Historisk arkiv

Regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2010.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2010.

Gjeldande regelverk for både breiflabb- og kveitefisket vert i hovudsak ført vidare. Fredingsperioden for breiflabb vert utvida til fem månader mellom 63 og 64°N – tilsvarande som nord for 64°N. Det vert no forbode å fiske med garn etter breiflabb nord for 63°N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62 og 63°N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai.

Røktingskravet for breiflabbgarn vert endra frå minst annan kvar dag til at dei no må røktast minst kvar tredje dag. Dette for å leggje til rette for eit meir rasjonelt fiske.

Forbodet mot direktefiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad vert vidareført i 2010. Maksimal bifangst av breiflabb som er tillete i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad, vert endra frå 25 til 20 %. Dette er eit tiltak for ei meir berekraftig forvalting av bestanden. For fiske med reketrål og annan småmaska trål vert gjeldande bifangsreglar vidareførte.  

Nytt er også at minstemålet for atlantisk kveite vert auka frå 60 til 80 cm. Kveite under 80 cm er som regel ikkje vorten kjønnsmoden. Ein slik auke av minstemålet vil bidra til ei betre utnytting av vekstpotensialet i bestanden, og i større grad sikre rekrutteringa til bestanden.