Historisk arkiv

Regulering av fisket etter tobis og augepål i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis og augepål i 2008. I tråd med tilrådingane frå havforskarane kan det opnast for eit fiske etter augepål i 2008. Fisket etter tobis er avhengig av resultata av eit felles prøvefiske med EU.

Det er teikn som tyder på at både tobis- og augepålbestandane er i vekst. Noreg og EU har avtalt å gjennomføre eit felles prøvefiske etter tobis. Ein eventuell kvote for eit kommersielt fiske vil bli bestemt etter ein modell utarbeidd av det Det internasjonale rådet for havforsking (ICES).  

Etter råd frå ICES er det opna for eit direkte fiske etter augepål frå 1. mai 2008. Den norske kvoten er på 35.500 tonn. ICES kjem med eit revidert råd i april/mai 2008 og reguleringa kan bli endra som følgje av dette rådet.  

Frå 1. januar er det innført forbod mot direkte fiske etter augepål både sør og nord for 62ºN i 2008. Augepål kan likevel fiskast som bifangst i fisket etter andre artar.

Kontaktperson: Johán Williams 22 24 64 40 og Jan Pieter Groenhof 22 24 64 44