Historisk arkiv

Jan Tore Sanner til Hamar for å sjå korleis VR teknologi blir nytta i matematikkundervisning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Onsdag 28. november kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Hamar for å besøke Storhamar barneskule. Statsråden skal få ei innføring i korleis 5. klasse ved skulen har delteke i eit forskingsprosjekt om VR teknologi i skulen.

Tal frå evalueringa av prosjektet viser at elevane, særskilt gutane, rapporterte om ei betre dugeleik i multiplikasjon etter seks veker med VR teknologi i matematikkundervisninga. Statsråden skal treffe elevar, lærarar og rektor som vil gi ei orientering om prosjektet, samt ansvarlege utviklarar frå selskapet VR Education og representantar frå kommunen.

Før skulebesøket vil statsråden halde ein tale til rundt 600 tilsette i yrkesfagsektoren, på Utdanningsdirektoratet sin konferanse Arena for kvalitet i fagopplæringa.

Program:

10.00-10.45

Statsråden talar på konferansen Arena for kvalitet i fagopplæringa.

Adresse: Scandic Hotel Hamar, Vangsvegen 121, 2318 Hamar

 

 

11.00-12.15

Sanner besøker elevar og lærarar ved Storhamar skule, samt forskingsansvarlig Thomas Nordahl og representantar frå kommune og VR Education.

Adresse: Storhamar skule, Fredrik Monsens gate 52, 2315 Hamar

 

Kontakt:
Dersom journalistar ønskjer å vere med på heile eller delar av besøket, bes dei ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Kamilla Amundsen Willix på e-post: kamilla-amundsen.willix@kd.dep.no eller på telefon: 41649970.