Svalbard – ei av Europas siste villmarker

Dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard er særeigne og samstundes svært sårbare for klimaendringar og menneskeleg påverknad. Eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den unike naturen i ei av Europas siste villmarker.

  • Store delar av Svalbards unike villmarksnatur er verna som naturreservat og nasjonalpark. Flora, fauna og kulturminner har eit særleg vern.
  • Svalbard er ein av dei stadene i verda der klimaendringane er venta å bli størst. Truga dyreartar har allereie fått mindre havis å leve på.

Klima- og miljødepartementet har overordna ansvar for å forvalte det særeigne miljøet på Svalbard, medan Sysselmannen på Svalbard har det daglege ansvaret. Miljødirektoratet og Riksantikvaren har viktige forvaltingsoppgåver, og Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgjevar i miljøsaker på Svalbard.  

Miljøvernstyresmaktenes viktigste verkemiddel er svalbardmiljølova frå 2001. Lova har som føremål å oppretthalde eit tilnærma urørt miljø når det gjeld samanhengande villmark, landskap, flora, fauna og kulturminne. Innan­for denne ramma gir lova rom for miljøforsvarleg busetting, forsk­ing og næringsdrift.

Svalbard.
Svalbard. Foto: Marie Korsvoll

Klimaendringar og auka aktivitet

Svalbard og hav- og drivisområda utanfor er lite påverka av lokal aktivitet, og miljøtilstanden er i hovudsak god. Men temperaturane i Arktis auker dobbelt så raskt som ellers i verda. På vestkysten av Spitsbergen har mangel på havis allereie ført til at ungane til ringselen har problem med å overleve. I løpet av dette århundret vil klimaendringane sannsynlegvis føre til at fleire artar blir borte frå Svalbard-området.

Eit varmare klima gjer Svalbard meir tilgjengeleg for aktivitet. Forvaltinga av Svalbards natur- og kulturminne må difor ta omsyn til at både lokalsamfunna og miljøet på Svalbard er i endring, og legge til rette for nødvendig omstilling i samsvar med dei måla som er sett. Miljøstyresmaktene nyttar svalbardmiljølova, forskrifter og forvaltningsplanar til å sette rammer for korleis lokalbefolkninga, reiselivet, forskinga og forvaltninga kan nytte områda på Svalbard.

Gruvedrift og vern

Sidan tidleg på 1900-talet har koldrift vore den viktigaste økonomiske aktiviteten på Svalbard. Mineralverksemd har påvirka naturen i enkelte område. Naturinngrep og kjøretøy har gitt betydelege sporskadar i landskapet, men berre ein liten del av Svalbard er påverka. Dagens gruvedrift er konsentrert rundt Longyearbyen og Barentsburg. Gruvedrifta i Svea-området er sett i driftskvile i inntil tre år frå 2017.

Verneområde

I 1973 blei over halvparten av Svalbard og det meste av territorialfarvatnet på verna som nasjonalpark, natur- eller fuglereservat. Desse verneområda blei utvida og fleire verneområde blei etablert frå 2002 til 2005. Dei nye verneområda omfattar også øyene Bjørnøya og Hopen. 

Verneområda omfatter i dag heile 65 prosent av landarealet og 87 prosent av territorialfarvatnet på Svalbard. Verneområda har eit strengt vern mot fysiske inngrep i naturen. Snøscooterkjøring er tillatt i enkelte nasjonalparkar nær busettingane.

Dyre- og planteliv

Frå Svalbard blei oppdaga i 1596 blei dei levande ressursane overutnytta i fleire hundre år. Då Noreg fikk suverenitet over Svalbard i 1925, var fleire dyreartar nærast utrydda. Eit utstrakt vern har betra situasjonen betydeleg. Målet er at dyrelivet skal få utvikle seg mest mogleg uforstyrra av jakt og anna menneskeleg påverknad. Mangfaldet i Svalbards flora er nært knytt til klima. I Arktis vil sjølv små endringar kunne ha stor innverknad på plantelivet – og i neste omgang dyrelivet. Der skade har skjedd, tek det lang tid før floraen veks til igjen.

Kulturminne

Svalbard har unike kulturminne frå mange nasjonars fangst- og industriverksemd. Alle kulturminne frå før 1946 er automatisk freda. Dei meir enn 1800 kjente lokalitetane er til dels godt bevart og spenner frå ei enkelt tuft til heile gruvebyar som Grumant. Kulturminna på Svalbard er truga av klimaendringar og naturleg nedbryting, men også av utbygging i busetjingane og ferdsel. Det er utarbeidd ein eigen Kulturminneplan for Svalbard.

Svalbard har kulturminne- og naturverdier som er unike i internasjonal målestokk. Øygruppa er oppført på Noregs tentative liste over områder ein har til hensikt å nominere til Unescos verdsarvliste.

Forureining

Hav- og luftstraumar fører med seg miljøgifter til Arktis, noko som særleg er eit problem for artar på toppen av næringskjedene, som isbjørn og polarmåke. Sjølv om nivået av enkelte miljøgifter minkar, aukar førekomsten av nye og miljøfarlege kjemikaliar. Avfall som driv i land på strendene på Svalbard er eit betydeleg miljøproblem. Ei undersøking har vist at ni av ti havhestar har plastbitar i magen.

Forvalting av havmiljø

På Svalbard er det en nær samanheng mellom livet i havet, i drivisen og på land. Sjøfugl og sjøpattedyr hentar all si næring i havet og er svært sårbare for akutte oljeutslepp. Miljøet på Svalbard er difor avhengig av ein bærekraftig forvalting av havmiljøet. I forvaltningsplanen for Barentshavet er det bestemt at det ikkje skal setjast i gang petroleumsverksemd i områda ved iskanten og polarfronten eller i ein 65 km sone rundt Bjørnøya.

Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond tildeler årleg 10-16 millionar kroner til miljø- og kulturminneprosjekt og -tiltak på Svalbard. Fondet er finansiert gjennom ei miljøavgift på 150 kroner for tilreisande til Svalbard. Verksemder, organisasjonar og privatpersonar kan søke om støtte til prosjekt der føremålet er å ta vare på miljøet på Svalbard. Sidan oppstarten i 2007 har miljøvernfondet tildelt 106 millionar kroner til ulike miljøprosjekt, og erfaringane viser at fondet er eit vel etablert økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard

Meir informasjon: