Historisk arkiv

Kunnskap og kompetanse i Europa med EØS-midlane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Gjennom EØS-midlane gir Noreg eit viktig tilskot til utvikling av kunnskap og kompetanse i Europa. Under innsatsområdet utvikling av menneskelege ressursar er det mellom anna oppretta stipendfond i åtte land, som gir ein sterk auke i student- og elevutvekslinga til Noreg.

Med stønad frå det tsjekkiske stipendfondet samarbeidar to skular i Bergen og Tsjekkia om å utvikle eit undervisingstilbod om fyrstehjelp. Foto: Tordis Marie Espeland / SIU

Sosial- og økonomisk utvikling avheng av utvikling av menneske, byggjing av kunnskap og kompetanse. Gjennom EØS-midlane er Noreg med på å støtte ei rekkje tiltak for å utvikle såkalla menneskelege ressursar i ni europeiske land.

Nærare 700 millionar kroner vert så langt nytta på dette området under EØS-midlane. Storparten av innsatsen er retta mot kompetanseheving og utvikling av offentleg sektor, særskilt innan regional og lokal forvalting. Innsatsområdet strekkjer seg frå IKT-kursing og utarbeiding av utdanning og opplæringsprogram, til betring av planleggjingskompetanse for offentlege styresmakter. Samstundes vert det gitt stønad til prosjekt som fremjar integrering av minoritetsgrupper. Mellom anna støttar midlane fleire prosjekt for å integrere romafolket i Slovakia og Ungarn gjennom kapasitetsbyggjing.

Studentutveksling
Somme mottakarland har også valt å nytte EØS-midlar til å opprette stipend- og opplæringsfond. Til no har Hellas, Latvia, Polen, Portugal, Slovakia, Spania, Tsjekkia og Ungarn oppretta slike fond. Heile 200 millionar kroner ventast tildelt stipendfonda, som gir høve til elev-, student- og elevutveksling mellom Island, Liechtenstein, Noreg, og mottakarlanda.

Lærestadar frå Karasjok i nord til Kristiansand i sør har allereie teke imot studentar og tilsette frå Sør- og Sentral-Europa, og eit stort antal studentar er venta det komande året. Medan somme studentar tilbringer heile akademiske år ved lærestaden, kjem andre for kortere opphald i samband med seminar og konferansar. Ifylgje fondsforvaltarar i Tsjekkia og Ungarn har det vore ei dobling i studentutvekslinga mellom desse landa og Noreg sidan oppstarten av EØS-midlane. Det polske stipendfondet gir også stønad til norske studentar som ynskjer å reise på utveksling til Polen. 

I tillegg til utvekslingsordninga, bidreg stipendfonda også til tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg og mottakarlanda gjennom ei rekkje samarbeidsprosjekt. Det vert gitt stønad til prosjekt innan høgare og vidaregåande utdanning, frå utarbeiding av fellesgrader og læreplanutvikling, til samarbeidsprosjekt mellom skuleklassar. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalt kontaktpunkt i Noreg for stipendfonda under EØS-midlane.

Prosjektfokus: Kapasitetsbyggjing på lokalt nivå i Polen
I eit polsk-norsk prosjekt samarbeidar Foreininga for polske byar med Kommunenes Sentralforbund i Noreg for effektiv tjenesteyting i polsk lokaladministrasjon. I prosjektet ”Kapasitetsbyggjing i lokalforvaltninga for bedre tenesteyting” konkurrerar mellom anna polske kommunar om å ha det beste prosjektet innan lokalforvalting. Gjennom prosjektet gjer kommunar gode erfaringar tigjengeleg for andre lokaladministrasjonar for å oppnå betre og meir effektiv tenesteyting. 

Les meir om EØS midlane og innsatsområdet utvikling av menneskelege ressursar her.

Dette er artikkel nr. 9 i ein serie om EØS-midlane. Les mer om EØS-midlane på www.eeagrants.org.