Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 11 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1997 og fisket etter avtalene i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

0

Fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalene som Noreg inngår med andre land. Det er ein føresetnad at ei slik melding skal fremmast årleg. Meldinga blei første gongen lagt fram i 1995. Fiskeridepartementet la derfor vekt på å gi ei omtale av det rammeverket som blei inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på syttitalet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane Noreg fører med andre land, det vil seie dei ulike rammeavtalene. Desse avtalene er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga. Ein viser i den samanheng til St meld nr 49 (1994-95) Om dei årlege fiskeriavtalene Noreg inngår med andre land.

I denne meldinga blir det gitt ei omtale av kvoteavtalene for 1997 og dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på dei tildelte kvotane. Det blir gjort greie for nokre tiltak som er iverksette mot fiske i strid med etablerte forvaltningsregime i internasjonale område i Nordaust-Atlanteren. Elles blir ikkje uregulert fiske i internasjonale havområde som grensar til dei norske jurisdiksjonsområda omtalt særskilt. Meldinga viser óg i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar har utnytta desse kvotane i 1995 og 1996 og om kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

Til toppen
Til dokumentets forside