Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

150 millionar kroner meir til Troms neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Troms og Troms fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 150 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Troms og Troms fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 150 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Troms og Troms fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1901 Harstad

18,2

1902 Tromsø

48,6

1911 Kvæfjord

1,8

1913 Skånland

3,2

1915 Bjarkøy

0,4

1917 Ibestad

1,3

1919 Gratangen

1,2

1920 Lavangen

1,2

1922 Bardu

2,3

1923 Salangen

2,1

1924 Målselv

4,8

1925 Sørreisa

2,5

1926 Dyrøy

1,3

1927 Tranøy

1,3

1928 Torsken

0,9

1929 Berg

0,9

1931 Lenvik

9,9

1933 Balsfjord

4,7

1936 Karlsøy

1,8

1938 Lyngen

2,2

1939 Storfjord

2,0

1940 Kåfjord

2,1

1941 Skjervøy

2,4

1942 Nordreisa

3,2

1943 Kvænangen

1,2

Troms

121,5

 

Troms fylkeskommune

28,7

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.