Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 8 i spørjetimen på Stortinget 10.2.2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål: 

Forskerne Magne Kaldhusdal, Anne Margrete Urdahl og Kari Grave ved Veterinærinstituttet skriver i Nationen 23. desember 2015: «Narasin er et antibiotikum, men det er ikke slik at alle antibiotika er årsak til den typen resistens vi snakker om her.» Veterinærinstituttet er en virksomhet under Landbruks- og matdepartementet.

Kan statsråden bekrefte at narasin er et antibiotikum, slik forskerne ved Veterinærinstituttet skriver?»

Svar: 

I EØS-regelverket er narasin ikkje rekna som eit antibiotikum, men eit middel mot ein type snyltarar i tarmen som særleg kan vere eit problem hos slaktekylling.

Det er ulike meiningar om bruk av narasin som fôrtilsetting. Enkelte ekspertar hevdar at narasin er viktig for å vareta god dyrehelse, andre peiker på, som representanten presiserer her, at det er ei form for antibiotikum. Men dersom narasin blir forbode i produksjon av kyllingkjøt, risikerer vi auka forbruk av det som alle meiner er antibiotika.

Bransjen har på bakgrunn av reaksjonar frå forbrukarar sett i verk omfattande tiltak for å prøve å fase ut denne fôrtilsettinga. Dersom ein ser på reklame, er det ein god del eksempel på det.

Vitskapskomiteen for mattryggleik seier at det er ekstremt lite sannsynleg at vanlege forbrukarar i Noreg får i seg narasin frå kyllingkjøt. Det er òg ekstremt lite sannsynleg at menneske får i seg narasinresistente bakteriar ved å ete kylling så lenge kjøtet er gjennomsteikt.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det ikkje dokumentert negative helseeffektar på menneske som følgje av bruk av narasin til fjørfe.

Eg vil følgje utviklinga nøye på dette området og eventuelt setje i verk andre tiltak dersom ny kunnskap tilseier det.