Rundskriv G-14/02

Spørsmål om den saksøkte har ansvar for meirverdiavgift på salær for skriving av kravsmål om utlegg

Rundskriv G-14/2002
Jnr.: 01/6656 EP TFJ/an
Dato: 03.09.2002

Til namsmennene

Spørsmål om den saksøkte har ansvar for meirverdiavgift på salær for skriving av kravsmål om utlegg

Ei rekke namsmenn har kontakta Justisdepartementet med spørsmål om den saksøkte pliktar å dekkje meirverdiavgift på salær for skriving av kravsmål om utlegg. Justisdepartementet har på bakgrunn av dette funne grunn til å utferde eit rundskriv om spørsmålet.

Problemstillinga er om den saksøkte pliktar å erstatte den kostnaden meirverdiavgifta inneber for saksøkjarar som ikkje er meirverdiavgiftspliktige, og som dermed ikkje har frådragsrett for inngåande meirverdiavgift.

Spørsmålet må løysast på grunnlag av lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullføring og mellombels sikring (tvangsfullføringslova) § 3-1 og forskrift 4. desember 1992 nr. 898 § 2. Ifølgje forskrifta § 2 første ledd nr. 2 kan saksøkjaren ikkje krevje meir enn eit beløp lik rettsgebyret for kostnader ved skriving av kravsmålet og andre allmenne sakskostnader. I § 3 er det gjort unntak frå dette, men desse er ikkje aktuelle i forhold til vår problemstilling. Justisdepartementet meiner såleis at det ikkje kan krevjast meirverdiavgift i tillegg til maksimalsatsen i § 2 første ledd nr. 2.

Departementet vil ta initiativ til å endre forskrifta, slik at den uttrykkeleg regulerer i kva grad saksøkjaren kan krevje at den saksøkte dekkjer meirverdiavgifta på salær for skriving av kravsmål om utlegg.

Med helsing

Inge Lorange Backer e.f.
ekspedisjonssjef

Tore Fjørtoft
rådgivar

Kopi: Finansdepartementet
Norske Inkassobyråers Forening