Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 54 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 av 14. mars 1997 om endring av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

1 Avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet EØS-komiteen Avgjerd i EØS-komiteen nr. 5/97 av 14. mars 1997 om endring av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, justert ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske samarbeidsområdet, heretter kalla avtala, særleg artikkel 98, og

ut frå desse synsmåtane:

Vedlegg IV til avtala er endra ved EØS-komiteen si avgjerd nr. 33/96 av 31. mai 1996. 1

Rådsforordning (EF) nr. 2964/95 av 20. desember 1995 om registrering av import og leveransar av råolje i Fellesskapet 2 skal takast inn i avtala -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I avtala vert vedlegg IV nr. 5 (rådsforordning (EØF) nr. 1893/79) bytt ut med følgjande:

  1. «5.

    395 R 2964: Rådsforordning (EF) nr. 2964/95 av 20. desember 1995 om registrering av import og leveransar av råolje i Fellesskapet (EFT nr. L 310 av 22.12.1995, s. 5).

Forordningens bestemmelser skal, for denne avtales formål, gjelde med følgende tilpasning: «Forordningens bestemmelser får ikke anvendelse på Island og Liechtenstein så lenge disse statene ikke importerer eller leverer råolje.»»

Artikkel 2

Teksta til rådsforordning (EF) nr. 2964/95 på islandsk og norsk, som ligg ved dei respektive språkversjonane av denne avgjerda, har den same rettskrafta.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 1. april 1997 på det vilkåret at EØS-komiteen har fått alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel,

14. mars 1997.

For EØS-komiteen

Leiar

C. Day

Sekretærar for EØS-komiteen

G. Vik

E. Gerner

Fotnoter

1.

1 nr. L 237 av 19.9.1996, s. 25, og EØS-tillegget til TEF nr. 41 av 19.9.1996, s. 9.

2.

2 nr. L 310 av 22.12.1995, s. 5.

Til toppen
Til dokumentets forside