Rundskriv V-18N 2008

Plastgraver - ei orientering

Kyrkjelege fellesråd

Sokneråd i kommunar med eitt sokn

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-18N/2008

2006/06977 KIA krs

15.08.2008

 

Plastgraver – ei orientering

Frå 1950-talet og 15-20 år framover ble eit stort tal døydde sveipt i plastfolie ved gravlegging. Ved oppgraving av desse gravene etter at fredingstida er ute, har det vist seg at det ikkje har skjedd ei nedbryting i grava, og at ho derfor ikkje kan bli brukt på nytt som kistegrav. Departementet har i samarbeid med KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon, Begravelsesbyråenes Forum – Norge, kyrkjegardskonsulenten og arbeidstakarorganisasjonane laga ei orientering om handtering av ”plastgraver”, jf. vedlegg.

Utgifter til anlegg, drift og forvalting av kyrkjegardane skal løyvast av kommunen etter budsjettframlegg frå fellesrådet, jf. gravferdslova § 3 andre ledd. Kommunen skal óg syte for at det er tilstrekkeleg areal til kyrkjegard, jf. forskrift til gravferdslova § 2 første ledd. I nokre kommunar har kyrkjeleg fellesråd inngått avtale om kommunal tenesteyting, jf. kyrkjelova § 15 fjerde ledd. Departementet ber på denne bakgrunn kyrkjeleg fellesråd (soknerådet i kommune med eitt sokn) om å orientere kommunen om eventuell plastgravproblematikk.

I einskilde kommunar er ansvaret for kyrkjegardsforvaltinga overført frå fellesrådet til kommunen, jf. gravferdslova § 23 andre ledd. Departementet sender vedlagte orientering direkte til desse kommunane.

Med helsing

Thom M. Rafoss e.f.
fung. ekspedisjonssjef

Kristian Skjeldal
rådgjevar

 

Vedlegg 1 og vedlegg 2 (pdf-filer)