Fosterheim og fosterheimsavtala

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på barn som for ein periode ikkje kan bu hjå foreldra sine. Over 80 % av alle barn som er under omsorg av barnevernstenesta bur i fosterheim.

Barnevernet har ansvar for å følgje opp barnet og fosterheimen, og skal syte for naudsynte støttetiltak. Fosterforeldra samarbeider i første rekkje med den kommunale barnevernstenesta, men òg ofte med barnet sin familie om barnet sine behov og barnet si framtid.

Krav til fosterforeldre

Fosterforeldre må ha særleg evne, tid og overskot til å gi barn ein trygg og god heim. Dei må ha ein stabil livssituasjon, alminneleg god helse og gode samarbeidsevner. Det blir òg stilt krav om at fosterforeldre har økonomi, bustad og eit sosialt nettverk som gir barnet mogelegheit til livsutfalding. Fosterforeldre må vidare ha god vandel og må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest.

Opplæring

Fosterforeldre får tilbod om opplæring av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Pride er eit opplærings- og rekrutteringsprogram som blir tilbydd til dei som ynskjer å bli fosterforeldre. Programmet gir deltakarane hjelp til sjølv å vurdere om dei er eigna til oppgåva.

Kommunale fosterheimar

Om lag 90 % av alle fosterheimar er såkalla kommunale fosterheimar, der fosterforeldra har avtale med og får godtgjering frå den kommunen som har omsorga for barnet. Fosterheimsavtala regulerer tilhøvet mellom fosterforeldra og barnevernstenesta og er knytt til plasseringa av kvart einskild barn.

Statlege beredskaps- og familieheimar

Dette er heimar med særskilt kompetanse til å ta imot barn og unge i akuttsituasjonar (beredskapsheimar) eller barn og unge med spesielle behov (familieheimar). Desse heimane fungerer ofte som erstatning for institusjonsplasseringar, og det er heilt naudsynt at minst ein av foreldra ikkje har annan jobb ved sidan av. Ansvaret for desse heimane er lagt til staten, og heimane skal inngå ein 5-årig kontinuerleg standardkontrakt med statleg regional barnevernsmyndigheit (Bufetat) som òg betalar ut godtgjering. At kontrakten er kontinuerleg vil seie at kontrakten gjeld òg når det ikkje er barn plassert i heimen. I tillegg skal det inngåast ei fosterheimsavtale for statlege fosterheimar mellom fosterforeldra og kommunen i tilknyting til plasseringa av kvart einskild barn.