Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rapport: Klima og migrasjon

Av Ivar Eimhjellen og Guro Ødegård, Senter for forskning på sivilsamfunn & frivillig sektor, 2016-2

To casestudiar av sivilsamfunnsorganisering i ei ny tid

Rapporten "Klima og migrasjon" (.pdf)

I det norske offentlige ordskiftet blir Noreg gjerne kalla for
«frivillighetslandet». Omgrepet ber i seg ei viss sanning. I eit internasjonalt perspektiv er det norske sivilsamfunnet prega av ein svært høg organisasjonstettleik av lokale, regionale og nasjonale organisasjonar. Det er fleire frivillige organisasjonsmedlemskap enn det er borgarar i landet, og den frivillige innsatsen for lag og foreiningar er svært høg. Samtidig ser vi kimen til relativt store endringsprosessar innan sektoren.