Rundskriv V-13N/2014 Målbruksrapportering frå departementa for 2014

Rundskrivet gjeld rapportering om målbruk i departementa i 2014.

Vedlagt følgjer to skjema for rapportering om målbruk i departementa i 2014.

Rapporteringa skal denne gongen sendast til Språkrådet, ikkje til Kulturdepartementet.

E-postadressa til Språkrådet er  post@sprakradet.no

Rapporteringa gjeld i utgangspunktet alt tilfang som fell inn under § 8 første ledd første og andre punktum i mållova, i praksis så godt som alt anna enn brev til enkeltadressatar.[1] Vi registrerer sjølve alle stortingsdokument, og desse skal derfor ikkje vera med på skjemaet. Heller ikkje lov- og forskriftstekstar skal takast med i rapporten. Alt anna tilfang som departementet har laga i 2014, skal rapporterast.

Mållova gjeld uavhengig av kva form eit dokument blir publisert i, om dette skjer ved å senda det ut i papirform, å leggja det ut på Internett, eller ved at eitt og same dokument blir publisert på begge desse måtane. Vi strekar derfor under at det ikkje minst er viktig å få med alt tilfang som er lagt ut på regjeringa.no i løpet av 2014. Eit dokument som er publisert både elektronisk og i papirform, skal likevel ikkje teljast meir enn éin gong.[2]

Vi har som tidlegare lagt ved to skjema i rekneark, slik at summering og utrekning av nynorskprosenten skjer automatisk dersom ein nyttar dei elektroniske versjonane. Desse kan hentast opp via lenkjer i den elektroniske versjonen av dette rundskrivet på Kulturdepartementet sine sider på regjeringa.no.   

Skjema 1 (.xls)

Dette skjemaet skal nyttast til å registrera alle dokument på under 10 sider. Her er det talet på dokument i dei ulike kategoriane som skal førast opp.

Dei kvite kolonnane gjeld talet på dokument under 5 sider, mens dokument med ei lengd på frå 5 til 9 sider skal førast opp i dei gule kolonnane. Desse vil telja dobbelt ved summeringa. 

Kolonnane med overskrifta BÅDE B/N gjeld dokument som er laga både på bokmål og nynorsk, anten som parallellutgåver eller t.d. med bokmål på eine sida og nynorsk på den andre sida. Ved summeringa vil desse telja 50 pst. i kvar målform.

Skjema 2 (.xls)

Dette skjemaet skal nyttast til registrering av dokument på minst 10 sider, og her er det sidetal for kvart enkelt dokument som skal førast opp.

Sidetalet for dokument som berre finst anten på bokmål eller på nynorsk, skal førast i dei kvite kolonnane.

Dersom eit dokument finst både på bokmål og nynorsk, altså som parallellutgåve, skal sidetalet førast opp i den blå kolonnen. Ved summeringa vil dette telja 50 pst. i kvar målform.

Dersom det er brukt ulik målform i eit dokument, skal sidetalet for kvar målform spesifiserast i dei gule kolonnane.

***

Siste frist for innsending av skjemaa til Språkrådet er 31. januar 2015.

Vi ber om at skjemaa blir oversende i excel-format med reknearkfunksjon intakt  som vedlegg til følgjeskriv til Språkrådets postmottak: post@sprakradet.no

Dersom noko er uklart, ta kontakt med departementet på tlf. 47839 eller Språkrådet på tlf. 22541966.

Med helsing

Heidi Karlsen e.f.
avdelingsdirektør

Ingvar Engen
seniorrådgjevar


Vedlegg: 2 skjema



[1] Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene, slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer.

[2] No som stadig meir blir publisert elektronisk, kan det ved registreringa vera praktisk å ta utgangspunkt i denne publiseringsforma, og så supplera med eventuelt materiale som berre er publisert i papirform.