Prop. 66 L (2018–2019)

Endringar i helse- og omsorgstenestelova (dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens)

Proposisjonen inneheld forslag om å lovfeste ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personer med demens. Dagaktivitetstilbod gjev meining, meistring og gode opplevingar for den einskilde og avlastning for dei pårørande. Ein av dei største utfordringane vi står overfor som følgje av auken i levealder og den endra alderssamansetjinga, er at talet på personar med demenssjukdomar også vil auke. Ei lovfesta plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens vil bidra til å møte desse utfordringane.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget