Ot.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger (konkurranselova)

Til innhaldsliste

4 Forslag til andre endringar i konkurranselova

4.1 Forslag til endringar i konkurranselova § 18 andre ledd

4.1.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Bakgrunnen for forslaget om å endre konkurranselova § 18 andre ledd er eit ynskje om å effektivisere sakshandsaminga for alminnelege meldingar om føretakssamanslutningar.

Konkurranselova § 18 første ledd gir partane i ei føretakssamanslutning ei plikt til uoppfordra å informere Konkurransetilsynet om samanslutninga ved ei såkalla alminneleg melding, seinast når det er inngått endeleg avtale om føretakssamanslutning. Denne alminnelege meldeplikta gjeld i utgangspunktet alle erverv som går inn under definisjonen av føretakssamanslutningar i konkurranselova § 17.

Verkeområdet for alminneleg meldeplikt vert likevel innskrenka i forskrift 28. april 2004 nr. 673 om meldeplikt § 2. Den alminnelege meldeplikta i konkurranselova § 18 første ledd gjeld etter den nemnde føresegna ikkje dersom dei involverte føretaka har ein samla årleg omsetnad i Noreg under 50 millionar kroner, eller dersom berre eitt av dei involverte føretaka har ein årleg omsetnad i Noreg på over 20 millionar kroner.

Krav til innhald i meldinga går fram av konkurranselova § 18 andre ledd og føresegna nemnd ovanfor.

Konkurranselova § 18 andre ledd bokstavane c, d og e gir tilvising på at meldinga skal innehalde:

«c) Beskrivelse av de involverte foretak og foretak i samme konsern,

d) beskrivelse av markeder i Norge, eller som Norge er en del av, hvor de involverte foretakene og foretak i samme konsern får en markedsandel på over 20 prosent som følge av foretakssammenslutningen,

e) navn på de fem viktigste konkurrenter, kunder og leverandører i hvert av markedene beskrevet under bokstav d, og»

Omtale av dei involverte føretaka under bokstav c skal i følgje tilsynet si rettleiing til punkt 4 i skjema for alminneleg melding omfatte «foretakenes juridiske og organisatoriske struktur, og deres virksomhetsområder».

Føretaka som er involverte i ei samanslutning, skal etter bokstav d berre namngje kundar, konkurrentar og leverandørar i marknader der dei på meldingstidspunktet har overlappande verksemd og ein samla marknadsdel på meir enn 20 prosent, jf. Konkurransetilsynet sine «Retningslinjer for alminnelig melding av foretakssammenslutninger». Dersom dei involverte har ei oppfatning om at føretakssamanslutninga til saman vil få under 20 prosent av ein marknad, jf. konkurranselova § 18 andre ledd bokstav d, vil ikkje tilsynet få opplysningar om mellom anna kva for føretak dei involverte føretaka ser på som sine næraste konkurrentar i den aktuelle marknaden, jf. bokstav e. Dette fører til at tilsynet må få tak i tilleggsopplysningar for å kunne vurdere verknaden av føretakssamanslutninga. Meldarane kan likevel seiast å ha oppfylt krava i lova, og tilsynet kan derfor ikkje lengje fristen for sakshandsaminga, jf. § 18 tredje ledd.

Konkurransetilsynet har derfor gjort framlegg om å endre konkurranselova § 18 andre ledd slik at partane må gi relevante opplysningar om marknader der dei involverte føretaka har «overlappande», dvs. konkurrerande verksemd, uavhengig av marknadsdel.

4.1.2 Høyringsnotatet

Departementet peika i høyringsnotatet på at det kan vere vanskeleg å avgrense relevante marknader og berekne marknadsdelar etter konkurranselova § 18 andre ledd bokstav d. På grunn av koplinga mellom bokstav d og e i andre ledd kan det derfor verte nokså tilfeldig kva opplysningar Konkurransetilsynet får om konkurransesituasjonen i dei marknadene det gjeld.

Departementet er samd i at meirarbeidet for tilsynet med innhenting av ytterlegare informasjon er uheldig innanfor den korte fristen som tilsynet har til rådvelde for vurdering av om det ligg føre eit konkurranseproblem ved føretakssamanslutninga, jf. konkurranselova § 18 tredje ledd.

Departementet la i høyringa fram eit forslag om at føresegna i konkurranselova § 18 andre ledd bokstav e bør utformast slik at sjølv om partane meiner at dei som følgje av føretakssamanslutninga ikkje oppnår over 20 prosent marknadsdel, likevel må gi opp namn på dei fem viktigaste konkurrentane, kundane og leverandørane der dei involverte føretaka og føretak i same konsern har overlappande verksemd, dvs. konkurrerande verksemd. Departementet foreslo i tillegg i høyringa at bokstav e og d byter plass, slik at noverande bokstav e vert bokstav d og noverande bokstav d vert bokstav e.

Vidare gjorde departementet framlegg om ei tilføying i bokstav c for å presisere at sjølv om det er få eller ingen marknader som skal skildrast under bokstavane d og e, er det i alle høve krav til omtale av dei aktuelle verksemdområda for føretakssamanslutninga. Dette er i samsvar med praktiseringa av regelen i dag, jf. omtalen av bokstav c i Konkurransetilsynet sine «Retningslinjer for alminnelig melding av foretaksammenslutninger, Del 3 - Meldingens innhold».

Departementet fremja forslag om endring i konkurranselova i samsvar med det ovanståande i høyringsnotatet, slik at § 18 andre ledd bokstavane c til e i lova skal lyde:

«c) Beskrivelse av de involverte foretak og foretak i samme konsern, herunder foretakenes virksomhetsområder,

d) Navn på de fem viktigste konkurrenter, kunder og leverandører der de involverte foretakene og foretak i samme konsern har overlappende virksomhet,

e) beskrivelse av markeder i Norge, eller som Norge er en del av, hvor de involverte foretakene og foretak i samme konsern får en markedsandel på over 20 prosent som følge av foretakssammenslutningen, og»

4.1.3 Høyringsinstansane sine syn

Advokatforeningen er positiv til forslaget om at alminneleg melding skal innehalde ein generell omtale av områda der dei involverte føretaka og føretak i same konsern driv verksemd som foreslått skal være betydningen i konkurranselova § 18 andre ledd bokstav c. Dette er opplysningar som Konkurransetilsynet treng for å kunne ta stilling til ei føretakssamanslutning. Men Advokatforeningen er negativ til forslaget om endring i konkurranselova § 18 andre ledd ny bokstav d, fordi det vil gi ei vesentleg auke i byrdene for næringslivet, og det er heller ikkje godt nok grunngitt. Det vil vere ressurskrevjande å skaffe og gi korrekte opplysningar om dei viktigaste kundane, konkurrentane og leverandørane, fordi slik informasjon ikkje alltid er lett tilgjengleg. Det vil såleis vere naudsynt med ein særs detaljert gjennomgang av perifere verksemdsområde med sikte på å avdekkje mogleg overlappande verksemd, der det òg er klart at samanslutninga ikkje har noko å seie for konkurransen. Ein slik gjennomgang kan vere langt meir ressurskrevjande enn gjennomgangen som må gjerast for å identifisere marknader med ein marknadsdel på over 20 prosent. Det vert òg stilt spørsmål ved om Konkurransetilsynet treng opplysingar om kundar, konkurrentar og leverandørar i marknader der føretaka har under 20 prosent marknadsdel. Andre jurisdiksjonar med krav om melding har ei tilsvarande grense, eller ei grense på 15 prosent for å gje marknadsopplysningar. Vidare er det ikkje grunngitt kvifor kravet til innhald i alminneleg melding skal gå mykje lengre enn i andre jurisdiksjonar det er naturleg å samanlikne med.

Det er òg vist til at det krev lite arbeid frå tilsynet å be om tilleggsopplysningar, og at dei involverte føretaka ynskjer å gi tilsynet naudsynt informasjon for å unngå pålegg om «fullstendig melding». Der det er grunn til å vente at tilsynet vil interessere seg for marknaden, har den alminnelege meldinga såleis ofte omfattande tilleggsinformasjon utover minstekravet. Advokatforeningen meiner òg at forslaget til endringar i gjeldande § 18 andre ledd bokstav e bør ha ei tilføying som viser at plikta berre gjeld marknader i Noreg, eller som Noreg er ein del av.

Arntzen de Besche Advokatfirma AS er positive til forslaget om å endre konkurranselova § 18 andre ledd ny bokstav d som fremja i høyringa. Dei har erfaring for at Konkurransetilsynet ofte har trong for informasjon om marknader der partane har overlappande verksemd, men mindre marknadsdel enn 20 prosent. Partane er òg forplikta til å gi desse opplysningane etter konkurranselova § 24. Men samstundes vert det peika på at arbeidet med å melde føretakssamanslutningar blir ytterlegare ressurskrevjande. Derfor bør utvidinga som er fremja, kombinerast med ein auke av terskelverdiane for meldeplikta.

Konkurransetilsynet støttar forslaget til endring i konkurranselova § 18 andre ledd ny bokstav d. Tilsynet får årleg mange alminnelege meldingar og handsaminga er svært ressurskrevjande. Men desse inneheld normalt ikkje tilstrekkelege opplysningar til at tilsynet kan avslutte saka utan fleire undersøkingar. For å sikre ei effektiv sakshandsaming under dei korte tidsfristane, bør den alminnelege meldinga derfor ha som mål å innehalde den informasjonen som er naudsynt for at Konkurransetilsynet skal kunne vurdere om det skal be om fullstendig melding. Tilsynet er òg einig med departementet i forslaget om endring i konkurranselova § 18 andre ledd bokstav c. Tilsynet fremjar dessutan ytterlegare realitetsendringar som ikkje er omtala i høyringa, og som ikkje vert handsama her.

NHO meiner forslaget til endring i konkurranselova § 18 andre ledd ny bokstav d ikkje er naudsynt og skaper ei auka belastning for partane som ikkje er omhandla i høyringsbrevet. Sjølv om partane har overlappande verksemd, er det ikkje ofte at det er problem for konkurransen i saker med konsentrasjonar med mindre marknadsdel enn 20 prosent. I slike saker har Konkurransetilsynet ikkje trong for denne informasjonen. Dersom tilsynet ynskjer det, kan det anten be om ytterligare opplysningar uformelt, eller påleggje fullstendig melding.

Norsk Landbrukssamvirke ser at Konkurransetilsynet ofte kan trenge informasjon om konkurrentar, òg der partane har overlappande verksemd med mindre enn 20 prosent marknadsdel, jf. forslaget til endringar i konkurranselova § 18 andre ledd ny bokstav d. Det er òg vist til at partane etter lova § 24 er forplikta til å gi slike opplysningar, og at det derfor bør innførast ei automatisk plikt til å gi desse i meldinga.

Wikborg, Rein & Co Advokatfirma støttar forslaget til endringar i konkurranselova § 18 andre ledd bokstav c, men er skeptiske til at kravet om å gi namn på konkurrentar, kundar og leverandørar ikkje lenger skal vere knytt til ein marknadsdel på 20 prosent, jf. forslaget til ny bokstav d. Eit slikt krav vil i mange tilfelle føre til eit omfattande meirarbeid for meldar i høve til gjeldande reglar, og er urimeleg med dei låge terskelverdiane som no gjeld. Dersom endringa likevel vert gjennomført, bør ny bokstav d presisere kva for marknader som er relevante ved ei tilføying av marknader i Noreg eller som Noreg er ein del av.

4.1.4 Vurderinga til departementet

Erfaring har vist at det er tilfeldig om tilsynet mottek naudsynt informasjon etter konkurranselova § 18 andre ledd bokstav c, d og e. Innføringa av ny konkurranselov i 2004 har ikkje ført til at Konkurransetilsynet mottek naudsynt informasjon om konkurransesituasjonen i marknader der dei involverte var konkurrentar før ei samanslutning. Årsaka er at departementet ved endringa i 2004 knytte kravet om å gje namnet på dei fem viktigaste kundane, leverandørane og konkurrentane til partane si oppfatning om dei saman vil få over 20 prosent marknadsdel som følgje av føretakssamanslutninga, jf. gjeldande bokstav d.

Bakgrunnen for departementet sitt endringsforslag er at Konkurransetilsynet meiner at informasjonen om namn på kundar, konkurrentar og leverandørar er naudsynt for mellom anna å verifisere dei vurderingane som ligg til grunn for partane sin oppfatning om eigne marknadsdelar, slik at det vert mogleg å gjere seg opp ei meining om samanslutninga kan vere problematisk og dermed gi grunnlag for eit pålegg om fullstendig melding. Dei noverande reglane i § 18 andre ledd fører til at verksemdene sine kalkulasjonar av marknadsdelar vert avgjerande for om tilsynet får informasjon om marknadene det skal vurdere.

Departementet meiner såleis at den manglande informasjonen må få konsekvensar anten i form av lengre frist for tilsynet si handsaming av meldinga eller ei omdefinering av krava til informasjon som føretaka ubedne skal gi. I høyringsbrevet har departementet valt å fremje ei endring som opprettheld ei standardisert innhenting av naudsynt informasjon, som òg er lett å føresjå for aktørane og samstundes er i samsvar med føremålet ved den nåverande fråsegna i § 18 andre ledd. Dersom det i nokre tilfelle er vanskeleg eller byrdefullt å levere informasjon i den alminnelege meldinga, kan tilsynet òg lempe på krava, jf. konkurranselova § 18 sjette ledd.

Det er ikkje eit aktuelt alternativ å få inn dei naudsynte opplysningane ved å påleggje ei fullstendig melding, som NHO gjer framlegg om i høyringa. Ei slik melding har eit anna føremål enn alminneleg melding, og vil føre til at dei involverte føretaka får ein lengre periode med forbod mot gjennomføring. Dette vil òg leggje større byrder på verksemdene med omsyn til å skaffe informasjon, enn det ei alminneleg melding gjer.

Departementet er samd med høyringsinstansane i at næringslivet ikkje bør få plikter som det ikkje er god grunn for, men meiner at trongen for endringa i den informasjonen som alminneleg melding må innehalde er klargjort i høyringa. Vidare kan departementet vanskeleg sjå at dei etterspurde opplysningane ikkje er lett tilgjenglege. Verksemder som planlegg oppkjøp eller samanslutningar, har vanlegvis analyser av marknaden som grunnlag for dette. Ein slik analyse vil til vanleg mellom anna omfatte opplysningar om konkurrentar, kundar og leverandørar. Departementet meiner derfor at namnet på dei fem viktigaste konkurrentane, kundane og leverandørane der dei involverte føretaka eller føretak i same konsern har konkurrerande verksemd, er informasjon føretaka normalt har eller lett kan skaffe.

Når det gjeld spørsmålet om å endre tersklane som utløyser meldeplikt for føretakssamanslutningar, viser departementet til at det frå 1. januar 2007 vart gjennomført ei endring i forskrift om meldeplikt som inneber ei heving av desse. Det er ikkje aktuelt for departementet å fremje ytterlegare endringar i tersklane for meldeplikt på grunn av forslaga i denne høyringa.

Departementet ser at forslaget til ny § 18 andre ledd bokstav d har mista den klare tilknytinga til marknader i Noreg eller som Noreg er ein del av, og har derfor valt ei tilføying i føresegna som presiserer dette. Med denne endringa er det òg meir naturleg å behalde føresegna som bokstav e i § 18 andre ledd, som foreslått av Justisdepartementet. Den endra føresegna, som i høyringsnotatet var ny bokstav d, vert såleis framleis bokstav e i § 18 andre ledd og gjeldande bokstav d vert framleis bokstav d.

4.2 Forslag til endringar i konkurranselova § 19 første ledd

4.2.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Bakgrunnen for å fremje forslag til endringar i konkurranselova § 19 første ledd om automatisk gjennomføringsforbod for føretakssamanslutningar, er at erfaringar med konkurranselova tilseier at ei endring er naudsynt for å sikre ein effektiv fusjonskontroll.

Eit gjennomføringsforbod inneber at partane i ei føretakssamanslutning vert pålagde mellombelse restriksjonar på gjennomføringa medan konkurransestyresmaktene handsamar saka. Føremålet er at ei gjennomføring ikkje skal uthole føremålet med fusjonskontrollen og gjere det vanskelegare for konkurransestyresmaktene å treffe føremålstenlege vedtak.

Konkurranselova § 19 første ledd slår fast at føretakssamanslutningar som er omfatta av konkurranselova § 18 tredje eller fjerde ledd, ikkje må gjennomførast så lenge Konkurransetilsynet handsamar saka etter § 20 andre ledd første punktum. Konkurranselova § 18 tredje ledd gir Konkurransetilsynet kompetanse til å påleggje fullstendig melding innan 15 verkedagar etter at alminneleg melding er motteken eller innan 3 månader etter endeleg avtale om minoritetserverv etter § 16 andre ledd. Konkurranselova § 18 fjerde ledd gir partar i ei føretakssamanslutning som ikkje er meldepliktig, ein rett til å melde for å få avklart saka.

Konkurranselova § 20 andre ledd første punktum set ei plikt for Konkurransetilsynet til å varsle om at inngrep kan bli aktuelt innan 25 dagar frå fullstendig melding er motteken, elles fell inngrepskompetansen bort, jf. § 20 andre ledd andre punktum.

Det ligg dermed føre eit automatisk gjennomføringsforbod frå partane i ei føretakssamanslutning har motteke pålegg om å gi eller frivillig har gitt fullstendig melding, jf. § 19 første ledd andre og tredje punktum, og fram til Konkurransetilsynet varslar at inngrep kan verte aktuelt, det vil seie inntil 25 dagar etter at den fullstendige meldinga er motteken, jf. § 19 første ledd første punktum. Kor lenge gjennomføringsforbodet varer vil dermed delvis vere avhengig av partane sjølve, ettersom det er opp til desse om dei vil levere frivillig melding, og i tilfelle der dei er pålagde å levere fullstendig melding, kor lang tid som vert brukt på å utarbeide meldinga og levere denne til tilsynet.

Etter at det automatiske gjennomføringsforbodet er omme, jf. § 20 andre ledd første punktum, kan Konkurransetilsynet gi pålegg om mellombels gjennomføringsforbod etter § 19 tredje ledd. Tilsynet kan òg etter konkurranselova § 19 andre ledd av eige tiltak gjere unnatak frå gjennomføringsforbodet. Det går fram av forarbeida at dette ikkje er nokon rett for fusjonspartane, og at det ikkje er noko prosesskrav eller formkrav ved ein førespurnad om å nytte kompetansen. Føremålet er at sakshandsaminga knytt til gjennomføringsforbodet ikkje skal fortrengje naudsynte ressursar til handsaming av sjølve fusjonssaka innanfor dei knappe tidsfristane. Det kan òg gjerast unnatak for grupper av føretak ved forskrift.

I dei fleste jurisdiksjonane er meldepliktssystemet ein del av fusjonskontrollen. I Sverige har Konkurrensverket 25 dagar på å avgjere om dei vil gjere vidare undersøkingar etter at ei føretakssamanslutning pliktig eller frivillig er meldt til styresmakta. I denne perioden kan ikkje partane gjennomføre føretakssamanslutninga. Utanom denne perioden og fram til endeleg avgjerd, kan tingretten etter krav frå Konkurrensverket fastsetje eit gjennomføringsforbod.

I Danmark er fusjonskontrollen avgrensa til å omfatte føretakssamanslutningar som overstig fastsette terskelverdiar, som alle er meldepliktige. Det er eit generelt gjennomføringsforbod for desse som gjeld heilt fram til føretakssamanslutninga eventuelt vert klarert av Konkurrencerådet. Konkurrencerådet kan gjere unnatak frå forbodet.

Alle føretakssamanslutningar skal meldast når dei oppfyller terskelverdiane i konkurransereglane i EU/EØS-avtalen og er såleis underlagde Europakommisjonen eller eventuelt EFTAs overvåkningsorgan sin eksklusive handhevingskompetanse. Utgangspunktet er at det er forbode å gjennomføre fusjonen før han eventuelt er klarert av kompetent styresmakt. Det kan dispenserast frå dette.

I dei jurisdiksjonane som er omtala, kan reglane om gjennomføringsforbod sjå enklare ut enn dei norske. Det svenske systemet er mest likt det vi har i Noreg ved at det ikkje er noko gjennomføringsforbod før føretakssamanslutninga vert meldt. Men i Sverige er det ikkje skilt mellom alminneleg melding og fullstendig melding, slik at det er naturleg at eit forbod trer i kraft allereie når det vert meldt. Felles for desse jurisdiksjonane er likevel at terskelen for kva for fusjonar som skal meldast er høgare enn i Noreg.

4.2.2 Høyringsnotatet

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om at det automatiske gjennomføringsforbodet vert endra slik at det gjeld for alle meldepliktige føretakssamanslutningar og fram til same tidspunkt som dei gjeldande reglane, det vil seie til Konkurransetilsynet varslar om inngrep, jf. konkurranselova § 20 andre ledd første punktum.

Dei gjeldande reglane for gjennomføringsforbod vart grundig vurderte i forarbeida til lova. Hovudføremålet med eit gjennomføringsforbod er å sikre høve til inngrep som reglane om kontroll med føretakssamanslutningar er meint å gi.

Dersom ei føretakssamanslutning vert gjennomført før Konkurransetilsynet har gjort si vurdering, kan det gjere eit inngrep vanskeleg, fordi det kan vere umogleg eller vanskeleg og svært kostbart å reversere gjennomføringa. Eit gjennomføringsforbod vil på den andre sida kunne føre til handhevingskostnader for styresmaktene og kostnader for partane og samfunnet elles. Dersom restriksjonar på gjennomføringa fører med seg ekstrakostnader for partane, kan det hindre eller forseinke samfunnsøkonomisk føremålstenlege transaksjonar.

Eit automatisk gjennomføringsforbod reduserer likevel handhevingskostnadene samanlikna med om Konkurransetilsynet i kvart tilfelle må vurdere om det skal setjast eit gjennomføringsforbod og eventuelt omfanget av dette forbodet. Kostnadene med dette er særleg høge i den innleiande fasen av handsaminga av ei føretakssamanslutning, fordi Konkurransetilsynet må vurdere dei konkurransemessige realitetane i saka under knappe fristar, både med omsyn til om ein aktør skal påleggjast å gi fullstendig melding og om det skal varslast at inngrep kan verte aktuelt. Partane sine kostnader ved å verte pålagde restriksjonar i gjennomføringa, kan avgrensast ved at partane i føretakssamanslutninga sørgjer for å melde så tidleg som mogleg.

Konkurranselovutvalet kom i NOU 2003:12 Ny konkurranselov, på bakgrunn av dei økonomiske verknadene nemnde ovanfor, fram til at det burde vere eit automatisk gjennomføringsforbod i heile fase I, det vil seie fram til varsel om at inngrep kan bli aktuelt, seinast 25 dagar etter mottak av fullstendig melding. Som ein tryggingsventil vart det i § 19 andre ledd opna for at Konkurransetilsynet av eige tiltak kunne gjere unnatak frå det automatiske forbodet. Den avkorta retten dette inneber for partane, vart grunngitt med at det ville hindre at sakshandsamingsressursar vart brukte til handsaming av søknader om unnatak, og dermed gjere verknaden av det automatiske gjennomføringsforbodet dårlegare. Utvalet meinte likevel at konkurransestyresmaktene i fase II vil ha betre tid, slik at det ikkje var naudsynt med eit automatisk gjennomføringsforbod, men berre ein heimel for Konkurransetilsynet til å leggje ned eit slikt forbod.

I Ot.prp. nr. 6 (2003-2004) om ny konkurranselov og EØS-konkurranselov var departementet ueinig med utvalet i at det burde vere eit automatisk gjennomføringsforbod før partane vart pålagde fullstendig melding. Det var på det tidspunktet klart at terskelverdiane for meldeplikt ville verte svært låge og omfatte ei rekkje føretakssamanslutningar som sjeldan reiser konkurranseproblem. Departementet gjekk ut frå at det var føretakssamanslutningar som utløyste krav om fullstendig melding, som presumptivt kan verke konkurransehemmande, og som derfor måtte få eit automatisk gjennomføringsforbod. Eit forbod før dette ville ramme ei rekkje fusjonar som sjeldan reiser problem i høve til konkurranse, og dermed føre til unødig høge kostnader. Elles var departementet einig med utvalet. Departementet si løysing vart vedteke av Stortinget.

Dagens konkurranselov tredde i kraft 1. mai 2004, og det har sidan vore handsama ei rekkje føretakssamanslutningar. Det er derfor føremålstenleg å gjere ei oppdatert vurdering av det automatiske gjennomføringsforbodet med bakgrunn i erfaringane så langt.

Dagens løysing inneber ein risiko for at partane heilt eller delvis gjennomfører transaksjonen før gjennomføringsforbodet trer i kraft. Før meldeplikta gjeld, vil dette som hovudregel ikkje vere eit praktisk problem fordi meldeplikta trer i kraft så tidleg i selskapa sin transaksjonsprosess at det ikkje vil vere tid til å gjennomføre omfattande tiltak. Moglegheitene vil nok vere større etter at føretakssamanslutningar er melde, men før eit eventuelt pålegg om fullstendig melding. Dette har skjedd i Konkurransetilsynet si handsaming av to føretakssamanslutningar, og kompliserte sakshandsaminga for tilsynet og vanskeleggjorde eit effektivt vedtak.

På den andre sida er det få erfaringar med høvet til å gi unnatak frå det automatiske gjennomføringsforbodet, jf. § 19 andre ledd. Føresegna har hatt liten praktisk bruk, noko som er naturleg ettersom det automatiske gjennomføringsforbodet ikkje gjeld før pålegg om fullstendig melding. Dette vert gitt når tilsynet ser at det trengst ei nærare vurdering av føretakssamanslutninga før ho eventuelt vert klarert. Det er derfor naturleg at tilsynet i denne situasjonen ikkje vil gi omfattande unnatak frå gjennomføringsforbodet. I høyringsnotatet opplyste departementet at Konkurransetilsynet berre har gjort unnatak frå det automatiske gjennomføringsforbodet i éi sak, og det var etter departementet si meining ikkje grunnlag for regelendring på dette punktet.

Tilsynet har ved fleire høve vurdert å påleggje gjennomføringsforbod når det er slutt på det automatiske gjennomføringsforbodet, jf. § 19 tredje ledd. Som regel har det likevel vorte sett på som tilstrekkeleg å påleggje meldeplikt om endringar etter konkurranselova § 24. Det er berre vedteke gjennomføringsforbod i to saker, og departementet ser såleis ikkje trong for endringar på dette punktet.

Departementet meinte òg at erfaringane med gjeldande reglar er gode når det gjeld sluttidspunktet for det automatiske gjennomføringsforbodet, jf. § 20 andre ledd første punktum. Dette er i samsvar med dei vurderingane som vart gjorde av Konkurranselovutvalet og departementet i forarbeida til lova. Det var derfor etter departementet si vurdering ikkje trong for regelendringar på dette punktet.

Når det gjeld starttidspunktet for det automatiske gjennomføringsforbodet viser likevel erfaringar, jf. omtalen over, at det ikkje berre er teoretisk mogleg at gjennomføring av ei føretakssamanslutning før eit eventuelt pålegg om fullstendig melding kan hindre fusjonskontrollen i å fungere føremålstenleg. Det samfunnsøkonomiske tapet dette kan føre med seg, må vegast opp mot dei byrdene som restriksjonar på gjennomføring påfører dei meldepliktige og samfunnet som heilskap. Dei tidlegare låge terskelverdiane som utløyste ei meldeplikt, innebar at dei føretakssamanslutningane som vart melde, i all hovudsak vart klarerte ved at Konkurransetilsynet ikkje gav noko pålegg om fullstendig melding. Eit gjennomføringsforbod som gjaldt for alle meldepliktige føretakssamanslutningar etter dei tidlegare terskelverdiane fram til samanslutninga er klarert, normalt innan dei 15 verkedagane Konkurransetilsynet har til å påleggje fullstendig melding, ville truleg innebore store kostnader for samfunnet. Handhevingskostnadene ved å vurdere unnatak ville truleg òg vorte store, og vore større enn tapet av effektivitet i fusjonskontrollen. I høyringsbrevet av 6. april 2006 frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjekk det fram at omkring 97 prosent av dei meldingane Konkurransetilsynet mottok, ikkje hadde interesse ut frå omsynet til konkurransen. Frå 1. januar 2007 vart tersklane som utløyser meldeplikt heva ved endring i forskrift 28. april 2004 nr. 673 om melding av foretakssammenslutninger mv. Verknaden som denne endringa ville ha på omfanget av meldepliktige føretakssamanslutningar vart omtalt i høyringsbrevet av 6. april 2006 frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Basert på statistiske undersøkingar rekna ein med ein reduksjon av meldepliktige føretakssamanslutningar med omkring 30 prosent.

Sjølv om det er grunn til å tru at eit fleirtal av dei føretakssamanslutningane som vert melde, òg med nye terskelverdiar, ikkje vil reise konkurransemessige problem, vil talet på føretakssamanslutningar som vert omfatta av meldepliktsreglane vere monaleg redusert. Dette reduserer dei kostnadene som kjem av å innføre eit automatisk gjennomføringsforbod for alle meldepliktige føretakssamanslutningar. Departementet meinte derfor at gevinstane ved eit automatisk gjennomføringsforbod for alle meldepliktige føretakssamanslutningar vil overstige kostnadene. I denne samanhengen er det òg teke omsyn til at meldepliktige kan avgrense eventuelle kostnader ved å vere underlagde eit gjennomføringsforbod ved å melde så tidleg som mogleg. Konkurransetilsynet sitt høve til å gjere unnatak vil fungere som ein tryggingsventil. Ein slik regel vil òg vere meir i samsvar med reglane i dei jurisdiksjonane det er naturleg at Noreg samanliknar seg med, jf. omtalen i punkt 4.2.1 ovanfor.

Departementet meinte derfor i høyringsnotatet at eit automatisk gjennomføringsforbod bør gjelde for alle meldepliktige føretakssamanslutningar og vare så lenge Konkurransetilsynet handsamar saka, seinast til tilsynet varslar inngrep, jf. § 20 andre ledd første punktum.

For meldepliktige føretakssamanslutningar, jf. konkurranselova § 18 første ledd og meldepliktforskrifta § 2, vil det altså etter endringsforslaget vere forbod mot gjennomføring av føretakssamanslutninga i inntil 15 verkedagar etter at Konkurransetilsynet har motteke alminneleg melding.

For føretakssamanslutningar som vert pålagde fullstendig meldeplikt, jf. konkurranselova § 18 tredje ledd, vil gjennomføringsforbodet tre i kraft når partane har motteke pålegg om melding.

For frivillige meldingar, jf. konkurranselova § 18 fjerde ledd, vil gjennomføringsforbodet tre i kraft når den frivillige meldinga er gitt.

Som følgje av forslaget til nytt gjennomføringsforbod fremja departementet at noverande § 19 første ledd andre og tredje punktum vert sløyfa som overflødige.

Departementet foreslo i høyringa følgjande endring i konkurranselova § 19 første ledd:

«Foretakssammenslutninger som omfattes av reglene i § 18 første ledd, må ikke gjennomføres før fristen for pålegg etter § 18 tredje ledd er utløpt. Er det mottatt pålegg om fullstendig melding etter § 18 tredje ledd eller fullstendig melding er gitt etter § 18 fjerde ledd, må foretakssammenslutningen ikke gjennomføres før Konkurransetilsynet har behandlet saken etter § 20 annet ledd første punktum.»

4.2.3 Høyringsinstansane sine syn

Fleire av høyringsinstansane, mellom andre Artnzen de Besche Advokatfirma AS og Wikborg, Rein & Co Advokatfirma, er samde i prinsippet om å innføre eit automatisk gjennomføringsforbod for meldepliktige fusjonar i heile den første fasen av fusjonskontrollen. Dette vil sikre ein meir effektiv fusjonskontroll i tråd med departementet si grunngiving. Det er òg positivt fordi det fører til ei større harmonisering med meldepliktreglane i EU. Arntzen de Besche Advokatfirma AS har òg peika på at forslaget kan vere ein fordel for oppkjøparar, fordi dette kan hindre desse i å kome i ein vanskeleg situasjon der dei må reversere gjennomførte disposisjonar for å innrette seg etter konkurransestyresmaktene sitt vedtak.

Alle høyringsinstansane som har hatt merknader til forslaget, har likevel peika på at terskelverdiane for meldepliktige fusjonar framleis er for låge til å rettferdiggjere dei byrdene eit automatisk gjennomføringsforbod i heile den første fasen fører med seg. Framleis er terskelverdiane så låge at det alt vesentlege av fusjonar vert klarert i den første fasen, eller eventuelt ikkje endar med inngrep etter ei fullstendig vurdering. Gjennomføringsforbodet kan òg skape problem for utanlandske aktørar, og ha store konsekvensar for internasjonale aktørar som vert omfatta av meldeplikta i Noreg. Alle høyringsinstansane som har uttala seg om endringa meiner difor at endringa anten ikkje bør gjennomførast eller ynskjer at lovendringa må utfyllast med at terskelverdiane vert heva.

Advokatforeningen har peika på at departementet si vurdering om at partane kan redusere kostnadene ved å ikkje gjennomføre ved å melde tidleg, ikkje er ei riktig vurdering, på grunn av at det ofte er viktig å halde fusjonsplanar hemmeleg for omverda i ein tidleg fase. Eit generelt gjennomføringsforbod må òg vurderast i høve til trongen for raskt å kunne gjennomføre visse transaksjonar, til dømes offentlege overtakingstilbod eller ved å få kontroll ved aksjekjøp i marknaden. Det vert vist til fusjonsforordninga artikkel 7 nr. 2, der det er gjort unnatak for slike transaksjonar, og det seiest at det bør innførast eit tilsvarande unnatak i Noreg.

NHO har peika på at å utvide gjennomføringsforbodet utvidar sanksjonsomfanget til konkurranselova, utan at dette er vurdert.

Fleire høyringsinstansar meiner at ei meldeplikt som vert utløyst ved «endelig avtale eller kontroll er overtatt» ikkje er naudsynt når fusjonspartane likevel ikkje har høve til å gjennomføre før Konkurransetilsynet har gjennomført første fase av sakshandsaminga. Å fjerne plikta til å melde når det føreligg «endelig avtale» vil òg fjerne kostnader føretaka har ved å vurdere når det føreligg ei «endelig avtale». Vidare vil regelverket verte meir likt det som gjeld for føretakssamanslutningar som er meldepliktige til Kommisjonen eller ESA.

Konkurransetilsynet har peika på at dersom ein ynskjer å behalde ei meldeplikt ved «endelig avtale eller kontroll er overtatt», vil det vere føremålstenleg at den allminnelege meldinga òg gjer greie for tidspunktet for når «endelig avtale eller kontroll er overtatt». Tilsynet har òg lagt fram nokre andre nye realitetsendringar som ikkje er ein del av høyringa og som derfor ikkje vert handsama her.

4.2.4 Vurderinga til departementet

Departementet har merka seg at mange høyringsinstansar meiner at det er fornuftig med eit automatisk gjennomføringsforbod slik det er fremja i høyringa, men at det medfører for høge kostnader på grunn av dei låge tersklane for meldepliktige føretakssamanslutningar. Etter departementet si vurdering bør det gjelde eit automatisk gjennomføringsforbod i heile den fyrste fasen av ei fusjonssak slik det er foreslått i høyringa. Når det gjeld spørsmålet om å endre tersklane som utløyser meldeplikt for føretakssamanslutningar, viser departementet til at det frå 1. januar 2007 vart gjennomført ei endring i forskrift om meldeplikt som inneber ei heving av desse. Det er ikkje aktuelt for departementet å fremje forslag om ytterlegare endringar i tersklane for meldeplikt på grunn av forslaga i denne høyringa.

Departementet meiner framleis at aktørane kan førebyggje kostnadene ved å ikkje kunne gjennomføre, på grunn av det automatiske gjennomføringsforbodet, ved å melde tidleg. I ein fase før endeleg avtale føreligg, og det av ulike årsaker er trong for hemmeleghald rundt fusjonsplanane, vil det etter departementet sitt syn som regel heller ikkje vere aktuelt for aktørane å starte gjennomføringa. Dette vil òg i mange høve kunne kome i konflikt med konkurranselova § 10 om forbod mot konkurransereduserande samarbeid og difor vere mindre praktisk.

Når det gjeld unnataket frå gjennomføringsforbodet, til dømes for visse aksjekjøp i fusjonsforordninga artikkel 7 nr. 2, er det ikkje innført eit liknande unnatak i Noreg, men Konkurransetilsynet kan gjere unnatak frå gjennomføringsforbodet i enkeltsaker eller ved forskrift, jf. konkurranselova § 19 andre ledd. Departementet meiner denne ordninga for unnatak er tilstrekkeleg for å vareta omsyna i fusjonsforordninga artikkel 7 nr. 2.

Departementet er òg klar over at å framskunde tidspunktet for det automatiske gjennomføringsforbodet, inneber at det er mogleg å bli sanksjonert for å ha gjennomført i eit tidsrom ein tidlegare ikkje ville vorte sanksjonert. Sanksjonar skal blant anna verke avskrekkande på ulovleg gjennomføring. Departementet ser derfor dei gjeldande sanksjonane som eit naudsynt verkemiddel for å oppnå føremålet med gjennomføringsforbodet.

Departementet er einig med høyringsinstansane i at eit automatisk gjennomføringsforbod for meldepliktige fusjonar i den første fasen av sakshandsaminga, ikkje gjer det naudsynt med ein regel om at det seinast skal meldast ved «endelig avtale eller kontroll er overtatt», jf. konkurranselova § 18 første ledd. Nokre høyringsinstansar har peika på kostnadane for næringslivet ved å overhalde denne plikta. Ved å fjerne denne vil ein derfor redusere kostnadane. Vidare vil det å fjerne plikta til å melde ved «endelig avtale eller kontroll er overtatt» og å innføre eit gjennomføringsforbod, gjere at regelverket vert meir likt det som gjeld ved fusjonar som er meldepliktige til Kommisjonen eller ESA. Departementet vil òg peike på at ved å fjerne kravet til meldeplikt ved «endelig avtale eller kontroll er overtatt» vil det verte ei sanksjonert føresegn mindre. Det vil heller ikkje vere trong for at tidspunktet for endeleg avtale vert meldt i den alminnelege meldinga, slik Konkurransetilsynet har fremja i høyringa.

På denne bakgrunnen opprettheld departementet forslaget om eit automatisk gjennomføringsforbod for alle meldepliktige fusjonar inntil Konkurransetilsynet har gjennomført første fase av sakshandsaminga. Samstundes vil departementet foreslå å fjerne gjeldande regel om meldeplikt seinast når det føreligg «endelig avtale eller kontroll er overtatt», ved å endre konkurranselova § 18 første ledd i tråd med dette.

4.3 Forslag til endringar i konkurranselova § 20 tredje ledd

4.3.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Etter konkurranselova § 20 tredje ledd fjerde punktum kan Konkurransetilsynet sin frist til å fatte vedtak i fase II i saka forlengjast med 25 verkedagar ved forslag frå partane om avhjelpande tiltak. Bakgrunnen for regelen er den korte tida Konkurransetilsynet har til å vurdere om det er aktuelt å fatte vedtak om å tillate føretakssamanslutninga på vilkår. Ved å tillate utsett frist sikrar ein meir tid til drøftingar og vurderingar av forslag som vert sette fram. Høvet til fristutsetjing er likevel etter gjeldande rett avhengig av at partane krev slik utsetjing.

I praksis skjer det at partane fremjar avhjelpande tiltak utan å krevje slik fristforlenging. Slike tiltak er ofte omfattande og kompliserte, og det trengst lengre tid for å kunne marknadsteste tiltaka, og å gjere ei tilstrekkeleg inngåande vurdering av dei. Konkurransetilsynet bør derfor kunne utsetje fristen utan krav frå partane dersom det finn det naudsynt for å kunne gjere ei tilstrekkeleg vurdering av tiltaka. Dette vil innebere betre tid for tilsynet til grundigare handsaming av forslag til avhjelpande tiltak når det trengst. Det kan òg hindre unødige klager ved at saka vert klarert ved at tilsynet gir løyve på vilkår.

4.3.2 Høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringa å endre § 20 tredje ledd fjerde punktum slik at tilsynet, når det vert fremja avhjelpande tiltak, ikkje er avhengig av krav frå partane for å forlengje fristen for tilsynet til å gjere vedtak.

Ein slik regel vil vere i samsvar med EU/EØS - retten, der ei fristutsetjing i samband med forslag om avhjelpande tiltak ikkje er avhengig av krav frå partane.

Departementet sitt forslag i høyringa til ny § 20 tredje ledd fjerde punktum var slik:

«Dersom det er fremsatt et tilbud om avhjelpende tiltak, kan fristen forlenges med 25 virkedager.»

4.3.3 Høyringsinstansane sine syn

Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg om endringane i § 20 tredje ledd er negative til forslaget. Dette vert grunngitt med at Konkurransetilsynet vil nytte dette til å forlengje sakshandsaminga når det kjem forslag om avhjelpande tiltak, sjølv om partane ikkje ynskjer ei slik forlenging. Forslaget vil såleis redusere gevinstane som følgjer av dei korte og absolutte fristane som vart innførde med den nye konkurranselova i 2004. Nokre høyringsinstansar peikar på at problemet delvis kan avhjelpast ved kortare tidsfristar, og viser til tidsfristane for forlenging ved tilbod om avhjelpande tiltak ved fusjonshandsaming i EU/EØS. Advokatforeningen meiner til dømes at Konkurransetilsynet berre skal kunne forlengje fristen i ti dagar. Konkurransetilsynet bør heller ikkje ha høve til å forlengje fristen dersom forslaget til avhjelpande tiltak kjem tidleg i prosessen, og ynskjer ei grense på femti virkedagar etter innlevering av fullstendig melding. Arntzen de Besche Advokatfirma AS ynskjer å endre § 20 tredje ledd fjerde punktum slik at fristen kan forlengjast i «inntil» 25 dagar.

4.3.4 Vurderinga til departementet

Departementet meiner ei forsvarleg handsaming av forslag til avhjelpande tiltak krev marknadstesting. Det gjeldande systemet har avdekt at det kan vere problematisk for Konkurransetilsynet å få gjennomført dette på grunn av den korte fristen dersom partane ikkje ber om forlengt frist. Dersom Konkurransetilsynet av tidsomsyn ikkje får testa tiltaka og forslaget ikkje vert akseptert i vedtaket, vil dei avhjelpande tiltaka i praksis måtte prøvast første gongen hos departementet etter klagen. Ein vil då heller ikkje få ei toinstans prøving av dei avhjelpande tiltaka.

Vidare meiner departementet at det vil vere uryddig og uoversiktleg om lengda på fristutsetjinga skal vere avhengig av om det kjem eit krav frå partane eller ikkje. Dette vil òg gjere systemet forskjellig frå EU/EØS der fristen ikkje er avhengig av om det er framsett eit krav eller ikkje.

Når det gjeld forslaget om å endre lovteksten slik at fristen kan forlengjast med «inntil» 25 dagar, meiner departementet at dette ikkje er ei naudsynt endring. Det er usikkert kva ei slik tilføying vil gi av rettar for partane, og det kan innebere at knappe ressursar til sakshandsaming i Konkurransetilsynet går med til å vurdere kor lenge fristen skal forlengjast. Departementet meiner det vil vere opp til Konkurransetilsynet å vurdere kor lenge fristen skal utsetjast. Eit tillegg av «inntil» vil då ikkje få nokon realitetsverknad, ettersom tilsynet etter departementet sitt forslag vil kunne fatte vedtak før den forlengde fristen på 25 dagar er avslutta dersom dette vert aktuelt i den konkrete saka.

Når det gjeld forslaget om at tidspunktet for når dei avhjelpande tiltaka kjem skal avgjere om fristen skal forlengjast, meiner departementet at dette ikkje er føremålstenleg. Departementet går ut frå at tilsynet vurderer naudsynt fristutsetjing som følgje av avhjelpande tiltak etter kva som trengst. Det er dessutan viktig at eit tidspunkt for når eit forslag til avhjelpande tiltak kjem inn, ikkje vert motivert av strategiske grunnar.

På denne bakgrunnen opprettheld departementet forslaget om endringane i § 20 tredje ledd fjerde punktum slik det er fremja i høyringa.

4.4 Forslag til redaksjonelle og språklege endringar i konkurranselova §§ 26 og 27

4.4.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Konkurranselova § 27 første ledd gjeld innsyn i dokument under sakshandsaminga for føretak eller personar som Konkurransetilsynet etterforskar for overtreding av konkurranselova. Andre ledd gjeld innsyn for dei med rettsleg interesse etter at saka er avslutta. I følgje konkurranselova § 27 andre ledd første setning kan såleis alle med rettsleg interesse krevje innsyn i dokument hos konkurransestyresmaktene i ei avslutta sak om overtreding av § 10, § 11 eller pålegg etter § 12. Føresegna i andre ledd må sjåast i samanheng med konkurranselova § 26 som seier at offentleglova ikkje kan brukast på saker om overtreding av nærmare oppgitte føresegner i konkurranselova, irekna §§ 10 og 11, så lenge saka ikkje er avslutta. Føresegna i § 27 andre ledd avgrensar såleis krinsen av dei som har innsynsrett til dei med rettsleg interesse, i tillegg går innsynsretten lenger enn etter offentleglova fordi den omfattar opplysningar som det er teieplikt for. Av merknadene til føresegna, jf. Ot.prp. nr. 6 (2003-2004) s. 239-240 går det fram at føremålet er å gi innsyn for tredjemenn som meiner at dei har lidd tap som følgje av overtreding av konkurranselovgivinga, og vil nytte opplysningane dei får innsyn i til eit privat søksmål.

4.4.2 Høyringsnotatet

For å klårgjere og rydde i verkeområdet i §§ 26 og 27 gjorde departementet framlegg om ei endring, slik at første og andre setning i § 27 andre ledd vert samanfatta i ei ny første setning og tredje til femte punktum vert nytt andre til fjerde punktum i føresegna. Vidare foreslo departementet at heile den nye føresegna i § 27 andre ledd vert flytta til § 26, som nytt andre ledd.

Nytt andre ledd i § 26 ville då lyde:

«Enhver med rettslig interesse i en avsluttet sak om overtredelse av § 10, § 11 eller pålegg etter § 12 kan kreve innsyn i opplysninger som er undergitt lovbestemt taushetsplikt, med mindre innsyn vil virke urimelig overfor den opplysningene gjelder. Blir det begjært innsyn i taushetsbelagte opplysninger etter denne bestemmelse, skal de som har krav på taushet varsles og gis en frist til å uttale seg om spørsmålet. Avslag på begjæring om innsyn kan påklages til departementet. Reglene i forvaltningsloven kapittel VI gjelder tilsvarende.»

Det noverande andre ledd i konkurranselova § 27 vert foreslått oppheva.

På denne måten vert det klårare at det som faktisk vert regulert er spørsmålet om innsyn i opplysningar med teieplikt for alle med «rettslig interesse», og at spørsmål om innsyn ut over dette i ei avslutta sak om overtreding, vert regulert av offentleglova.

For å sikre best mogleg samsvar mellom tittel og innhald i føresegnene, og understreke når dei kjem til bruk, vert det foreslått i høyringa å endre desse slik at § 26 skal heite «Forholdet til offentlighetsloven og innsyn i dokumenter i avsluttede overtredelsessaker» medan tittelen på § 27 vert foreslått endra til «Innsyn i overtredelsessaker under behandlingen».

I høyringa understreka departementet at forslaga til endringar i §§ 26 og 27 ikkje er meint å innebere realitetsendringar.

4.4.3 Høyringsinstansane sine syn

Advokatforeningen, Wikborg, Rein & Co. Advokatfirma, Arntzen de Besche Advokatfirma AS, NHO og Konkurransetilsynet sluttar seg til endringane som departementet har fremja. I tillegg har Konkurransetilsynet ytterlegare forslag til endringar som går ut på å presisere forholdet til forvaltningslova ved å ta inn ei tilvising til forvaltningslova § 18 i konkurranselova § 27 første ledd andre punktum.

Justisdepartementet fremjar ei teknisk endring i forslaget til nytt andre ledd i § 26 som går ut på å erstatte «kan kreve» i første punktum med «skal også gis».

4.4.4 Vurderinga til departementet

Departementet konstaterer at høyringsinstansane som har uttalt seg i hovudsak ikkje har innvendingar mot endringane som er foreslått i dei to føresegnene. Departementet har ikkje tatt omsyn til Konkurransetilsynet sitt nye forslag til realitetsendringar i § 27 første ledd fordi dette ikkje er omhandla i høyringa. Ei teknisk endring i første punktum nytt andre ledd i § 26 er gjennomført i tråd med forslaget frå Justisdepartementet. Ingen har hatt kommentarar til forslaget om å endre tittelen på dei to føresegnene. Departementet tilrår at konkurranselova §§ 26 og 27 vert endra i tråd med dette.

Til forsida