Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 54 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 av 14. mars 1997 om endring av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

2 Nærmare om rådsforordninga

Ved rådsforordning 2964/95 vert alle personar eller føretak som importerer råolje frå tredjestatar eller som tek imot leveransar av råolje frå ein annan medlemsstat, pålagde å sende inn nærmare opplysningar om særkjenne ved importen eller leveransane til den medlemsstaten der dei er etablerte. Det skal m.a. gjevast opplysningar om svovelinnhaldet. Opplysningane skal gjelde all import eller alle leveransar av råolje til fastsett pris. Den medlemsstaten som tek imot slike opplysningar, skal sende dei over til Kommisjonen kvar månad, og Kommisjonen skal kvar månad sende opplysningane vidare til dei andre medlemsstatane. Som hovudregel skal opplysningane vere fortrulege.

Til toppen
Til dokumentets forside