Meld. St. 6 (2009-2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Globalisering

Globaliseringa knyter verda tettare saman gjennom flyten av varer, tenester, menneske, kapital og informasjon. Internasjonalt samkvem gjev grunnlag for å utnytte dei komparative fortrinna landa har og aukar samtidig teknologi- og idémengda som kvart land kan utnytte. Samtidig har finanskrisa vist at dei same prosessane òg byr på store utfordringar når ein skal møte dei negative sidene av globaliseringa. I tillegg til dei økonomiske konsekvensane finanskrisa har medført, gjev auka menneskeleg aktivitet òg større klimabelastingar som utslepp av klimagassar. Dei største utsleppa finn vi i dag i dei rikaste landa. Noreg og dei andre nordiske landa er difor opptekne av å møte utfordringane frå ein global økonomi og klimaendringar på ein innovativ og offensiv måte. Norden som region har eit sterkt fellesskap i kjerneverdiar som dannar eit unikt utgangspunkt for å freiste å finne felles løysingar på globale utfordringar. Saman kan vi få til meir enn det vi greier kvar for oss. Sentrale nordiske interesser er knytte til velferd, sysselsetjing, vekst og konkurranseevne, kultur, utvikling av teknologi og kompetanse – basert på berekraftig utvikling.

Dei nordiske statsministrane la dei overordna føringane for ein fornya fellesnordisk innsats for å møte globaliseringsutfordringane på sommarmøtet i Punkaharju i juni 2007. Dei politiske satsingane i det nordiske samarbeidet fremjar forsking, innovasjon, klima, energi og miljø. Det har kome forslag om eit nordisk toppforskingsprogram som skal ha fokus på klima, energi og miljø, med helse og velferd som neste steg. Det er lagt fram ei rekkje andre globaliseringsinitiativ, som fremjing av høgare utdanning i Norden, utgreiing av konsekvensane av klimaendringane for primærnæringane, nordisk innspel til klimaforhandlingane 2009, opplæringsplan for ungdom og vaksne, profilering av Norden som senter for kreative industriar, felles nordisk profilering på den asiatiske marknaden og nedbygging av grensehinder mellom dei nordiske landa.

Samarbeidsministrane er ansvarlege for det fortløpande arbeidet, medan generalsekretæren i Nordisk ministerråd skal koordinere utviklinga av den konkrete innsatsen. Prosessen vert gjennomført i samarbeid med landa, fagministerråda og nordiske institusjonar. Globaliseringsaktivitetane skal i hovudsak finansierast innanfor den gjeldande budsjettramma i Nordisk ministerråd, men det er venta at det òg vil kome midlar frå andre kjelder. Det er venta at toppforskingsinitiativet vert finansiert gjennom synergikoplingar til næringsliv, EU-program og andre kjelder, i tillegg til nordiske midlar.

Nordisk globaliseringsforum samla statsministrar, politikarar, næringsliv og forskingsmiljø 27.–28. februar utanfor Keflavik i Island. Målsetjinga med forumet var å stimulere til brei diskusjon om ei nordisk tilnærming til utfordringane og sjansane globaliseringa fører med seg. I 2009 var temaet den internasjonale finanskrisa og verknadene ho har på klimapolitikk og innovasjon. Den første dagen av forumet vart innleidd med gjestetalar Kenneth Rogoff, professor ved Harvard University, medan David Carlson, direktør i den internasjonale avdelinga ved Det internasjonale polaråret, gav status for klimaforskinga i nordområda. Plenumsinnlegga vart følgde opp av diskusjonar i arbeidsgrupper der temaet m.a. var «Energi, miljø og innovasjon» og «Progressiv klimapolitikk i krisetider». Det neste globaliseringsforumet vil finne stad under den danske formannskapen i mai 2010.

Nedbygging av nasjonale barrierar for økonomisk verksemd og innbyggjarane sin mobilitet over landegrensene er ei viktig årsak til og drivkraft bak globaliseringa. Dersom ein skal utnytte dei nordiske styrkeposisjonane i ein global kontekst, er det ein føresetnad at arbeidet med å fjerne grensehinder mellom landa i Norden vert intensivert.

Den nordiske velferdsmodellen er under stadig større press. Det er særleg den demografiske utviklinga som gjev store samfunnsoppgåver som må løysast. Den yrkesaktive delen av befolkninga vert redusert, samtidig som talet på eldre aukar. Landa står overfor felles utfordringar med å hindre utstøyting frå arbeidslivet. Landa vil difor arbeide for å vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen slik at han framleis kan vere ein attraktiv modell også sett frå land utanfor den nordiske kretsen.

Omsorgsoppgåvene aukar, samtidig som det er ein underkapasitet på kvalifisert personell. Globaliseringa har ført til auka mobilitet av arbeidskraft. Utviklingsland opplever ein kritisk mangel på helsepersonell som følgje av at eige helsepersonell vert rekruttert til betre betalte stillingar i rike land. Desse utfordringane må vi i Norden vere spesielt merksame på. Den norske regjeringa har forplikta seg til å føre ein politikk som motverkar straumen av kvalifiserte helsearbeidarar frå fattige land.

Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk vil ha eit sterkt fokus på satsingane innanfor helse og velferd i globaliseringsarbeidet. Frå norsk side er vi opptekne av å setje søkelyset på både fortrinn og utfordringar for den nordiske velferdsmodellen, mellom anna korleis ein kan sikre at menneske i utkanten av arbeidsmarknaden kan bli inkluderte. Som ein del av globaliseringsarbeidet overleverte embetsmannskomiteen for helse- og sosialsaker våren 2009 innspel til ein idékatalog til samarbeidsministrane (MR-SAM). I rapporten vert det gjort framlegg om prosjekt som særleg fokuserer på Norden som eit inkluderande velferdssamfunn der målsetjinga er å inkludere vanskelegstilte grupper på arbeidsmarknaden, og på Norden som frontspelar for førebyggjande arbeid og intervensjon.

Kjernen i det framtidige nordiske regionalpolitiske samarbeidet ligg i å aktivt møte utfordringane globaliseringa fører med seg, gjennom eit nært samvirke mellom ulike vedtaksnivå og sektorar. Slik kan ein på ein berekraftig måte styrkje utviklingspotensialet til dei nordiske landa på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Ei viktig oppgåve framover vert òg å profilere dei sterke sidene ved den nordiske modellen. I mange land fører økonomisk vekst til aukande polarisering. Dette gjev grunnlag for spenningar. Evna den nordiske modellen har til å balansere vekst med berekraft, utgjer difor ein viktig bodskap ut over Nordens grenser.

Globaliseringsinitiativet som er lansert av dei nordiske statsministrane, understrekar kor viktig det er at Norden satsar på kunnskap og forsking for å styrkje regionen overfor utfordringane og sjansane internasjonaliseringa fører med seg. Det nordiske forskingssamarbeidet skal styrkje stillinga til Norden som forskingsområde, basert på felles nasjonale prioriteringar og ved å kople saman nasjonale finansieringskjelder, og det skal òg styrkje Norden som plattform for internasjonalt samarbeid. Noreg har støtta opp om NordForsk og NICe (Nordisk InnovationsCenter) som dei sentrale arenaene i toppforskingsinitiativet. Satsingane er i tråd med norske prioriteringar innanfor klima og energi. Innanfor høgare utdanning vert Nordisk master-programmet ført vidare med nye utlysingar.

Kulturministrane vedtok i oktober 2008 ein operativ globaliseringsstrategi for det nordiske kultursamarbeidet: Det kreative Norden. Strategien tek utgangspunkt i statsministererklæringa frå Punkaharju om å skape eit meir synleg Norden. Dei nordiske institusjonane er ansvarlege for prosjekt som er nedfelte i strategien til kulturministrane. Dei skal i løpet av 2009 førebu gjennomføringa i 2010. «Nordisk kultur i verda» er det globaliseringsinitiativet på kulturfeltet som det er føreslått å ta med i det overordna globaliseringsinitiativet frå minister­rådet. «Nordisk kultur i verda» har som hovudmål å profilere nordisk kultur utanfor Norden og omfattar nordisk film i Toronto, nordisk arkitektur i Shanghai og nordisk litteratur i Paris. Prosjekta skal gjennomførast i perioden 2009–2011.

2.2 Grensehinder

Nedbygging av grensehinder er eit viktig satsingsområde i det nordiske regjeringssamarbeidet. Trass i eit nært nordisk regjeringssamarbeid om dette gjennom mange år står det framleis mange hinder att. Grensehinder er negative for den enkelte innbyggjaren, for næringsverksemd og for samfunnsøkonomien. I ei tid der stadig fleire nordiske borgarar driv med grensekryssande aktivitetar som arbeid, næringsverksemd, studium og anna, møter mange av dei hindringar som skaper utfordringar i kvardagen.

Føremålet med å byggje ned grensehinder er å medverke til ein tettare samordning mellom dei nordiske landa, å gjere kvardagen enklare for dei som kryssar grensene i Norden og i størst mogeleg grad å skape eit «grenselaust» Norden, m.a. for å bidra til å styrkje velferda og ein berekraftig økonomisk vekst.

Fullstendig nedbygging av grensehinder er verken realistisk eller ønskeleg, fordi dei nordiske landa har ulike lover og regelverk på mange område. Det ein kan arbeide for der hindra ikkje kan fjernast, er å få til ein større grad av harmonisering. Utfordringa blir difor å fjerne grensehinder der det er mogeleg, og å redusere konsekvensane av hinder mellom dei nordiske landa der dei ikkje kan fjernast. Det må leggjast særleg vekt på å unngå at det oppstår nye grensehinder. Endeleg er det ikkje minst viktig å sørgje for at informasjon om relevante regelverk er lett tilgjengeleg for nordiske innbyggjarar.

Der det er nye reglar eller lovar har samarbeidsministeren og justisministeren i eit felles brev oppfordra departementa om å gjere greie for rettstilstanden i dei nordiske landa på dei områda som forslaga til nye reglar gjeld. I brevet vert det særleg framheva at proposisjonar bør ha med ei vurdering av om forslaget kan tenkjast å skape grensehinder i Norden.

Grensehinderforum

Dei nordiske statsministrane vedtok på sommarmøtet i Punkaharju i juni 2007 å styrkje innsatsen for å fjerne hinder som innbyggjarar støyter på i nordisk samhandling.

Samarbeidsministrane etablerte Grensehinderforum hausten 2007, som ei oppfølging til dette. Forumet er samansett av framståande representantar frå dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda (Grønland, Færøyane, Åland) og skal identifisere, prioritere og finne løysingar på hinder som den enkelte eller næringslivet møter. Forumet arbeider sjølvstendig og uavhengig og kan ta opp enkeltsaker. Grensehinderrepresentantane tek direkte kontakt med politikarar og embetsverket i departementa. Forumet møtest regelmessig for å drøfte og finne løysingar på dei problema som eksisterer. Informasjon til nordiske borgarar om regelverk og om kvar dei kan finne svar på spørsmål, er ein viktig del av arbeidet. I tillegg legg forumet stor vekt på arbeidet for å hindre at det oppstår nye grensehinder, anten som følgje av nasjonal lovgjeving eller gjennom implementering av EU-direktiv.

Leiaren for Grensehinderforum, den finske ambassadøren Ole Norrback, rapporterer årleg til statsministrane om statusen for arbeidet. Den norske representanten er tidlegare statsråd og nordisk samarbeidsminister Bjarne Mørk-Eidem. Han tek opp grensehindersaker med politikarar og høgare embetsmenn på ei rekkje område og har i denne perioden i tillegg hatt spesielt fokus på arbeidet med å unngå at det oppstår nye hinder.

Som hjelp for Grensehinderforum er det òg etablert ei norsk-svensk arbeidsgruppe under leiing av grensehinderrepresentantane for dei to landa. Målsetjinga er å hente fram døme på konkrete bilaterale grensehinder og kome med forslag til løysingar.

Trygdeområdet

Nokre døme på saker Grensehinderforum har sett på innanfor trygdeområdet, er:

  1. sjølvstendige rettar for fedrar til foreldrepengar frå Noreg

  2. problem med å få dagpengar for arbeidsledige grensearbeidarar i Sverige ved overgang til delvis sjukemelding i Noreg

  3. problem knytte til alderspensjon (ulik pensjonsalder)

  4. forskjellane mellom landa når det gjeld fastsetjing av uførleik og avgjerd om retten til uførepensjon, inkludert reglane om at rehabilitering og attføring skal vere gjennomført

Når det gjeld retten til uførepensjon, har det kome framlegg om å la vurderinga av uføregrad i eitt land gjelde også i eit anna nordisk land. Dette er eit ønske om harmonisering av regelverket innanfor Norden, som mellom anna kom til uttrykk i Nordisk Råds rekommandasjon nr. 5/2003. Det er òg føreslått å overlate til bustadlandet å vurdere om attføring skal reknast som fullført.

Den nordiske sosialforsikringsgruppa (trygdegruppa) har fleire gonger vurdert denne problemstillinga. Det er store forskjellar mellom reglane og kriteria i dei ulike landa, og ein kan difor ikkje utan vidare leggje til grunn samanfall i fastsetjing og gradering av uførleiken.

I meldinga frå i fjor vart det peika på at ei harmonisering av uførekriteria reiser mange spørsmål av budsjettmessig og lovgjevingsmessig art. I dei nordiske landa har ein dei seinare åra generelt lagt vekt på å unngå varig pensjonering og å hjelpe den enkelte tilbake i arbeid. Slik saka står no, er det ikkje realistisk å tru at ein skal få til ei samanfallande uførevurdering i landa, der landa skal godta vurderingane til kvarandre på dette punktet. Det er kome signal om at dette ikkje er aktuelt.

Den nordiske sosialforsikringsgruppa (trygdegruppa) har på denne bakgrunnen konkludert med at både ulikt lovgrunnlag og ulike vurderingsprinsipp gjer at det er vanskeleg å overføre rettar direkte og å harmonisere regelverket på dette området i dei nordiske landa. Gruppa har difor sett det som desto viktigare å konsentrere innsatsen om administrative forenklingar og forbetringar, og på initiativ frå gruppa er det utvikla ein samarbeidsmodell for å styrkje den administrative samhandlinga og få i stand ei meir samkøyrd, raskare og meir effektiv handsaming av desse sakene innanfor Norden.

Målet er at saksopplysingane ved oversending til eit anna land skal vere omfattande nok til å dekkje krava i mottakarlandet. Dette vil kunne gje gode resultat på relativt kort sikt.

  • e) problem med (svensk) arbeidsgjevaravgift ved arbeid i to land samtidig, til dømes på begge sider av Øresund

Når det gjeld problemet med svensk arbeidsgjevaravgift for danske arbeidsgjevarar i Øresund-regionen, har ein frå dansk side endra skattelovgjevinga slik at det kan gjevast skattefritak i Danmark for arbeidstakarar som overtek arbeidsgjevaransvaret for innbetaling av avgift til Sverige.

Medlemene av ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vart i juni 2008 einige om at det nordiske e-helseforumet skulle utarbeide ein handlingsplan for å finne fram til ei nordisk fellesløysing for elektroniske reseptar (e-reseptar). Føremålet var å utarbeide eit system slik at elektroniske reseptar som er skrivne ut i eit nordisk land, skal kunne hentast ut ved apotek i alle andre land i Norden. Eit slikt felles nordisk e-reseptsystem inneber konkret nordisk nytte gjennom lansering av ei teneste som er nært knytt til folk sine behov, og som er til hjelp i kvardagen for mange nordiske borgarar som grensependlar dagleg, eller som regelmessig ferierer i Norden. MR-S vedtok på sitt møte i juni 2009 å arbeide vidare med å finne ei nordisk fellesløysing på e-reseptar.

I tillegg har grensehinderforumet oppfordra embetsmannskomiteen for sosial- og helsepolitikk (EK-S) om å følgje opp fire konkrete saker:

  • koordinert nordisk implementering av det komande pasientmobilitetsdirektivet frå EU

  • koordinering av nordiske uførepensjonar/førtidspensjonar (sjå ovanfor)

  • trygdetilknyting for personar med arbeid i to nordiske land samtidig (sjå ovanfor)

  • informasjon om gjeldande reglar ved usemje mellom landa om ansvaret i ei sak

Oppfølginga av desse sakene skal diskuterast vidare i ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) i løpet av 2009.

Nordisk samferdselssektor

Når det gjeld internasjonal transport på jernbane, er det ingen større grensehinder mellom Noreg og Sverige. Ein avtale om gjensidig godkjenning av lokomotivførarar og stor likskap mellom jernbanesystema har saman med RIV/RIC-sertifisering av rullande materiell leidd til ei relativt ukomplisert grensepassering mellom landa. Dei fleste togselskapa har rett til å bruke forenkla transittprosedyrar. Dei grensehindra som finst, er knytte til dei administrative prosedyrane før toget kan trafikkere i nabolandet (førespurnad om godkjenning av selskap og materiell m.m.) og forskjellige driftsreglement. Eit svensk-norsk prosjekt har identifisert dei ulike prosedyrane som er nødvendige ved gjensidig godkjenning av mobilt utstyr for bygging og vedlikehald av jernbanenettet. Føremålet er å gjere desse prosedyrane enklare og likare.

Felles nordisk anleggsmarknad – GNA-prosjektet vert avslutta, og arbeidet vert ført vidare i eit nettverkssamarbeid mellom Vägverket (Sv), Banverket (Sv), Vägförvaltningen (Fi), Vejdirektoratet (Dk), Jernbaneverket (No) og Statens vegvesen (No). Nettverk mot bransjen vert koordinerte gjennom NVF (Nordisk Vegforum). Jernbanesida er invitert til å delta i NVFs bransjearbeid. Det skal leggjast vekt på opne seminar der bransje og andre byggherrar og samarbeidspartnarar vert bedne om å delta.

Det skal etablerast kontakt mot Nordisk ministerråds grensehinderforum for å få fram tiltak som reduserer grensehinder innanfor anleggsområdet.

Det er viktig med gode grensesamband med samordna standard. Samferdselsdepartementet og Næringsdepartementet i Sverige har gjeve dei respektive vegadministrasjonane i oppdrag å kartleggje grenseoverskridande infrastruktur mellom landa. Ein viktig del av dette er utgreiing av hovudvegsambandet E16 Oslo–Gävle (NTP 2010–2019, St.meld. nr. 16 s. 239).

Høgare utdanning

Den nordiske avtalen om tilgang til høgare utdanning er sentral i arbeidet med å byggje ned grensehinder. Denne avtalen sikrar at søkjarar som er busette i eit nordisk land, får tilgang til offentleg høgare utdanning i eit anna nordisk land på same eller likeverdige vilkår med landets eigne søkjarar. Det er vedteke å forlengje avtalen, som går ut ved årsskiftet 2009/10, for ein ny treårsperiode.

Informasjon

Hallo Norden (www.hallo-norden.org) er Nordisk ministerråds informasjonsteneste om grensehinder i Norden. Hallo Norden kartlegg og identifiserer manglar ved dei nordiske regelverka og hjelper personar og småbedrifter med informasjon.

Grensetenesta i Morokulien (www.grensetjansten.no) held fram med arbeidet med å hjelpe personar og lokalbedrifter for å lette økonomisk aktivitet og vekst på begge sider av grensa. Verksemda vert finansiert frå norsk side m.a. frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

I oktober 2008 vart det etablert ein søkbar database over alle kjende nordiske grensehinder. Adressa er www.gransehinder.norden.org.

Dessutan er det etablert to nordiske Internett-portalar for informasjon på trygde- og skatteområdet:

Trygdeportalen. I 2008 vart det oppretta ein brukarretta Internett-portal om trygdeytingar i Norden (www.nordsoc.org). Portalen blir oppdatert fortløpande av informasjonsfaglege ekspertar frå trygde- og velferdsetatane i medlemslanda. Målet er at brukarane skal kunne finne fram til rett styresmakt i rett land og vere godt førebudde før kontakten med styresmaktene.

Skatteportalen. På Nordisk eTax (www.nordisketax.net), som er utvikla i samarbeid med Nordisk råd og skattestyresmaktene i Norden, ligg det informasjon om skattereglane i dei ulike landa.

2.3 Organisering av det nordiske ­samarbeidet

Statsministrane

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet. I tillegg til nær og kontinuerleg kontakt om nordiske og andre internasjonale spørsmål har statsministrane regelmessige møte. På dagsordenen står både nordiske, europeiske og andre internasjonale spørsmål. Sidan den førre stortingsmeldinga om nordisk samarbeid har det vore tre nordiske statsministermøte. Det første fann stad i samband med sesjonen i Nordisk Råd i Helsingfors, det andre under Nordisk globaliseringsforum i Keflavik 27.–28. februar 2009, og det siste var eit uformelt sommarmøte 15.–16. juni i Egilsstair på Aust-Island.

Særleg på møtet som er knytt til sesjonen, står nordiske spørsmål høgt på dagsordenen. Under sesjonen er det òg møte med Nordisk Råds presidium og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Det neste nordiske statsministermøtet finn stad i samband med sesjonen i Nordisk Råd i Stockholm 27.–29. oktober 2009.

Statsministrane har på nytt understreka engasjementet sitt for ein samla innsats i møtet med ei globalisert verd. Generalsekretæren i Nordisk ministerråd orienterte om framdrifta i globaliseringsinitiativet under sesjonen. På sommarmøtet presenterte han forslag til nye prosjekt innanfor helse og velferd, kultur og kreativitet, transport og energi, i tillegg til finansspørsmål.

På sesjonen la òg Grensehinderforum fram status for arbeidet med å avvikle grensehinder i Norden.

Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Samarbeidsministrane møtest fem gonger i året, i 2009 under den islandske formannskapen. Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2005.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2008 var på 910 millionar danske kroner. Noregs del av landas tilskot var 26,6 %. Fordelingsnøkkelen vert rekna ut med utgangspunkt i delen dei respektive landa har av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta.

Etter handsaming i budsjettgruppa i Nordisk Råd og med semje i Nordisk Råd vart budsjettet for Nordisk ministerråd for 2009 fastsett til 907 millionar danske kroner. 60 millionar kroner vart sett av til globaliseringsprosjekta. Den norske delen av budsjettet er i 2009 på 27,4 % av landa sine tilskot.

I budsjettforslaget for 2010 er det gjort framlegg om å halde budsjettet på same nivå som i 2009, 907 millionar danske kroner i 2009 prisar. Forslaget frå generalsekretæren om at globaliseringsinitiativa skal førast vidare i 2010 med 70 millionar danske kroner, vil føre til pro rata reduksjonar på 1,3 % innanfor dei fleste sektorområda i budsjettet.

Samarbeidsministeren prioriterte svært høgt å få etablert ei ordning med støtte til islandske forskarar og studentar i dei nordiske landa og støtte for å sikre islandsk deltaking i nordiske møte. Det er sett av 7,2 millionar danske kroner til dette innanfor budsjettramma i 2009 og i 2010.

Stillinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske ­samarbeidet – Grønland, Færøyane og Åland

Samarbeidsministrane vedtok på møtet på Åland i september 2007 å styrkje deltakinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet innanfor ramma av Helsingforsavtalen. Nordisk Råd slutta seg til det såkalla Ålandsdokumentet under Nordisk Råds 59. sesjon i Oslo i oktober 2007.

Ålandsdokumentet inneber at dei sjølvstyrte områda på visse område vert likestilte med dei nordiske landa når det gjeld arbeidet i Nordisk ministerråd. Mellom anna kan dei vere leiarar av ministermøte, i embetsmannskomitear og arbeidsgrupper. Helsingforsavtalen vert tolka, men ikkje endra, slik at landsstyra og landskapsregjeringa, innanfor ramma av kompetansen dei har, får rett til å vere adressatar for og svare på rekommandasjonar og spørsmål frå Nordisk Råd. I stor grad var dette allereie ein realitet.

Ålandsdokumentet gjev òg dei sjølvstyrte områda høve til å søkje om full medlemskap i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan. Dokumentet stadfester at dette er mogeleg dersom området har ei «særskilt og påviseleg interesse» for institusjonen. Dei sjølvstyrte områda har det siste året meldt inn kva for institusjonar dei er særskilt interesserte i å delta i med stemmerett.

Ottosson-rapporten – reformer i det nordiske ­samarbeidet

Dei nordiske samarbeidsministrane vedtok sommaren 2008 å evaluere reforma frå 2005 og gav oppdraget til den svenske ambassadøren Stellan Ottosson. Føremålet er å gjere samarbeidsformene smidigare og meir effektive og på sikt å styrkje politisk fokusering. Ottosson la fram tolv framlegg til forbetringar. Samarbeidsministrane har handsama rapporten og har bedt fagministerråda om å diskutere og vurdere forslaga for å effektivisere møta sine.

2.4 Stoltenberg-rapporten

Regjeringa legg stor vekt på å styrkje det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet som ein viktig arena for å fremje norske og felles nordiske interesser. Tilhøva ligg i dag godt til rette for eit utvida samarbeid. Utviklinga dei siste 15 åra i dei nordiske landa, i nærområda og internasjonalt elles har ført til eit veksande handlingsrom og potensial for nordisk samarbeid. Den politiske og operative tydinga av den utanriks- og tryggingspolitiske hovudforankringa dei nordiske landa har gjennom medlemskap i NATO og EU, inneber i dag handlefridom i like stor grad som restriksjonar for nordisk samarbeid. I realiteten kan samarbeid mellom dei nordiske landa på tvers av dette i mange sentrale spørsmål no supplere og styrkje forankringa og engasjementet landa har i NATO og EU. Dette vert underbygd av fleksibiliteten i dei nordiske landa til å samarbeide i ulike konstellasjonar av to til fem land avhengig av interesser og omstende, samtidig som det er semje om å vidareføre prinsippet om femlandssamarbeid som hovudtanke og grunnleggjande målsetjing.

Med dette som utgangspunkt fekk tidlegare utanriksminister og forsvarsminister Thorvald Stoltenberg i juni 2008 i oppdrag frå dei fem nordiske utanriksministrane å utarbeide ein rapport med forslag til korleis ein kan styrkje nordisk utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid. Han vart oppfordra til å gå mykje lenger i tilrådingane sine enn det i utgangspunktet var realistisk å vente at regjeringane kunne følgje opp. Stoltenberg vart assistert av utvalde ressurspersonar i kvart land og gjennomførte omfattande konsultasjonar med dei politiske miljøa og embetsverka i landa. Han vart møtt med stor openheit og vilje til substansielle drøftingar.

Stoltenberg presenterte rapporten sin på eit ekstraordinært nordisk utanriksministermøte som vart halde for dette føremålet, på ein pressekonferanse i Oslo (Voksenåsen) 9. februar 2009. I rapporten la han fram 13 konkrete forslag til å styrkje det nordiske samarbeidet. På møtet uttrykte alle utanriksministrane stor interesse for rapporten og understreka at dei ikkje utelukka nokon av forslaga og ville vurdere alle saman. Det var semje om å setje i verk ein grundig nasjonal og nordisk gjennomgang av forslaga, i første omgang fram til neste regulære nordiske utanriksministermøte våren 2009. På norsk side vart det lagt vekt på eit nært samarbeid mellom vedkomande departement og instansar i gjennomgangen av forslaga, i første rekkje FD, JD og NHD.

Rapporten fekk i tillegg brei omtale i dei nordiske media og var med på å auke merksemda om nordisk samarbeid.

Rapporten vart handsama på nordiske embetsmøte i mars, april, mai og juni, og på eitt av desse møta deltok både UD og FD. Nasjonalt og nordisk var merksemda retta mot utarbeidinga av eit opplegg for den vidare oppfølginga på det nordiske utanriksministermøtet i Reykjavik den 9. juni 2009. Stortinget vart orientert om arbeidet i samband med EU og EØS-utgreiinga til utanriksministeren den 5. mai 2009.

På utanriksministermøtet var det ein svært nyttig og substansiell dialog om nasjonale og nordiske føresetnader for og utsikter til eit konkret og styrkt utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid. Tradisjonelt har tyngdepunktet i dialogen på utanriksministermøta lege på meiningsutveksling og samarbeid om internasjonale tilhøve utanfor Norden, medan landa denne gongen først og fremst diskuterte samarbeid seg i mellom. Dette er eit viktig overordna utslag av det auka samarbeidsrommet kombinert med handsaminga av Stoltenberg-rapporten. På møtet vart det semje om ei nordisk ministererklæring som no utgjer hovudgrunnlaget for oppfølginga av Stoltenberg-rapporten. Det vart gjort greie for arbeidet med Stoltenberg-rapporten på det nordiske statsministermøtet i Egilsstair 14. juni.

Den nordiske utanriksministererklæringa gjev ei rekkje perspektiv, prinsipp og konkrete oppfølgingspunkt for arbeidet framover.

Hovudprinsippet om femlandssamarbeid parallelt med fleksibelt samarbeid i ulike konstellasjonar av to til fem land er nemnt ovanfor. Eit samarbeid med land utanfor Norden vil bli vurdert når det er føremålstenleg. Det gjeld spesielt dei baltiske landa og andre naturlege samarbeidspartnarar som USA, Canada og Russland. Saka vart diskutert på nordisk-baltisk utanriksministermøte 20.–21. august.

Det vil vere føremålstenleg at ein primært nyttar eksisterande forum for vurdering og gjennomføring av aktivitetar. Arbeidet i kjølvatnet av Stoltenberg-rapporten synte at det allereie er sett i gang eit breitt og omfattande nordisk samarbeid på ei rekkje område som rapporten tek opp, og også på ei rekkje andre relaterte felt. Eksisterande samarbeidsstrukturar vil som regel vere best eigna til å handsame nye forslag og sjå dei i samanheng med eksisterande verksemd. På denne måten unngår ein òg koordineringsproblematikk, dobbeltarbeid og overlapping.

Det nordiske samarbeidet skal utfylle og gjerne styrkje forpliktingane og samarbeidet til dei nordiske landa i EU, NATO og OSSE. Samtidig er det viktig å ta omsyn til FN som eit sentralt rammeverk for å møte internasjonale utfordringar.

Når det gjeld forslaget i Stoltenberg-rapporten om ei nordisk solidaritetserklæring, slår utanriksministererklæringa fast at det på grunnlag av felles interesser og geografisk nærleik er naturleg at dei nordiske landa vil samarbeide om å møte utanriks- og tryggingspolitiske utfordringar i ei solidarisk ånd.

Tidsperspektivet er viktig. Somme av forslaga i Stoltenberg-rapporten kan følgjast opp med det same, medan andre spørsmål må sjåast i eit meir langsiktig perspektiv. Saker som skal følgjast opp med det same, er krisehandtering, luftovervaking over Island og kommunikasjonar, satellittenester, digital tryggleik, samarbeid mellom utanriksstasjonane og militært samarbeid på område som transport, sanitet, utdanning, materiell og øvingsfelt.

I denne samanhengen kan følgjande oppfølgingspunkt framhevast:

  • Dei nordiske landa skal arbeide for ei heilskapleg tilnærming til konfliktførebygging, krisehandtering og post-konfliktstabilisering. Det skal m.a. vurderast å setje i verk eit nærare samarbeid om opplæring og utdanning og auke innsatsen for å støtte FN-operasjonar.

  • Noreg og Danmark deltek allereie i luftovervaking over Island i NATO-regi. Sverige og Finland skal sjå nærare på om dei kan delta i relevante aktivitetar.

  • Noreg skal formidle informasjon til dei andre nordiske landa om forarbeidet knytte til eit mogleg system for sivil, maritim overvaking av dei nordlege havområda (BarentsWatch). Dersom BarentsWatch vært etablert, kan det vere aktuelt på sikt å invitere andre nordiske land til å delta. Det er allereie eit samarbeid om havovervaking i Austersjøen, og det vert lagt opp til kontakt og informasjonsutveksling i samband med dette.

  • Det er etablert ei ekspertgruppe med fagstyresmakter frå nordiske land som skal sjå nærare på korleis ein kan utnytte tilgjengelege satellittressursar. Ekspertgruppa skal vurdere nordiske fellesinteresser og forslag til vidare arbeid.

  • Klimaendringar i Polhavet kan opne for auka menneskeleg aktivitet i Arktis som skipsfart, turisme, olje- og gassutvinning m.m. Dette aktualiserer auka kystvaktnærvær, m.a. for søk- og redningskapasitet. Samarbeid med andre land er viktig i denne samanhengen, og ministermøtet i Arktisk råd i Tromsø i april 2009 vedtok å opprette ei arbeidsgruppe som fram til neste ministermøte (2011) skal utvikle ein internasjonal reiskap for samarbeid om søk- og redningsoperasjonar i Arktis. Arbeidet med å kartleggje om samarbeidet om kriseberedskap i NORDRED kan styrkjast, skal følgjast opp, også innanfor ramma av det nyetablerte nordiske kriseberedskapssamarbeidet i regi av justisministrane.

  • Det er òg andre utfordringar i Arktis og nordområda som aktualiserer eit styrkt nordisk samarbeid. Noreg, Danmark og Sverige samarbeider difor nært om etterfølgjande formannskap i Arktisk råd. Landa skal samarbeide for å fremje oppfølginga av Tromsø-erklæringa frå Arktisk råd, t.d. i internasjonale forum som IMO. Dei skal dessutan leggje spesiell vekt på klimaendringar i Arktis i førebuingane til og oppfølginga av klimatoppmøtet i desember.

  • Eit nordisk samarbeid om digital tryggleik er aktuelt, t.d. for å fremje sikker kommunikasjon mellom landa for å møte digitale tryggleiksutfordringar. Det er etablert ein dialog mellom dei ansvarlege fagstyresmaktene i Norden om dette.

  • Noreg skal vurdere eit initiativ overfor dei andre nordiske landa for eit styrkt samarbeid om straffeforfølging av krigsforbrytarar.

  • Samarbeidet mellom utestasjonane til dei nordiske landa skal styrkjast på område som politiske og økonomiske tilhøve, konsulære saker, administrasjon, kultur, handel og næringsliv.

  • Forslaga til styrkt nordisk forsvarspolitisk og militært samarbeid tok i stor grad utgangspunkt i det omfattande eksisterande samarbeidet mellom landa i regi av forsvarsministrane. Område der det kan vere føremålstenleg å samarbeide, omfattar mellom anna transport, sanitet, utdanning, materiell og øvingsfelt. Forsvarsministrane skal dessutan konsolidere den nordiske samarbeidsstrukturen for fredsoperasjonar, kapasitetsutvikling, materiell, styrkeproduksjon, logistikk og støttefunksjonar for å styrkje koordineringa og effektivisere samarbeidet.

Når det gjeld det vidare oppfølgingsarbeidet i kjølvatnet av Stoltenberg-rapporten og den nordiske utanriksministererklæringa av 9. juni, skal UD og andre vedkomande departement og fagstyresmakter følgje opp saksfelta på sine respektive ansvarsområde. Utanriksministrane skal haldast fort­løpande orienterte om framdrifta og har bedt om at spørsmålet vert sett på dagsordenen på komande regulære nordiske utanriksministermøte. Saka er dessutan venta å verte tema i plenum på sesjonen i Nordisk Råd hausten 2009.

Den nordiske utanriksministererklæringa av 9. juni 2009 er lagd ved.