Historisk arkiv

Nye reglar for hamnestyra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 56/95, 14. november 1995

Nye reglar for hamnestyra

Fiskeridepartementet har no fastsett eigne reglar for myndigheit og samansetjing av styra for fem sentrale norske hamner. Både Staten, Forsvaret og dei sentrale brukarane, skal heretter vere sikra plass i hamnestyra i kommunane Bodø, Kristiansand, Oslo, Tromsø og Trondheim.

Den nye forskrifta frå Fiskeridepartementet har som mål å bidra til ei meir effektiv og konkurransedyktig hamneverksemd i kommunar der hamnene spelar ei stor og viktig rolle i heile det regionale samferdsletilbodet. Bakgrunnen for forskrifta er bortfallet av den tidlegare generelle regelen som påla kommunane å ha eigne styre for hamneverksemda. Etter at eigne hamnestyre ikkje lenger er obligatorisk i kommunane, finn departementet det no naudsynt å etablere ei særskild forvaltning og styring av viktige regionale hamner som dei i Bodø, Kristiansand, Oslo, Tromsø og Trondheim. Med ei slik særskild forvaltning vil styresmaktene sikre at desse kommunalt eigde hamnene betre skal kunne tene dei nasjonale hamne- og samferdsleinteressene.

I følgje forskrifta skal Staten ved Kystdirektoratet og Forsvaret stå for den formelle oppnemninga av sine representantar i hamnestyra i dei fem nemnde kommunane. Brukarane skal også vere sikre fast styreplass. Kommunane avgjer sjølve storleiken på styret og samansetjinga elles. Det nye forskriftet set også rammer for kva myndigheit hamnestyra skal ha.

Den nye forskrifta følgjer opp det arbeidet som allereie er gjort for å tilpasse Hamne- og farvannslova til den nye kommunelova. Ei kostnadseffektiv drift av hamnene er ein føresetnad for Hamne- og farvatnslova. Lova legg prinsippet om kommunalt sjølvstyre til grunn for styringa av hamnene, men styringa skal også ta omsyn til at mange av hamnene er viktige ledd i det landsomfattande transportsystemet.
Fiskeridepartementet har teke vare på desse føresetnadene og omsyna i den nye forskrifta. Liknande forskrifter vil seinare bli gjort gjeldande for dei interkommunale hamnene i Bergen og Stavanger.


Kontaktperson: Underdirektør Kirsten Ullbæk Selvig, tlf. 22 34 64 37
Lagt inn 14 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen