Rundskriv V-6N-2004

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Budsjettrundskriv for 2005 (20.01.2004)

Til
faste tilskotsmottakarar under Kulturavdelinga
( utanom: tilskotsinstitusjonar)

Nr.

Vår ref

Dato

V-6N/2004

2004/268 KU/KU3 EvFa

20.01.2004

Budsjettrundskriv for 2005

1. Innleiing

1.1 Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettsøknaden for 2005 både når det gjeld innhald og utforming.

Dei opplysningane som departementet ber om i dette rundskrivet, er eit viktig grunnlag for det vidare budsjettarbeidet i departementet. Tilskotsmottakarane må derfor utarbeide budsjettsøknaden etter den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettsøknaden for 2005.

1.2 Frist

Fristen for innsending av budsjettsøknaden for 2005 til Kultur- og kyrkjedepartementet er 1. mars 2004.

Budsjettsøknaden for 2005 skal sendast inn i eitt eksemplar. Budsjettsøknaden må også sendes inn på e-post til følgjande adresse: postmottak@kkd.dep.no

2. Budsjettsøknaden for 2005

Utarbeidinga av budsjettsøknaden for 2005 må ta utgangspunkt i det tildelte tilskotet for 2004 og rekneskapen for 2003. Det er viktig at søknaden er kortfatta og poengtert.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil peike på at kulturbudsjettet for 2005 vil vere sterkt bunde opp til å dekkje tiltak det allereie er fatta forpliktande vedtak om. Dette gjeld mellom anna nybygget for Hålogaland teater i Tromsø, nybygg for romaniavdelinga ved Glomdalsmuseet og utbygginga av Nasjonalbiblioteket. Det er difor naudsynt at institusjonane i sterkare grad enn tidlegare prioriterer stramt i sine budsjettsøknader. Det vil som hovudregel berre vere tiltak som er gitt høg prioritet i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og Stortingets behandling av denne som vil kunne vurderast.

Tilskotsmottakarane må oppgi kva for bank- eller postgirokonto midlane skal overførast til.

Budsjettsøknaden for 2005 skal innehalde følgjande:

2.1 Rapport for 2003

For nærmare omtale av krav til innhaldet i rapporten viser ein til omtalen i Kultur- og kyrkjedepartementets tilsegnsbrev for 2003.

2.2 Formål

Tilskotsmottakarane må i budsjettsøknaden for 2005 gi ein omtale av kva som er formålet med den aktiviteten som tilskotsmottakaren driv.

Departementet viser i denne samanhengen til tilskotsbrevet for 2004, der det er gjort greie for kva for formål og eventuelle andre føresetnader som tilskottsmottakaren skal oppfylle.

Formålet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten, og vere i samsvar med dei rammene for tilskotsmottakaren som er trekte opp i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument e.l.

2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2005

2.3.1 Omtale av budsjettframlegget

Tilskotsmottakarane må innleiingsvis gi eit kort samandrag av budsjettframlegget for 2005 og eventuelle endringar i forhold til 2004.

Tilskotsmottakarane må gjere greie for korleis planlagde endringar i 2005 vil endre tilskotsbehovet i forhold til 2004-tilskotet. Eventuelle forslag til endringar må omtalast særskilt, og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennom­førast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved eventuelt behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste, både i 2005 og 2006, og korleis dette vil verke inn på statstilskotet.

Eventuelle endringar som treng nye ressursar i 2005, skal førast opp med kostnads­overslag i prioritert rekke­følgje.

I tilknyting til omtalen av budsjettframlegget for 2005 skal det også givast ein omtale av tilskotsmottakarens planar for 2006-2007. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.2 Utarbeiding av talbudsjettet på elektronisk rekneark

Budsjettframlegget må byggje på ein detaljert disposisjonplan for 2004-budsjettet, jf. tilskotsbrevet for 2004.

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ” Budsjett 2005 - rekneskap 2003 m.m. - tilskotsinstitusjonar og faste tilskotsmottakarar under Kulturavdelinga".

På side 1 i det elektroniske skjemaet er det opplyst kvar på Internett skjemaet kan hentast opp og det er gitt ei kort orientering om utfyl­ling av skjemaet.

Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må òg leggjast ved budsjettsøknaden for 2005.

Alle beløpa i budsjettframlegget for 2005, jf. kolonne E i tabell 2, må kommenterast/­grunngivast nærmare.

Budsjettframlegget for 2005 må utarbeidast i 2004-kroner. Utgifter og inntekter må balansere.

Med helsing

Kjell Myhren e.f.
ekspedisjonssjef

Even Fallan
rådgjevar

Vedlegg:

Skjemaet ”Budsjett 2005 - rekneskap 2003 m.m. – tilskotsinstitusjonar og faste tilskotsmottakarar under Kulturavdelinga"