Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rundskriv V-6 N/2006

Oversending av kopi av ny tilpassingsavtale om arbeidsmiljø — innføring av medråderett i prostia

Oversending av kopi av ny tilpassingsavtale om arbeidsmiljø – innføring av medråderett i prostia.

Biskopane
Bispedømeråda
Prostane

Nr.

Vår ref

Dato

V-6 N/2006

2006/972 KIA mtb

27.1.2006

Oversending av kopi av ny tilpassingsavtale om arbeidsmiljø – innføring av medråderett i prostia

Vi viser til ny avtale om medråderett som vart inngått mellom departementet og Presteforeningen og Fagforbundet – TeoLOgene. Avtalen følgjer i kopi til orientering og oppfølging.

Den nye avtala opprettar prostiet som nytt nivå for formell medråderett i tillegg til sentralt nivå og bispedømenivå. Vi ber om at prosten informerer prestane i sitt prosti om ordninga.

Det er dei tilsette sine representantar som får rettar etter ordninga, og vi ber om at prosten saman med representantane for fagforeiningane finn høvelege samarbeidsordningar. Kva for saker som skal behandlast på prostiplan, vil avhenge av kva som er delegert frå bispedømet til prosten i det einskilde prostiet. Det vil i all hovudsak vere reglane om informasjon og drøfting som vil være relevante på prostiplan.

Med helsing

Anne-Lise Brodtkorb e.f.
avdelingsdirektør

Marianne T. Brekke
rådgjevar

Vedlegg