Prop. 36 S (2017–2018)

Miljøpakke Trondheim trinn 3 – forlenga innkrevjingsperiode og endringar i takst- og rabattsystemet

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om Miljøpakke Trondheim trinn 3, i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Miljøpakke Trondheim trinn 3 er en revisjonen av eksisterande Miljøpakke Trondheim trinn 2, og innebærer forlenga innkrevjingsperiode med 5 år, til utgangen av 2029, samt endra takst- og rabattsystem. Miljøpakke Trondheim er ein viktig del av bymiljøavtalen mellom Staten, Trondheim kommune og Sør-Trøndelag kommune. Dei auka inntektane frå trinn 3 vil bidra til å nå nullvekstmålet mellom anna gjennom at kommunen og fylkeskommunen kan finansiere sin halvpart av MetroBussen. I tillegg vil dei bidra til knutepunktsutvikling og utvikling av eit samanhengande nett for gåande og syklande. Vidare vil midlane bli nytta til å sikre realisering av dei veg prosjekta som inngår i Miljøpakke Trondheim. Samferdselsdepartementet opnar for å forskottere 800 mill. kr av dei statlege midla med bompengar til prosjektet rv 706 Nydalsbrua (tidlegare Sluppen bru) med tilknytingar for å framskynde anleggsstart.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget