Historisk arkiv

Utbygging av Yttergryta godkjent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Regjeringa har i dag godkjent utbygging av gassfeltet Yttergryta. Feltet ligg i Norskehavet, aust for Åsgard.

Regjeringa har i dag godkjent utbygging av gassfeltet Yttergryta. Feltet ligg i Norskehavet, aust for Åsgard. Feltet skal byggjast ut med ei brønnramme og knyttast opp mot Åsgard B for prosessering. StatoilHydro ASA er operatør for Yttergryta. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS,  Total E&P Noreg AS og Petoro AS. Investeringane i Yttergryta er rekna til om lag 1,2 milliardar kroner. Feltet er planlagt sett i produksjon mai 2009, og det er venta at feltet vil produsere 1,75 mrd. Sm3 gass og 0,08 mill. Sm3 kondensat.

Yttergryta nyttar eksisterande infrastruktur og aukar produksjonen i halefasen på Åsgard B. Dette gir gode miljøløysingar, betre utnytting av dei eksisterande innretningane og legg grunnlag for framtidig aktivitet i Åsgardområdet. Yttergryta ligg i eit område som er lite viktig for fiskeria. Gassen frå Yttergryta har også lågt CO2-innhald og vil bidra til å halde CO2-innhaldet i eksportgassen nede.

-Eg ser med glede på at utbyggarane har valt gode miljøløysingar for Yttergryta, seier olje- og energiminister Åslaug Haga. -Yttergryta er eit godt døme på felt som betrar utnyttinga av dei eksisterande innretningane og legg grunnlag for framtidig aktivitet i Åsgardområdet, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.