Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2010.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2010.

I Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon vart partane i haust samde om ein totalkvote for blåkveite og ein fordelingsnøkkel som gir Noreg ein kvote på 7650 tonn blåkveite i 2010. Av dette kvantumet vert 750 tonn avsett til forsking. Avtalen med Russland gjer det lettare å regulere fisket i tråd med tilrådingar frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

Ordninga med at kystflåten sitt direktefiske etter blåkveite vert gjennomførd i to periodar om sommaren vert vidareført i 2010. Dette for å ta omsyn til varierande fisketilgang langs kysten. Første periode startar 31. mai og andre periode startar 2. august. Det vil gjelde same reglar om påmelding som tidlegare, og det enkelte fartøy kan delta i begge periodane. Maksimalkvotane vert auka med 25 % til 12,5, 15,0 og 17,5 tonn – avhengig av lengda på fartøyet, men fisket vert stoppa når periodekvotane på 1800 tonn er berekna oppfiska. Fartøy som deltek får krav om dagleg rapportering, slik at salslaga har fortløpande oversikt over samla fangstkvantum. Større maksimalkvotar kan bidra til auka lønnsemd for dei som prioriterer dette fisket. Samtidig er det nødvendig å sikre at ikkje den norske totalkvoten vert overfiska.

Det er ikkje aktuelt å lukke kystflåten sitt fiske etter blåkveite. Dette er eit sesongfiskeri som framleis skal vere ope for dei fartøya som ønskjer å delta.

Havgåande konvensjonelle fartøy og trålarar får ein kvote på 40 tonn blåkveite kvar, som også skal dekkje eventuell bifangst.

Som ein følgje av avtalen med Russland vert forbodet mot å fiske blåkveite nord for 71°30' N oppheva.
 
For fartøy under 28 meter vert gjeldande reglar om bifangst vidareførte.

 

Kontaktperson:

Johán H. Williams 22 24 64 40
Sverre Johansen    22 24 64 47