Rundskriv G-7/2003

Endringar i forskrifter om sakskostnader, i inkassoforskrifta og i forskrift om tvangssal ved medhjelpar

Rundskriv G-07/2003
Jnr.: 03/03610 EP TFJ/an
Dato: 15. mai 2003

Til forliksråda, namsmennene og tingrettane

Endringar i forskrifter om sakskostnader, i inkassoforskrifta og i forskrift om tvangssal ved medhjelpar

Ved kongeleg resolusjon 9. mai 2003 vart det gjort endringar i følgjande forskrifter:

  • forskrift 4. desember 1992 nr. 898 om den saksøkte sitt sakskostnadsansvar ved tvangsfullbyrding,
  • forskrift 23. juli 1993 nr. 768 om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet,
  • forskrift 14. juli 1989 nr. 562 til inkassolova m.m. (inkassoforskrifta), og
  • forskrift 4. desember 1992 nr. 895 om tvangssal ved medhjelpar.

1 Sakskostnadsforskriftene etter tvangsfullføringslova og tvistemålslova inneheld maksimalsatsar for sakskostnadsansvaret ved tvangsfullføring og forliksrådshandsaming. For skriving av utleggskravsmål og skriving av forliksklage kan det t.d. maksimalt krevjast eitt rettsgebyr. Innføringa av meirverdiavgift på advokat- og inkassotenester har ført til at desse tenestene har blitt dyrare for saksøkjarar som ikkje har frådragsrett for meirverdiavgift knytt til desse tenestene (t.d. privatpersonar og bankar). For at desse saksøkjarane skal få dekt den meirkostnaden som meirverdiavgifta inneber, er det no vedtatt at satsen i desse tilfella skal aukast med eit beløp som svarer til den allmenne meirverdiavgiftssatsen (24 %). Dersom heile eller meir enn halvparten av eit krav ikkje skriv seg frå verksemd som er meirverdiavgiftspliktig, skal det såleis ved fastsetjinga av maksimalsatsen leggjast til eit beløp som svarar til den generelle satsen for meirverdiavgift.

Ein part som ikkje har personleg møteplikt, og som engasjerer nokon andre til å møte for seg i forliksrådet (t.d. ein advokat), kan i dag ikkje krevje meir enn eit kvart rettsgebyr for kostnadene ved frammøte. Det er vedtatt at denne satsen skal aukast til eit halvt rettsgebyr. Også på dette punktet blir det innført ein høgare sats for tilfelle der rettsforholdet i saka heilt eller hovudsakleg ikkje skriv seg frå verksemd som er meirverdiavgiftspliktig.

2 Ved forskrift 1. februar 2002 nr. 97 vart det fastsett differensierte satsar i inkassoforskrifta. I resolusjonen av 9. mai 2003 er det gjort ei mindre teknisk endring i forskrifta i samband med endringane av dei to sakskostnadsforskriftene.

3 Endeleg er det gjort ei endring i forskrift om tvangssal ved medhjelpar med tanke på tilfelle der eit tvangssal ikkje blir gjennomført, men medhjelparen kort tid etter medverkar ved eit frivillig sal av same formuesgode. Dersom medhjelparen medverkar ved eit slikt sal innan 6 månader etter at medhjelparoppdraget opphøyrte, blir kravet på godtgjersle frå staten halvert.

Endringane trer i kraft 1. juli 2003. Det er fastsett overgangsføresegner som fastslår kva saker som skal følgje dagens reglar, og kva saker som skal følgje dei nye reglane.

Bakgrunnen for endringane og det nærmare innhaldet i desse er utdjupa i foredraget til den kongelege resolusjonen, som er lagt ved.

Med helsing

Inge Lorange Backer e.f.

Tore Fjørtoft

ekspedisjonssjef

fung. lovrådgivar