Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Eingongsavgift, ny køyresyklus og ladbare hybridbilar

Eingongsavgifta for person- og varebilar vert i dag berekna på bakgrunn av vekt og utslepp av CO2 og NOX. EU er i gang med å innføre nye reglar for måling av avgassar som skal nyttast ved typegodkjenning av nye person- og varebilar. Mellom anna vert det innført ein ny køyresyklus (Worldwide harmonized Light vehicles Test Procedure (WLTP)) som gjev meir realistiske utsleppsverdiar enn den gjeldande (New European Driving Cycle (NEDC)). Dette får betyding for eingongsavgifta.

Dei nye reglane vert fasa inn gradvis. Frå 1. september 2017 vert WLTP nytta ved nye typegodkjenningar av personbilar. Personbilar som er typegodkjende før denne datoen, vil vere målte etter NEDC. Frå 1. september 2018 skal alle nye personbilar vere målte etter WLTP. For varebilar er tidspunkta flytta eitt år fram. Fram til 2021 vil det òg verte fastsett CO2-utslepp etter NEDC for bilar som er typegodkjende etter 1. september 2017.

I Prop. 130 LS (2016 – 2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivninga informerte departementet om at som ei praktisk løysing skulle CO2-utslepp målte etter NEDC inntil vidare verte nytta for alle køyretøy. Det vart lagt opp til at utsleppsverdiar målte etter ny køyresyklus vil liggje til grunn for berekning av CO2-komponenten frå 2019. I 2018 vert CO2-utslepp målte etter NEDC nytta i avgiftsberekninga. I budsjettframlegget for 2019 vil regjeringa kome tilbake med forslag til overgang til berekning av CO2-komponenten som byggjer på utsleppsverdiar målte etter ny køyresyklus.

Det vert ikkje fastsett NOX-utslepp etter NEDC for køyretøy som er typegodkjende etter 1. september 2017. Ein nyttar difor den verdien som er tilgjengeleg når ein bereknar eingongsavgifta. Dette inneber at NOX-utslepp målte etter ny køyresyklus vert lagt til grunn for køyretøy som er typegodkjende etter 1. september 2017, sjå omtale i Prop. 130 LS (2016 – 2017).

I behandlinga av Prop. 1 S (2016 – 2017) Statsbudsjettet 2017 og tilhøyrande Innst. 2 S (2016 – 2017) fatta Stortinget 5. desember 2016 følgjande oppmodingsvedtak nr. 108 punkt 12 (2016 – 2017):

«Stortinget ber regjeringen så snart det er mulig, og helst i Revidert nasjonalbudsjett 2017, legge frem forslag til endring i engangsavgiften som innebærer at ladbare hybrider med lang elektrisk rekkevidde kommer bedre ut enn biler med kort elektrisk rekkevidde.»

I budsjettet for 2018 vart det vedteke å avvikle frådraget i vektkomponenten for ikkje-ladbare hybridbilar, som då var på 5 pst., med verknad frå 1. januar i år. Samstundes vart frådraget for ladbare hybridbilar redusert frå 26 til 23 pst. For å følgje opp vedtak 108 nr. 12 vart det vidare fremja forslag om å setje krav om minst 50 km elektrisk rekkevidde for ladbare hybridbilar for å få maksimalt frådrag. Køyretøy med kortare elektrisk rekkevidde får eit frådrag som står i forhold til dette.

På grunn av dei nye reglane for måling av avgassar kunne ikkje Statens vegvesen levere tal for elektrisk rekkevidde for alle ladbare hybridbilar før april 2018. I budsjettet for 2018 vart det difor foreslått å gjere endringa gjeldande frå 1. juli 2018. Stortinget slutta seg til dette. På same måte som for NOX-utslepp vil det ikkje vere fastsett elektrisk rekkevidde etter NEDC for køyretøy som er typegodkjende etter ny metode. For ladbare hybridbilar må difor den elektriske rekkevidda som er tilgjengeleg, nyttast ved berekninga av eingongsavgifta.

Til toppen
Til forsida av dokumentet