No blir det enklare å endre totalvekt også på nye køyretøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 6/2019 | Dato: 14.01.2019
- Bilinteresserte kan sjå fram til stadig fleire resultat av forenklingsarbeidet som er gjort på biltekniske saker under denne regjeringa. Vi har allereie gjort det enklare å endre tillaten totalvekt på køyretøy registrert før 2012. No vil den same endringa gjelde også for nye køyretøy, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
I 2016 vart det lov å endre tillaten totalvekt frå over 3500 kg til under 3500 kg, utan at det er naudsynt å gjere ei teknisk endring på køyretøyet. Dette gjeld køyretøy i gruppe M og N, med største totalvekt under 7500 kg. Endringa vart i første omgang gjort gjeldande for køyretøy registrert før 15. september 2012.
Frå 14. januar trer den same endringa i kraft også for køyretøy registrert etter 15. september 2012. Ordninga vert samstundes utvida til å gjelde alle tilhengarar under 7500 kg.
Fleire endringar gjer kvardagen enklare for bileigarane
– Mange har etterlyst ein tilsvararande endring også for nyare køyretøy. Då endringa vart gjort gjeldande i 2016, bad vi Vegdirektoratet om å sjå nærare på tilsvarande endring for denne gruppa. Resultatet av dette arbeidet ser vi no, seier Dale.
– Både næringslivet og bilentusiastar opplever tidvis at køyretøytekniske reglar skaper mykje frustrasjon og ekstraarbeid. Sidan regjeringsskiftet har vi difor gjennomført eit omfattande arbeid for å forenkle lover og reglar. Vi ynskjer å gjere bilkvardagen enklare for folk flest, og vil fortsetje arbeidet med å forenkle og effektivisere, seier samferdselsministeren.
Tiltak for å gjere det enklare for bileigarar som allereie er gjennomført:
- Innført personlege bilskilt
- Enklare bilimport frå USA, Canada og andre EØS-land
- Redusert omregistreringsavgift
- Redusert årsavgift
- Auka bruksfrådrag
- Fjerna effektavgift
- Redusert bomsatsar for bobilar til personbiltakst
- Enklare nedvektingsregelverk for kjøretøy kategorisert som lett lastebil
- Har tillate bruk av små bilskilt på bilar levert originalt med dette
- Auka tillaten maksbreidde for bobil
- Sikra at også bobilar kan ha 110 km/t fartsgrense
- Forenkla regelverk for amatørbygde køyretøy
- Forlenga kontrollintervall for bevaringsverdige køyretøy over 30 år
- Fritak for PKK for bevaringsverdige køyretøy over 50 år
- Rydda opp i uklarleikar knytt til datofastsetting for førstegongsregistrering.
- Meir fleksible reglar for montering av ekstralys på bil
- Forenkla regelverk for små elektriske kjøretøy