Prop. 136 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Takstforhandlingane i 2015 med legane, psykologane og fysioterapeutane er ikkje avslutta slik at eventuelle endringar i budsjetta på bakgrunn av forhandlingane kan ikkje bli lagde fram for Stortinget i vårsesjonen 2015. Stortinget blir bede om å samtykke i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2015. Endringane vil bli gjort på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget