Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rundskriv N-1/2009 om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (tilsette i kollektivtransporten sine rettar ved bruk av konkurranse og andre lovendringar)

Ved lov nr. 108 av 19. juni 2009 er det vedtatt endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven. Samferdselsdepartementet viser til Ot.prp. nr. 60 (2008-2009), Innst. O. nr. 74 (2008-2009) og Besl. O. nr. 86 (2008-2009).

Ved lov nr. 108 av 19. juni 2009  er det vedtatt endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven. Samferdselsdepartementet viser til Ot.prp. nr. 60 (2008-2009), Innst. O. nr. 74 (2008-2009) og Besl. O. nr. 86 (2008-2009).

Samferdselsdepartementet har lagt ved dei aktuelle lovendringane. Vi ber adressatane merke seg at lovendringane blir sette i verk på ulike datoar.

Det er gjort følgjande lovendringar:

1. Reglane om verksemdsoverdraging skal gjelde ved bruk av konkurranse ved tildeling av kontrakt om plikt til offentleg teneste i innanlands kollektivtrafikk på veg, til sjøs og med jernbane

Reglane i kapittel 16, §§ 16-2 til 16-7, i arbeidsmiljøloven skal gjelde tilsvarande ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve etter yrkestransportlova og ved bruk av konkurranse om tildeling av avtale om persontransport med jernbane. Departementet gjer merksam på at reglane òg vil gjelde der  konkurransen fell inn under reglane om offentlige anskaffingar.

Med omgrepet ’tilsvarande’ er meint at dei aktuelle reglane i arbeidsmiljøloven skal gjelde fullt ut ved bruk av konkurranse ved tildeling av kontrakt til offentleg teneste. Teori og praksis knytt til arbeidsmiljøloven vil òg vere avgjerande når disse reglane blir lagt til grunn etter yrkestransportlova og jernbaneloven. Det er ikkje ønskeleg å skape særreglar på transportområdet, utover at virkeområdet for reglane blir utvida til òg å gjelde overdraging etter konkurranse som ikkje er overdraging av verksemd etter reglane i § 16-1 i arbeidsmiljøloven.

Reglane om overdraging av verksemd vil gjelde dei arbeidstakarane som er tilsette hos den som driv de aktuelle rutene som blir lyste ut på konkurranse.  Ved fastsetting av kva arbeidstakarar som har rett til overføring av tilsetting er utgangspunktet for vurderinga  om dei har si arbeidsmessige hovudtilknyting til den verksemda som blir konkurranseutsett.  Dette gjeld  både operativt og administrativt personell.  Reglane gjeld berre når verksemda etter konkurransen blir driven med same type transportmiddel som tidlegare.

For å sørgje for så like vilkår for konkurransen som mogleg, skal løyvestyresmakt/oppdragsgjevar informere dei som vil delta i konkurransen, om dei tilsette i verksemda som blir konkurranseutsett. Dette gjeld for dei tilsette i den verksemda som no har løyvet knytt til den aktuelle rutetenesta, eller for den verksemda som driv den transporten oppdraget gjeld. Det skal gjevast informasjon om kor mange  tilsette verksemda har, og om deira alder, ansiennitet og lønns- og arbeidsvilkår. Løyvestyremakt/oppdragsgjevar kan krevje at noverande løyvehavar/operatør gjev styresmaktene dei aktuelle opplysningane.

Regelen om at den som får tildelt løyve gjennom konkurranse må forplikte seg til å sikre at dei tilsette som direkte arbeider med å oppfylle kontrakten, får lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale, eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke, er ei vidareføring av tilsvarande regel frå forskrift om anbud i lokal rutetransport. Som følgje av dette vil departementet seinare kome tilbake med oppheving av § 4, fjerde ledd i forskrift om anbud i lokal rutetransport.  Ordlyden i lova er tilpassa ordlyden i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontraktar. Regelen er ny innanfor jernbanesektoren.

Reglane gjeld òg når konkurranse blir gjennomført av administrasjonsselskap på oppdrag frå løyvestyremakta.

Lovendringa på dette punkt gjeld frå 1. september 2009 slik at dei nye reglane vil gjelde for dei konkurransar som blir lyste ut etter denne dato.

2. Aldersgrensa for kjøresetel blir heva frå 70 til 75 år
Sidan november 2008 har det vore praktisert ei ordning der Politidirektoratet under gjevne føresetnader, etter søknad, har gjeve dispensasjon frå aldersgrensa på 70 år for kjøresetel.

Frå 1. juli 2009 vert den øvre aldersgrensa for å kunne ha kjøresetel heva frå 70 til 75 år. Etter fylte 70 år må ein i tillegg til kjøresetel ha med gyldig legeattest som ikkje er eldre enn eitt år for at kjøresetelen skal vere gyldig. Det vil ikkje bli stilt krav om formell fornying av kjøresetel utover det som følgjer av gjeldande rett, dvs. at kjøresetel skal fornyast kvart 10. år, men kvart 5. år etter fylte 60 år. Dette regleverket er uendra.

3. Innføring av gebyr ved mindre brot på yrkestransportlova
Etter lovendringa vil tenestemenn frå kontrollmakta, dvs. Politiet og Statens Vegvesen få høve til å gje gebyr for mindre brot på yrkestransportlova. Kontrollmakta kan berre gje gebyr for lovbrot som har skjedd etter at lova tek til å gjelde.

Lovbrotsgebyr er i første hand tenkt nytta når førar ikkje har med naudsynte dokument og legitimasjonar under transporten. Det vil seie ved brot på yrkestransportlova § 38. Naudsynte dokument kan vere løyvedokument, internasjonal transporttillating, kjøresetel eller leasingavtale.  Lovendringa på dette punkt vil tre i kraft 1. januar 2010. Det er likevel ein føresetnad at departementet fastset forskrift  om slike gebyr mv.

4. Fjerning av ordninga med eigentransporterklæring
Ordninga med eigentransporterklæring vil bli oppheva. Dette krev òg endring av yrkestransportforskrifta. Samferdselsdepartementet tek sikte på å oppheve ordninga frå 1. januar 2010, men departementet tek atterhald.

5. Innføring av løyveplikt for visse kjøretøykombinasjonar
Tillaten vekt på tilhengar vil bli rekna med når ein fastsett kva kjøretøy som er løyvepliktig i godstransport. Det vil seie at motorvogner med tilhenger med samla tillaten totalvekt over 3500 kilo vil bli løyvepliktig. Dette krev òg endring av yrkestransportforskrifta. Samferdselsdepartementet tek sikte på å oppheve ordninga frå 1. januar 2010, men departementet tek atterhald.

6. Endringar av omgrep i lova
Frå 1. januar 2010 vil omgrepet ”anbod” i lova erstattast med ”konkurranse”. Samstundes vil ”Statens helsetilsyn” erstattast med ”Helsedirektoratet”. Endringane har ikkje materielle konsekvensar.

Last ned - Rundskriv N-1/2009 om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (tilsette i kollektivtransporten sine rettar ved bruk av konkurranse og andre lovendringar) og tilhøyrande Vedtak til lov (pdf)