Rundskriv G-21/01

Moms på inkassotenester - forholdet til inkassoforskrifta

Rundskriv G-21/2001

Til namsmennene

J.nr. 01/6656 EP TFJ/an

Dato 20.07.2001

Moms på inkassotenester – forholdet til inkassoforskrifta

Som eit ledd i momsreforma vart det 1. juli 2001 innført meirverdiavgift (moms) på inkassotenester. Det har blitt reist tvil om kva slags konsekvensar dette har for skyldnaren sitt ansvar for inndrivingskostnadene. Justisdepartementet har derfor funne grunn til å kome med eit rundskriv om dette.

Etter lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) pliktar skyldnaren å dekkje "nødvendige kostnader" som kravshavaren har i samband med utanrettsleg inndriving av kravet, jf. § 17. Ved forskrift 14. juli 1989 nr. 562 (inkassoforskrifta) er det gitt nærmare reglar om erstatningsansvaret til skyldnaren. Forskrifta kapittel 1 har reglar om gebyrmessig erstatning for utgifter til purringar, inkassovarsel og betalingsoppmodingar. Det er her tale om standardsatsar som kravshavaren har rett på utan omsyn til dei faktiske inndrivingskostnadene. I forskrifta kapittel 2 er det fastsett maksimalsatsar for skyldnaren sitt erstatningsansvar for kostnadene ved utanrettsleg inndriving. Den store hovudregelen er at kravshavaren ikkje kan krevje skyldnaren for inndrivingskostnader som overstig maksimalsatsane.

Etter innføringa av moms på inkassotenester er det reist spørsmål om den meirkostnaden som momsen eventuelt medfører, skal kunne krevjast dekt av skyldnaren også utover maksimalsatsane. Justisdepartementet kjenner til at i alle fall eitt av dei største inkassobyråa har kravd 24 % moms i tillegg til maksimalsatsane. Departementet vil understreke at dette ikkje er i samsvar med forskrifta. Maksimalsatsane set framleis grenser for skyldnaren sitt erstatningsansvar. Vi finn grunn til å presisere at ein eventuell meirkostnad på grunn av momsen ikkje i seg sjølv vil vere tilstrekkeleg til at kravshavaren skal kunne krevje erstatta sine faktiske kostnader etter unntaksregelen i forskrifta § 2-5.

For kravshavarar som er momspliktige vil ikkje innføringa av moms på inkassotenester medføre nokon meirkostnad. Grunnen til det er at desse kravshavarane vil ha rett til frådrag

for avgift som er fastsett av inkassator. Dette inneber at skyldnaren si stilling andsynes kravshavaren blir den same som før.

Dersom inkassotenesta blir ytt overfor ein kravshavar som ikkje er avgiftspliktig, vil frådragsretten for avgift som er fastsett av inkassator vere avskoren. Momsen vil her representere ein naudsynt inndrivingskostnad etter inkassolova § 17. Dette inneber at skyldnaren også må dekkje den delen av inndrivingskostnadene som knyter seg til momsen på inkassosalæret, men berre innanfor dei maksimalsatsane som følgjer av inkassoforskrifta. Også i desse tilfella vil såleis maksimalsatsane setje grenser for erstatningsansvaret til skyldnaren.

Med helsing

Marianne Vollan e.f.

fung. ekspedisjonssjef

Tore Fjørtoft

fungerande rådgivar