Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (1998-99)

Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001

Til innhaldsliste

7 Norsk bistand

7.1 Mål

Omsynet til funksjonshemma må være eit universelt prinsipp for alle land same kva utviklingsstatus dei har. Det er difor eit mål for norsk utviklingspolitikk å medverke til at dei behova funksjonshemma har og funksjonshemma sine rettar blir ivaretekne, m a gjennom FN sine standardreglar, i dei landa som er prioriterte samarbeidsland for Noreg. Dette er og ein viktig del av menneskerettspolitikken. Gjennom bistandsarbeidet vil det bli arbeid for at situasjonen for funksjonshemma blir betra og at deira rettar blir ivaretekne på område som offentlege tenester, helse, utdanning, sysselsetjing, organisering, kulturtiltak og medverknad.

For betre å ivareta dette omsynet i norsk bistand vil det bli arbeidd meir strategisk for å medverke til ein synleggjering av funksjonshemma sin situasjon og tiltak for å betre denne.

I tråd med intensjonane om at bistanden skal rettast mot dei fattige vil ein leggje vekt på å fremje, utvikle og nytte metodar som mobiliserer befolkninga til å delta i alle delar av utviklingsprosessen. Funksjonshemma og deira organisasjonar utgjer ein viktig del av den fattige målgruppa, og ein vil ta særleg omsyn til utforminga av tiltak som kan ha innverknad for funksjonshemma.

7.2 Innsatsområde

Norsk innsats for funksjonshemma i bistandsarbeidet kan delast i tre:

  • I FN blir det arbeida for å få etablert internasjonalt aksepterte og forpliktande normer, reglar og retningslinjer som kan medverke til å sikre rettane for funksjonshemma

  • I FN og andre internasjonale organisasjonar støttar Noreg arbeidet for å betre kåra for dei funksjonshemma

  • Gjennom den bilaterale bistanden blir det arbeida konkret for å betre situasjonen for menneske med funksjonshemming

Det vart i 1997/98 gjort ei oppsummering av erfaringar frå norsk bistand retta mot betring av kåra for funksjonshemma i perioden 1985-1995. På bakgrunn av denne rapporten og eit breitt opplagt seminar i april 1998 vil Utanriksdepartementet og NORAD arbeide vidare med å synleggjere, strukturere og styrkje innsatsen for funksjonshemma.

7.2.1 Tiltak som vert ført vidare

7.2.1.1 Oppfølging av toppmøtet i København 1995

I samarbeid med fagdepartementa vert resultata frå det sosiale toppmøtet i København i 1995 ført vidare. Handlingsplanen vil stå sentralt og vere retningsgjevande for den bistand som omfattar menneske med funksjonshemming. Oppfølging av 20/20 initiativet, som har som mål å sikre grunnleggjande sosiale tenester for alle, er viktig i denne samanheng. Ein internasjonal konferanse for å følgje opp dette initiativet blir halden i Vietnam i oktober 1998 og er ei vidareføring av ein konferanse som vart halden i Noreg 1996.

7.2.1.2 Gi økonomisk stønad til arbeidet til FN sin spesialrapportør for FN sine standardreglar for funksjonshemma

7.2.1.3 Føre vidare samarbeid i Funksjonshemmedes Bistandsstiftelse (FBS)

Gjennom NORAD medverke til å vidareutvikle samarbeidet som dei tre store organisasjonane Norsk forbund for utviklingshemmede, Norges handikapforbund og Landsforeningen for hjerte- og lungesyke har i Funksjonshemmedes bistandsstiftelse.

7.2.1.4 Få fleire av funksjonshemma sine organisasjonar til å samarbeide innan ramma av FBS, også dei mindre organisasjonane

Arbeide for at mindre organisasjonar som ønskjer å engasjere seg i bistandsarbeid tek kontakt med FBS eller ein av dei større norske frivillige hjelpeorganisasjonane.

7.2.1.5 Halde fram samarbeidet om bistand med dei internasjonale organisasjonane

Dei viktigaste organisasjonane vil framleis vere ILO, UNICEF og WHO, men også andre organisasjonar er aktuelle samarbeidspartar, til dømes UNESCO. Område for slik hjelp er utdanning, opplæring, helse og deltaking i lokalsamfunnet. Noreg vil arbeide for at FN sine standardreglar i større mon vert nytta som reiskap i planlegging og gjennomføring av slike multilaterale tiltak.

7.2.1.6 Oppbygging av organisasjonar for funksjonshemma

Under Samarbeidsprogrammet for Sentral- og Aust-Europa og i samarbeidsland innanfor norsk bistand, føre vidare støtta til oppbygging av organisasjonar for funksjonshemma som del av demokratiseringsstøtta.

7.2.1.7 Humanitær bistand - landmineskadar

Halde fram den humanitære bistanden som er retta mot funksjonshemming som følgje av landmineskadar. Dette utgjer ein viktig del av den norsk humanitære satsinga i oppfølginga av den internasjonale minekonvesjonen og omfattar m a fysisk rehabilitering, hjelpemiddel, tilgjenge, sosial integrering, opplæring og bevisstgjering om minefaren.

7.2.1.8 Støtte arbeidet med internasjonal koordinering i arbeidet for funksjonshemma

7.2.1.9 Føre vidare støtta til Røde Kors-systemet sitt arbeid med produksjon av ulike typar protesar for krigsskadde

7.2.2 Tiltak i planperioden

7.2.2.1 Delta i førebuingsprosessen til spesialsesjonen i Generalforsamlinga i år 2000 om oppfølginga av det sosiale toppmøtet (København pluss 5)

7.2.2.2 Medverke økonomisk til at enkeltland iverkset FN sine standardreglar for funksjonshemma

Bistand til å byggja opp offentlege sektorprogram m a innan helse, utdanning og andre sektorar i våre samarbeidsland vil gi betre moglegheit for å prioritere tiltak for funksjonshemma. Dette gjeld ikkje minst satsing på grunnleggjande sosial tenester. Rådet for funksjonshemma har med midlar frå NORAD sett i gang eit samarbeid med styresmaktene i Uganda. Ein vil søkje å fremje liknande tiltak også andre stader.

Til toppen
Til forsida av dokumentet