for universell utforming i 2015. Hovudresultatet av prosjektet var at Bufdir fekk formalisert samarbeidet med den regionale transportsektoren, og at det blei etablert eit nasjonalt nettverk for universell utforming innan kollektivtransport.

Menneske med nedsett funksjonsevne bruker digitale tenester i mindre grad enn andre. Samtidig er digitalt nærvær ein føresetnad for like moglegheiter til å delta i samfunnet. Bufdir arbeider målretta med digitalt nærvær for menneske med nedsett funksjonsevne gjennom program for universell utforming av IKT.

Vedtak nr. 106, 5. desember 2012

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2012–2013) vedtok Stortinget 5. desember 2012 oppmodingsvedtak nr. 106:

«Stortinget ber regjeringen leggje fram forslag om en fremdriftsplan for å nå den vedtatte visjonen om et universelt utformet samfunn frem mot 2025.»

Oppmodingsvedtaket har bakgrunn i visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025 frå Handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet (2009–2013). Ei ekstern evaluering og breie innspelsprosessar i 2013 konkluderte med at den breie satsinga i mange sektorar legg til rette for eit universelt utforma samfunn fram mot 2025.

Regjeringa la 29. januar 2016 fram Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019), som har hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir arbeid på sentrale samfunnsområde som bygg, planlegging, uteområde og transport følgt opp.

Departementet har sommaren 2016 motteke ein rapport frå Bufdir som viser ulike framtidsscenario for å få eit meir universelt utforma samfunn. Rapporten er no til vurdering i departementet.

Hatefulle ytringar

Departementet støtta Stopp hatprat-kampanjen, som blei ført vidare i 2015. I samband med kampanjen blei det mellom anna arrangert debattar mellom grupper som er ramma av hatprat. Regjeringa lanserte 27. november 2015 ei politisk erklæring mot hatefulle ytringar, som representantar for partane i arbeidslivet, politiske parti, frivillige organisasjonar, utdanningssektoren, justissektoren, media og enkeltpersonar har slutta seg til. Hausten 2016 lanserer regjeringa ein strategi mot hatefulle ytringar.

Som ein del av arbeidet mot hatefulle ytringar blir det hausten 2016 arrangert ein ungdomskonferanse med hatefulle ytringar som tema. Konferansen er eit samarbeid mellom BLD, Bufdir og Stopp hatprat-kampanjen.

Regjeringa ønskjer å få meir kunnskap om området hatefulle ytringar. Bufdir har derfor sett i gang eit forskingsprosjekt som ser på art, omfang og konsekvensar av hatefulle ytringar.

Internasjonalt arbeid

FN

Noreg er forplikta til å gjennomføre FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere til FN om gjennomføringa – som hovudregel kvart fjerde år. BLD har ansvar for å samordne gjennomføringa av pliktene Noreg har etter FN-konvensjonen om diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen om rasediskriminering, FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne og FN-konvensjonen om barnerettane. BLD har òg oppfølgingsansvar for sentrale FN-resolusjonar på eige fagområde.

I 2015 leverte BLD Noregs første rapport til FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD-komiteen). Rapporten gir eit overblikk over norsk politikk for menneske med nedsett funksjonsevne, samtidig som han gjer greie for oppfølginga av dei enkelte artiklane i konvensjonen.

I august 2015 blei Noreg høyrt av CERD-komiteen, som overvakar FN-konvensjonen om rasediskriminering. BLD vil i 2016 levere ein oppfølgingsrapport om nokre av anbefalingane frå komiteen. Rapportane blir publiserte på regjeringen.no.

BLD deltek på dei årlege møta i kvinnekommisjonen i FN og følgjer arbeidet i tredje komité i Generalforsamlinga og i FNs sosialkommisjon. I februar 2016 rapporterte Noreg til CEDAW-komiteen, som overvakar FN-konvensjonen om diskriminering av kvinner.

Europarådet

Noreg er medlem av Europarådet, som arbeider for å fremme menneskerettar og demokrati. I 2015 har BLD, i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, følgt opp spørsmål om likestilling, ikkje-diskriminering, familie, barn, fattigdom og andre velferds- og sosialpolitiske tema i European Committee for Social Cohesion, Human Dignity and Equality (CDDECS). CDDECS har utvikla strategiar for Europarådet som skal setje premissane for prioriteringane og innsatsområda for rådet framover på områda likestilling mellom kvinner og menn, rettar for menneske med nedsett funksjonsevne og rettar for barn. Noreg er representert ved Bufdir i ekspertkomiteane i Europarådet.

EU/EØS

Innanfor ramma for EU/EØS-samarbeidet medverkar Noreg til ei ny politikk- og regelverksutvikling innan likestilling og ikkje-diskriminering knytt til utvikling av like moglegheiter for kvinner og menn, rettar for personar med nedsett funksjonsevne og lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn (LHBTI). BLD deltek i høgnivågrupper og rådgivande komitear der mellom anna omsetjing av europeiske initiativ og direktiv i nasjonale tiltak og regelverk står på dagsordenen.

BLD har mellom anna delteke i Europakommisjonen si høgnivågruppe for ikkje-diskriminering, likestilling og mangfald (GEG), høgnivågruppa om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne (DHLG) og Europakommisjonen sin rådgivande komité for like mogligheiter for kvinner og menn (ADV). BLD har leidd og vil halde fram med å leie arbeidet i EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Tema i høgnivågruppene og i den rådgivande komiten har mellom anna vore likestillingsdimensjonen i EUs digitale agenda, konsekvensar og utfordringar ved deltid og ved ein kjønnssegregert arbeidsmarknad, oppfølging av FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD), diskrimineringsstatistikk, strategiske rammer for likestillingspolitikken og tiltaksliste for LHBT-initiativ på europeisk nivå.

Nordisk samarbeid / Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM)

Noreg er medlem i Nordisk ministerråd (NMR), som er det offisielle samarbeidsorganet for dei nordiske regjeringane. Barne- og likestillingsministeren deltek i Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM) og Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) saman med helse- og omsorgsministeren og arbeids- og sosialministeren.

Danmark hadde formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2015 og la opp programmet sitt etter det nyleg vedtekne formannskapsprogrammet for 2015–2018, Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden. Som overgripande tema har dei nordiske likestillingsministrane einast om 1) det offentlege rommet og 2) velferd og innovasjon. Som tverrgåande tema ønskjer ministrane å leggje hovudvekta på arbeidet med 1) aktiv deltaking frå gutar og menn i likestillingsarbeidet og 2) berekraftig utvikling.

I MR-JÄM fokuserte Danmark i 2015 på det offentlege rommet og likestilling og utdanning. Med dette som hovudtema har ministrane under dansk leiing gjennomført fleire tiltak, eitt av dei var ein større konferanse om hatefulle ytringar retta først og fremst mot kvinner. Eit resultat av konferansen er ein rapport med fleire anbefalingar til oppfølging. I 2016 har Nordisk institutt for kunnskap om kjønn (NIKK) fått i oppdrag å gjennomføre ei kartlegging av hatefulle ytringar i alle dei nordiske landa. Prosjektet skal sjå på kva rettar den enkelte har, og det juridiske handlingsrommet ein har. Oversikta skal vere ferdig våren 2017. Rapporten skal konkludere med råd om politikkutvikling på feltet.

I tillegg har ministrane vedteke at det skal utarbeidast informasjonsmateriell retta mot barn og unge i alderen 10–18 år. Informasjonsmateriellet skal gi kunnskap om hatefulle ytringar, konsekvensar av hatefulle ytringar og korleis ein kan førebyggje og nedkjempe slike ytringar. Det er også eit mål at materiellet skal informere om ulike strategiar som barn og unge kan møte hatefulle ytringar med. Materiellet er tenkt brukt i alle dei fem nordiske landa. Vidare har ein arbeidd med tiltak for å bryte kjønnstradisjonelle utdannings- og yrkesval og med kjønnsdimensjonen i flyttestraumen frå periferi til sentrum i Norden. Det er elles einigheit om å halde fram arbeidet for at gutar og menn skal ha ei aktiv rolle i likestillingsarbeidet. Derfor har ministrane fått gjennomført ei kartlegging om menn og likestilling i dei nordiske landa 2005–2015. Med rapporten følgjer ei rekkje døme på tiltak som bidreg til eit mannsperspektiv innanfor dette politikkområdet. Noreg er representert ved prosjektet Menn i helse. På ministermøtet 3. oktober 2016 vil ministrane diskutere om og korleis dei vil følgje opp dette arbeidet.

Finland har formannskapen i 2016. Ved sida av å følgje opp kartlegginga om mannsperspektivet i likestillingspolitikken vil Finland mellom anna leggje vekt på arbeidet mot vald i nære relasjonar, kjønnslemlesting og menneskehandel. Finnane vil også følgje opp ønsket frå ministrane om arbeid med likestilling i media og arbeid mot hatytringar.

I MR-S har BLD ei mindre rolle innan rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Nordisk velferdssenter fekk utarbeidd rapporten Situasjonen til samer med funksjonsnedsettelse (Nordens Velferdssenter, 2016). BLD har òg fått omsett FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne til nordsamisk.

BLD følgjer på embetsmannsnivå opp arbeidet mellom ministermøta i embetsmannskomiteane for høvesvis likestilling (EK-JÄM) og sosiale saker (EK-S).

Strategiar og tiltak for 2017

Bufdir er BLDs fagdirektorat og skal mellom anna arbeide med å fremme likestilling og ikkje-diskriminering. Direktoratet skal vere eit gjennomføringsorgan for likestillingspolitikken og styrkje kompetansen i kommunar og andre sektorstyresmakter om likestilling og ikkje-diskriminering.

Reform – ressurssenter for menn, Likestillingssenteret på Hamar og KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen, er kunnskaps- og ressurssenter for å fremme likestilling og mangfald. BLD vil i 2017 redusere driftstilskota til Likestillingssenteret og KUN til same nivå som løyvinga i 2015. Tilskota til Reform og prosjektstøtta til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder skal førast vidare.

Arbeidsmarknaden er eit viktig område når det gjeld å skape reell likestilling. Arbeids- og sosialdepartementet, BLD og partane i arbeidslivet vil føre vidare trepartssamarbeidet for likestilling i arbeidslivet. I Arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet vil styresmaktene og partane arbeide for likestilling mellom menn og kvinner i arbeidslivet.

CORE – Kjernemiljø for likestillingsforsking skal framleis vere eit sentralt, kompetent og kraftfullt miljø for likestillingsforsking om arbeidslivet, med vekt på samspelet mellom familie og arbeidsliv. CORE skal bygge vidare på kompetansen som er bygt opp sidan 2013. Kjernemiljøet skal drive forsking, kunnskaps- og nettverksbygging og formidling av forskingsresultat.

Diskrimeringsgrunnlaga

Likestilling mellom kvinner og menn

BLD vil i 2017 jobbe med å følgje opp Stortingets behandling av Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn.

Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. Både manns- og minoritetsperspektiva er gjennomgåande. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn, presenterte.

Som ein del av oppfølginga av likestillingsmeldinga vil BLD i 2017 byggje vidare på erfaringane frå pilotprosjektet om sertifisering av verksemder gjennom å føre vidare støtta til ei ordning for likestillings- og mangfaldssertifisering av verksemder i Aust- og Vest-Agder.

BLD føreslår også å auke støtta til prosjektet Jenter og teknologi, som er eit samarbeid mellom NHO og andre aktørar med mål om å auke talet på jenter i realfag på alle nivå. Det skal i 2017 mellom anna arrangerast konferansar og opplevingsdagar for jenter på ungdomsskolar og vidaregåande skolar, der rollemodellar og bedrifter inspirerer og viser kva moglegheiter som finst innan realfag.

Bufdir skal i 2017 halde fram arbeidet med å samle og systematisere dokumentasjon og statistikk som gjeld likestilling mellom kvinner og menn. Direktoratet skal både vurdere eksisterande indikatorar og utvikle nye. Indikatorar på områda vald, familie og økonomi blei lanserte i 2016, og indikatorar på helse skal etter planen lanserast våren 2017. Indikatorane skal publiserast på heimesida til Bufdir. Arbeidet skal sjåast i samanheng med indikatorarbeidet på andre diskrimineringsgrunnlag og knytast til rapporteringa om internasjonale konvensjonar.

Ulike tilskotsordningar under BLD skal fremme likestilling og ikkje-diskriminering. Tilskotsordningane går til aktivitetar som fremmar mangfald og aukar aktiviteten i frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk i Noreg.

Vedtak nr. 602, 603 og 611, 14. april 2016

I samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn vedtok Stortinget 14 oppmodingar, jf. Innst. 228 S (2015–2016). Departementet har ansvaret for vedtak 602, 603 og 611.

Oppmodingsvedtak nr. 602

«Stortinget ber regjeringen holde en årlig redegjørelse for Stortinget om status i arbeidet med å fremme likestilling og mangfold i alle sektorer. Andelen kvinnelige toppledere i virksomhetene departementet har ansvaret for, skal inngå i redegjørelsen.»

Barne- og likestillingsministeren vil greie ut om likestilling og mangfald første gong våren 2017.

Oppmodingsvedtak nr. 603

«Stortinget ber regjeringen opprette et eget trepartssamarbeid for økt likestilling med partene i arbeidslivet.»

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte om oppmodingsvedtaket om eit eige trepartssamarbeid.

Oppmodingsvedtak nr. 611

«Stortinget ber regjeringen levere et tillegg til statsbudsjettet som gir en likestillingsvurdering av statsbudsjettet i sin helhet.»

Departementet vil koordinere arbeidet med å lage eit eige tillegg til BLDs Prop. 1. S (2017–2018) som gir ei likestillingsvurdering av statsbudsjettet under eitt.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Regjeringa la i juni 2016 fram Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2016–2019). Planen byggjer på oppdatert forsking og innspel frå ei rekkje organisasjonar på feltet, og skal bidra til eit målretta og godt forankra arbeid på mange sektorar.

Planen skal vere med på å styrkje rettar og kår for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, og for første gong er også interkjønn-personar inkluderte i ikkje-diskrimineringsarbeidet frå styresmaktene si side. I planen er det mellom anna forslag om ein konkret innsats mot mobbing og trakassering i skolen og på Internett og mot hatkriminalitet. Det skal skaffast meir kunnskap om ulike former for «regnbogefamiliar» (nære relasjonar til LHBTI-personar) og om kår og utfordringar blant ulike grupper som ofte elles er lite synlege, som LHBTI-personar med nedsett funksjonsevne, interkjønn-personar og LHBTI-personar med innvandrarbakgrunn. Planen legg opp til ein brei innsats for å styrkje kunnskapen om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og om kår og utfordringar for LHBTI-personar overfor ei rekkje sektorar og styresmakter både på nasjonalt og lokalt nivå. Det gode samarbeidet styresmaktene har med organisasjonane på feltet, og Noregs internasjonale innsats på LHBTI-feltet vil bli førte vidare med denne planen. Ni departement vil ha ansvar for å gjennomføre tiltaka i planen. BLD har det overordna koordineringsansvaret, medan Bufdir skal stå for fagleg gjennomføring, oppfølging og årleg statusrapportering.

Etnisitet

Forum om etnisk diskriminering skal møtast fire gongar i 2017 for å sikre utveksling av kunnskap og identifisere samarbeidsområde i arbeidet mot etnisk diskriminering.

I 2017 skal Bufdir halde fram arbeidet med å samle og systematisere dokumentasjon og statistikk om likestilling og ikkje-diskriminering på alle grunnlag for diskriminering. Bufdir vil òg halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar knytte til etnisk tilhøyrsle.

For å auke kompetansen og kunnskapsgrunnlaget om etnisk diskriminering initierte Bufdir i 2015 forskingsrapporten Kunnskapsoppsummering om likestilling og diskriminering knyttet til etnisk opprinnelse og livssyn. Rapporten viser at innvandrarar i Noreg opplever diskriminering på dei fleste samfunnsområda, og viser spesielt at det er behov for meir kunnskap om diskriminering av samar og nasjonale minoritetar.

Sommaren 2015 fekk Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) i oppdrag å gjennomføre ei ny undersøking av haldningane hos den norske befolkninga til jødar og andre minoritetar, og ein analyse av haldningane religiøse og etniske minoritetar har til kvarandre. Rapporten vil vere ferdig hausten 2017.

Nedsett funksjonsevne

I løpet av 2017 vil Levekårsstatus for personer med funksjonsnedsettelser bli oppdatert med ny kunnskap og nye data. Eit område for vidareutvikling vil vere å betre datagrunnlaget på kommunenivå.

Programmet Rettigheter for utviklingshemmede (det tidlegare informasjons- og utviklingsprogrammet for menneske med utviklingshemming), som blei digitalisert i 2016, vil i 2017 bli oppdatert i samarbeid med offentlege og private brukarar for å møte målgruppa på best mogleg måte.

Bufdir skal i 2017 forvalte tilskot til drift og aktivitetar i regi av organisasjonane for funksjonshemma. BLD føreslår samanslåingar av enkelte av tilskotsordningane, noko som vil gjere det enklare for søkjarane og dessutan vere ressurssparande.

Overgripande tema som gjeld likestilling og ikkje-diskriminering

Felles likestillings- og diskrimineringslov

Det lovbestemte vernet mot diskriminering er i dag spreidd på fleire lover – likestillingslova, diskrimineringslova om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelova og diskrimineringslova om seksuell orientering, i tillegg til enkelte reglar i andre lover.

Departementet tek sikte på å leggje fram eit forslag om ei felles likestillings- og diskrimineringslov for Stortinget våren 2017.

Hatefulle ytringar

BLD har ansvaret for å følgje opp regjeringa sin strategi mot hatefulle ytringar og samordne aktivitetane til sektordepartementa når det gjeld hatefulle ytringar.

BLD vil støtte Stopp hatprat-kampanjen, som har fått støtte frå 2014.

BLD planlegg som ein del av den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2017 å utarbeide kampanjar mot hatefulle ytringar retta mot unge. BLD arbeider for å få på plass ein internasjonal konferanse om hatefulle ytringar og halde dialogmøte med aktørar i det sivile samfunnet for å involvere dei i det vidare arbeidet mot hatefulle ytringar.

BLD vil følgje utviklinga framover gjennom kunnskapsutvikling og forsking om hatefulle ytringar og føre vidare Bufdirs løyving til utarbeiding av kunnskapsgrunnlag om hatefulle ytringar.

Universell utforming

I Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019) ligg finansiering av tiltak og prosjekt i kommunar, organisasjonar og private verksemder mv. Tiltaka blir administrerte av Deltasenteret i Bufdir. Den breie tilnærminga i handlingsplanen med vekt på dei to sentrale temaa IKT og kvardagsteknologi og oppfølging av tiltak på viktige samfunnsområde vil halde fram i 2017. Arbeidet med å etablere ein internettportal for kvardagsteknologi vil truleg bli sett i gang.

EUs tilgjengeligheitsdirektiv, European Disability Act, er EØS-relevant. BLD koordinerer arbeidet med å avklare konsekvensar av direktivet ved innføring i norsk lovverk.

Det er planlagt konferansar med temaa universell utforming og velferdsteknologi/kvardagsteknologi under den norske formannskapen i Nordisk ministerråd i 2017.

Deltasenteret i Bufdir følgjer opp handlingsplanen for universell utforming, både overordna og gjennom ei rekkje tiltak. I dette arbeidet har Bufdir tett kontakt med andre sektordirektorat, faglege organisasjonar og interesseorganisasjonar. Direktoratet vil presentere status og analysar for utviklinga av universell utforming i samfunnet på eigne nettsider og formidle nyheiter om universell utforming frå inn- og utland.

Bufdir har òg ansvar for eit forum der mellom anna interesseorganisasjonane deltek. Forumet er ein arena for utveksling av informasjon og synspunkt på tiltak, profil og framdrift i handlingsplanen.

Internasjonalt arbeid

FN

I 2017 vil BLD prioritere arbeid med å følgje opp FN-konvensjonar som departementet har ansvar for å samordne gjennomføringa av. Noreg har levert landrapportar til kvinnekomiteen og komiteen som overvakar FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Når komiteane kallar inn Noreg til høyring om oppfølginga av desse konvensjonane, startar BLD i samarbeid med andre departement førebuinga til høyringane. Neste rapport til komiteen som overvakar FN-konvensjonen om rasediskriminering, skal leverast hausten 2017.

Oppfølging av Agenda 2030 og FNs berekraftsmål vil stå sentralt også i 2017, sjå omtale av berekraftsmåla under punkt 10 i Del III.

BLD vil delta i FNs kvinnekommisjon i mars 2017. Målet er at Noreg skal vere ei tydelig stemme i FN som taler kvinners og jenters sak.

BLD vil også i 2017 følgje arbeidet i tredje komité i Generalforsamlinga og i sosialkommisjonen.

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål. BLD har ansvar for å følgje opp tiltaka innanfor fleire av delmåla, i tillegg til det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 5. Sjå omtale i Del III, FNs berekraftsmål.

Europarådet

For mandatperioden 2016–2017 møter Bufdir på vegner av Noreg i styringskomiteane for likestilling og ungdomspolitikken og i ekspertkomiteane for rettar for personar med funksjonsnedsetjing og for barns rettar. Arbeidet med å følgje opp og utvikle vidare strategiane til Europarådet på dei respektive politikkområda står sentralt. BLD har det overordna og koordinerande ansvaret for den norske deltakinga i komitéarbeidet i Europarådet.

EU/EØS

Tre direktivforslag på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet frå Europakommisjonen er til behandling i Rådet for den Europeiske Union og Europaparlamentet: ikkje-diskrimineringsdirektivet (2008), direktivet for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre (2012) og tilgjengelegheitsdirektivet European Accessibility Act (2015). Europakommisjonen har kalla tilbake forslaget om eit såkalla svangerskapsdirektiv (2008), og vil kome med eit nytt initiativ for ein betre balanse mellom familie- og yrkesliv i 2017. Direktiva og initiativa har til felles at dei er EØS-relevante, og at dei vil kunne setje nokre rammer for politikkutviklinga i Noreg.

BLD vil følgje opp EUs strategiske rammer for utvikling av like mogeligheiter for kvinner og menn, personar med funksjonsnedsetjingar og LHBTI-personar der Noreg har samanfallande interesser, og der det er eit tydeleg samspel mellom nasjonale prioriteringar og deltaking i europeisk samarbeid.

Dette vil mellom anna skje gjennom deltaking i Europakommisjonen si høgnivågruppe for ikkje-diskriminering, likestilling og mangfald, høgnivågruppa om rettar for personar med funksjonsnedsetjing og Europakommisjonen sin rådgivande komité for like moglegheiter for kvinner og menn. BLD leier arbeidet i EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Nordisk samarbeid

Noreg skal ha formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2017. For Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM) har barne- og likestillingsministeren eit særleg ansvar. For likestilling mellom kvinner og menn legg samarbeidsprogrammet for 2015–2018, Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden, rammene for arbeidet.

BLD prioriterer arbeidet mot vald, hatefulle ytringar og for likestilling i arbeidslivet. Det er eit mål å arbeide meir langsiktig og med tydelegare prioriteringar. Noreg vil halde fram arbeidet med å løfte fram mannsperspektivet i satsinga i 2017.

BLD deltek i det nordiske samarbeidet på helse- og sosialområdet gjennom Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) og embetsmannskomiteane for helse og sosiale saker (EK-S). BLD deler representasjonen med Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Helse- og omsorgsdepartementet koordinerer arbeidet. Med Noreg som formannskap i Nordisk ministerråd i 2017 er universell utforming og velferdsteknologi blant dei temaa som vil bli sette på formannsskapsprogrammet.

Delmål 3.2. Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Resultatrapport 2015/2016

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Nemnda fekk 98 nye saker til behandling frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2015. Talet på saker auka med 31 pst. samanlikna med 2014.

Det blei halde 11 møte og behandla til saman 54 saker i nemnda i 2015.

Gjennomsnittlig saksbehandlingstid var i 2015 på 31 veker. For å redusere saksbehandlingstida blei Likestillings- og diskrimineringsnemnda tilført ressursar til ein ekstra stilling i 2016.

Utgreiing av handhevingsapparatet

I 2014 leverte Arbeidsforskingsinstituttet rapporten Hvordan skape et rettssikkert lavterskeltilbud?, der dei vurderte kva endringar som må gjerast for å leggje til rette for at krava til rettstryggleik blir følgde dersom Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal få avgjerdsmakt i saker om seksuell trakassering og avgjerdsmakt til å gi oppreisning. Resultata blei i 2015 vurderte i samband med arbeidet med ei ny, felles likestillings og diskrimineringslov.

Departementet sette i 2015 i gang ei ny utgreiing av handhevingsapparatet, og i mars 2016 leverte PricewaterhouseCoopers (PwC) utgreiinga Utredning av håndhevings- og virkemiddelapparatet på likestillings- og ikke-diskrimineringsområdet. I utgreiinga legg PwC fram forslag til ei ny organisering der pådrivar- og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre, og der saker berre skal behandlast i éin instans.

Strategiar og tiltak for 2017

For at diskrimineringslovgivinga skal vere effektiv, er det sentralt at handhevingsapparatet har nødvendig gjennomslagskraft. Dette er eit viktig spørsmål i samband med arbeidet med ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov.

Regjeringa vil på grunnlag av utgreinga frå PWC, leggje fram forslag til ny organisering av handhevingsapparatet.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

870

Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

5 850

6 431

9,9

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

46 535

48 682

4,6

872

Nedsett funksjonsevne

239 673

246 311

2,8

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

52 856

54 065

2,3

Sum kategori 11.40

344 914

355 489

3,1

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–23

Drift

30 975

30 530

-1,4

50–59

Overføringar til andre statsrekneskap

52 856

54 065

2,3

70–98

Overføringar til private

261 083

270 894

3,8

Sum kategori 11.40

344 914

355 489

3,1

Rekneskap 2015 kan sjåast under programkategori 11.10.

Kap. 870 Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

5 850

6 431

Sum kap. 0870

5 850

6 431

Status for verksemda

Kompetansen og oppgåvene til Likestillings- og diskrimineringsnemnda er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift.

Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, arbeidsmiljølova kap. 13, bustadlovene og skipsarbeidslova.

Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som administrativt ligg under departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om utøvinga av myndigheit i behandlinga av enkeltsaker.

Nemnda er eit kollegialt organ med 16 medlemmer: 1 leiar, 1 nestleiar, 8 andre medlemmer og 6 varamedlemmer. Nemnda er delt i to avdelingar, og leiaren og nestleiaren møter i kvar avdeling. Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker og utarbeider utkast til vedtak etter rådslåing i nemnda. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, mellom anna for tilsetjing i sekretariatet. Alle saker i nemnda blir først behandla av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet gjere bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande forholdet skal stansast eller rettast.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet, i tillegg til godtgjering mv. til nemndmedlemmer og til eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn. Løyvinga er mellom anna auka med om lag 0,4 mill. kroner som følgje av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,4 mill. kroner i 2017.

Kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

10 983

9 634

70

Likestilling mellom kjønn, kan nyttast under post 21

13 128

17 996

72

Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn

10 967

11 274

73

Likestillingssentre

8 008

6 232

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

3 449

3 546

Sum kap. 0871

46 535

48 682

Rekneskap 2015 kan sjåast under kap. 846.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Departementet føreslår å knyte stikkordet «kan nyttast under» gjensidig mellom kap. 871, post 21 Spesielle driftsutgifter, og kap. 871, post 70 Likestilling mellom kjønn. Begge postane finansierer likestilling og ikkje-diskriminering.

Forskings- og utviklingsmidlane på posten blir nytta til å finansiera større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda likestilling og ikkje-diskriminering.

Løyvinga har blitt nytta til å drifte det etablerte kjernemiljøet for likestillingsforskning (CORE), sjå nærmare omtale under delmål 3.1. Departementet føreslår å vidareføre støtta til CORE som eit tilskot. Som ein konsekvens av dette blir kap. 871, post 21 redusert med 4,1 mill. kroner mot ein tilsvarande styrking av kap. 871, post 70 for å sikre korrekt postbruk.

I 2017 blir innsatsen mot hatefulle ytringar ført vidare med 1,3 mill. kroner og pilotprosjektet for arbeidsgivarar om likestilling i arbeidslivet med 1 mill. kroner. Pilotprosjektet blir administrert av Vest-Agder fylkeskommune.

Departementet føreslår i 2017 å styrkje posten med 1,5 mill. kroner til oppfølging av Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020), sjå nærmare omtale under delmål 3.1.

Departementet føreslår å styrkje posten med 1 mill. kroner for å vareta likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet i formannskapsåret i Nordisk Ministerråd.

Departementet føreslår ei samla løyving på 9,6 mill. kroner i 2017.

Post 70 Likestilling mellom kjønn, kan nyttast under post 21

Departementet føreslår å knyte stikkordet «kan nyttast under» gjensidig mellom kap. 871, post 70 Likestilling mellom kjønn, og kap. 871, post 21 Spesielle driftsutgifter. Begge postane finansierer likestilling og ikkje-diskriminering.

Posten blir nytta til ei tilskotsordning som forvaltes av Bufdir. Vidare blir posten nytta til tilskot til særskilde tilskotsmottakarar som forvaltes av Bufdir og departementet.

Tilskotsmidlane på posten skal nyttast til enkelttiltak og -prosjekt og til frivillige organisasjonar. Løyvinga har vore nytta til driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn og til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder.

Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) har bidrege til ulike aktivitetar på ansvarsområdet til departementet. Det er gitt tilskot til prosjekt i regi av KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning og til Ung Innovasjonspris, som Trondheim kommune deler ut. Det siste tilskotet vil ikkje bli ført vidare i 2017.

Tilskotsordninga Familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Ordninga omfattar drifts- og aktivitetstilskot. Retningslinjene for aktivitetstilskot blei endra frå 2016, sjå omtale i Prop. 1 S (2015–2016) og retningslinjene for tilskotsordninga. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene for drifts- og aktivitetstilskot blir førte vidare i 2017.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape større aktivitet i frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Med likestilling meiner ein i denne samanhengen likestilling mellom kjønna.

Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar får høve til å setje dagsorden, supplere og korrigere det familie- og likestillingspolitiske arbeidet til styresmaktene, utvikle demokratiet, skape deltaking og bidra til kunnskap, debatt og haldningsendringar.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga omfattar drift av frivillige organisasjonar som har familie- og likestillingspolitisk arbeid som kjerneverksemd, og som kan dokumentere dette med vedtekter, målsetjingar og planar.

Ein kan òg gi aktivitetstilskot til tiltak/prosjekt som kan skape merksemd, informasjon/kunnskap, debatt og haldningsendringar når det gjeld familie- og likestillingspolitiske spørsmål.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår å auke tilskotet til Jenter og teknologi, i regi av NHO, til samla 2,5 mill. kroner.

I 2017 skal det utarbeides ei skyggerapportering til FNs rasediskrimineringskomite (CERD). Departementet føreslår å delfinansiere slik rapportering frå det sivile samfunnet med 0,2 mill. kroner.

Departementet føreslår å vidareføre støtta til Kjernemiljø for likestillingsforskning – CORE som eit tilskot. Som ein konsekvens av dette blir kap. 871, post 21 redusert med 4,1 mill. kroner mot ein tilsvarande styrking av kap. 871, post 70 for å sikre korrekt postbruk.

Utover dette føreslår departementet å gi tilskot til desse særskilde tilskotsmottakarane:

  • Reform

  • Senter for likestilling ved Universitetet i Agder

  • FOKUS

  • KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Innsats mot hatefulle ytringar – Stopp hatprat! Kampanjen i regi av Norges Handikapforbund

Alle tilskot blir vurderte på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Departementet føreslår ei samla løyving på 18 mill. kroner i 2017.

Post 72 Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga Betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn (LHBTI).

Ordninga omfattar tilskot til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn. Ordninga omfattar også driftstilskot til dei landsdekkjande LHBTI-organisasjonane og magasinet Blikk, i tillegg til regelmessige aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten for LHBTI-personar.

Ordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene for drifts- og aktivitetstilskot blir førte vidare i 2017, med unntak av at interkjønn er teke inn som nytt grunnlag.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Ordninga skal medverke til mangfald og skape auka aktivitet blant organisasjonar som arbeider innanfor dette området. Tidsavgrensa og permanente aktivitetar kan få tilskot og støtte. Det overordna målet er å betre levekåra og livskvaliteten til lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn. Tilskotsordninga skal gjere det lettare for LHBTI-organisasjonar å drive interessepolitisk arbeid og gi service til eigne medlemmer.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga omfattar frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn. For organisasjonar som får driftsstøtte, vil det bli lagt vekt på at organisasjonane er av og for LHBTI-personar, og at dei arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa dei organiserer.

Tilskot til aktivitetsstøtte blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i formål og mål for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår ei samla løyving på 11,3 mill. kroner i 2017.

Post 73 Likestillingssentre

Løyvinga delfinansierer Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar, og verksemda ved KUN – senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Nord og er lokalisert i Steigen.

BLD føreslår å redusere desse driftstilskota med 2 mill. kroner i 2017 og slik at reduksjonen blir fordelt likt mellom dei to sentera, med 1 mill. kroner på kvar. Løyvinga til sentra for 2017 vil etter dette vere på same nivå som løyvinga i 2015. Tilskotet føreslås redusert for at departementet skal kunne prioritere andre områder på budsjettet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,2 mill. kroner i 2017.

Post 79 Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringarbeid, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i EU-program innan Programkategori 11.40.

Noreg har delteke i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inneheldt desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald. Noreg har vidare delteke i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007–2013). Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning.

Sjølv om programma blei formelt avslutta i 2013, held enkelte aktivitetar fram, og deltakarlanda vil kunne ha økonomiske forpliktingar i 3–5 år etter avslutningsåret. I 2017 vil departementet ha utgifter til begge programma.

Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med ulike faktorar, som aktiviteten under programma, EØS-budsjettet og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å anslå utgiftene.

Departementet føreslår ei samla løyving på 3,5 mill. kroner i 2017.

Kap. 872 Nedsett funksjonsevne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

14 142

14 465

70

Funksjonshemma sine organisasjonar

183 745

197 834

71

Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

26 784

27 534

72

Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

15 002

6 478

Sum kap. 0872

239 673

246 311

Rekneskap 2015 kan sjåast under kap. 847.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga skal nyttast til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyvinga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei samla løyving på 14,5 mill. kroner i 2017.

Post 70 Funksjonshemma sine organisasjonar

Løyvinga har vore nytta til tilskotsordningane Funksjonshemma sine organisasjonar, Ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne og Sommarleir for barn og unge med nedsett funksjonsevne med særskilt store hjelpebehov.

Departementet føreslår å slå saman ordningane Ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne og Sommarleir for barn og unge med nedsett funksjonsevne med særskilt store hjelpebehov på posten til éi ordning: Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Formålet for ordningane er i stor grad overlappande, og det vil vere forenklande, ressurssparande og meir føreseieleg for søkjarane med berre eitt regelverk og éin søknadsprosess.

Driftsmiddeltilskot på 8,9 mill. kroner over post 72 til stiftinga Klar Tale og stiftinga SOR, føreslås flytta til denne posten og innlemma i tilskotsordninga Funksjonshemma sine organisasjonar. Sjå nærmare omtale under kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet.

Tilskotsordningane på posten blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene for drifts- og aktivitetstilskot for ordninga Funksjonshemma sine organisasjonar blir førte vidare i 2017.

Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordningane:

Mål

Funksjonshemma sine organisasjonar

Formålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonane for funksjonshemma betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemmene sine mellom anna i form av lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga gjere det lettare for paraplyorganisasjonane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet Av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO) å drive velferdspolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid.

Fritidstiltak for personer med nedsett funksjonsevne

Formålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonar/det sivile samfunnet høve til å gi personar med nedsett funksjonsevne gode ferie- og velferdstiltak.

Kriterium for tildeling

Funksjonshemma sine organisasjonar

For å bli godkjend må organisasjonen ha meir enn 250 medlemmer. Det er unntak for organisasjonar som organiserer personar med nedsett funksjonsevne med ein sjeldan diagnose. Organisasjonen må ha medlemmer i minst fem fylke og ha vedtaksfesta at personar med nedsett funksjonsevne sjølve eller deira pårørande skal ha fleirtal i dei styrande organa.

Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne

Alle registrerte frivillige organisasjonar og stiftingar kan søkje. Løyvinga skal gå til tiltak i regi av organisasjonar som er godkjende under regelverket Funksjonshemma sine organisasjonar, og til personar med nedsett funksjonsevne under 18 år.

Oppfølging og kontroll

Bufdir avgjer om organisasjonane har rett til tilskot, og gjer vedtak om tilskot. Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2017

BLD føreslår å flytte 8,9 mill. kroner i driftstilskot til stiftingane Klar Tale og SOR frå kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet. Departementet føreslår ei samla løyving på 197,8 mill. kroner i 2017.

Post 71 Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga skal nyttast til tiltak i Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019), og primært til tiltak som går på tvers av sektorar. Ansvaret for eit universelt utforma samfunn kviler på ei rekkje departement, og arbeidet følgjer prinsippet om sektoransvar. BLD har ansvar for å koordinere arbeidet med handlingsplanen. I handlingsplanen står IKT og velferdsteknologi sentralt. Samtidig skal det løpande arbeidet på viktige samfunnsområde følgjast opp. Det gjeld mellom anna universell utforming av bygg, anlegg, uteområde og transport.

Departementet vil i 2017 gi tilskot til Standard Norge for utvikling av standardar for universell utforming, Norsk design- og arkitektursenter for innovasjonstiltak og kompetanseheving av formgivarar, Oslo kommune for utvikling av ein informasjonsportal om velferds-/kvardagsteknologi og KS til prosjekt for universell utforming i kommunesektoren.

Løyvinga skal òg nyttast til tilskotsordninga Universell utforming – kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon, som støttar arbeidet med universell utforming i handlingsplanen. Ordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir førte vidare i 2017.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapsutveksling, kompetanseheving og informasjon om universell utforming på viktige samfunnsområde som planlegging, bygg, anlegg, uteområde, transport og IKT.

Kriterier

Aktuelle mottakarar er statlege, fylkeskommunale, kommunale og private institusjonar og verksemder, stiftingar, forskingsinstitusjonar og interesse- og fagorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår ei samla løyving på 27,5 mill. kroner i 2017.

Post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga Tiltak for å betre levekåra og livskvaliteten til menneske med nedsett funksjonsevne.

Ordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet.

Departementet føreslår at driftsmidlane til stiftingane Klar Tale og SOR på 8,9 mill. kroner, blir flytta til kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 70 Funksjonshemma sine organisasjonar. Stiftingane vil bli tekne vare på gjennom ein eigen regel i tilskotsordninga Funksjonshemma sine organisasjonar. Det vil sørgje for eins praksis med driftstilskot til samanliknbare organisasjonar som får tildelt midlar gjennom denne ordninga, til dømes paraplyorganisasjonane FFO og SAFO og organisasjonane for døvblinde. Utover det legg departementet til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir førte vidare i 2017.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga omfattar frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan få støtte gjennom ordninga. Ein kan òg gi støtte til tiltak som skal medverke til debatt og haldningsendringar, skape deltaking og generere og spreie kunnskap.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2017

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,5 mill. kroner i 2017. Reduksjonen frå 2016 har samanheng med at 8,9 mill. kroner i driftstilskot til stiftingane Klar Tale og SOR føreslås flytta til kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 70.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Basisløyving

52 856

54 065

Sum kap. 0873

52 856

54 065

Rekneskap 2015 kan sjåast under kap. 849.

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, og ligg administrativt under BLD. Formål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.

Hovudoppgåva til LDO er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering, uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Ombodet handhevar diskrimineringsforboda i likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, ikkje-diskrimineringskapittelet i arbeidsmiljølova og diskrimineringsforboda i bustadlova. Ombodet er eit alternativ til domstolsbehandling av saker om diskriminering og skal vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane. Ombodet gir òg rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald.

I tillegg har ombodet ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjonen (CERD) og konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2015/2016

I 2015 fokuserte LDO på fire område for å skape eit meir likestilt samfunn utan diskriminering.

Relevant og god hjelp til mange

I 2015 fekk LDO 1 793 førespurnader om rettleiing og 181 klagesaker. Det er ein markant auke frå 2014. Det var 17 prosent fleire som nytta LDOs rettleiing i 2015 enn i 2014. Dei fleste som tek kontakt med LDO, gjer det fordi dei opplever seg urettferdig behandla på grunn av kjønn, funksjonsevne eller etnisitet.

I 2015 har det vore ein nedgang i saksbehandlingstida. Saksbehandlingstida for klagesaker er redusert frå 284 dagar i 2014 til 246 dagar i 2015. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for rettleiingssaker er òg vesentleg redusert. I snitt er ei rettleiing no avslutta innan 12 dagar, noko som er ei nedgang på tre dagar samanlikna med året før.

Førebyggje diskriminering

Ombodet skal påpeike samfunnsskapte barrierar som hindrar like moglegheiter, spreie informasjon om likestilling og diskriminering og ta initiativ til debattar om status på området og om ulike verkemiddel som kan brukast i arbeidet for eit meir likestilt samfunn.

I 2015 gjennomførte LDO ein kampanje mot diskriminering i samband med graviditet og foreldrepermisjon. Ombodet gjennomførte ei omfangsundersøking for å finne ut kor mange som blir ramma av denne forma for diskriminering. Undersøkinga viste at 55 prosent av kvinnelege og 22 prosent av mannlege arbeidstakarar har opplevd éi eller fleire former for diskriminering i samband med graviditet eller foreldrepermisjon. Kampanjen fekk mykje merksemd.

Foredrag, arrangement, debattmøte og mediedekning er viktige verkemiddel for å skape engasjement for likestilling. Forsking på likestillings- og diskrimineringsfeltet, høyringssvar frå LDO og Noregs forpliktingar etter FNs konvensjonar er utgangspunkt for utspela til ombodet. I desember arrangerte LDO Fag, fest og finale, som var avslutningskonferansen for ombod Sunniva Ørstavik.

I 2015 heldt LDO rundt 200 foredrag og innlegg – ein markant auke frå 2014, da talet var 150. Ombodet gjennomførte tre arrangement under den årlege sesjonen i FNs kommisjon for statusen til kvinner. LDO stod for arrangement om å motverke vald mot kvinner, partnardrap og hatytringar.

Ombodet fører tilsyn med dei lovpålagde aktivitets- og rapporteringspliktene og gir rettleiing om dei.

Endring gjennom samarbeid

For å lykkast i arbeidet med å hjelpe dei som har vore utsette for diskriminering, og endre strukturane som skaper diskriminering, er LDO avhengig av å samarbeide med andre aktørar. I 2015 laga ombodet ei plattform for kontakten med det sivile samfunnet.

Samarbeid med det sivile samfunnet er viktig av fleire grunnar. LDO jobbar systematisk med å styrkje og systematisere dette samarbeidet.

LDO har eit brukarutval som er sett saman av relevante interesseorganisasjonar innanfor dei prioriterte satsingsområda til ombodet. I 2015 blei det gjennomført fleire møte med brukarutvalet, som består av 14 ressurspersonar med brei kunnskap og kompetanse. Tema som blei diskuterte i møta, var mellom anna utgreiing om handhevingsapparatet, ein likestilt skole, kampen mot vald og felles likestillings- og diskrimineringslov.

Kvart år markerer ombodet den internasjonale 16-dagarskampanjen mot kjønnsbasert vald. Også i 2015 samarbeidde LDO med Krisesentersekretariatet om kampanjen. Temaet var partnardrap.

Tilsyn med FN-konvensjonar

I februar 2015 la ombodet fram rapporten til FNs rasediskrimineringskomité. Ombodet peikte på tre alvorlege manglar i norsk politikk: Styresmaktene lyttar ikkje til dei som blir diskriminerte, dei lèt ikkje diskriminering få konsekvensar, og dei har ein politikk som handlar meir om å endre minoriteten enn å motarbeide fordommar og diskriminering hos majoriteten.

Ombodet lanserte i 2015 rapporten Hatytringer og hatkriminalitet, som eit konkret innspel til korleis regjeringa kan ta tak i utfordringane.

LDO har hausten 2015 lansert den første supplerande rapporten til CRPD-komiteen. Rapporten tek for seg ni ulike område som ombodet meiner det er særleg grunn til å passe på for å sikre menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Strategiar og tiltak for 2017

LDO vil halde fram arbeidet med å gi enkeltpersonar og andre rettleiing, og målet er at dei skal få hjelp før førespurnader blir formelle klagesaker. Samtidig vil ombodet halde fram arbeidet med å redusere saksbehandlingstida.

Hanne Inger Bjurstrøm starta som nytt ombod i januar 2016. Ombodet vil over dei neste fem åra arbeide målretta rundt fem sentrale temaområde på likestillings- og diskrimineringsfeltet og er no i ein strategiprosess der også det sivile samfunnet er inkludert. Ombodet har fått innspel frå viktige brukarorganisasjonar og frå partane i arbeidslivet.

LDO vil prioritere å ta tak i prinsipielle diskrimineringsspørsmål på eige initiativ. Ombodet vil òg halde fram arbeidet for at alle som har plikter etter lovverket, skal kjenne til og ha kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering i praksis.

Tilsynet med FN-konvensjonane skal framleis vere uavhengig, tilgjengeleg og effektivt.

Post 01 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter.

Departementet føreslår ei løyving på 54,1 mill. kroner i 2017.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Mål

Regjeringa har som mål å ha ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for eigne barn. For 2017 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

2: Trygge rammer for familiane

2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. For ei samla framstilling av politikkområdet, sjå innleiinga til programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Politikken skal fremme valfridom og fleksibilitet og gjere det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei.

Resultatrapport 2015/2016

Uttak av foreldrepengar

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser ein nedgang i delen dagar fedre tek ut, sett i forhold til alle dagar med foreldrepengeutbetaling i 2015. Fleirtalet av fedre har over fleire år valgt å ta ut akkurat dei vekene som svarar til fedrekvoten. Denne tendensen held fram i 2015 og 2016. Det inneber at det gjennomsnittlege talet på dagar fedre tek ut, går ned. Samtidig såg ein i 2015 ein tendens til at nokon fleire fedre tok ut meir enn 14 veker permisjon.

ISF har på oppdrag frå BLD utarbeida temanotata Fedrekvoten – norm for fedres permisjonsbruk i Norge og Norden. En litteraturstudie og Deling av foreldrepermisjon: Konsekvenser for arbeid – familietilpasning og velferd i Norge og Norden. Også ISF finn at feirtallet av fedre brukar den øyremerkte fedrekvota, mens mor bruker den delbare permisjonen. I følgje temanotata tilpassar fedra ofte permisjonen til sin arbeidssituasjon, mens mor tilpassar permisjonen til barnets omsorgsbehov.

Ein aukande del av foreldra velgjer 100 prosent foreldrepenger/dekningsgrad under foreldrepermisjonen i staden for 80 prosent foreldrepenger og lengre stønadsperiode. Aukinga har sannsynligvis samanheng med at 100 prosent dekningsgrad er meir økonomisk lønsamt enn uttak med 80 prosent. Det kan òg tyde på at stønadsperiodens lengde ved 100 prosent dekningsgrad oppleves som tilfredsstillande. Tabellen nedanfor viser at delen menn med gradert uttak har vore relativt stabilt dei siste fire åra. For alle dei fire åra har prosentdelen menn med gradert uttak vore på i underkant av 25 prosent.

Tabell 4.10 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2012–2015

2012

2013

2014

2015

Endring 2014/2015

Talet på fødslar

59 403

58 174

58 344

58 240

-104

Talet på levandefødde barn

60 255

58 995

59 084

59 058

-26

Talet på foreldrepengedagar ved fødsel og adopsjon

12 514 314

12 482 424

12 651 525

12 843 255

191 730

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

– Kvinner, prosent

79,7

78,3

77,0

78,5

2

– Menn, prosent

20,3

21,7

23,0

21,5

-2

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

88 626

85 509

86 285

85 367

-918

– av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

38 133

35 132

29 921

26 838

-3 083

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved fødsel

112

114

113

118

5

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

58 426

58 916

59 524

58 382

-1 142

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved fødsel

43

46

49

47

-2

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

333 654

345 869

358 867

370 970

12 103

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

383 820

395 232

407 591

427 590

19 999

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

5 330

4 810

4 774

4 590

-184

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

13 239

14 127

14 783

13 976

-807

Talet på kvinner med svangerskapspengar

4 892

5 110

5 312

5 800

488

Talet på kvinner med minst éin dag foreldrepengar ved adopsjon

448

327

287

270

-17

– av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

234

156

101

86

-15

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved adopsjon

98

89

98

99

1

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved adopsjon

393

288

228

221

-7

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved adopsjon

46

53

51

46

-5

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved adopsjon (kr)

373 600

369 210

399 425

421 770

22 345

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved adopsjon (kr)

408 518

417 995

433 453

455 610

22 157

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 063

1 092

1 178

1 330

152

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn utan rett til fedrekvote

80

80

80

81

1

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

9 350

9 827

10 559

10 588

29

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

25

25

24

17

-7

Kjelde: SSB og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Hausten 2016 ga departementet Institutt for samfunnsforskning i oppdrag å undersøkje kjennetekn ved fedre som har rett til fedrekvote, men som ikkje tek ut heile kvota. Dei skal mellom anna kartleggje kvifor desse fedra ikkje tek ut heila kvota og kva som skal til for at dei i større grad skulle nytja seg av kvota.

Ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar

Arbeids- og velferdsetaten arbeider med å utvikle ei ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar, Prosjekt 2 i IKT-moderniseringa. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetatens forvalting på BLD sitt ansvarsområde under programkategori 11.10 Familie og oppvekst, samt omtale i Prop. 1 S (2016–2017) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Formell undersøking i fedres rett til foreldrepermisjon

Norske styresmakter mottok 13. juli 2016 eit brev frå EFTAs overvåkningsorgan (ESA) kor dei åpnar formell undersøking i fedres rett til foreldrepermisjon. I brevet viser ESA til at fleire bestemmelser i folketrygdlova inneber at fars rett til foreldrepermisjon blir gjort avhengig av mors situasjon. Det er mellom anna eit krav om at mor er i aktivitet (i arbeid, heltidsstudent el.) for at far skal få rett til uttak av foreldrepenger frå fellesperioden. ESAs førebelse vurdering er at desse bestemmelsene inneber ei forskjellsbehandling på bakgrunn av kjønn, som er i strid med EØS-avtala.

Eingongsstønad ved fødsel

Kvinner utan rett til foreldrepengar får eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Frå 1. januar 2016 er stønaden på 46 000 kroner. Satsen for eingongsstønaden er auka med meir enn 10 000 kroner frå 2013. Det har over tid vore ein nedgang i talet på mottakarar av eingongsstønad, men både i 2013, 2014 og 2015 har det vore ein auke. Ifølgje tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet fekk 10 605 personar eingongsstønad i 2015. I første halvår 2016 har det blitt utbetalt eingongsstønad til 5 827 personar. Det er same nivå som i 2015.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har på oppdrag frå BLD i Arbeid og velferd nr. 3, 2015 analysert mottakarane av eingongsstønad. Mottakarane er kvinner i svært ulike livssituasjonar. Gruppa omfattar tenåringsmødrer, studentar, innvandrarkvinner med store barnekull og – truleg – norske kvinner der familien har valt ei arbeidsdeling der mor er heimeverande. Ei svak tilknyting til arbeidslivet og låg inntekt over tid er felles for dei fleste. Mange av kvinnene som får eingongsstønad, ser ut til å ha eit varig behov for stønader og offentlege ytingar.

Strategiar og tiltak for 2017

Fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot

Regjeringa sende i 2016 på høyring eit forslag til lovendring om at foreldra sjølve skal avtale fordelinga av foreldrepengar ved samlivsbrot. Lovendringa skal gjere det lettare for fedrane å behalde fedrekvoten etter eit samlivsbrot.

Ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar

Oppfølging av IKT-moderniseringsarbeidet på foreldrepengeområdet vil vere ei sentral oppgåve i 2017. I den samanheng vil ein vurdere behovet for endringar og forenklingar i regelverket for foreldrepengar.

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

18 338 415

19 330 000

19 810 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

443 103

468 000

470 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

462 083

475 000

495 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

60 047

65 000

54 000

Sum kap. 2530

19 303 648

20 338 000

20 829 000

Mål

Stønadene under dette kapitlet skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2017

Det er ikkje føreslått endringar i regelverket for foreldrepengar.

Satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon er føreslått auka til 46 920 kroner.

Utgiftsanslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein antar at talet på barn i aldersgruppa for foreldrepenger vil auke noko. Ein antar òg at oppteningsgrunnlaget for foreldra som mottek foreldrepengar aukar litt meir enn lønnsveksten.

Departementet føreslår ei løyving på 20 829 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-4 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2016 utgjer grunnbeløpet 92 576 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 523 410 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Mor må starte sin permisjon seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 26/36 veker avhengig av valt dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uførepensjon, kan far ta ut inntil 10 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til mors aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ei skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketryglova § 14-17. Stønaden er i 2016 på 45 295 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å prisomrekne stønaden, slik at han i 2017 vil vere på 46 920 kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Inkludert i dette talet er eit eige krisesenter for menn på Sunnmøre.

Til toppen
Til forsida av dokumentet