Vedtak til lov om endringar i opplæringslova

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Vedtak til lov

om endringar i lov 17. juli 1998 nr 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.

I

I lov 17. juli 1998 nr 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-1 tredje leddet skal lyde:

For opplæring som er spesielt organisert for vaksne, og som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for, gjeld kapittel 4A.

§ 1-2 andre leddet første punktum skal lyde:

Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling.

§ 1-2 femte og sjette leddet skal lyde:

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.

Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar, lærekandidatar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar, lærlingar og lærekandidatar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

§ 2-5 sjuande leddet skal lyde:

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter vallova av 1. mars 1985 nr 3 § 11. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre/forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan

gi nærmare forskrifter.

Ny § 2-14 skal lyde:

§ 2-14 Punktskriftopplæring m.m.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrift etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.

§ 3-1 Rett til vidaregåande opplæring skal lyde:

Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen. Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om inntak til den vidaregåande opplæringa.

Elevar, lærlingar og lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.

Heile retten må normalt takast ut innan fem år etter at grunnskolen er fullført, og innan seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift. Fylkeskommunen kan etter søknad gi eleven, lærlingen eller lærekandidaten løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt. Departementet gir forskrifter om kva forhold som skal gi rett til utsetjing eller avbrot.

Retten til vidaregåande opplæring blir etter søknad om omval utvida med inntil eitt opplæringsår.

Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen gjer vedtak, skal det liggje føre sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9 eller rett til opplæring i punktskrift etter § 3-10.

Søkjarar har rett til inntak på eitt av tre alternative eittårige grunnkurs som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring som byggjer på grunnkurset. Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt grunnkurs, har rett til inntak på dette kurset innanfor ein kvote fastsett av departementet ved forskrift.

Fylkeskommunen skal tilby anna opplæring dersom ein elev, ein lærling eller ein lærekandidat har særlege vanskar med å følgje den opplæringa som er vald.

Departementet gir forskrift om inntak.

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Fylkeskommunen kan krevje betaling av elevane for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.

§ 3-2 første leddet skal lyde:

Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i den vidaregåande opplæringa, også om samla læretid for lærlingar og lærekandidatar.

§ 3-3 første leddet skal lyde:

Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.

§ 3-3 femte og sjette leddet skal lyde:

Vidaregåande skolar skal gi tilbod om teoriopplæring for lærlingar og lærekandidatar, og om kortare kurs.

Departementet kan gi forskrifter om avvik frå denne opplæringsordninga for særskilde, små fag, for fag med særskilt store krav til teori, for fag med særskilde sertifiseringskrav, for lærlingar og lærekandidatar som ikkje fell inn under § 3-1 og for lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov. Departementet gir forskrifter om kva fag som skal ha læretid i bedrift.

§ 3-4 første leddet andre punktum skal lyde:

Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurdering, om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon.

§ 3-4 andre leddet skal lyde:

Elevane, lærlingane og lærekandidatane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her.

Rektor skal organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1-2 og 3-3 og forskrifter etter § 1-3.

Ny § 3-10 skal lyde:

§ 3-10 Punktskriftopplæring m.m.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrift etter § 3-2 og § 3-4 i denne lova. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.

§ 4-1 skal lyde:

Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4. Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.

§ 4-2 første leddet skal lyde:

Lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i lærebedrifta, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtaler, jf likevel § 4-6 siste leddet.

§ 4-2 andre leddet skal lyde:

Når læretida etter kontrakten er over, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.

§ 4-2 tredje leddet skal lyde:

Lærlingar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole.

§ 4-2 nytt fjerde ledd skal lyde:

Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

§ 4-3 første leddet første punktum skal lyde:

Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar, må vere godkjende av yrkesopplæringsnemnda, jf. § 12-3.

§ 4-4 første til fjerde leddet skal lyde:

Opplæringa av lærlingen og lærekandidaten skal skje i samsvar med den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærlingen og lærekandidaten skal få fri til å gjennomføre teoriopplæringa utanfor lærebedrifta. For fag med teorikrav ut over grunnkurs og vidaregåande kurs I må lærebedrifta dekkje kostnadene for tilleggsopplæringa.

Lærebedrifta skal leggje vekt på å skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og skoletida til lærlingen og lærekandidaten skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta melder lærlingen til den fagprøva eller sveineprøva som blir halden nærmast den tida da læretida er ute. Lærekandidaten skal ved slutten av kontrakttida få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivå opplæringa har ført fram til. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.

Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til yrkesopplæringsnemnda.

§ 4-5 første leddet skal lyde:

Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og lærekandidaten når læreforholdet tek til.

§ 4-6 Endring og heving av lærekontrakt skal lyde:

Etter samtykke frå yrkesopplæringsnemnda kan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål.

Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert yrkesopplæringsnemnda skriftleg om det, jf. § 12-3.

Etter samtykke frå yrkesopplæringsnemnda kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen eller lærekandidaten dersom

a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet,

b) lærlingen, lærekandidaten eller lærebedrifta viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller

c) lærlingen eller lærekandidaten skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida.

Yrkesopplæringsnemnda avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.

Når lærlingen eller lærekandidaten frivillig hevar kontrakten, fell retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 bort dersom yrkesopplæringsnemnda ikkje vedtek noko anna. Når det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt etter krav frå lærebedrifta, beheld lærlingen eller lærekandidaten retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket fastset at retten fell bort.

Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta eller før det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen eller lærekandidaten kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.

Etter samtykkje frå yrkesopplæringsnemnda kan læretida avbrytast i samband med permisjon.

Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter § 4-3, eller dersom

yrkesopplæringsnemnda finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal nemnda medverke til å skaffe lærlingane eller

lærekandidatane ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykkje frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta gjerest inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vært mangelfull.

Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen.

Unntak gjeld for lærlingar som har prøvetid etter § 4-5 tredje leddet.

§ 4-7 skal lyde:

Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman med den faglege leiaren føre tilsyn i lærebedrifta med at

opplæringsforholda i lærebedrifta er tilfredsstillande

det blir skrive lærekontraktar og opplæringskontraktar

læreplanane for faga for lærlingane og dei individuelle opplæringsplanane for lærekandidatane blir følgde

lærlingane og lærekandidatane får den teoriopplæringa dei har krav på.

Nytt kapittel 4A skal lyde:

Kapittel 4A Opplæring spesielt organisert for vaksne

§ 4A-1. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

§ 4A-2. Rett til spesialundervisning på grunnskolens område

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.

For opplæring etter denne paragraf gjeld §§ 5-1 tredje leddet bortsett frå siste punktum, og 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

§ 4A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne som er fødde før 1. januar 1978.

Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.

I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.

Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, til eige bruk. Fylkeskommunen kan krevje betaling for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.

§ 4A-4. Kommunen og fylkeskommunen si plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1 til 13-3.

Kommunen og fylkeskommunen kan nytte studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og andre som gir tilbod om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for å oppfylle plikta til å gi opplæring til vaksne.

Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at vaksne får dokumentert opplæringa som dei har gjennomført.

Kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for at vaksne som får opplæring etter dette kapitlet, får høve til å ta aktivt del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod.

Departementet gir nærmare forskrifter om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

§ 4A-5 Kompetansekrav for undervisningspersonell

§ 10-1 med tilhøyrande forskrift gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet. Departementet kan gi forskrifter om at ein likevel kan tilsetje personell utan formell pedagogisk kompetanse.

For opplæring etter § 4A-2 andre leddet gjeld ikkje § 10-1 med tilhøyrande forskrift. Opplæringa skal likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar.

§ 4A-6. Innhaldet i opplæringa

Læreplanar etter § 1-3, § 2-3, § 3-4 og § 6-4 gjeld med dei tilpassingar som følgjer av dette kapitlet.

§ 4A-7. Skyss m.m.

Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring etter dette kapitlet.

Vaksne som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring etter dette kapitlet. § 7-4 gjeld tilsvarande.

Kommunen skal innlosjere dei vaksne når dagleg skyss etter første og andre leddet ikkje er forsvarleg. Når det er nødvendig, gjeld tilsyn etter § 7-1 fjerde leddet tilsvarande.

Elles gjeld § 13-4 tilsvarande for dei pliktene som følgjer av denne paragrafen.

§ 4A-8. Rådgiving

Vaksne med rett til opplæring etter §§ 4A-1 og 4A-2 har rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod den vaksne har behov for.

§ 4A-9. Bortvising

Når ein elev eller deltakar vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev eller deltakar alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen/fylkeskommunen vise eleven/deltakaren bort frå resten av det kurset eleven/deltakaren er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av kurset kan fylkeskommunen også vedta at eleven/deltakaren skal misse retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

Kommunen/fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å gjere vedtak etter denne paragrafen om bortvising eller tap av retten til opplæring.

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.

§ 4A-10. Tilsyn, kontroll og klage

§ 14-1, § 15-1 første leddet og § 15-2 gjeld også for opplæring etter dette kapitlet.

§ 4A-11. Forsøk

§ 1-4 gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

§ 5-2 blir oppheva.

§ 7-5 blir oppheva.

§ 8-1 nytt tredje ledd skal lyde:

Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang.

§ 9-4 første leddet blir oppheva. Andre leddet blir nytt første ledd. Fjerde leddet blir nytt tredje ledd.

§ 9-4 nytt andre ledd skal lyde:

Norske lærebøker som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med læreboknormalen slik denne er fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 nr 5 om målbruk i offentleg teneste. Med lærebøker er her meint alle trykte læremiddel som dekkjer vesentlege delar av måla og hovudmomenta for eit fag etter læreplanen for vedkommande klassetrinn eller kurs, og som elevane regelmessig skal bruke.

§ 9-4 nytt fjerde ledd skal lyde:

Ordlister til skolebruk skal godkjennast av Norsk språkråd.

§ 9-4 tredje leddet blir nytt femte ledd og skal lyde:

Departementet gir nærmare forskrifter om kva læremiddel som er omfatta av kravet i første leddet.

§ 12-1 andre leddet andre strekpunkt skal lyde:

forskrifter om fagprøve, sveineprøve og kompetanseprøve på lågare nivå for lærekandidatar.

§ 12-2 fjerde leddet tredje strekpunkt skal lyde:

vedtek forskrift om korleis teorikrava i eit fag skal dekkjast når forskriftene om innhaldet i opplæringa ikkje krev at

lærlingen eller lærekandidaten har gjennomgått grunnkurs og vidaregåande kurs før opplæringa i bedrift.

§ 12-3 andre leddet tredje punktum skal lyde:

Dessutan skal det nemnast opp ein lærling- eller lærekandidatrepresentant.

§ 12-4 fjerde leddet skal lyde:

Yrkesopplæringsnemnda skriv ut fagbrev, sveinebrev og dokumentasjon for kompetanse for lærekandidatar på grunnlag av greidd prøve.

§ 13-3 andre leddet skal lyde:

Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar utan rett etter § 3-1 eller § 4A-3.

§ 13-5 blir oppheva.

§ 15-2 andre leddet skal lyde:

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8 og § 4-6 og for enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte leddet.

II

I lov 14. juni 1985 nr 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 9 fjerde leddet skal lyde:

Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om

spesialundervisning. Reglane i kapittel 5 i opplæringslova gjeld tilsvarande.

Ny § 10 fjerde leddet skal lyde:

Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om skuleskyss i grunnskulen.

Ny § 15 tredje leddet skal lyde:

Opplæringslova § 10-9 gjeld tilsvarande for grunnskular godkjende etter lova her.

§ 26 tilskotsregel nr 1 bokstav b skal lyde:

b) Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.

§ 26 tilskotsregel nr 4, innleiinga, skal lyde:

Vidaregåande skular som kan godkjennast etter § 3 bokstav a, b og d i lova her:

§ 26 tilskotsregel nr 11 blir oppheva.

III.

Denne lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk frå ulik tid.