Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i eigedomsskattelova

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:

Overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første punktum skal lyde:

Kommunar som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk kan frå og med skatteåret 2019 til og med skatteåret 2024 i staden for eller i tillegg til utskriving etter § 3 skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt fastsett grunnlag.

Overgangsregel til §§ 3 og 4 nytt andre ledd skal lyde:

Kommunar som ikkje skriv ut eigedomsskatt på næringseigedom etter § 3, men som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk, kan i perioden nemnd i første ledd første punktum skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal så langt desse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i skatteåret 2018.

II

Endringane under I tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2019.

Til toppen
Til forsida av dokumentet