Historisk arkiv

Nullvisjon for ulukker i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ane H. Kismul opna 5. juni den nasjonale kampanjen for sikkerheit og helse i landbruket på Habberstad gard. - Det er heilt naudsynt å få ned talet av ulukker i landbruket, seier Kismul.

Politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ane H. Kismul opna 5. juni den nasjonale kampanjen for sikkerheit og helse i landbruket på Habberstad gard. – Det er heilt naudsynt å få ned talet av ulukker i landbruket, seier Kismul.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)-kampanjen som skal gå over 2 år er eit resultat av samarbeid mellom staten og dei største aktørane innan norsk landbruk.

– Det er viktig å styrkje HMS-arbeidet generelt i landbruket og på den enkelte garden. Alle aktørar som kan bidra til å styrkje av HMS-arbeidet i landbruket må ta ansvar og vere med på ei felles mobilisering for å redusere talet av ulukker, seier politisk rådgjevar Ane Kismul. 

– Eit godt arbeidsmiljø er ei god investering for kvar enkelt bedrift og næringsaktør, og det er god samfunnsøkonomi. For landbruket inneber det at eit systematisk HMS-arbeid må prioriterast både i heile næringa, og på den enkelte garden. Kampanjen sikkerheit og helse i landbruket som støttast med ein million kroner over jordbruksavtalen, vil vere eit viktig bidrag i arbeidet med å få ned talet av ulukker, seier Kismul. 

Sikkerheit og helse i landbruket
Kampanjen skal bidra til å redusere omfanget av skader, ulykker og yrkeslidingar i landbruket. I løpet av kampanjeperioden skal det arrangerast om lag 700 fagarrangement over heile landet innan følgjande tema: Trygg bruk av traktor, sikrare handtering av store dyr, brann og brannsikring, reduksjon av eksponering for støv i arbeidsmiljøet, reduksjon av fallfarar og tryggleik i skogen. Landbruket si HMS-teneste er fagleg ansvarleg for kampanjen.

Politisk rådgjevar  Ane Hansdatter Kismul

– Eit godt arbeidsmiljø er ei god investering for kvar enkelt bedrift og næringsaktør, og det er god samfunnsøkonomi. For landbruket inneber det at eit systematisk HMS-arbeid må prioriterast både i heile næringa, og på den enkelte garden, sa politisk rådgevar Ane Hansdatter Kismul då ho opna HMS-kampanjen i landbruket. (Foto: Torbjørn Tandberg)