Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2016–2017) frå Klima- og miljødepartementet består av tre delar:

Del I presenterer hovudutfordringane, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor departementets budsjett i 2017.

Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne regjeringas klima- og miljøpolitikk. I del I er det derfor gitt eit oversyn over klima- og miljøpolitiske satsingar i andre departement. I del I er òg oppfølging av alle oppmodingsvedtaka frå Stortinget omtalt.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I del II blir det òg gjort greie for politikk for å nå dei nasjonale måla.

Del III er ei omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker. Her er mellom anna klimagassbudsjettet omtala, og klima- og miljøpolitikken i dei andre departementa. Del III gir òg ei oversikt over organisasjonsendring, fornyingsarbeid, likestilling i miljøforvaltninga, og meir utfyllande omtale av nokre av oppmodingsvedtaka.

Til toppen
Til forsida av dokumentet