Historisk arkiv

Gründerar frå heile landet møtte i nytt råd

Gründerrådet i første møte med Navarsete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete leia måndag 19. september det første møtet med det nye gründerrådet, sett ned av departementet. Ho bad mellom anna om innspel på kva som er dei største hindringane for nyetablerte bedrifter.

Dei inviterte gründarane skal gje statsråd Navarsete konkrete innspel med forslag til tiltak, som kan vere realistiske å gjennomføre.

- Eg hadde eit godt og konstruktivt møte. Eg har allereie fått gode innspel og tankar om kva som kan gjerast  for å leggje tilhøva betre til rette for å få fleire gründerar i heile landet. Finansiering, rettleiing og nettverk var tema som blei drøfta. Dette lovar godt, eg er viss på at dette blir nyttige innspel mellom anna til den kommande distrikts- og regionalmeldinga, seier kommunal- og regionalminster Navarsete.

Rådet skal vere ferdig i første kvartal 2012.

Medlemmane i rådet er:
• Alexander Kjølstad, Steinkjer
• Håvard Halvorsen, Sogndal
• Sarita Sehjpal, Kristiansand
• Jens Martin Johnsrud, Sør-Odal
• Jeanette Johansen, Værøy
• Silje Vallestad, Bergen
• Stine Mølstad, Ringsaker
• Andreas Wiese, Luster
• Tor Jo Meyer, Klype
• Anders Mjåset, Oslo.

Sjå biletete frå det første møtet her: